Bang & Olufsen Beomaster 900 (1964-1970)
Kva i alle dagar er dette for noko. Ein radio frå 60-talet på 6 Watt. Ja. Men kva har eg sagt tidlegare, om å læra noko eller ikkje læra noko?
Eg lånte denne på Bruktn på Voss, kunne ikkje motstå han. Utruleg liten og søt, og heil og fin. Praktisk tala strøken. Og B&O skal du ikkje kimse av. Dei har mange tilhengjarar, og ikkje berre arkitektar og interiørdesignarar. Eg har aldri prøvd ein B&O-radio før, og tok han med heim.
Kjempetabbe, tenkjer eg no. Søla vekk tid på gamle apparat som ikkje kan spela høgare enn ein god reiseradio. Eg veit betre men vart sjarmert i senk. Og har lært ein del undervegs.
Slik såg gamle radioar ut den gongen familien sat samla rundt han og fjernsynet berre var eit prøvebilete, eller pausefiskar. Sølvsuper 10 frå Tandberg var ganske lik, også ein hjarteknusar. Eg har ein slik og sjølvsagt, men har ikkje fått prøvd han ut endå. Har berre hatt han i 5 år.
Slike gamle radioar bør startast opp varsamt, helst med ein sokalla Variac, ein regulerbar trafo, for å unngå å gje ladelyttane sjokk, om han ikkje har vore i bruk på lenge. Men når eg fyrst hadde fått han på benken, hadde eg ikkje tolmot til å skaffa meg ein slik. Bør skaffa meg ein, men i staden starta eg han opp i serie med ei ljospæra; eit gamalt triks. Pæra bør vera 30 Watt om forsterkaren er 30 Watt, osb. Du finn info om ein slik “slow start” på nettet, kalla "dim bulb tester".
Det vart ljos
Alle pærene i fronten lyste opp, og etter litt jokking med vribrytarane og trykknappar kom det lyd. Han vandra litt frå høgre til venstre kanal alt etter posisjonen på volumknappen, men dette kom seg litt etter bruk. Ein dusj med kontaktspray vil vonaleg hjelpa. Bassen var definitivt mjuk og udefinert, men kom seg etter nokre dagars bruk. Slike gamle forsterkarar har kondensatorar i serie med utgangen, og desse må gå seg til etter lengre tids ferie. Volumknappen har innebygd loudness les eg på internett, dette bidreg til den oppsvulma bassen. Denne minkar med auka volum, og forsterkaren er uansett såpass effektsvak at volumknappen må vriast godt opp. Effekten er 6 Watt, og det er ikkje definert om det er i 4 eller 8 Ohm. Apparatet er fulltransistorert (med dei gamle germaniumtransistorane), og det er dette som gjer det mogeleg å byggja han so kompakt - til og med utan lufteriller. Han har vunne fleire designprisar, so bruktprisane er truleg høgare på flatlandet rundt Himmelbjerget enn her på bjerget. Her er det Tandberg som er latterleg prisa.
PS: Phonosteget, dvs. platespelarinngangen, tek berre gamle keramiske pickupar, ikkje moderne magnetiske. Eg har ikkje sjekka om det kan ordnast.
Praktisk bruk
Han står der og spelar endå. Nei, ikkje permanent, til det er han for svak. Skrur du opp lyden etter ein dram og to øl, sprekk han, og det gjer du og. Eg berre MÅ ha ein radio som spelar høgare. Nad 3020 yter 20 Watt, Electrocompaniet 25 W yter gjett kva, og Tandberg Huldra 11 rundt 30. Det er akkurat nok. Men 6? Nah.
Men i eit mindre rom, i lag med eit gamalt ektepar som hugsar denne frå tida si i Danmark, og som endå ikkje er dauhøyrde? Perfekt. Slike spelar jo uansett aldri høgt, dei har betre vit enn å plaga naboane sine, slik ungdomane utan blygsel gjer.
Eg brukar tape-inngangen, fora frå Mac-en, med musikk frå NRK og Apple Music; the fruit company. Og veit du ka? Han spelar veldig fint. Ikkje eitt sekund har eg irritert meg over lyden og tenkt at han var kunstig eller umusikalsk på nokon måte. Bassen er tilstrekkeleg djup og fyldig, det kan du ikkje rekna med frå ein liten DAB-radio. Til og med ganske godt definert! Det er faktisk såpass at hadde eg ikkje vore gamal og tunghøyrd hadde eg kunne levd med denne. Kanskje. I alle fall er det kjekt å kunne avslutta positivt.
PS!
Ikkje før eg kopla ned denne og opp noko anna, skjønte eg kor god han var. Planen var å levera han attende til brukthandelen, i staden leverte eg han til reparatøren for gjennomgang, og nyleg fått han att, for ytterlegare utprøving. Denne blir. Ny rapport vil fylgja.
Og moroa sluttar ikkje der. Eg har og ein mykje nyare B&O, B&O 2000 på kring 70 watt, som har fått god omtale i “vintage”-spaltene i England. Denne har og vore hjå reparatøren og står klar til utprøving.
Men fyrst ein oppklaringsrunde på Tandberg Huldra 9, to versjonar, 10 og 11, slik eg har lova; neste gong.
ØLSPALTA
Schous Pils, 4,5%, Oslo.
Visstnok dømd til Noregs beste pils i ei eller anna kåring. Flott da. Likevel ingen høydare i fylgje Lars, men balansert, og passeleg av alt. Passeleg av kva, spør eg. Lite smakar, men heller ingen usmakar lyt me leggja til. Grei sumarøl, frisk og lett å drikka.
Nøgne Ø Fatøl, 4,7%, Grimstad
Meir malt enn Schous, betre maltpreg. Har alt i alt meir karakter enn Schous.
Noam Bavaria Berlin, lager i Munchen-stil, 5,2%
Heilt ny på Polet. Jålete flaske, men god lager. Lifleg men flyktig lukt av humle, som er der når du opnar flaska, men er borte som ånden etter ei stund, akkurat som italienske birra Peroni. Ufiltrert. Smaken er frisk og rein. Ein klasse opp frå sumarøla. “so sommarleg som tenkjast kan, humlen var som sønnavindsvalsen” kvedar Lars.
Frydenlund Juicy Blonde 4,5%
Kveitemalt, fersken- og ananasjuice, i tillegg til det vanlege. Bra humla seier Lars; for å kontra sødmen. Men ei heller tynn suppe. God sumarlesk, men går ikkje vidare frå kvalifiseringa hevdar Lars, med eitt auge på fotballkampen.
Pilsner Urquell 4,4%
“Den originale pilsner” frå Plzen i Sjekkoslovakia. Eg har vore på bryggeriet. Eg drakk han til frukost ein morgon, då smakslaukane er friske og vakne. Han kom ikkje so godt ut som eg hadde venta; denne gongen. Bitter, men tynn. Det bitre kunne godt vore fylgt opp med meir maltsødme. God, men ikkje millom dei beste, seier Lars seinare på dagen. Eg hadde ein ekstra.
Neste gong: Sumarøl, dei små søte boksane på 0,33 L