mandag, 23 september 2013 21:02

Datamaskina som stereoanlegg

Skrevet av

Kan datamaskina og smart-telefonen ta over for CD-spelaren og heile rukkelet? Ikkje utan ein USB-DAC.

Les meir:

DATA. STØNN...
Vi er på veg over i ein ny tidsalder. Stereoanlegget var ein del av den teknologiske revolusjonen, medan me no er i data-alderen. Ungdomen kjøper ikkje stereoanlegg lenger, men datamaskin. Og dei nyttar denne til å spela musikk. Hæ? 
Dette er noko eg som vaksen, for ikkje å seie gamal, ikkje forstår mykje av.  Då data-alderen kom, var eg alt hekta på hi-fi, og vart frå meg då eg oppdaga at hifi-magasina på Narvesen i ein periode nesten forsvann til fordel for data-magasina. Av 8-10 hifi-blad var det berre to att, og i plassen trona 10 datamagasin, opp frå 0. Så kvifor skriv eg om datamaskin som musikk-kjelde? Avdi eg har måtte bita i graset. Som alle andre. Det er ikkje lenger til å unngå. Eg nyttar data på jobb, og eg har etterkvart godteke at eg må ha datamaskin heime og. Eg tykkjer framleis eg er veldig flink når eg betalar rekningane mine via nettbank.  Og med YouTube og Spotify er det ingen veg attende. Mac-en min har vorte ein del av stereoanlegget. Ein del av den nye tida. Som Knut Øverdal seier: Det er ei fantastisk verd av musikk der ute. (Eg skal presentera min gode ven Knut ved eit seinare høve). 

DEI HAR IKKJE STEREOANLEGG
Mange vaksne nyttar framleis stereoanlegget sitt. Mange ungdomar skjønar ikkje kva dei skal med slikt. Dei har jo datamaskin. Og spelar musikken i verste fall ut gjennom dei innebygda høgtalarane i datamaskina, med elendig resultat. Har du sett eit slikt høgtalarelement? Dei er ikkje større enn diskantelementet som sit i ein vanleg hifi-høgtalar. Berre mykje dårlegare. Omlag som i ein telefon. Ikkje rart lyden vert tynn og metallisk. Einskilde produsentar har rett nok satsa litt meir på lyden og reklamerer med lyd frå JBL, t.d, då er elementa litt større og av litt betre kvalitet, men det er likevel langt unna sjølv det du finn i ein billeg hifi-høgtalar til eit stereoanlegg.  

UNGDOMAR ALTSÅ...
Men ungdomane veit råd. Dei nyttar hovudtelefonar. Datamaskin eller smart-telefon pluss hovudtelefon er det nye stereoanlegget. Ikkje så dumt. Då er i alle fall høgtalarane betre. Gode hovudtelefonar kan ha høg lydkvalitet. Eller dei løyser problemet med å kopla til "PC-høgtalarar". Ikkje så dumt. Då får du (separate) høgtalarar av ein heilt annan kvalitet, i tillegg til ekstra forsterkar, som er bygd inn i sub-en (basskassa). Men framleis kan du ikkje rekna med særskilt god lyd, for "forsterkaren" i ein slik lommedings (og i datamaskina) er av heller dårleg kvalitet. Eg snakkar om det såkalla lydkortet, som inneheld ein DAC og eit linjesteg. DAC-en omvandlar lyden frå digital til analog, og linjesteget er ein forsterkar som forsterkar lyden opp til "linjenivå", som er eit definert nivå som er nytta i fleire apparat, t.d. radioar og forsterkarar (+/- 1 Volt). Radioen kan då lett forsterka denne lyden vidare og senda han ut gjennom stereoanlegget. 

HOUSTON, ME HAR EIT PROBLEM
Med, som sagt, stort sett elendig resultat. Men det finst ei løysingar på problemet: Det heiter utvendig DAC. Eller USB-DAC. Ein dings du koplar mellom datamaskina og stereoanlegget i form av ein liten boks. Ikkje gje opp, eg har bestemt at eg skal klare å forklara korleis dette funkar, og kvifor du må ha ein slik for å få brukande lyd. Ja, eg beklagar, men du MÅ faktisk ha ein slik.  Det er den enklaste og billegaste måten å få god lyd frå ei datamaskin på.  For ein tusing eller vel det. Og oppetter. Eg skal forklara kvifor og korleis.

Mange veit det alt, og har visst det lenge. Men ikkje alle. Og det er ikkje VELDIG lenge sidan eg fann ut av det sjølv. Eg har difor stor glede av å formidla det vidare, slik at fleire kan få betre lyd. Det manglar ikkje på artiklar som skal fortelja deg alt om data og avspeling frå datamaskina, men for min del - og mange andre på min alder - er desse alt for høgtravande. Eg dette fort ut. Men etter å ha pressa meg gjennom ein del slike artiklar, samt å lesa lesarspaltane i hifi-blada (pluss å konsultera mine gode hifi-kompisar) byrjar eg å få eit visst oversyn. Veldig ofte handlar spørsmåla frå lesarane om samankoplinga av data og stereoanlegget.

TO ALTERNATIV
Skal du ha musikken ut av ei datamaskin og inn på eit stereoanlegg, eller fram til PC-høgtalarar, tar du lyden ut via hovudtelefonutgongen. Du nyttar ein leidning med mini-jack i eine enden (ut frå datamaskina) og med phono-pluggar i andre enden (inn i forsterkaren). Du kan nytta kva som helst ledig inngong på forsterkaren med unntak av platespelar-inngangen. Du slepp du å kjøpa noko meir.  Du brukar no datamaskina som ein CD-spelar, rett og slett, du kan mata ei CD-plate inn i datamaskina og spela av denne, eller du kan spela musikk som du har lasta ned; eller du kan strømma musikk frå You Tube, Spotify, Wimp eller andre tenester eller kjelder på internett. Undomane i huset hjelper deg med å installera Spotify, det måtte eg. Ulempen med denne tilkoplinga er at lyden går gjennom datamaskina sitt lydkort. Og dette lydkortet er som regel av svært middelmådig kvalitet, for datamaskina er ikkje eit stereoanlegg, med prioritet på god lyd. Prioriteten er vel heller på lågast mogeleg pris (men lyden kan vera noko betre på Mac enn PC). 

Det SMARTE alternativet er å nytta USB-utgangen. Du nyttar ein USB-kabel (ein sånn data-kabel, for å sei da enkelt) frå datamaskina og ut til ein slik DAC som me har snakka om, og skal koma nærare attende til. Og frå DAC-en til stereoanlegget nyttar du nøyaktig same type kabel som du har mellom CD-spelaren og forsterkaren (phono-kabel). Du skyt altså ein DAC inn mellom datamaskina og stereoanlegget. Du må kjøpa ein såkalla utvendig DAC, og ein vanleg signalkabel. Eg har teke eit par bilete slik at du skal sjå korleis dette skal koplast. Poenget er at du med USB-utgangen går utanom lydkortet. No er det den utvendige DAC-en som står for konvertering og forsterking. No fungerar datamaskina og DAC-en som ein todelt CD-spelar med transport for og konverter kvar for seg. Det er lenge sidan slike var på moten, men sanneleg har dei ikkje kome attende takka vera datamaskina, i form av datamaskin pluss USB-DAC. 

Eg har undersøkt nøye skilnadane i lydkvalitet mellom desse to løysingane - med eller utan utvendig DAC. Eg skal koma attende til dette i samband med omtale av eit par slike DAC-ar. Men eg kan alt sei at var det ikkje for denne mogelegheita (til å ta ut digitalsignalet via USB-porten til ein utvendes DAC av hifi-kvalitet), ville eg aldri kunna nytta Mac-en min som musikk-kjelde. Aldri.

Her er det du treng. Ei datamaskin og ein USB-DAC. Du ser USB-ledningen går frå MAC-en og inn i DAC-en. Frå DAC-en går vanleg signalkabel inn til forsterkaren eller radioen.

Dette er førre generasjons HRT Streamer DAC, med den karakteristiske pyramideformen med avkappa topp. Den raude er den billegaste i serien, ca kr 1500,-. Importør: Audiofreaks. Den nye serien har ein avrunda oval fasong. Den litt dyrare modellen, Streamer +, er grå. Toppmodellen heiter PRO og har XLR-pluggar, men er elles identisk med Streamer +. Etter kva eg har erfart er dette svært gode DAC-ar. Dei har og fått god omtale, og er mellom dei beste på tekniske målingar. Viss ikkje best.

Lest 5368 ganger Sist redigert torsdag, 28 november 2013 14:43
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.