torsdag, 31 mai 2007 23:00

90 timars innspeling: Dynavector Karat 17 D mk 3

Skrevet av

Dynavector skapte store overskrifter då dei på slutten av 70-talet lanserte ein pickup som ikkje berre hadde stift av diamant, men der heile nålefana var ein lang, syntetisk diamant.
Pickupen har dukka opp i stadige forbetringar, og dette er altså den aller siste…

av Arve Åheim, januar -juli 2007

 

Dynavector er ein av dei verkeleg mystiske pickupprodusentane. Dei pickupmodellane eg har prøvd, har hatt svært lite til felles, bortsett frå stor musikalitet og eit spennande kvalitetsnivå ut frå prisnivået. Eg har framleis til gode å høyre dei verkeleg dyre modellane, men om denne tendensen skal halde seg til topps, vert det spennande å høyre kva modell XV-1 til godt over 30 000 kr har å by på….

Inntil vidare får vi nøye oss med å beskrive siste utgåve av Karat 17 D. Det er svært lenge sidan eg høyrde noko liknande, modell 23 D og R, som var ganske like, bortsett, frå at R-utgåva hadde nålefane av syntetisk rubin, eit materiale som no ikkje brukast. Den gongen opplevde eg R-modellen som vel så god som D, ettersom sistnemnde var meir distinkt i toppen enn eg sette pris på. Og eg vart aldri eigar av nokon av desse, då eg følte at dei ikkje hadde heilt god nok match med min dåverande Technics EPA 100-arm.

 

No fekk eg altså ein godt pakka 17 D i mk 3-utgåve, og var riktig spent, då eg ikkje hadde høyrt mk 1 og 2 tidlegare. Dei tekniske data var gode, og frekvenskurva frå den individuelle utprøvinga i Bruel & Kjær-maskina imponerande linjalrett. Frekvensresponsen er oppgjeven til å vere heilt ekstrem, heilt opp til 100 kHz, med 25 dB kanalseparasjon, vekt på 5,3 gram, komplianse på 15, intern impedanse på 38 Ohm, medan tilrådd belastning er meir enn 100 Ohm. Utgangssignalet er på 0,3 mV, altså ganske typisk MC-pickup. Og slipinga er ”small size Micro Rigde” (ukjent for meg kor mykje dette skil seg frå vanleg Micro Rigde, men iallfall er det ein pickup som går djupt i rilla, og ikkje får med seg nemneverdig av overflateskadar. Så må ein til gjengjeld vere nøye med reinhaldet av platene. Dette er eit typisk kvalitetsteikn på stiften)

 

Pickupen liknar på sin olde- (eller er det tippolde-?) –far med det karakteristiske korte, firkanta ”grisetrynet”, og det alltid like brutale sjokket over å ikkje kunne sjå nålefanen sånn med ein gong – var stiften knekt i transporten? Men då eit par Nille-briller kom framfor auga, kunne eg avgjere kvar nåla var, slik at pickupen kunne monterast i armen. Denne diamantfanen fortener ikkje tittelen ”Karat”, då det ikkje er snakk om så mykje av materialet. Det er den definitivt tynnaste og kortaste nåla eg har sett gjennom tidene. Du må altså vere svært kritisk til monteringa. Etter å ha gjort eit ganske nøye arbeid i utgangspunktet, tillot eg meg å flytte pickupen forsiktig ein halv millimeter fram og attende, til eg kunne registrere best råd sporing, som i min Linn Akito-arm i startfasen berre utgjorde 60 – 70µ på maksimalt tilrådt stifttrykk på 2,2, gram. Akkurat akseptabelt, men slett ikkje imponerande, og eg lurte på om dette var direkte mismatch.

Ei så kort nålefane laga av verdas hardaste materiale stiller nok svært strenge krav til armen og justeringa av denne. Kanskje ein 12-tommars eller tangential arm er det beste, men det var altså min kjære Linn som måtte gjere jobben denne gongen. Eg lirka altså pickupen litt fram og attende til eg var fornøgd. Heldigvis er 17 D utstyrt med gjengehol i pickupkroppen, slik at det går fint å løyse skruane akkurat såpass at pickupen kan flyttast akkurat så lite som eg ynskte.

 

No var dette ein heilt ny pickup, uspretta emballasje, og eg måtte altså ta meg av innspelinga. Dette er ein jobb som både importør og ryktesmedar fortel er særs tidkrevande, og eg hadde fått beskjed om at ingenting er heilt stabilt før pickupen har brukt noko som tilsvarer 10% av det vi reknar som ei rimeleg god levetid på ein pickup. Kunne det verkeleg vere så ille?

Så eg laga ei dagbok på kva som skjedde etter kvart som eg lytta meg gjennom alle dei timane som må til før pickupen er heilt optimalt innspelt – ein prosess som visstnok tek heile 150 timar. Somme gonger, men etter samråding med importør, gjer eg unna store deler av denne innspelingsprosessen ved å la pickupen gå i innerrilla på ei gammal plate nokre timar. Men det er ikkje ein heilt god måte, og du kastar bort timar med eigentleg svært så god lyd, samanlikna med det du får av ein meir ordinær pickup. Denne loggen syner altså musikkspelinga.

Etter grundig vurdering fann eg ut at eg droppa dei ekstra 7 sidene av arbeidsnotatane mine. Dei er både trøyttande og for upresise, og fortel eigentleg berre om pickupen sin variasjon frå å vere umiddelbart hard i klangen den fyrste plata, til å låte skikkeleg bra til framunder 20 timar, og derretter å vere langt mindre fokusert og naturleg i klangen før du kjem  forbi 40 -50 timar. Etter 35 – 40 timar merkar du berre kor du vert gladare og gladare i dei storarta eigenskapane fram til den dagen eg tok sommarferie, og pakka saman pickupen etter knapt 100 timar. Eigentleg ville eg ikkje gjeve slepp på denne saken….

 

Dydane til Karat 17D mk 3

Eg må innrømme at eg i høgste grad har falle for eigenskapane til dei noverande modellane av Dynavector eg har høyrt til så langt. 10x5 vart umiddelbart mi referanse, og 20 hi-output-utgåve er ein hi-end-aktig sak som kan brukast av enkle armar direkte i MM-inngang utan at du treng å føle du går glipp av mykje. Så kvifor gå opp endå eit hakk?

 

Eg har ikkje høyrt 17D mk 2, som visstnok somme eigarar ikkje heilt er fornøgde med bassområdet. Slikt skal du iallfall ikkje vere redd når det gjeld mk 3. Her er bassen i orden til dei grader, så vel som resten av frekvensområdet. Når det gjeld nøytralitet, er dette ein av dei mest korrekte pickupar eg nokosinne har høyrt, og han matchar min gamle ARC SP10 perfekt på dette feltet. Berre synd at det ikkje finnest hi-output-utgåve av ”grisetrynet”, eller at det iallfall var 0,5 mV ut. Mitt einaste ynskje om forbetring av denne diamanten... akkurat nok til å spele høgt og godt, men litt for lite til å få øyrevoksen til å flagre med DumDumBoys, Deep Purple eller sånt…Og eit sånt vell av detaljar – dei einaste pickupane eg har prøvd ut i eige anlegg som kan by på konkurranse her, er VdH MC 10, Ortofon MC 7500 og ein av dei dyrare Koetsuane.

Dynamikken er også i særklasse, og berre når det provoserast med svært vanskelege pressingar, kan det seiast å by på utfordringa som innbyr til at 17D3 gjev teikn om stress (sporinga verka subjektivt å komme seg etter 70-80 timar, men måleplata mi viste dei sama 70µ også siste dag eg hadde pickupen i hus). Skulle nok snakka endå penare om dynamikken, om eg hadde hatt ein litt meir optimal forforsterkar eller MC-trafo. (Eg køyrer ARC SP 10 utan linjedel, så signalbehovet er sterkare enn hos ”vanlege folk”. Men dette var eit sakn som berre gjorde seg gjeldande når det vart spelt heavyrock. Alt anna, også store symfoniske verk, greidde seg utmerka i oppsettet)

Også når det gjeld tredimensjonalitet, er 17D3 i eliteklassen, kanskje eit hakk kvassare enn VdH MC 10 som eg brukte i mange år. Ikkje heilt det same som Fidelity Research MC 201, Koetsu eller MC 7500, men du verda, du skal vere svært vanskeleg for å ikkje vere fornøgd med dette.

 

Sluttord

Eg må innrømme at det er svært tungt å returnere Dynavector 17 D mk 3 til Håvar Snapa. Og den utmerka 10x5 hadde vore direkte stakarsleg og underlegen i alle disiplinar, om det ikkje hadde vore for det ekstra kraftige utgangssignalet. Klangmessig høyrest han nesten ullen ut når du samanliknar direkte. Og dei gode tredimensjonale eigenskapane er langt mindre presise enn denne meisteren. Detaljrikdomen har han ikkje – for ikkje å snakke om det eg opplever som ein fullstendig korrekt klangbalanse, noko av det mest naturlege eg har sett i rillene.

Pickupen fungerte greitt i min Akito-arm, men eg trur det er endå meir å hente i andre armar. Eg trur ikkje du skal vere redd for at denne pickupen ikkje lever opp til nivået uansett kva arm du måtte ha, men matching er alltid viktig å prøve i praksis.

Dette er pickupen til den som vil ha alt, og som klarer seg med 0,3 mV ut. Litt vanskeleg å finjustere. Den kraftigaste av Dynavector sine lågoutputpickupar, men berre akkurat nok til mitt anlegg, slik det no er rigga. Skulle likt å prøve han ut i litt andre armar også, for trass i mi nasegruse haldning, er eg slett ikkje sikker på at eg har fått med meg heile potensialet. Og elles: innspelingstida på pickupen seiast å vere 130 timar før ting skal vere heilt på plass. Sjølv om eg følte ting var i orden og lite skjedde etter om lag 70 timar.

Til sist må eg råde deg til å unngå å prøve denne før du er sikker på at du har dei 6900 kronene som trengs for å behalde han. For å trøyste meg i så måte, minte importør Håvar Snapa meg på at eg berre er komen til nummer 3 i utprøvinga av Dynavector si produktlinje på i alt 6 pickupmodellar, der prisnedslaga heretter vert ca 14, 24 og 35 kkr. Korleis skal dette gå..?

Mi aller mest oppriktige tilråding!

 

Pris: 6900 kr

Importør: www.plsn.no

Tekniske data: http://www.dynavector.com/products/cart/e_17d3.html

Lest 6208 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.