lørdag, 28 februar 2009 23:00

Heime hos Håvar

Skrevet av

Det er like stor skilnad på hifientusiastar. Nokre er svært engasjerte og lidenskaplege, nokre er analytiske. Nokre brukar mykje pengar på hobbyen sin, medan andre igjen går så opp i dette at dei importerer utstyr frå utlandet. Og om det tar heilt av, får dei agenturet...Håvar er ein sjeldan kombinasjon av alt dette...

 

 

Av Arve Åheim mars 2009

Det er ei stund sidan eg besøkte Håvar no. Eg er sjeldan i hovudstaden, og avgrensar nettverksarbeidet alt for mykje til å bruke telefonen og postverket. Men eg hadde truffe Håvar ved eitt høve, ei rask overlevering av ei kasse. Tydelegvis ein travelt opptatt småbarnspappa med full jobb ved sidan av at han dreiv eit agenturfirma som eg fekk stor interesse av. Slike folk har ikkje eige butikklokale, og arbeider mest i nettverk. Men dei er avhengig av å ha svinaktig gode demonstrasjonstilhøve for å få selje produkta sine.
Frå folk som hadde vore innom heime hos Håvar, ryktest det at han hadde skikkeleg godlyd, og dei snakka om at han hadde "beste heimelyden i Oslo". Det var såleis veldig greitt å takke ja når han inviterte ein gong høvet baud seg.
Håvar har eit greitt lytterom, i kjellaren i eit hus med standard takhøgd. Det er ikkje snakk om eit eige rom, men eitt som også fyller familiebehovet for stue. Likevel hadde familien greidd å få til ei sjeldant fornuftig opprigging av anlegget, der både dei estetiske og praktiske behova stuebrukarane har som vanleg er tatt godt vare på, men på ein slik måte at også behovet for eit optimalt demonstrasjonslokale for produkta er i orden. Anlegget sine kvalitetar vart ikkje på nokon måte kamuflerte av dei andre behova til familien, og eg var frå fyrste stund nesten sjokkert over kor god lyd Håvar hadde. Her var faktisk ingenting eg kunne sette fingeren på. Alt var svært, svært ordentleg, og fyrsteinntrykket gjorde meg nesten stum. 

Eg har trass alt kjennskap til nokre av merka Håvar har agentur på. Dynavector var det mykje av her i landet i gamle dagar, men kven ville vel halde på eit agentur som fyrst og framst lagde PICKUPAR? Slike vinylgreier som gjekk av moten for 20 år sidan? Vel, Håvar har iallfall agenturet no, og køyrde med toppmodellen opprigga i den heilt ekstreme Dynavector-armen. Ein annan toppmodell var drivverket, som er det legendariske Avid Actucus, ein av verdas absolutt beste platespelardrivverk, mellom anna elska av vinyljunkien Rudi. Det sluttar ikkje der. Håvar har agenturet på noko av det mest fornuftige av rørforsterkeri som finnest. Det fullamerikanske selskapet Rogue lagar ei fullstendig produktlinje av rørforsterkarar. Eg har testa dei meir snusfornuftige, men kunne no nyte dei meir avsindige modellane. Effekttrinnet er kanskje det som er mest iaugefallande. Med ein glødande skog på 12 KT88-rør og ei matchvekt på 90 kg, har det nok ikkje lukkast Håvar å få dette beistet til å gli heilt diskré inn i interiøret, sjølv om han nok har prøvd. Forforsterkaren som var i bruk, var den gamle toppmodellen Magnum 99. Den nye superutgåva Hera stod rett nok i rommet, men det seier litt om Håvar sin seriøsitet at han ikkje hadde falle for freistinga til å rigge opp denne i hui og hast for å imponere meg, men stolte på den synergismen han bit for bit hadde bygd opp i anlegget, og bunde saman med korrekt rørmatching og alle dei andre smådetaljane som skal til for å sikre eit optimalt lydresultat.
Riaa-trinnet som var i bruk, var ikkje det elles utmerka integerte som normalt høyrer til i Rogue-forforsterkarane., men eit svært spennande tokabinettstrinn frå Aretmis Labs, der ikkje berre signalvegen, men også straumforsyninga er bygd opp med rør. Ut frå tidlegare erfaringar mellom min eigen fullrørs Audio Research SP 10 og den seinare SP 11, som hadde transistorbasert straumforsyning og rør berre i signalvegen, er det eit poeng for dynamiske detaljar å gjere det på denne måten.
Så er vi komne til høgtalarane. Håvar har berre eitt høgtalaragentur, og Escalante Fremont er den einaste modellen. Dette er ein ganske stor sak, ein stativhøgtalar som på mange måtar verkar større enn golvståande konstruksjonar, med to grove 12-tommarar og eit frekvensområde oppgjeve til 18 Hz - 50 kHz, vekt på nesten 50 kg/stk. Når dei skal tåle 1000 Watt, og skal spele 93dB på eitt av desse, skulle dei vere i stand til å gjere inntrykk og å flytte luft. Stativet er då heller ikkje nokon lettvektar, og må vere ganske krevande både å transportere og plassere.  Håvar har ikkje prisen på dei i prislista si, men dei skal koste rundt 15000 dollar i statane.
Kablinga til Håvar er frå Audience. Eg har hatt gleda av å prøve AU 24, og må seie at dei ga eit svært så tillitvekkjande inntrykk i mitt heimeanlegg. Såleis skulle desse iallfall ikkje forringe lydkvaliteten, for å seie det mildt..

Håvar si portefølgje er såleis beståande av eitt agentur for kvar produktgruppe (utanom digital signalkjelde). Og det tok ikkje lange tida før eg forstod at Planetsnapa-firmaet har all grunn til å ha utmerka sjølvtillit med eit såpass snevert produktspekter. For dette fungerte så til dei grader. Toppmodellen frå Dynavector hadde det tydelegvis heilt utmerka i armen av eigen produksjon, og var dessutan rimeleg ovanpå i seg sjølv. Det svært gode drivverket frå Avid synte seg også å vere upåverkeleg av omgjevnadane, og ingen resonnansaktige eller feedbackliknande fenomen oppstod, sjølv om Håvar innimellom tok ut litt ekstra av hestekreftene i den avsindige Zeus-effektforsterkaren. Dette er nok den råaste røreffektforsterkar eg har høyrt på, med avsindig mykje musklar. Likevel spelte han nydeleg og superdetaljert når lydtrykket var lågare, og ei spesialpressing av Louis Armstrong "St James..." vart attgjeve så gripande musikalsk, og samstundes med eit vell av mikrodetaljar frå opptaket, at eg nesten miste pusten. Ein god del av æra for dette ligg sjølvsagt i riaatrinn og forforsterkar, som må ha noko av det beste kvalitet/pris-tilhøve på dette lydlege ambisjonsnivået.

Etter kvart som kvelden skrei framover, vart det klart for meg at Håvar ikkje berre har vore heldig med agentura, og funne ting som har internt gode symbiosefakter. Her har det vore jobba svært mykje, og dønn systematisk. Resultatet er eit anlegg som kan ha ambisjonar om kva som helst, og det til ein pris som trass alt er langt under halvmillionen. Eg vil svært gjerne høyre ein demonstrasjon av betre og billegare oppsett, men er redd det ikkje kjem til å skje med det fyrste. Sjølvsagt kjem eg på besøk om du meiner å ha noko sånt...

Då eg gjekk derifrå, var eg klar over at eg hadde lytta til ein av dei best tenkjelege vinylriggar, ikkje berre i dette landet, men generelt. Eg tenkte også eg at det trass alt finnest betre lytterom. Eg hugsar eitt på ca 8*7 meter med valma tak, eit spesialtilpassa og godt påkosta rom innreia med tanke på god lyd åleine. Eg hugsar også mastodont-forsterkarar til 300 000 kroner for eit stereosett, og eit par demonstrasjonar av høgtalarar i prisklasse med ein medium cabincruiser. Håvar har ikkje noko slikt, men har tydelegvis gradvis finpussa detalj for detalj, heilt fram til han var fornøgd med alt. Det har han grunn til; han kan snakke om eigenskapane til kvart einaste einskildkomponent i oppsettet sitt ut frå at det er dønn justert, svært godt oppstilt, og står og jobbar under heilt optimale tilhøve. Får du audiens, bør du absoutt takke ja. Sjekk også lønskontoen din. Det kan hende du får lyst til å investere litt...

Siste nytt frå Håvar og Planetsnapa er at han har investert i hus, der det skal verte eige lytterom. Spørsmålet no er om han lukkast å få til like god lyd der som då eg besøkte han. Det vert å komme atttende til, vil eg tru.

Lest 6326 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.