søndag, 28 februar 2010 08:18

Messe i Lørenskog (Oslo)

Skrevet av

Etter fleire års opphald lukkast det endeleg ein del bransjeaktørar å arrangere ei messe i Oslo. På grunn av andre gjeremål fekk audiophile.no ikkje sjanse til besøke messa på skikkeleg vis, men her er iallfall ein rask rapport frå ein lynvisitt kvelden før messa opna.

 

 

Knut Mortvedt frå Yamaha
heldt på å fylle eit stort rom med ulikt utstyr. Yamaha-merket er ein svært gammal travar innan hifi, men kanskje aller mest kjent for å lage ulike musikkinstrument av god kvalitet. Det er sannsynleg at Yamaha har stor nytte av instrumentproduksjonen også innan hifi-divisjonen, for eit av kjenneteikna til hifiutstyret frå Yamaha har vore eit særskilt musikalsk klangkarakter, som kanskje ikkje er fullstendig nøytral, men som er svært engasjerande å høyre på. Såleis har Yamaha fått æra for å ha laga den fyrste høgtalar frå Japan som slo igjennom i Europa hos oss som har vestleg musikksmak. Høgtalaren var NS 1000, ein høgtalar det går godt an å lytte til også i dag.

 

 

 

 

På messa var der utstilt eit anlegg som viser at Yamaha i høgste grad fylgjer opp sitt gamle rykte, men dei har gått eit steg lenger, og fått produsert høgtalarar som kombinerer det musikalske med kvalitetar som appellerar til hardbarka audiofile. Høgtalarserien Soavo sin toppmodell Soavo 1PF  til 27 790 kr er ein trevegs golvståande konstruksjon (”PF” står for piano finish). Saman med den integrerte, fullbalanserte forsterkaren AS 2000 på 2x90 watt og den like balanserte CD-spelarenYamaha balansert CD-spelar CDS 2000 utgjorde dette eit Yamaha retro forsterkaranlegg som greidde å imponere riktig godt, og det i eit kjempestort messerom. Elektronikksettet har eit design som er så umiskjenneleg Yamaha-prega at det kunne vore henta rett ut av 70-talet. Retro? Berre på utsida, dette spelte svært så overtydande at ordet iallfall må brukast til heider med tanke på solide, skikkelege kvalitetsprodukt. Og ein CD-spelar frå 70-talet er vel ikkje heilt logisk? Eg fekk sjansen til å køyre eit kvarter med eigne CD-ar utan messedeltakarar, og kan love at dette toppanlegget frå Yamaha har kvalitetar som er vel verd å merke seg. Dette høyrest ut som musikk.

Hos Audiocompaniet
hadde Olav Flugsrud & co stilt ut dei legendariske Klipschorna, som no har 60-årsjubileum. Denne konstruksjonen er noko av det mest spennande som finnest av høgtalarar. To hjørnehorn, i den mest kompromisslause måten å gjere det på. Frittståande i rommet oppfører Klipschorn seg som nokre av dei andre toppmodellane frå gamle dagar, vanvittig kraftig dynamikk, oppløysing og presisjon ut over det vi trur er muleg. Men bassen er ikkje tilfredsstillande, vil mange hevde. Då er løysinga å plassere høgtalarane i hjørna i rommet, og dermed gjere heile rommet om til eit basshorn. Samstundes kjem høgtalarane ut av vegen, sjølv om dei har litt større dimensjonar enn ein middels hjørnekamin av gamleslaget. Dersom du alt har kråskap, får du ein liten ide om kor stor plass dei tek. Og hugs; det er to av dei. Men Klipschorn som er plasserte på denne måten er vanvittig gode, og spelar Yello og annan bassråskap på ein måte du sannsynlegvis ikkje har høyrt tidlegare. Denne 60-års jubileumsmodellen har også fått forfina konstruksjonen på ein måte som gjer at dei fleste horn-skeptikarar vil gje seg over.
Også Martin Logan sin nye versjon av Summit, den såkalla Summit X, kunne det lyttast til. Skiljer seg ikkje så mykje i utsjånad frå originalversjonen, og er ein av dei penaste elektrostatane ein kan kjøpe for pengar, samstundes som han er relativt lettplassert og har dei fordelane som ein hybridelekstrostat med dynamisk bass i kabinett kan forventast å ha.

På elektronikksida var det nye ting på gong. Anthem er eit spennande merke, som lagar forsterkarar av det meir brutale slaget. Til knapt 40 kkr får du ein effektforsterkar som er i stand til å drage sjølv brutale laster som store elektrostatar. Dei av oss som var spente på CLX, kunne ikkje oppleve desse toppmodellane på messa denne gongen, men i demonstrasjonsrommet hos Audiocompaniet står fulltoneeletrostatane CLX utstilt, og kan demonstrerast saman med t.d. Anthem.

Hifi-huset
Focal har svært mange modellar.sin stand var denne gongen fylt opp med massevis av høgtalarar. Dei har ei svært spennande portefølje som audiofile vli nikke kjennande til, som Focal og Meridian, og ikkje minst Monitor Audio. Dei har framleis ”gulldiskantar” av glimrande kvalitet, men det er ikkje lenger så lett å sjå, ettersom gullet har vorte gøymt bak gitter og frontstoff. Frå Merdian var også det komplette avspelingsanlegget med på utstilinga, sjølv om det no skal takast ut av produksjon. Dette er eit konsept der Merdian sine aktive høgtalarar koplast til ein kombinert touch-skjerm, musikkprosessor og harddisk, der ein kan lagre tusenvis av timar med musikk. Slikt kan ein no få til ved hjelp av ordinære datanettverk, men her har altså Meridian vore tidleg ute og laga eit komplett, dedikert system alle kan bruke, sjølv utan datakompetanse.


Det var også med ein svært liten effektforsterkar, med høg vekt og pris på 60 kilokroner. Slikt er alltid interessant, så eg fekk greie på at det var ein Chapter Electronics klasse D-forsterkar med kjemperå, analog straumforsyning. Nokre ingeniørar frå engelske Chord har starta for seg sjølv, og meiner no å ha funne på noko spennande...

 

Kringlyd
er initiativtakaren til messa, og arrangør saman med papirmagasinet "Hifi og Hjemmekino". Denne gongen hadde dei laga eit oppsett der heimekino på ny var i høgsetet. Med glimrande høgtalarar frå Swan, subwoofer frå SVS, og elektronikk, var det actionfilmar som vart avsplelt under tilrigginga kvelden før messa.
Kringlyd skapte elles sensasjon på sist Horten-messe då dei hadde rigga det tradisjonelle "kinorommet" med svært så musikkretta utstyr, og spelte høgoppløyst multikanalsmusikk frå 2L på ein måte som neppe har vore demonstrert på messe tidlegare. Det skal bli spennande om tilsvarande demonstrasjonar dukkar opp her....
Eg vart litt for sein til å snakke med folka frå Kringlyd og Soundwave, som har agenturet på dei Swan, merket som vart brukt på Horten-messa under dei legendariske demonstrasjonane i haust. Merket er iallfall representert også  her i Lørenskog, men med mindre modellar. Vi tek med eit foto av dei små, men pene bakhøgtalarane som vart brukte. Det vert sikkert høve til å høyre meir Swan etter kvart. Merket verkar å ha uvanleg mange lydlege kvalitetar å by på, og prisen er ikkje så ille som ein kunne frykte...

 

Det mest spennande å få med seg:
Men det skal også vere føredrag frå ei rekkje svært aktuelle lyd-personlegdomar. På grunn av tidsnaud fekk www.audiophile.no ikkje høve til å få med seg desse, men vi reknar med at våre papirbaserte kollegaer er om seg.

Betre med ein liten artikkel enn ingenting...
Vi skulle gjerne skrive om alle messeutstillarane, og fortalt kor prisverdig det er at publikum får oppleve topputstyr og kompromisslaus rigging eit par hektiske dagar i februar. Det viktigaste med denne messa er etter vårt syn likevel dei mange spennande føredragshaldarane som ville fortelje om arbeidet sitt. Programmet er:

kl. 12:00 - Lindberg Lyd - 2L v/ Morten Lindberg - Kanskje verdas mest spennande opptaksteknikar for tida. Lindberg lyd stiller også ut, slik at ein kan få kjøpe innspelingar med vanvittig høg oppløysing, og det i multikanalsutgåver.

kl. 13:00 - HiFi klubben - Bowers & Wilkins v/ Ole-Vidar Andersland. Hifi-Klubben hadde vore effektive og fått ferdig standen sin i god tid før eg kom, så eg fekk diverre ikkje snakke med dei. Men B&W er rimeleg legendariske høgtalarar, og få konstruktørar har køyrt så systematisk produktutvikling så lenge som dei. Veldig interessant å høyre nytt derifrå.

kl. 14:00 - Hegel v/ Bent Holter. Vert distrubuert gjennom Soundgarden. Desse elektronikkprodukta held ein usannsynleg høg kvalitet på mange felt, og Holter har både spennande forsterkarar så vel som signalkjelder på gong.

kl. 15:00 - HiFi klubben - Dali v/ Kim Kristiansen. Dali har eitt av dei største produktmangfalda i hifi-verda, og spenner frå små, søte og greie ting som passar inn på bittesmå rom, opp til dei ekstreme Megaline, som diverre er svært vanskelege å både betale og prøve inn i vanlege stover. Er det noko nytt på gong, for oss som gjerne vil ha Mega-lyd ut av billege, lettplasserte konstruksjonar?

kl. 16:00 - Norsk Audioteknikk - Bladelius Embla v/ Morten Ringvold.  Kjem sikkert til å fortelje om Mike Bladelius sine produkt på heimebane. Desse produkta ser utruleg lekre ut, er fullbalanserte, og prisa på ein måte som vil gjere dei interessante for mange lyd- og bildeentusiastar.

Få ting er meir opplysande for oss audiofile enn å høyre folk med stort eigarskap til produkta sine fortelje. All ære til Kringlyd og Hifi og Hjemmekino for dette initiativet. Messer av dette slaget er svært viktig både for forhandlarar og lyd/bildeentusiastar, så vel som publikum flest.
For dei som er i Oslo denne helga, er messa framleis opa når dette publiserast (søndag 28.februar) på Thon hotell i Triaden på Lørenskog. Det kan vere ein god ide å stikke innom. Men for audiophile-redaktøren måtte diverre turen gå nordover før messa kom skikkeleg i gong.

 Om du besøker messa, kan du gjerne skrive kommentarar etter denne artikkelen

 

 

Lest 11638 ganger Sist redigert søndag, 21 mars 2010 09:51
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.