søndag, 30 april 2006 23:00

Dynavector DV20X pickup

Skrevet av

Vi har lova ei omtale av det andre hi-output-alternativet frå Dynavector. DV20X er ganske mykje dyrare enn mi referanse DV10x5, som er ein pickup eg har stor sans for. Så er det fornuftig med dei ekstra 1 700lr i meirpris?

 


Av Arve Åheim, mai 2006

 

Dynavector har utvikla industrielle teknikkar for å lage pickupar i lang tid, og er mellom dei aller dyktigaste til dette, og leverer pickupar oppover i pris til ganske barske 35 000 kr. Men også den billegaste utgåva DV10x5 synte seg å kunne by på svært gode lydopplevingar. Spesielt med tanke på tredimensjonalitet er det ikkje snakk om opplagde konkurrentar i prisklassen.

DV20X kjem i to modellar med ulikt utgangsnivå, og eg prøver her hi-output-utgåva, som leverer 2,8 mV, ørlite meir guffe enn 10x5 sine 2,5 mV. Begge DV 20 kostar om lag 50% meir enn DV10x5, og er altså i ei dyrare prisklasse, som gjer at vi må kunne forvente betydeleg kvalitetsauke med tanke på klang og dnyamikk, men at også desse kan ta seg av lydbildet på ein minst like god måte som ”veslebror”.

Eg hadde denne gongen fått ein ferdig innspelt pickup, fjerna DV10x5, og monterte og finjusterte testeksemplaret i Akito-armen på min Linn Sondek. Spent sette eg meg i lytteposisjon, og lytta med spesiell konsentrasjon på å samanlikne desse to.

Når ein gjer slike samanlikningar, er det uvilkårleg skilnadane som fyrst vert lagt merke til. Og her var det tydeleg ei langt meir nøytral klangbalanse, som gjorde seg svært godt saman med mykje av min yndlingsmusikk, kanskje spesielt innan rock og pop. Her kjem alt dette som gjer at eg ikkje er med på at Shure sin gamle V15II er ”verdas beste”. Saman med den relativt rimelege Rogue Metis sin riaa-inngang er dette verkeleg snop, både delikat og næringsrikt. Og rikt på detaljar, slik eg forventar meg frå verkeleg gode MC-pickupar. Når det gjeld likskap mellom DV10x5 og 20x, er det svært tydeleg at 20x har mykje meir korrekt klangbalanse og oppløysing enn den meir udanna veslebroren, men like tydeleg at dei er i familie.

Eg må dessutan framheve den gode bassattgjevinga til 20x, der evna til å ha kontroll på både snertne basslag og feit bassgitar, og også djup synthbass er glimrande. Spel Dance With a Stranger eller Genesis, og du vil skjøne kva eg meiner.

Fyrst etter lengre tids lytting forstod eg at opplevinga av rom og tredimensjonalitet var nesten identisk på dei to pickupane. I fyrstninga då eg lytta spesielt etter perspektiveigenskapane, var DV10x5 den som imponerte meg mest, men ikkje fordi dette var den beste pickupen. Truleg skuldast dette at DV20X er langt meir korrekt og veloppløyst, medan DV10x5 avgrensar seg til å briljere berre på eitt felt - perspektiveigenskapane. Den eigentleg noko upresise diskanten til referanse DV10x5 vart erstatta av ein svært nøyaktig utklinging av overtonar. Dynamisk sett var 20x meir beherska og kontrollert; ofte, men ikkje alltid ein ubetinga fordel for alle opptak. Jesus Christ Superstar og Steve Miller let klangmessig faktisk meir tilfredsstillande med 10x5 etter min smak. (Dette er glimrande musikk med diskutabel lyd), men klart av høgre kvalitet. Dette må ikkje forståast som om DV20x er klinisk eller overfokusert på detaljar, langt derifrå, men av og til kan DV10x5 si meir uklare attgjeving av spesielt diskantområdet vere veldig greitt. Det mest tydelege dømet eg har på dette, er Decca SXL 6000, der Khachaturian dirigerer sitt eige verk ”Spartacus”. Der gjer DV10x5 at du frydar deg over perspektiveigenskapane på Sabre Dance, medan du legg merke til paukene sin ikkje heilt gode overtonestruktur når du brukar DV20x. Så det kjem an på korleis du lyttar. Eit anna godt døme på dette er Genesis ”Supper’s Ready” frå eitt av dei tidlegaste albuma. Dette er udiskutabelt meir presis attgjeve av 20X, men kjekkast å høyre på med 10x5. Paradoksalt nok er 20x likevel pickupen eg likar best til barokkmusikk, lieder og kammermusikk, også når opptaka berre er sånn passelege, og eg tør rett og slett ikkje å konkludere med at den eine pickupen generelt passar betre enn den andre til ulike innspelingar. Igjen får eg lyst til å understreke kor viktig det er å matche anlegget, og ikkje forgape seg i at alt alltid skal vere så korrekt som råd.

Men det at bass og mellomtone er meir korrekt og ein tanke strammare, gjer seg godt på dei fleste innspelingar. Eg likte best EMI sine innspelingar frå 70-talet av klassisk musikk med DV20X, medan mykje rock- og popmusikk vart både stramma opp og vart ”skikkelegare” musikalsk attgjeve, meir heilstøypt, og kanskje meir som ein kan forvente til prisen. Sidan dynamikk og klangeigenskapar ikkje er så korrekte på den rimelege DV10x5, er det meir naturleg å fokusere på dei svært gode perspektiveigenskapane til denne rimelege pickupen, medan DV20X gjer fleire ting betre, slik at lyttaren ikkje trekk fram akkurat ein eigenskap mellom mange gode. Dette får du sjølvsagt utteljing for når du spelar verkeleg gode opptak, som t.d ”Danses Anciennes de Hongrie” på Harmonia Mundi, og dei mange gode klassiske innspelingane på EMI med ASD-nummer. Men ettersom eg spelte meg gjennom platerekkene, fekk eg meir og meir sans for DV20X sine dydar også når det gjeld meir normale opptak, så eg kosa meg godt med plater frå m.a. Jonas Fjeld, 10CC, Billy Joel, Leonard Cohen, men også ein del litt ”ruskne” klassiske innspelingar på Deutche Grammophone. Om platene ikkje er laga av dei mest middelmådige produsentane, er det tåleleg greitt å lytte utan å irritere seg nemneverdig  over opptakstekniske manglar. Men ver merksam på plater som dynamisk sett verkar unaturlege og avgrensa. DV20x gjer sitt beste for å stille desse i eit dårleg lys.

Når det gjeld det musikalske er nok pop/rock-aspektet spesielt godt ivareteke med denne pickupen. Å spele Pink Floyd, nyare Genesis, Supertramp og andre tradisjonelt ”gode” lydproduksjonar er ei sann fryd, og eg vert så engasjert at eg får lyst til å synge med på desse opptaka – det beste kvalitetsindikatoren eg veit.

Elles fungerer pickupen svært godt i Aktito-armen, og det er grunn til å tru at den vil vere like god i ein Rega-arm, og bruk gjerne ein av dei litt meir påkosta. Eg la også spesielt merke til at det kunne skruast svært høgt på volumknappen utan at pickupen viste den minste tendens til å lage resonans eller feedback.

Frekvenstesten gav ingen høyrbare indikasjonar på problem nokon stad i frekvensområdet, og i sporingstesten greidde DV20x 80µ - eit godt resultat.

Konklusjon

DV20x er ein pickup som er nesten to tusenlappar dyrare enn minstebror, men vil for mange absolutt vere verd pengane. Som den billegaste pickupen kan DV20x brukast i relativt edruelege oppsett, men også i anlegg i ganske høg prisklasse utan blygsel. Denne pickupen gjev nok output til å gå inn i ein vanleg 47 kOhm-inngang (dei vanlegaste, tilpassa MM-pickpuar), og i så måte må eg peike på ei svært god synergieffekt saman med Rogue Metis – med ein slik pickup/forforsterkarkombinasjon har du lyd som høyrer heime på eit kvalitetsnivå som normalt gjerne kostar tre gongar meir enn det faktisk gjer. Når du så strengt tatt ikkje treng særleg dyr platespelarrigg for å løyse ut dette potensialet, er denne pickupen noko av det mest fornuftige du kan kjøpe. God nok til dei aller fleste av oss.

 

Pris: 4 900 kr.

Forhandlar: www.planetsnapa.no

 

Tekniske data frå produsent:

Type High/Low output moving coil cartridge with flux damper and softened magnetism
Output Voltage 2.8mV / 0.3mV (at 1KHz, 5cm/sec.)
Channel Separation 25 dB (at 1KHz)
Channel balance 1.0 dB (at 1KHz)
Frequency response 20 - 20,000Hz (± 2dB)
Compliance 12 x 10-6 cm/dyn
Tracking force 1.8 - 2.2grams
DC resistance 150 ohms / 5 ohms
Recommended load
resistance
> 1Kohms / > 30 ohms
Cantilever 6mm length, hard aluminium pipe
Stylus Perfect elliptical
Weight 8.6 grams
Lest 6331 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.