av Arve Åheim, 24.november 2004
Goldring er ein av dei eldste pickupprodusentane i verda, men har ikkje laga platespelarar i moderne tid, så vidt eg veit. Så er det også ganske tydeleg at denne er laga av underleverandørar, til minimale kostnadar, men slik at ein skal få brukbar musikalsk kvalitet for pengane. Armen verkar ganske bra, og har tydeleg slektskap med ein rimeleg kjent, engelsk platespelarprodusent.
Armen har ikkje eiga jordingsleidning. Jordinga er kopla saman med ein av minusleiarane frå pickupen, akkurat slik Rega gjer. Somme er skeptiske til dette, men det støyar ikkje. Rega har gjort dette i 20 år og er kjende for svært populære armar med godt rykte, så kvifor kan ikkje Goldring gjere det same? Systemet for antiskating fungerer greitt nok, for ingen vanlege armar er fullkomne på dette feltet. Lagringa av armen verkar elles glimrande, og eg kan vanskeleg tenke meg bruk av denne spelaren der armen vil vere det svakaste ledd. Sjølvsagt må ein velje pickup som passar. Drivverket på dei to andre eksemplara var heilt greitt, så sjølv om du ikkje får eit ”solidt” inntrykk, er det funksjonelt nok. Drivverket er av enklaste slag, og ein gammal entusiast med erfaring frå spelarar på 50 –60 kg kan nok verte skeptiske. Men små motorar er ikkje utan fordelar, dei lagar ikkje mykje interferens og kan greitt monterast i kabinettet med marginale støyproblem. Kabinettet er av MDF og ser billeg ut. Meir forskrekkande er det at platetallerkenen er laga av same materiale. Ei kjempebilleg løysing, som teoretisk slett ikkje er så ille.

Platetallerkenen er av sponplate. Då kan ein klare seg med ein liten motor. Kunsten er å få denne lette tallerkenen til å gå så jamt som nødvendig. Og det går brukbart her!
Svært økonomisk drivopplegg. Men det fungerte greitt med den lette tallerkenen.
MDF-sponplater har lite resonansar, og skulle by på betre eigenskapar enn metall og glas, bortsett frå at eigenvekta vert svært lav, noko som teoretisk kan føre til ujamn gange. Ei tynn filtmatte hjelper ikkje stort på vekta av tallerkenen, men skånar platene frå underlaget. I motsetnad til dyrare platespelarar leverast spelaren med lokk som hindrar støv, noko som etter mitt syn er vanskeleg å klare seg utan. Standardpickupen er Goldring Elektra, men Mono leverer også 1006 for dei som stiller litt strengare krav til lyden. Og for den som framleis ikkje er fornøgd, er Mono agent for Ortofon her i landet….

Spelaren påmontert ein grei pickup frå Ortofon. Spora betre, men det verkar litt sært å handle platespelar, og ikkje pickup frå pickupprodusenten Goldring.....
Lyden
Fyrste gongs utprøving var ikkje så bra. Pickupen let ganske musikalsk, men det var problem med motoren, slik at wow var tydeleg på lange tonar. Dette var ein tydeleg feil, og eg fekk tilsendt ein ny spelar utan dette problemet. Eg fekk også eit tredje eksemplar som fungerte heilt fint utan høyrbar wow. Men dette eksemplaret gav frå seg ein eigenlyd i det du sette i gang motoren, som dei andre ikkje hadde.

Elektra er det rimelegaste pickupalternativet. Fungerer heilt greitt, men invester heller nokre hundrelappar meir og få skikkeleg oppløysing med Goldring 1006.
Som gammal vinylentusiast ville eg gjerne kunne justere armen sin høgde, men det er ein operasjon som krev at du legg pakningar mellom arm og kabinett. Ved å fintrimme høgda, reknar eg med at det kunne gjerast meir ut av lyden. Den medfylgjande pickupen greidde ikkje å spore betre enn 60 my, noko som kan vere å leve med, dersom totalløysinga byr på kompensasjon gjennom andre positive eigenskapar. Her er plusset ein musikalsk klang, utan den heilt store oppløysinga du finn på meir påkosta saker. Lydbiletet er sånn passeleg, og du bør finne eit anna alternativ enn Elektra, dersom dette er viktig for di musikkoppleving.
Ved å bruke 500 kroner meir, kan spelaren utstyrast med ein Goldring 1006 pickup. Denne sporar dei same 60 my på 2 grams stifttrykk, men har betre oppløysing og dynamisk nyanseringsevne, noko som har stor innverknad på musikkopplevinga. På grunn av dårleg tid, fekk eg berre lytta til 1006-pickupen ein dag, og det er sannsynlegvis ein god del meir å hente på å spele stiften betre inn. (rekn med å bruke 10 -20 timar) Du kan også auke stifttrykket litt, og sjå om det har positiv innverknad på lyden. Eg prøvde 2,5 gram, men tykte då pickupnåla såg litt samantrykt ut, så eg gjekk attende til 2 gram under utprøvinga.
Eg fekk også prøve ein MM-pickup frå Ortofon, og fekk endå betre oppløysing i toppen, medan sporingseigenskapane der auka til 70my. Lydbiletet vert sånn passeleg, og du må rekne med frustrasjon dersom du vel den rimelege Elektra, og er vant til meir presise ting (Eg gjorde samanlikning med ein spelar som kosta 20 gonger det same som Goldringspelaren. Litt urettferdig, kanskje..?)
Sjølv om det absolutt var positive sider ved bruken av Ortofon, tykkjer eg det er litt rart å ikkje ha ein Goldringpickup på ein Goldringplatespelar. Eg ville nok satsa på ein 1006, og skugga unna utfordringa å finne den optimale pickupen til denne spelaren. Elektra er slett ikkje noko dårleg alternativ, men dei 500 kronene ekstra er fornuftig investering i auka lydkvalitet, om anlegget ditt er i stand til å avspegle dette.
Eg brukte spelaren både med og utan lokk med alle dei tre pickupvariantane. Det var skilnad på lyden når eg spelte litt høgt. Lokk er viktige for å hindre at det samlast støv når spelaren ikkje er i bruk, men det samlar også opp vibrasjonar som forplantar seg til spelaren, så det er like greitt å ta det heilt av om du skal spele høgt.
Om pickupvalet kan vi seie at Elektra er musikalsk, og fungerer greitt på spelaren for den som ikkje stiller særleg høgre krav enn at dei gode, gamle vinylplatene kan spelast. Men det er altså ein del å hente på å gå over til ein litt dyrare pickup.
Konklusjon:
Denne ikkje så alt for tillitsvekkjande konstruksjonen er ikkje tenkt å skulle imponere med sin utsjånad og sin soliditet. Her er det tenkt på å levere lyd/pris-nivå utan å skremme nokon. Her er ikkje laga til optimale justeringstilhøve, men så er dette heller ikkje eit produkt for den kritiske vinylentusiast. Dette er rett og slett saken for den som skal ha seg ein heilt grei platespelar på eit knapt budsjett. Som hifi-freak med stor vinylsamling ville eg nok legge meir pengar i investeringa, og fått meg ein meir ambisiøs spelar frå t.d. Rega eller Thorens, der lydpotensialet er større. Det er også mykje interessant på bruktmarknaden for den som har tid til å leite der.
Å få seg ein platespelar til denne prisen, må by på mange kompromiss. Ynskjer du å ha ei slik programkjelde som supplement til CD eller andre digitale media, har Goldring eit funksjonelt og fornuftig alternativ.
Pris: med Elektra pickup: 2 495 kr
med 1006 pickup: 2 995 kr
Ortofonalternativ må du spørje om...
Importør: www.mono.no