fredag, 20 februar 2004 23:00

Clearaudio Champion Level 2

Skrevet av

Påkrevd revisjon av artikkel, etter at foto hadde falle bort.
Firmaet Clearaudio har den greie politikk at platespelarmodellane kan oppgraderast etter kvart som økonomien og lysta gjer det aktuelt. Julestemninga har i år vorte utvida av ein Champion i skikkeleg barsk utgåve. Så kva får du meir for pengane?


av Arve Åheim, 21.februar 2004

Å sette saman ein Level 2 byr på ein del meir arbeid enn level 1, men er absolutt overkomeleg. Motor og chassis resirkulerast frå level 1, men ein ny tallerken med dertil passande lager, underchassis og tre massive stålbein med avstandsstykke skal også monterast. I tillegg kjem ein pidestall som motoren skal stå på, og nokre forlengingsstenger som sikrar at pickuparmen kjem i passande høgd for den langt tjukkare platetallerkenen. Ting må gjerast i rett rekkefølgje, så les dei vedlagde papira nøye før du går i gong.

Faktaboks

  • Clearaudio Champion Level 2 drivverk
  • Clearaudio tangentialarm (billegmodellen) kr 11 500
  • Ortofon Kontrapunkt A kr 5000
  • Testanlegg:
    InnerSound Eros hybridhøgtalar m/eigen bassforsterkar.
    Copland 502 Effektforsterkar (til elektrostatpaneldelen)
    Audio Research SP 10 forforsterkar (siste utgåve)
    EC 4.5 linje forforsterkar

Kommentar i samband m/oppdatering av artikkelen 17.01.05: Det er på sin plass å opplyse om at ein god del av lytteresultata av Champion level 2 var baserte på bruk av platestrammar og Clearaudio sin "platekrans". Desse relativt kostbare ekstrautstyra gjev ein meir roleg bakgrunn for musikken. Dei fungerer kanskje endå meir ved dei litt rimelegare modellane til Clearaudio, på Level 1-nivå. Pr. dato prøvar eg ut Solution Level 1 med eit utval pickupar, og opplever platekransen som eit must.

Mi utgåve var i tillegg utstyrt med tangentialarm. Dette er ein arm som fører pickupen over plata slik at han alltid er ein tangent til platerilla. Det er slik platene vert graverte, og følgjeleg den teoretisk beste måten å spele dei av på. Eg har hatt høve til å arbeide med fleire tangentialarmar, og har alltid følt at desse byr på meir vellyd enn tradisjonelle armar. Det verkar som fordelane med tangentialarm gjer seg særleg gjeldande når du har pickup med dei fine, kostbare slipingane som mange av dei aller beste pickupane har.

Når det gjeld tangentialarmar er det i hovudsak tre prinsipp som dominerer på marknaden. Dei luftlagra armane, dei motoriserte armane, og dei mekaniske armane. Av desse er dei motoriserte dei vanskelegaste å få til, då motordrifta må tilpassast framdrifta av armen over plata. Denne er ikkje konstant, og det er difor best å ha ei eller anna form for sensor, som bestemmer kor fort armen skal gå innover. Slike ting vert kostbare og er såpass delikate at det lett kan bli tekniske problem, justeringsvanskar eller liknande.
Dei luftlagra armane har ei eller anna ”krybbe” som armen skal ligge i, gjerne i form av eit rør. Her må det vere dyser som lagar luftstraumar som i fellesskap dannar ei konstant luftpute som armen skal segle på. Framdrifta av armen vert her styrt av at pickupen si sporingskraft, etter kvart som rillene trekk armen innover. Er den rørlege delen av armen ganske lett, fungerer dette godt. I praksis er det likevel vanskeleg å gjere ein arm både lett og stabil, og du kan få problem med ytter- og innerrillene, fordi armsleden er i ytterkant av luftlageret, der gjerne kan komme nedi. Det er vanskeleg å få luftlageret til å vere konstant heile vegen armen rører seg over platesida. Luftlageret skal dessutan vere så tynt som mogleg, slik at armrørslene er så stabile at pickupnåla alltid står som tangent til rilla. Lufttrykket må difor ikkje vere for høgt, sjølv om dette sjeldan er noko stort problem. Luftlagra armar vert difor dyre, dei og, men eg har gode erfaringar med desse. Eg brukte i mange år ein Eminent Technology ET 2, og sjølv om denne hadde problem med nettopp luftlageret, var armen fantastisk enkel i bruk, og baud på stor vellyd med svært mange pickupar.
Til sist har vi dei mekaniske armane. Her er det også kreftene mellom pickupnåla og platerilla som driv armen innover. Den store skilnaden har stort sett vore at dei mekaniske tangentialarmane er konstruerte slik at den rørlege delen har vore svært lett, og det difor har vore lett å tilpasse armane eit stort spekter av ulike pickupar.
Clearaudio-tangentialarmane høyrer til desse mekaniske.
Dei har i alt tre versjonar tangentialarmar. Alle tek utgangspunkt i den legendariske Souther-armen, som Clearaudio kjøpte opp, og sidan har vidareutvikla. Denne rimelegaste utgåva er visstnok den som mest liknar originalen frå Souther. Prinsippet er at ein liten slede heng på ein stam wire, og fører seg sjølv innover ut frå sporingskrafta, akkurat som ein vanleg arm. Men her treng du ikkje tenkje på antiskating, så når du har fått alt skikkeleg på plass, er du ganske sikker på at alt er optimalt.

Å montere armen krev at du gjer deg flid. Fyrst skal understellet til armen skruast på armbasen. Dette skal festast med tre skruar, men berre eitt var ferdigdrilla, slik at det er lett å finjustere. Det viktige er at wiren (og armsleden) er ein parallell til ei diagonal linje som går gjennom sentrum av platespindelen. Eg har ein mal som orndar dette, men eit godt, gammalt knep er å ripe ei stripe tvers gjennom ei gammal vinylplate. Fylgjer pickupen akkurat denne stripa, er armen korrekt plassert. Men du har likevel fleire alternativ. Ved å ha stor avstand mellom stripa og armwire, får du ein lengre arm, som gjer avspeling av skeive plater lettare. Ettersom vektstonga vert lengre, må du også bruke større motvekt. Truleg er dette ideelt for nokre mc-pickupar som t.d. Denon 103. Det fylgjer også med tre motvekter i ulik vektklasse, slik at du har stor valfridom. Dette kan vere forvirrande for folk som ikkje har arbeidd med vinyl i særleg grad tidlegare, men ein kan vanskeleg rekne denne utruleg valfridomen som anna enn positivt. Eg vil tru det er svært få pickupar som ikkje kan tilpassast optimalt i denne armen.

 

Gule piler: Dei to metallstengene armen festast på armbasen.

Blå piler: Der armen skruast fast til stengene.

Raud pil: Den eine anleggsskruen med stopplate som brukast til å vatre og justere armhøgda.

Når så armbasen er festa på rett stad, skal sjølve armen stikkast ned på to metallstenger. Her justerer du også armhøgda, før du teitar to skruar, og festar armen i korrekt høgde. Før du gjer det, bør du ha montert pickupen fast i armen, og festa leidningane skikkeleg. Dette er svært kritisk, og om dei sit litt laust, kan du klemme forsiktig klipsa saman, slik at dei vert strammare. Når vi brukar MC, snakkar vi gjerne om signal på under ½ mV, og det skal lite til å skape unødige problem. Eit svakt punkt på armen, er pickupshellet sitt feste til sjølve armrøret. Dette er ei tynn stålstang som er stukke inn i ei lita plate av kunststoff, og limt fast. Plata løyste seg frå stålstanga då eg monterte ein pickup. Heldigvis var toleransane på boringa av holet så små, at det ikkje baud på problem å feste denne etterpå med lim. Faktisk var det berre ein fordel at eg kunne vri på pickupshellet for å få pickupen til å stå normalt før eg limte fast..


Når pickup er på plass, og armen fastskrudd, regulerer du planet ved hjelp av to anleggsskruar med stopp. Desse to anlegga hindrar at armen går for langt ned mot plateoverflata, og er viktige når du skal få armen i water. Du må gjerne veksle litt mellom bruken av desse og festet av armen til dei to metallrøra før du får det perfekt. Litt tidkrevjande, men svært presist.
”Korrekt høgde” består av to faktorar. For det fyrste skal pickupen stå slik han skal (typisk slik at topp-planet på pickupen – anleggsflata mot armen) er parallelt med sjølve plateplanet (dette gjeld ikkje alle pickupar, visse Ortofonpickupar skal til dømes tiltast litt bakover). For det andre skal wiren som armen rører seg langs vere i absolutt water. Dette er viktig for sporingseigenskapane. Test gjerne med å køyre ei rillelaus testplate (nokre maxisinglar har rillelaus bakside, men du finn også reine testplater der ein del av overflata er utan riller). Pickupen skal ikkje røre seg i det heile når du set han ned kvar som helst på den rillelause plata. (Ei forsiktig rørsle innover kan aksepterast, dersom dette går sakte over tid). Eg likte ikkje at dei to strammeskruane måtte ordnast med spesialverktøy. Festeordninga burde kunne gjerast med fingrane direkte på skruane utan noko verktøy i det heile.
Normalt vil det gå litt tid til å finjustere korrekt høgde. Når du meiner dette er i orden, bør du sjekke lengda på armen ein gong til. Har du heva armen meir enn utgangspunktet, må du forlenge/trekke armen ørlite framover for at pickupnåla skal nå fram til tangentialpunktet. Så må du sjekke stifttrykket ein gong til…
Den blanke, rillelause plata er nyttig nok ein gong, når du skal sjekke at pickupen står fullstendig normalt på plata. Sjå på pickupen frå framsida, og lat han spegle seg i plata (du kan eventuelt bruke ein spegel som er ca like tjukk som ei vinylplate). No er det lett å sjå om pickupen står skeivt. Dette er lett å rette på.
Eg er ikkje heilt fornøgd med måten pickupen festast til shellet på. For det fyrste vert det ganske plundrete å gjere pickupskift, dernest heng ei stor løkke pickupkabel i vegen for betjeninga av liften. I verste fall kan armen få nedsett rørsleevne om denne løkka subbar borti. Kunne eg bestemme, ville eg ynskje at heile armrøret kunne koblast i frå, slik at ein ny pickup raskt kunne pluggast i. Ein ville få eit ekstra kontaktpunkt, men brukskomforten ville auke.



Raud pil: den gode liften (den lause leidninga i bakgrunnen)

Blå pil: der du løftar armen til loddrett posisjon

Gul pil: Wiren som armsleden glir på

Så er det kobling av armen til den medfylgjande riaaen frå Clearaudio. Du kan sjølvsagt bruke ein annan riaa. Mesteparten av tida saman med MM-pickupane frå Clearaudio, brukte eg Audio Research SP 10, men til MC kan du bruke Clearaudio sin største modell ”Balance”. Ikkje så sprudlande energisk som gjennom SP 10, men detaljrik og fullstendig susfri, dersom du passar på å jorde skikkeleg. Jording er alltid viktig når det gjeld platespelarar. Du må sannsynlegvis jorde mellom minst to av desse komponentane: pickuparmen, drivverket, riaaboks og forforsterkar. Ved MC-bruk måtte eg jorde riaa og forforsterkar saman, og hadde då ingen problem med brum eller sus. Eg brukte ikkje dei balanserte utgangane frå riaaen, så lytteresultata er baserte på ubalansert bruk.
Sjølv om eg har innvendingar mot pickupskift, hengande leidningar og visse sider av den praktiske bruken av armen, må det nemnast at Clearaudio-armen verkar uhyre skikkeleg og velfungerande mekanisk sett, når ein tek seg tid til å gjere ting skikkeleg. Liften er svært presis, og du treff alltid i den rilla du ynskjer, i motsetnad til pivotarmar som vert trekte utover av antiskatingsmekanismene..

 

 

Når armen er oppslått, ruvar han ganske sterkt i landskapet...
Plateskift er litt valdsamt, sidan du fyrst må bruke liften, og deretter vippe opp armen. Når han peikar rett opp, passerast eit klikkpunkt som hindrar armen i å falle ned. Trygt og greitt, og svært bra når du skal inspisere pickupen for støv. Men her vert det vanskeleg med støvdeksel. Champion level 2 liknar på ei oljeboringsplattform når han står slik, og ruvar ca 45 cm over hylla han står på.

 

Eg hadde i denne omgangen tre pickupar til utprøving; dei to MM-pickupane og ein Ortofon Kontrapunkt A. Trass i store skilnadar, var det rimeleg greitt å få armane til å fungere optimalt. Sporingseigenskapane var mykje betre enn kva eg fekk ut av pivotarmane frå både Rega og Clearaudio. Det er mykje som tyder på at Kontrapunkt A ikkje passar særleg godt saman med Rega-armane. Eg har høyrt Kontrapunkt A ved eit par høve tidlegare, og må seie at eg aldri har høyrt denne pickupen låte så bra som i Clearaudio sin tangentialarm.
Men fyrst lytteinntrykka ved bruk av Clearaudio sin eigen Aurum Beta S, som har stått på alle Clearaudiospelarane eg har prøvd ut. No har eg fått ein klar forståing kor mykje platespelararm og drivverk har å seie for lydresultatet. Samanlikning mellom Level 1/Rega RB 300 og Level 2/tangentialarm har vore sjokkerande. Den fyrste kombinasjonen bydde på svært mange kvalitetar; dynamikk i særklasse, gode klangeigenskapar (særleg bassattgjevinga var klippefast), men også ei tredimensjonell lydoppleving som eg ytterst sjeldan har erfart ved bruk av MM-pickupar. Når så Aurum Beta S vert montert i den flottaste riggen, vart ALLE desse eigenskapane forbetra, og ikkje berre litt. Klangeigenskapane vart umiddelbart meir naturlege. I bassen, der eg var rimeleg sikker på at det ikkje var så mykje meir å hente i anlegget, vart attakket i Sheffield ”Track Record” endå tydelegare, samstundes som kontrollen også var klart betre. Denne bassattgjevinga er av det beste eg har fått ut av transmisjonsbassane i InnerSound Eros-høgtalarane mine nokonsinne, uansett medium.
Romopplevinga auka, og overgjekk alt eg har høyrt av MM. Diverre er mine gamle referansar utslitne, og kunne ikkje lenger brukast til direkte samanlikning. Eg har dei likevel nokolunde friskt i minnet, og eg dristar meg til å hevde at Grado sine litt eldre, kostbare modellar (eg har ikkje høyrt dei siste), så vel som min Audio Technica AT 170 ML (no noko på hall etter mange års trufast teneste) vil ha store problem med å måle seg med dette. Aurum Beta S er ikkje nokon særleg kostbar pickup… eg undrast over kor stort potensiale denne spelaren eigentleg har, om ein spanderer på seg ein relativt kostbar MC-pickup? Vel, dersom eg får tilsendt ein verdig Clearaudio til del to av denne artikkelen, skal eg komme attende til saken.
I påvente av dette, prøvde eg Ortofon Kontrapunkt A. Diverre streika referanseforforsterkaren min akkurat då etter berre nokre få plater, så eg vart nøydd til å gjere alle lyttingane med Clearaudio Balance. Denne riaa-forsterkaren er tilpassa MC-pickupar, og har ingen justeringar. Eg måtte også skifte til ein Electrocompaniet EC 4.5 som preamp. Lyden var ikkje skikkeleg god før det hadde gått om lag 24 timar, og eg lot difor forforsterkeriet stå på konstant i testperioden.
Ortofon Kontrapunkt A er ein pickup med eit klangideal som ligg nært opptil CD-attgjeving. Eg har ikkje vore så frykteleg begeistra for denne, og plasserer han eit stykke nede på lista, samanlikna med andre Ortofonkonstruksjonar. Eg er langt gladare i dei Ortofon-pickupane som har sprudlande attgjeving, for å seie det slik.
Den aller øvste toppen, heilt i grenseland for det eg klarer å høyre (16-17 kHz) er noko dempa, men likevel svært godt avstemt, og du opplever skikkeleg med luft over attgjevinga av diskanten. Klangbalansen elles vil eg beskrive som meir ”elegant og analytisk” enn ”tøff og emosjonell”. Dei dynamiske eigenskapane har normalt ikkje vore Kontrapunkt A si sterkaste side, og pickupen er ein av dei heller krevjande når det gjeld å finne korrekt arm.
I dette oppsettet endra Kontrapunkt A seg radikalt. At han greidde å spore alt, er å overdrive, men sporingseigenskapane endra seg radikalt, saman med dynamikken, som vart langt betre enn eg har høyrt frå denne pickupen tidlegare. Detaljrikdom og romoppleving vart heilt i eliteklassen, og eg har ikkje problem med å sjå tydeleg slektskap til dei vesentleg dyrare Ortofonkonstruksjonane. Å plukke detaljane i ulike musikalske arrangement var sjølvsagt og enkelt, uansett om eg spelte Fleetwood Mac eller Mendelssohn. Tredimensjonalitet var heilt på høgd med det betre av eg har høyrt frå høgtalarane mine. Eg vil frå no av ha problem med å forsvare min motstand mot Kontrapunkt A, og min tidlegare Ortofon-preferanse MC 30 Supreme er ikkje lenger sjølvsagt (dei styggdyre Ortofonane er utanfor konkurransen her). Det er framleis ikkje snakk om sprudling, men med Clearaudio Champion level 2 –riggen med tangentialarm syner Kontrapunkt A eit vesentleg større potensiale enn nokonsinne. Klangeigenskapane er rett og slett klart forbetra, og spesielt i bass og lavare mellomtone får eg nye opplevingar av kvalitet eg definitiv ikkje hadde venta meg av ein pickup i denne prisklassen (som trass alt ikkje er så ille).
Men mest av alt var eg imponert over evna til å engasjere meg musikalsk. Eg har alltid følt mest for sprut og dynamikken i SP 10 med ein litt meir hissig MC-pickup. Electrocompaniet sine forforsterkarar har eg hatt eit litt daukøyrt forhold til, og eg trur nok at SP 10 framleis vil vere min forforsterkar. Det underlege er at kombinasjonen EC 4.5, Clearaudio Balance og Ortofon Kontrapunkt A byr på så mange lydlege kvalitetar at eg ikkje stussar eit sekund med å gje mi fulle støtte til eit innkjøp av dette. Det at eg personleg ville velje litt annleis, kan ikkje underslå at kombinasjonen rett og slett må seiast å vere magisk. Og gjett om eg gler meg til å prøve ein av dei betre Clearaudio MC-pickupane, som eg satsar på vert del 2 av denne artikkelen.

konklusjon

Mer informasjon

med finjusteringar og ein del arbeid – her får du lydkvalitet og realisme som du må høyre sjølv for å tru det. Har du dette oppsettet, kan du trygt forsyne deg av kirsebæra saman med dei store, medan du oppdagar nye sider av vinylplatene du ikkje trudde eksisterte.
Importør: www.hificenter.no (spiller)

Importør www.mono.no (pickup)

Lest 7150 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.