mandag, 26 august 2013 00:52

Audiophile.no rides again

Skrevet av

Stor takk til Karl Erik og Eirik, som greidde å få desse sidene opp att. No kan det kanskje bli kveik og inspirasjon på nytt.

Les meir:

Vi legg lista lågare, og fordeler arbeidet. Eg sleit fælt med det tekniske, og no skal Karl Erik ta seg av dette. Det økonomiske, rekneskap og den slags vert ikkje noko problem. Det var for få som averterte hos oss, og då driv vi heller på hobby-basis. Vi får sjå.

Fram til 2008 var audiophile.no eit selskap der eigarane fekk såpass inntekter at dei kunne dekkje utgiftene som dukka opp i samband med drift av nettstaden, litt reiser, og ikkje minst returporto for utstyr som hadde vore til test. Men med dårlege økonomiske tider, er det ikkje så enkelt.

Kombinasjonen bortkasta pengar, dårleg samvit, hacke-åtak, nedspamming og teknokogisk samanbrot var ein lite hyggjeleg cocktail, og heilt anna enn hifi, som vi eigentleg vil drive med.

Framtida er det vanskeleg å seie noko om. Interessa for audiofil hifi er nok litt mindre markant enn då vi starta. Anlegg med høg kvalitet tilhøyrer oftast dei med grått hår og utflytta ungar. Danske High Fidelity har lagt ned, og når dette skrivast, er det usikkert kva som skjer med Fidelity når Knut Vadseth takkar av som redaktør. Ein kan sjå at eksklusiv hifi har vorte endå meir eksklusivt. Haldninga om at hifi er dyrt, er utbreidd,  sjølv om konfirmantanlegga tek langt mindre del av pengane enn dei gjorde i førre årtusen då dei noverande audiofile var på hogget.

Vi veit altså ikkje heilt kva vi kan vente oss. Eit samarbeid med andre aktørar kan tenkjast. Vi bør konsolidere stillinga, vi som driv med denne hobbyen. Musikkinteresse vil nok finnast til alle tider, men kva skjer med streaming, oppløysing, komprimering og alt det andre? Vil dei nye musikkformene tilpasse seg dei mest populære media, og forflatast? Eller vil vi sjå at det teknologiske framsteget gjer at produsentar som 2L kjem med innspelingar som skapar ny interesse for utstyr som kan gje att det fulle potensialet i dynamisk og kompleks musikk?

Bias?

Hifi er framleis moro og interessant, og utdjupar tilhøvet til musikken, som det heile trass alt dreiar seg om. Som gammal bassist, fekk eg gleda av å vere på Norsktoppen i tre veker attende på 80-talet, leike meg litt i studio, og med eit Tascam portastudio (same modell som Bruce Springsteen brukte til innspelinga av ”Nebraska”). Det var så mykje spennande opptak som høyrdest så ekte ut, mykje betre enn det vi kunne få til. Og for å høyre dette så godt som råd, fekk eg ”bruk for” stadig betre anlegg. Det starta i studiedagane i Ørsta-Volda-distriktet, der eg hadde ein liten helgejobb på Sunnmøre HiFi-Center. Ikkje så mykje, men nok til å finne ut at det faktisk var stor skilnad på dei ulike alternativa av utstyr. Etter fullført lærarutdanning, fann eg det for godt å skrive om hifi, og dermed styrke økonomien som var øyremerka lyd. Det var mykje skriving, Aller fyrst for Puls HiFi rundt 1985 (ingen som hugsar det i dag, trur eg. Opprinneleg eit vedlegg til musikkavisa Puls. Deretter eige blad, og så nokre sider i musikkavisa, for så å forsvinne), deretter for Audio, då Jens Tryti starta dette bladet. Der traff eg Stig Arne Skilbrei, og vi har helde kontakten sidan. Fyrst som skribentar i ”Audio Video” på nitti-talet, deretter for Fidelity. Og så har vi truffe Karl-Erik, som har stor entusiasme for audiophile.no

Frieri

Kanskje andre også vil skrive? Det har vore dugnadsinnsats av til dels store og lidenskaplege hifi-personlegdomar som Roy Solstad og Rudi har vore trauste leverandørar av artilklar og testar til sidene. Vi set stor pris på alle bidrag, så ver ikkje redd for å sende oss stoff til publisering. Om nødvendig les vi grundig korrektur (redaktøren livnærer seg som norsklærar).

Men vi kan ikkje tilby pengar, berre heider og ære. For det er då verd å halde liv i denne hobbyen?

Lest 4359 ganger Sist redigert mandag, 26 august 2013 10:07
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.