lørdag, 27 august 2016 08:14

Revox B 226 “The Signature” CD-spelar Spesial

Skrevet av

 

Eg er heldig. Eg eig to av dei beste CD-spelarane som nokon sinne har vorte produsert. Av dei klassiske, i alle fall. Korleis desse står seg mot dei beste i dag, er ei anna historie, som me nok skal koma attende til. Men bli med meg på dette dykket i nær historie, då CD-teknologien var ny og spanande. 

 

Philips CD 960

Dei som har fylgt med meg i “frå dagboka”, veit at eg har skrive ein del om Philips CD-spelarar. Eg fekk ved eit tilfelle ein gamal billeg Philips av ein kollega, og vart verkeleg overraska over lydkvaliteten. Eller rettare sjokkert; og kopla vekk Pioneerar, Marantzar og alt anna. Eg byrja undersøkja på nettet, og fann ut at Philips-teknologien er anerkjend og ettersøkt, særskilt gjeld dette DAC-en TDA 1541, som vert rekna som noko av det beste som har vorte laga, muligens til dags dato. Når skribent-kollega Arve Åheim høyrde om dette, sette han meg i samband med Ålesund-verksemda Rektangel AS, som forsynte meg med diverse klassiske Philips-spelarar, modifisert av ei verksemd - eller einskiltperson - i Tyskland, som har spesialisert seg på å setja i stand og modifisera eit nøye utval av Philips-modellar. Eg enda til slutt opp med Philips CD 960, toppmodellen, som er det beste eg har høyrt av CD-spelarar til dato. Men eg bør leggja til at eg ikkje har høyrt all verda av nye og dyre slike (eg er litt nølande til å bruka for mykje pengar på produkt som ikkje er “evigvarande", og som alt er på veg ut). Men denne spelaren let så godt at eg såg meg nøydd til å kjøpa han, sjølv om han kosta akkurat so mykje som eg nett sa at eg ikkje var viljug til å leggja ut. I hi-fi news & Record Review, juni 2016, skriv elektronikk-ingeniør og skribent Tim Jarman “….Most of my players since then have been Philips too, as I think they got it right first time with the old 14-bit models”.  Sjølv var eg uvitande om dette, det var japansk som galdt på 70- og 80-talet. 

 

 

Revox B 226 The Signature

Det er ikkje for å driva med “name-dropping” at eg stadig nemner Stig Inge Bjørge, som driv Lyra. Han er ein nær ven, frå lenge før han vart vidgjeten gjennom pick-upane sine. Me talast ofte, og diskuterer hifi i det endelause (via Skype mellom Noreg og Japan), og når han er på vitjing i Noreg. Då han høyrde at eg dreiv og rota med gamle Philips-ar, sende han meg sin eigen B 226 The Signature, slik at eg kunne leike meg med denne. Gratis. Han hadde sjølv fått han gratis. Han kunne sjølvsagt uansett selt han til meg for ein god slump med pengar, for dette var ein dyr spelar på 80-talet, då han vart lansert, og han er etterspurd på bruktmarknaden. Men dette var ikkje noko offer for Stig Inge. Han har framleis stablar med CD-spelarar, og ikkje av den billege sorten. Han treng dessutan å rydda stundom han og. Hifi News har fleire gongar skrive om vintage CD-spelarar, og særskilt Philips. I ein artikkel som femna om fleire av dei beste CD-spelarane på 80-og 90-talet (CD-spelaren vart introdusert i Europa kring 1983) skreiv forfattaren om Revox B 226 at dette mogeleg var den beste spelaren som var laga. Dette var i eit nr. som eg ikkje finn att i farta, men som nok dukkar opp att. Då kan eg sitera meir presist. B 226 The Signature er i fylgje Wikipedia eit avgrensa opplag av B 226 i høve Studer sitt 40-års-jubileum. 

 

Til samanlikning: Philips CD 960

T.v. Revox B 226.  T.h. Philips 960

 

Med Philips-teknologi

Svært mange produsentar nytta(r) Philips-teknologi, sjølv om dei ikkje alltid var like glade for å innrømma det. Det er nok å nemna B&O, Arcam, Meridian, Orelle, Grundig og Marantz - i tillegg til Revox. Sidan det var Philips, i samarbeid med Sony, som utvikla CD-teknologien, er det ikkje rart at mindre verksemder tok den enkle vegen å kjøpa transport og DAC frå desse. Det var neppe korkje enkelt eller rekningssvarande å utvikla noko betre, men store produsentar som Pioneer og Technics (Panasonic) utvikla eigen teknologi. Den første Revox-modellen var B 225, som var 14-bit. B 226 finst i 3 versjonar, i fylgje tnt-audio.com. I tillegg til standard B 226 (som har blank framplate) finst B 226 The Signature (svart framplate) og B 226 S, som hadde TDA 1541 S1 (silver Crown) DAC, som er selektert. Min har ein standard TDA 1541 utan krune. På nettet er det litt varierande oppfatningar om kva for nokre av spelarane som er utstyrte med denne svært ettertrakta “Silver Crown”. Spelaren veg knappe 9 kg og har Philips CDM-1 eller CDM-2 svingarms-transport, som er kjend for å vara (nesten) evig. Same teknikken er forresten og nytta i Marantz CD 94. Frontplata har ei mengd trykknappar og moglegheiter, som eg meir eller mindre har funne ut av. Eg nyttar uansett berre Play og Stop, dei andre knappane er berre i vegen. Men utruleg nok har frontplata ingen knapp for forrige melodi, berre “next”. Snakk om å vera sær. Slikt er etter mi ringe meining heilt unaudsynleg, og fører berre til at produktet vert utledd. Eg kan ikkje skjøna kva produsenten har å tena på det. Philipsen er enklare å betjena. Du kan lesa meir om teknikk i tidlegare artiklar eg har skrive om Philips CD-spelarar. Og på nettet. Eg er ingen ingeniør, så det er ikkje teknikken som er spesialiteten min, men heller det lydlege, altså lytteresultatet.   

 

Revox, nærbilete av DAC

 

Me lyttar

Spelaren kom i posten frå Japan, og var inom ein verkstad, der han vart vurdert som frisk. Men vel framme på Voss var spelaren svært trøytt etter turen, og nekta stort sett å spela. Men eg klarte å pressa han til å spela akkurat så mange låtar at eg hugsa lyden, og samanlikna denne med Philipsen straks etter. Revoxen let litt mørkare enn Philipsen, sjølv om spelarane i all hovudsak er identiske. Eg likte denne litt mørkare tonen, det gjorde lyden litt meir musikalsk og lettare å lytta til. Eg bestemte meg difor for å få Revoxen reparert/overhalt, men ingen av dei vanlege reparatørane mine var positive til jobben. Medverkande til dette kan vera manglande komponentidentifikasjon på printet, dette var overraskande frå ein leverandør til proff-marknaden. Men etter ei vitjing til Oslo tok Stig Inge og Martina Schøner med seg spelaren til Tyskland, der Martina leverte han inn til Revox Center Køln for reparasjon. Dei bytte to kondensatorar, smørde opp transporten og justerte, og sidan har spelaren fungert som ein draum. Han spelar rett nok ikkje Dylan-favoritten min "Time out of mind", men har førebels spela alle andre plater eg har lagt i skuffa. Philipsen spelar denne plata utan problem, og det heile minner oss om at CD-spelarar kan vera temperamentsfulle. Dei varar ikkje evig. Det er difor ein fordel å ha eit par stykker. Elles spelar spelaren slik som eg hugsar frå fyrste gongen eller betre, og avslørte at Miles Davis Tutu er eit gamalt og ganske “digitalt” opptak, i negativ forstand. Ja, det var vel bra den gongen, me høyrde eller visste vel ikkje betre, men CD-spelarar av dette kaliberet avslører slikt.

 

IC-ane på utgongen 

 

Kva kan vera årsaka til at Revoxen spelar litt annleis enn Philipsen? Eg trur eg har funne svaret. Eg har vore under dekselet på begge. Revoxen er umodifisert, og har Philips sine eigne IC-ar på utgangen til forsterking (line-trinnet), dvs. den særs vanlege NE 5532 (4 stk), som er rekna som den fyrste verkeleg gode IC som vart laga, og som er nytta i nesten alt som heiter miksepultar, har eg vorte fortalt. Neppe ein dårleg IC, med andre ord, sidan spelaren spelar så godt som han gjer. I Philips-spelaren har 4 stk Philips NE 5534 vorte bytta ut mot to stk OPA 2604, og to stk "IC-erstatningar" av fabrikat Burson, i form av to smale og lange printplater som er montert saman; på høgkant som i eit tårn. Desse er neppe heilt billege, og syner at den som har modifisert har gått langt for å tyne best mogeleg lyd ut av denne spelaren. Eg erstatta desse tårna med OPA 2604 som eg hadde liggjande, og konstaterte at lyden straks vart myrkare, gråare og kjedelegare. Tårna let noko opnare - men og litt lysare. Eg har og tinga 4 stk Philips NE 5534, som er den opprinnelege utrustninga, for å sjå korleis dette vil lyda. Det er nemleg lodda IC-soklar i printet for enkel utskifting og utprøving av IC-ar (noko som truleg er gjort av den som har modifisert spelaren). På denne sokkelen kan du berre nappa ut IC-en og trykka nedi ein ny. Er det ikkje rart, forresten, at Philips har nytta den enkle NE 5534, medan Revox nyttar den doble NE 5532? Kva andre skilnader finst, synlege eller ikkje? Om du ser under loket på begge, ser dei HEILT ulike ut! Om krinsløysinga er den same, er her altså plenty skilnader som kan gjera at spelarane likevel ikkje lyder heilt likt. Merk at i Revoxen sit DAC-en i sokkel, og kan enkelt nappast ut og erstattast med “Silver Crown”-varianten. Ein spanande moglegheit. IC-ane i utgangen (NE 5532) sit IKKJE i sokkel, og vert difor verande - inntil vidare.  

Planen er naturlegvis å ha begge spelarane i topp stand. Så kan den eine spela plater, medan den andre er til reparasjon eller modifikasjon. Såpass må ein garva audiofil vera utrusta. 

 

 

Dersom du spør “korleis spelar no denne CD-spelaren?” vil eg svara at mange CD-spelarar spelar slik at du høyrer at han har tydelege feil eller manglar. Det kan låte kunstig, grått eller kornete. Lydbiletet kan verta utydeleg, og musikken vert uinteressant. Med gode spelarar er lyden glattare, og klårare. Du vert mindre plaga av tydelege merkverdigheiter, og kan konsentrera deg om musikken. Både Philipsen og Revoxen er i sistnemnde kategori, og med god margin, samanlikna med anna eg har høyrt. Eg er difor veldig glad i dei, og vil behalda begge. (Meir informasjon kan koma seinare.)

Lest 7161 ganger
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.