lørdag, 11 mai 2002 23:00

ELP Laser Turntable

Skrevet av

Ein dårleg spøk? Slett ikkje! Dette er eit legendarisk produkt som vart utvikla i USA gjennom 80-talet, men så dyrt å produsere/utvikle, at amerikanarane gav opp produktet. Japanarane, derimot...

 


av Arve Åheim, 12.mai 2002

 

Under lanseringa av CD-mediet gjekk nokre ville rykte. Det vart sagt at det var utvikla ein pickup/platespelar som kunne lese av rillene i vinylen ”på same måte” som CD, med laser. Vi trudde ikkje på det, iallfall berre sånn halvveges. Og då det dukka opp omtale i amerikanske hifi-blad, om at nokon som hadde høyrt om nokon som hadde høyrt produktet, og sa at lyden var kald og dårleg, og at produktet var så dyrt at dei berre hadde laga eit par prototypar, så gløymde vi heile greia. Men for ei tid tilbake, under eit avansert søk på Internett, oppdaga eg at produktet finnest ein stad der ute. Eit japansk firma hadde kjøpt rettane til laserspelaren og forbetra han. Prisen var frå den noko avskrekkande summen 13 500 opp til toppmodellen på 23 500 – hysteriske amerikanske dollar- (og så norske avgifter i tillegg, for den som ikkje alt no har fått perplektisk anfall) Norsk importør? Narr meg ikkje til å le! Så kjekk i hugen sende eg ein mail, sa meg interessert, og fekk tilsendt ein demonstrasjons-CD, der produktet vart demonstrert.

Medan eg venta på CDen, sjekka eg produktopplysningane så godt som råd på nettet. Når sant skal seiast, finnest det faktisk vinylplatespelarar av gamlesorten i denne priskategorien også. Og har du ei vinylsamling som t.d. mi, vil den vere større kapitalbinding enn ein slik optisk platespelar. Og når du tenkjer på alt slitet med å halde ein konvensjonell vinylspelar blodtrimma, er det ikkje tvil om at dette har noko for seg. Tenk berre på justeringar av pickup, problem med sporingvinkel, og (dersom du ikkje har tangentialarm) kompromisset mellom ytter og inner-riller, kva pickup ein skal velgje, den noko triste kanalseparasjonen, støy og lavt utgangssignal, anti-skating og problem med feedback når du spelar høgt. Alt dette slepp ein ved optisk avlesing. I tillegg lovar produsenten at ein kan spele skeive skiver, at slitne plater kan lesast av på ein annan stad i rilla enn der slitasjen har vore størst. I det heile tatt – eg har lyst på ein sånn (håpar foreininga for folk med for mykje pengar ser dette, og donerer meg ein passande sum) Spelaren ser ut som ein gammaldags VCR-spelar med mange knottar på, eit funksjonelt design, om enn ikkje Bang&Olufsen akkurat. I fronten har spelaren ei diger plateskuffe som passar til 33-LP-plater, men også 45-plater og singlar. (hastigheita kan justerast frå 30 – 50 rpm på den rimegaste spelaren, medan den dei to dyraste også har frå 60-90 rpm) Dei dyrare modellane tek også 78-plater. Spelarane leverast med ei platereinsemaskin av glimrande kvalitet, (VPI 16.5W), for sjølv om avlesinga går føre seg utan fysisk kontakt med platerilla, skal støv og knitring absolutt vere merkbart. Den aller dyraste modellen har justeringar som gjer at alle plater kan avspelast, også dei svært ukurrante som neppe finnest i landet vårt. Her er ulike justeringskurver (plater er spelt inn med frekvenskorreksjon, og det er ikkje alle som fylgjer RIAA-standarden. Merk: signalet på dei billegare utgåvene er oppgjeve til 4,3 mV, og inngangen skal vere på 47 kOhm, slik at du treng ein vanleg phono-inngang), og forforsterkar. På mono/78-plater kan du endå til velje kva for ei side av rilla du vil bruke, dersom plata er skeivt sentrert eller har andre problem. Funksjonane ser svært nyttige ut, etter det som synest på Internett. Diverre er det ikkje fjernkontroll, men det ser ut som slikt etter kvart kan skaffast.

Elles oppgjev produsenten av laseren ikkje varer uavgrensa, og du må rekne med å levere spelaren attende for utskifting etter 10 000 timar. Samanlikna med utskifting av utslitne forsterkar-rør, skulle dette utgjere om lag 10 års drift. Det vil då koste $1500 pluss frakt (lat oss berre håpe produsenten framleis eksisterer. For å vere sikker, bør ein gjerne ta denne kostnaden no, og kjøpe reservedelar og instruksjonshefte?)

Avspelinga er 100% analog, og det skal vere gjort store forbetringar når det gjeld lydkvalitet, godt nytt til dei av oss som høyrde rykte om at denne spelaren hadde dårleg lyd.

Det kanskje mest spennande er at produsenten påstår at vindskeive plater, og jamvel knekte plater (må sikkert teipast saman på baksida?) skal kunne avspelast med litt godvilje. Og eg som kasta om lag 20 knekte 78-plater for litt sidan…..

SÅ KOM CDen.

Det synte seg å vere ein heimebrent sak, men stort sett er slike gode nok til det meste. Uansett ville eg ikkje klare å lytte meg ”forbi” CD-mediet og lytte til laserspelaren direkte, utan å ha ein slik i hus. Men eg rekna med å finne ein del gode døme på kva denne spelaren kunne gjere. Fyrste kutt: Ei dame med nydeleg engelskuttale fortel oss om spelaren. Her brukast 5 laserstrålar for å spele av analoge signal, utan å vere i fysisk kontakt med plata. Plata slitast ikkje av dette. Det dama tykkjer er det mest fantastiske, er høvet vi no får til å spele øydelagde opptak.

Så kjem vi til saken

Døme nr 1 er ei plate med ripe. Denne spelast på ein vanleg platespelar, men tek fort slutt, fordi det er hakk i plata. Så spelast same kutt på laserspelaren. Vi høyrer framleis hakket, men avspelinga går vidare. Hakket er heller ikkje særleg sjenerande, samanlikna med statisk lada, slitne og kanskje støvete vinylplater generelt. Eg finn at lyden minner relativt mykje om CD, til eg kjem på at det er trass alt CD eg lyttar til her…. Døme nr 2 er ei hardt prøva plate, som er spelt hundrevis av gonger, med merkbar slitasje under den vanlege avspelinga. Absolutt råd å høyre på, men ein del skurring og vrenging. Det kan verke som pickupen ikkje sporar skikkeleg, særleg i øvre mellomtone og diskant. Så kjem vi til laseravspelinga. Enorm forbetring. Eitt og anna knitr kan framleis merkast, men du verda! Dette var andre saker. Mikrodetaljane er til stades, fullt på høgd med det beste innan CD-avspeling. Eg meiner også å høyre svært interessante detaljar i lydbiletet. Her er iallfall stor kanalseparasjon. Døme nr 3 er ei vindskeiv plate, ei med kast i. Slike må normalt ha vakuumtallerk for å kunne spelast av, og pickupen har store problem med å halde seg i rilla. Det går berre ikkje! Men med laser går det heilt utmerka, ingen problem i det heile tatt!. Dama fortel at den eine laserstrålen brukast til å kontrollere avstanden frå rilla, og syte for at denne er konstant heile tida. Tenk på alle forsøka vi gjorde med å rette opp att skeive plater, med glasplater, strykejern og anna kreativt. Alt dette kunne vi spart oss (om vi hadde nokre tusen dollar til overs) Døme nr 4 syner seg å vere ein gammal kjenning – Tcaikovsky si 1812-overtyre innspelt på Telarc. Denne innspelinga er digital, men vinylversjonen er legendarisk, fordi svært få pickupar klarte å halde seg i rilla gjennom kanonskota. Og ganske rett, pickupen på demonstrasjonen her får problem ganske tidleg, og forlet oss ved siste smell. (Men bevares, eg har no pickupar som klarer dette sporet betre enn her) Dama fortel at vi sjølvsagt kan auke stifttrykket, men at dette også er skadeleg…Laseravspelinga sporar kanonskota utan problem, men eg merkar at dette kuttet, som eg har brukt som referanse i over 15 år, ikkje har den dynamikken som eg kjenner att frå den gongen eg hadde blodtrimma platespelarar med topp pickup inn i SP 10 forforsterkar. Ei forklaring på dette, kan vere at RIAA-frekvenskorreksjonen som eg brukte er betre enn dette (litt sjåvinistisk må ein ha lov å vere etter å ha vore vinylfanatikar så lenge som meg…) Døme nr 5 inneheld det eg verkeleg var nyfiken på – ei knekt 78-plate som var teipa saman på baksida. Denne kunne sjølvsagt ikkje spelast på ein vanleg spelar, så her er det berre laser-døme. Og det fungerer. Du høyrer sjølvsagt ”spleisen” i den knekte plata, men det er spelbart. Vi får med oss all informasjonen, og her er ikkje platesus, berre hakking. Eit litt smart filter vil kunne fjerne dette så og seie fullstendig, vil eg tru. Døme nr 6 er også svært interessant. Her brukast modellen der du kan velje kva for ei side av platerilla du vil lese av. Høgre side høyrest heilt forferdeleg ut, og kan samanliknast med kortbølgeradio under dårlege tilhøve, men venstre side har langt mindre sus og støy. Grunnen til at vi kan gjere dette, er at det brukast to laserstrålar for å lese av informasjonen. Her kan du slå av den eine.

I døme nr 6 gjer dama oss merksam på at farginga av lyden ikkje er særleg påfallande. Eg vil seie det er mindre enn av dei fleste pickupar, og tydeleg mindre enn av omformingsprosessen til CD. Dette skuldast at frekvensgangen til spelaren er svært flat, og kanalseparasjonen langt betre enn på ein pickup. Så spelast ein fiolinsolo. Under den vanlege avspelinga let det skikkeleg godt, men under laseravspeling vert romoppleving og klang formidla på ein endå betre måte. Dama forklarer: Dette kjem av at laserstrålen les av eit mykje smalare område av rilla enn det er muleg for ein pickup som er i fysisk kontakt. Presisjonen vert fylgjeleg betre, og ein får med all informasjon. Så åtvarer dama oss mot støv på platene. Ho fortel at det er obligatorisk med platereinsing, slik at platereinsemaskina er ein integrert del av det du kjøper. Du er berre nøydd til å ha ein slik. Døme 7 viser skilnaden på støvete og nyreinsa plate. Enormt! Så fortel dama oss at laserspelarane ikkje eignar seg for masseproduksjon, men må handbyggjast, noko som fører til høg pris. Dei satsar difor på direktesal over heile verda. Ho avrundar med nokre sterke ord om musikkavspeling, verda og det evige.

Resten av CD-en inneheld fleire døme på lyden av vinylplater med laseravspeling. Som sagt går det ikkje å lytte seg ”forbi” CD-mediet som er i bruk. Men det er tydeleg at denne avspelingsteknikken er utruleg bra, og eg er no inne i den fasen der eg lurer på korleis i allverda skal eg finne $13500 til innkjøp.

Helsing Arve

PS: Det er no kome ein mail frå firmaet som vil gjere meg merksam på at dei nettopp har redusert prisen til $ 5990. Er det nokon som kan låne meg……..? Eg er redd på at dette kan vere eit dårleg teikn på at produktet ikkje kjem til å vere å få tak i så lenge…….

Produsenten sine heimesider finn du på: http://www.elpj.com/

 

Her ser vi korleis laserstrålen, ein superpickup og ein klassisk monopickup til 78-plater les av rillene. Laserstrålen er berre 2 mikrometer, og kan difor hauste høgfrekvens informasjon betre enn pickupar som i beste fall er 4 mikrometer.

 

Her ser vi korleis laseravlesinga berre les av ein 2 mikrometer brei del av rilla, og fylgjeleg får mindre feilkjelde. Vidare ser vi også at laserstrålen treff rilla på ein annan stad enn der nåleslitasjen har vore. Såleis vert feilkjeldene endå mindre.

Lest 5844 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.