onsdag, 31 desember 2003 23:00

Nnenna Freelon - Tales of Wonder [CD]

Skrevet av

Stevie Wonder er ein stor musikar som har laga utruleg mykje bra musikk, særleg soul. Men eg føler ikkje at han på noko vis har har fått den anerkjennelsen han har fortent. Eg meiner han er ein av dei mest undervurderte musikarane frå 1900-talet. Nnenna Freelon er òg begeistra for Stevie Wonder, og denne plata er hennar hyllest til mannen med dei store solbrillene.

 

 

Alle songane på plata er skrivne av Stevie Wonder, men dei er ikkje nødvendigvis

Musikk:

***

Lyd:

****

Label:

Concord

Kjøp denne hos CDON!

så lette å kjenne att. Eg er generelt svært lite begeistra for coverlåtar som høyrest ut som om dei like gjerne kunne vore originalen. Kva er då vitsen? Skal ein gi ut musikk som har vore gitt ut før, bør det vere fordi ein har ei ny tolking av materialet. Det har Nnenna Freelon.

Ho og bandet har forenkla originalarrangementa til dels veldig mykje, kanskje litt for mykje. Alle låtane blir spelte i ein veldig "laidback" stil. Dei er generelt litt meir jazza enn originalane, det er lagt til små improvisasjonar, ein del nye synkoperte rytmar og Nnenna prøver seg på på litt scatting (utan å bli heilt Ella Fitzgerald av den grunn...). Men det er samstundes fjerna mykje av det som gjorde originalane så kule. Stevie Wonder og blåserekkjene hans er legendariske, desse tolkingane er nok ikkje det.

Og det er fleire grunnar til det. For det første er det ganske imponerande å få heile karriæra til Stevie Wonder til å høyrast heilt statisk ut. Bandet spelar likevel bra innanfor reglane dei har trekt opp. Dei spelar presist og lett med litt av "snerten" som originalane hadde. Men eg tykkjer plata er litt vel polert. Det er lagt på vel mykje klang og den høyrest litt overprodusert ut. Songane på denne plata kan kvar for seg vere fine nok, men summen blir for roleg og sviskete. Stemma til Nnenna Freelon synest eg heller ikkje det er noko å skrive heim om. Den er verken spesielt kraftfull eller vakker, den er ganske vanleg. Og ho overdriv "blåtonane." Låtane er jo jazza litt opp, og "blåtonar" er ein del av jazzen. Men her blir dei ikkje ein kul effekt, dei gjer det berre surt og glir rett inn i biletet av stemma hennar som litt keisamt forutsigbar

Så korleis skal eg oppsummere denne plata? Ei samling tolkingar av Stevie Wonder sitt mangfaldige og svært spanande materiale kunne blitt veldig bra. Det er fint at Nnenna Freelon og bandet hennar har nye tolkingar av materialet og ikkje kopiar av originalmusikken, men dette blir diverre litt for einsformig. Sjølv om mange av låtane er vakre i seg sjølv, blir ein time med denne typen "caféjazz" diverre ganske keisamt. Originalen er både meir variert og betre.

Men plateomslaget her var iallfall pent...

Lest 3638 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 10:59
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.