lørdag, 12 februar 2011 07:54

Stig skriv om ein gammal receiver og øl

Skrevet av

Stig Arne Skilbrei, www.audiophile.no sin mest erfarne skribent og samstundes enfant terrible, har også kasta seg på bloggebølgja. Eller let oss få innsyn i dagboka si, som han heller vil uttrykkje det.

Stig skulle sjølvsagt levert mykje meir stoff her. Han har greie på hifi som få andre, og er også ein av dei få nordmenn som faktisk har hatt levebrødet sitt som hifi-journalist. Han har stor innsikt og oversikt på hifi-feltet. Såleis burde han vore ein av dei dominerande røystene innan hifi. I staden handlar han stort sett gammalt, brukt hifiutstyr frå Fretex og denslags, og har fått til irriterande god lyd ut frå svært små pengar. Frå Voss; hifi-verdas svar på Per Sivle prøver her å få til litterære prestasjonar UTAN å teste hifi, og ved å drikke ØL. Dessutan er han jazzmann, slik det høver seg folk som er lokaliserte slike stadar. Ein kan komme over mykje rart når ein sit ved datamaskina, og vi reknar med sterke reaksjonar på denne måten å bruke plass på Internett på. Men vi har ei nettside å drive. Og vi fornedrar oss iallfall ikkje til å starte ei vinspalte på her på den einaste nettstaden som er tiltenkt audiofile artiklar. Men nesten. Alt for få orkar å skrive kvalitetsartiklar om hifi gratis. Så har vi noko val, eigentleg... skal Stig få skrive som han vil? Han skriv iallfall om noko han har greie på..... (Reaksjonar kan skrivast som kommentar etter teksten)

 

Det er ikkje alltid du har eit nytt produkt å testa. Det er ikkje alltid du har tid til, og kan hende ikkje eingong lyst til, å testa nye produkt. Du kan likevel ha opplevd ting som du har lyst til å skriva om, og som kan vera vel så interessante som siste nytt frå Kina! Difor har eg ”gjenoppretta” ei dagbok-liknande spalte, slik eg hadde for mange år sidan for Audio Video. Eg vonar med dette å kunne skriva både oftare, og om mange ulike ting, slik at eg kan bidra til både større breidd og høgare aktualitet.

 

Fyrst ut er ein tilfeldig kveld framfor radioen. Det er mykje fantastisk musikk på radio, og i eineståande kvalitet (t.d. direktesendingar). Ofte mykje betre enn på CD! (Eller LP, for dei som no kjende seg utanfor). Ekstra spanande var det fordi eg også hadde kopla opp eit nytt stereoanlegg (med radio), sjølv om det var gamalt. Dette er skrive for ei stund sidan, men det er heilt rette plassen å byrja, for eg vil fortelja kva utvikling eg har gått gjennom dei siste åra, kva utstyr eg har brukt, og kva eg brukar no. Og kvifor.

”Mens vi venter på den ordinære sendingen”
Teknisk feil, i NRK eller kor som helst, er ei morosam hending. Endeleg fred å få. Svart skjerm og stille. Og ei velkomen stadfesting på at det ikkje berre er du som ikkje er perfekt, det kan henda andre også. Du vert nesten litt skadefro. Og så er det veldig spanande å fylgja med på kva som skjer, kor tid dei kjem på lufta att – og let som ingenting.

 

Medan eg venta, skrudde eg på radioen og hamna rett på ein internasjonal brassbandfestival i Ibsenhuset i Skien; på P2. Me vart guida gjennom mange nummer, somme skrive spesifikt for brassband, somme klassiske stykke, og somme standardlåtar frå jazzverda. Mellom andre fekk me orgelkonserten frå Saint Saens, og avslutninga var Wilhelm Tell-overtyren. Alt framført av ”Black Dark Band”,  høyrest det ut som om konferansieren sa, visstnok eit av dei beste brassbanda i verda. Alt framført live, med ein heilt fantastisk lydkvalitet.

 

Eg høyrde straks at lyden var spesiell, og skrudde opp. Eg var raskt nede i kjellaren og fann ei flaske heimabrygg, godt lokalt øl frå Voss, og flytta stolen i lyttestilling.  Eg kveikte eit telys til høgre for stereoanlegget, slik eg alltid gjer når eg vil konsentrera meg om musikken og lyden, og stengja ute resten av verda. Lyden var fantastisk, eg kan ikkje hugsa å ha høyrt slik lyd frå noko stereoanlegg. Var dette live rett frå mikrofonane? Det var som å vera til stades på konserten. Det var ikkje perfekt, eg klarte ikkje heilt å innbilla meg at eg var der, og det var lett å høyra at særskilt høgttalarane mine ikkje klarte oppgåva perfekt. Likevel var det heilt klart at lyden var mykje ”betre” enn vanleg. Som indikatorar på dette kunne du ramse opp det vanlege: Djupne i lydbiletet, breidd, transientattgjeving, og alt dette som me ukritisk kopierar frå skribentane i engelske og amerikanske hifi-blad. Men her var det noko heilt anna som hadde skjedd: Lyden var brått ikkje lenger slitsam å høyra på. Han var silkemjuk, og eg tenderte til å skru opp heller enn å skru ned, sjølv på musikk-stykke som normalt ikkje fengjer. Til slutt hadde eg konsert i mi eiga stove, og dette har halde fram. Eg passar særskilt på på fredagar, laurdagar og sundagar klokka fem over ti (P2), med direkte sendt jazz, og anna. Eg har vorte ein ivrig radiolyttar, og grunnen er at eg både har fått meg ny forsterkar OG ny radio. I eitt og same apparat? Ja no kan du lura. Framhald fylgjer.

 

Ølspalten
Det finst knapt ei avis, eit ukeblad, eller andre magasin med respekt for seg sjølv som ikkje har ein vinspalte. Men kor vert det av ølspaltene? Noreg er eit øldrikkande land, og det vert konsumert langt større mengder øl enn vin. Likevel ”glimrer ølspaltene med sitt fraver”. Snobberi? Ja visst. Les ein vintest, og smak litt på dei adjektiva som vert nytta, og dei smakane som vert skildra, og som aldri hadde kunne funne vegen ned i ei vinflaske. Det meste er rein fantasi, og mest eigna til å le av. Noko mange også gjer, er  inntrykket mitt.

Men lat oss ikkje skapa kunstige frontar. God vin er fantastisk til god mat, og eg klarar meg ikkje utan raudvin til laurdagspizzaen. Gjerne noko godt til kaffien også (men det treng ikkje vera fransk. Kva med eit glas akevitt?) Men både før og etter vil eg gjerne ha  øl. Øl er lint og godt for magen, og rundt og godt på smak, om du ikkje berre drikk ”rapevatn”, som Richard Herrmann kalla den ljose norske pilsneren. Han var NRK sin London-korrespondent og fekk mykje tyn for denne uttalen.

 

Herrmed presenterer eg altså ølspalten, Noreg sin fyrste ølspalte (trur eg).

 

Jula varer heilt til påske!
Eg tenkte ølspalten som eit fast, kort og siste bidrag i dagboka, og denne gongen skal eg ta føre meg jolaølet. Og då har det vel beviseleg rabla totalt for meg, vil mange tru, men faktum er at det er no seinvinters at jolaølet er best. Mange av oss øl-elskarar ser med lengsle fram mot jol og jolaølet. Klasse 3 (F) naturlegvis, dvs. poløl. Til jul er dette eigentleg alt for ferskt, eg kjøper i mengder, slik at eg i alle fall har til påske. Då kom Hansa sitt Påskebrygg og berga oss, men det er det slutt på no diverre. Går det forresten an å snakka Hansa til å ta opp att denne tradisjonen? På seinvinteren kan det vera at polet framleis har jolaøl att, i alle fall av dei sortane som har fått middels eller dårleg omtale, og då kjøper eg ofte restopplaget. På fleire pol her på Vestlandet har dei i skrivande stund framleis att Hansa, Dahls og eit par andre. Utan at desse er dårlegare enn andre, etter mi meining.

 

Aass har to sortar, Juleøl Premium har 9% alkoholstyrke. Det same gjeld, som alltid, Ringnes, der Julebokk er den sterke varianten. Saman med CB, Mack og Borg har eg no ramsa opp sortane med mest smak, og ein tydeleg myrk og godt brent malt. Desse sortane er også svært stabile frå år til år, medan andre varierer litt meir. Hansa juleøl er ikkje alltid lika godt før jul, men har no utvikla seg litt og vorte godt, medan julebrygget, som er like sterkt, er noko søtt, på ein ikkje heilt vellukka måte. Berentsens Julefnugg var ei hyggeleg overrasking i fjor, friskt og godt og med god harmoni mellom dei ulike smakane, og forsvann som fnugg for sola på alle pol på rekordtid (takka vera god omtale i avisene). I år er eg ikkje lika entusiastisk, og drikk heller Jule Avec, nytt av året, og på 9%. Men prisen! Dette er det dyraste jolaølet i år, til 40 kroner. Billegast i år var Grans Juleøl, til 26kr, medan dei fleste låg kring 28. Grans er, saman med Fredrikstad, eit av dei øla eg strevar med å lika. Det smakar litt surt, truleg grunna  humlen som er nytta. Det positive er at humlesmaken tapar seg med lagring, medan maltsmaken vert meir framtredande. Dahls er litt ljosare på let og litt tynnare på smak enn mange, men ikkje utan substans og kompleksitet, og har fin aroma. Det kjem mest an på kva du har lyst på akkurat den kvelden! Etter fleire kveldar med kraftigt øl, kan ein Dahls vera akkurat den rette.

Så over til eit par nykomarar, relativt sett: Nøgne Ø, God Jul, har ein svært kraftig smak, nesten krydra, men det tippar litt over til ”barley wine”. Den særkilte smaken på jolaølet er skuld malten, som er kraftigare brent enn vanleg, slik at ein nesten karamell-aktig smak kan snika seg inn. Akkurat som Nestle barnegraut, for å få han søtare. Eller svart te, i motsetnad til grøn. Også Ægir Bryggeri sitt jolaøl, frå vårt populære ”lokale” bryggjehus i Flåm, skil seg ut med ein svært kraftig smak, men litt mindre krydra. Dette kom, vel fortent, på topp i fleire testar.

Og om du riv i ein akevitt, ikkje gløym Løitens Linjeakevitt, uansett kor mange fancy ”juleakevitt”- etikettar som freistar å lokka deg til å kjøpa noko anna.

Kjøp alltid jolaøl så du har til påske. Det vert betre for kvar månad. Lat alltid ei flaske av kvar sort stå att til neste jol, so kan du samanlikna årets og fjorårets! Det er like moro som å testa hifi.

 

 

Lest 10808 ganger Sist redigert torsdag, 28 november 2013 14:45
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.