lørdag, 11 mars 2017 09:37

Platematter – kva er best? Spesial

Skrevet av

 

Eit forsøk på ei lita utgreiing og samanlikning mellom nokre ulike underlag ein kan ha under vinylplatene under avspeling. Ikkje dramatisk avgjerande for lyden, men for den som vil optimalisere vinylriggen sin, er det litt å hente lydmessig her.

Fyrst av alt er det viktig å påpeike at det sjeldan er ein einskildfaktor som bestemmer korleis lyden din er. Nokre ting er sjølvsagt viktigare enn andre, men når alt kjem til alt, er det summen av alle detaljane du arbeider med som gjev totalresultatet. Underlag er lurt å prøve ut. Det kan vere ei billeg oppgradering som passar deg ganske godt, så prøv ut og høyr om du opplever skilnad.

Dei tre «testobjekta» eg samanliknar her, har eg fått tilsendt frå Audolici i Portugal. Dei kan bestillast her.

 

Litt bakgrunn

Underlaget var ikkje prioritert i «gamle dagar». Platene var såpass tjukke at mange platespelarar hadde tallerken som ikkje var større enn ein singel – skulle du spele LP, stakk skiva godt utanfor. Men slike spelarar vart problematiske då fyrste oljekrisa sette inn, og vinylplatene vart langt tynnare. Ein vart klar over at vinylen hadde resonansar, og kunne jamvel vere vindskeiv, og kaste på seg. Produsentar som var merksame på dette problemet, fann ulike måtar å løyse det på. Luxman laga platepelarar der tallerkenen hadde eit vakuumsystem som klistra plata til tallerkenen. Dette løyste problema på dei aller fleste tynne platene. Så hadde vi Oracle som utstyrte platespelaren sin med ein platestrammar som pressa platene i spenn mot underlaget. Ein vart då klar over at underlaget hadde ulike eigenskapar. Det var skilnad i evna materialet hadde til å gje etter for press. Var underlaget hardt, ville du presse eventuelle støvpartiklar inn i vinylen. Så det vart utvikla ei ganske mjuk matte, standard på Oracle frå mk IV, som vart seld fritt under namnet Platter Matter. Denne brukte eg på Technics SL 1000 mkII saman med ein Michell platestrammar med svært godt resultat. Drivverket på SL 1000 var så brutalt at eg lett kunne løyse og stramme Michell-saken, og spelaren tålte godt at eg brukte litt muskelkraft. Mange tynne, spesielt lett vindskeive plater hadde godt av slik bruk, og det verka også som om SL1000 spelte betre totalt sett. Eg fekk også demonstrert den mest radikale platestrammaren på 70-talet, Kenwood sin KD 07 med verdas fyrste «platekrans» som låg rundt ytterkanten av tallerken og vinylplate, og heldt denne skikkeleg fast – slikt hadde eg lyst på, må vite.

Så måtte eg diverre kvitte meg med SL 1000-spelaren, og eg bestemte meg for å kjøpe ei anna legende. Så ved overgang til Linn Sondek LP 12 endra ting seg radikalt. Den tunge PlatterMatta fungerte ikkje saman med det flytande opphenget, og det var vanskeleg å bruke ein fornuftig platestrammar (einaste eg fekk til, var den billegaste plast-dingsen frå Clearaudio, dei andre var for tunge). Eg eksperimenterte med ymse underlag, og det var merkbar skilnad, utan at eg bestemte meg for å skifte ut Linn si filtmatte, som lojale entusiastar hardnakka held på er best.

Eg fekk også høve til å lytte til ein modifisert Rega. Eit firma spesialiserte seg på å lage alternative tallerkar til desse populære spelarane, fyrst i akryl, og no i delrin, som skal vere eit materiale som samsvarar godt med vinylen i platene våre.

Akryltallerkenen eg fekk observere, hadde heilt klart annan lydsignatur enn standardutgåva. Eg likte denne betre, og eg var lenge trygg på at det var eit meir fornuftig materiale enn ringande metall, MDF-skiver eller glas. Eg tykte altså det var fornuftig då Clearaudio og VPI leverte spelarane sine med tilsvarande tallerkar. Så fekk eg høyre andre tallerkenmateriale, og enda til slutt opp med ein 12 kg tung VPI spesialsak som fungerer svært godt.

 

 

Mitt standardoppsett:

Eg brukar å legge vinylen rett på tallerkenen, og legg alltid loddet på. Dette er nødvendig for å få plata til å ligge i ro. Ofte tek eg på platekransen. Strengt tatt er ikkje dette nødvendig så lenge det er snakk om tjukke plater på 180 gram eller så. Men det er nesten påkrevd på dei tynnaste frå midten av 70-talet. Den spesielle platetallerkenen veg om lag 12 kg, og når platekrans og lodd pressar plata mot underlaget, vert dette ei svært så stabilt grunnlag for pickupen sine vandringar i rillene. Men no var det altså utprøving av fire ulike matter, for å sjå kva effekt dei har.

Aller fyrst prøvde eg ei rask gjennomspeling av 1812-overtura på Telarc med Audio Technica AT 33PTG/II, den beste «sporingspickupen eg har i stallen». Eg dempa stifttrykket til om lag 1,9 gram, der eg følte grensa gjekk for at pickupen skulle klare kanonskota på denne ekstreme plata. Så spelte eg gjennom kanonskota med alle underlaga og plateloddet. Ingen skilnad – alle mattene, så vel som blank tallerken hadde ikkje innverknad på korleis pickupen oppførte seg. Så skifta eg pickup, og justerte stifttrykket på Audio Technica AT 33 SA så lågt at han spora 80µ på mi gamle testplate, utan platestramming av noko slag. Eg tenkte at då ville han avsløre underlag som var ugunstige for sporingsevna. Men alle dei fire mattene verka akkurat like lite inn på sporingseigenskapane til pickupen – alle spora 80µ. Men då eg brukte platekrans og lodd, fekk eg nesten til 90µ. Altså er platekransen meir effektiv enn underlaget.

 

Lydlege skilnadar:

Aller fyrst må det nemnast at skilnadane mellom dei ulike oppsetta varierte ganske mykje med kva plate som vart spelt. Tjukke 180- og 200-gramsplater ved bruk av platestrammar er rett og slett mindre påverkelege enn dei tynne billegplatene av t.d. RCA Victrola, EMI Music for Pleasure. Så har du mykje plater av det tynne slaget, er tallerkenmatte og strammarutstyr fornuftige tiltak.

Så går vi over til mine subjektive inntrykk av lydlege skilnadar det var ved bruk av dei ulike mattene. (For ordens skuld; musikken eg brukte til referanse var for det meste klassisk frå EMI sin billegserie Music For Pleasure i svært tynne utgåver. Brukte også ei Mobile Fidelity-halvfartsgravert Dark Side Of The Moon, men her var det vanskelegare å høyre skilnad)

 

A1) Utan matte og strammar, rett på tallerkenen:

Dette har eg prøvd før, og likar dårleg å spele utan lodd. Då eg kom frå standardoppsettet mitt, og spelte «alminneleg», verka det som dynamikken flata ein del ut, nesten som ved komprimerte opptak. Det skjedde også ei endring av balansen, som eg prøvde å kompensere med antiskating. Og så vart klangen hardare. Eg meinte også å registrere nokre endringa i bassområdet, men utforska ikkje dette noko vidare.

Det er ikkje lurt å spele platene på VPI-spelaren utan noko form for stramming eller underlag.

 

A2) Med tjukk, mørk presskorkmatte:

Dette fungerte faktisk godt. Dynamikken kom på plass igjen, den harde klangen forsvann, og eg kunne sette antiskatinga der eg hadde funne ho rett i utgangspunktet. Men eg kunne ikkje merke noko spesiell innverknad på klangbalansen.

 

A3) Med lys naturkorkmatte:

Fungerte på same måte som med presskorken. Eg anar litt fastare bass, men det er ei lita nyanse. Minst like fin dynamikk, kanskje litt betre enn via den tjukkare presskorken.

 

A4) Skinnmatte

Dette litt mjuke naturmaterialet vart snudd med den glatte sida opp, men gav sterkare utslag med narvsida (håpar eg brukar rett ord no) mot plata. Det verka som ei forsiktig demping gjorde seg gjeldande, ikkje så mykje at dynamiske detaljar vart maskerte, men tvert om som om dei stod tydelegare fram. Eg ana også ei viss nedtoning av overtonane.

Elles fekk eg tilsendt tre små «vareprøver» av litt andre skinnkvalitetar som kunne skaffast. (elles fekk eg inntrykk av at skilnaden på desse skinntypane stort og sett var fargen)

 

B) med lodd og platekrans

1) Utan matte

Dette er mitt standardoppsett og referanse, som eg har nemnt tidlegare. Som eg er svært fornøgd med. Flott dynamikk, og noko eg oppfattar som svært lite farging av lyden.

 

B2) Med presskorkmatte

Dette fungerte om lag slik lodd og platekrans gjer utan matte av noko slag. Klarar ikkje å påpeike noko særpreg av presskorkmatta i denne konstellasjonen, altså svært likt standardoppsettet mitt.

 

B3) Med naturkorkmatte:

Også no meiner eg å registrere ei lita nyanse av noko fastare bassattgjeving. Dette kan vere eit pluss i mange oppsett.

 

B4) Med skinnmatte:

Dette verka på nesten same måte som eg hugsar PlatterMatta og Michellstrammaren gjorde på SL1000. Det skjedde noko positivt med klangbalansen, ei aning meir mot det søte og varme.

Eg føretrekk å ha den glatte sida opp, med tanke på å at den glatte overflata ikkje syg til seg støvpartiklar, som seinare kan pressast inn i platerillene. Motsett side påverkar klangbalansen i sterkare grad.

 

 

 

Så kva skal ein velje?

Underlaget mellom plate og tallerken har innverknad på lyden, og kan vere akkurat det du treng for å styre lydkvaliteten slik du vil ha det. Spesielt om du spelar mange tynne plater, vil ei platematte i dei aller fleste høve ha positiv innverknad på lyden. Men effektgraden av matta heng saman med mange faktorar.

Platekrans forsterkar effekten. Men også om spelaren din er slik at du ikkje kan bruke platekrans, vil matta ha innverknad på lyden. Og det er mange som vil bli overraska over effekten av å skifte ut filtmatta, eller legge på noko nytt i staden for dei medleverte mattene. Men om du derimot brukar 12 kg tung platetallerkenen, og i tillegg tungtvegande platelodd og krans slik eg gjer, vert mattevalet mindre kritisk. Likevel verd å undersøke

Korkmattene eg prøvde ut, hadde to ulike tjukkleikar, der din tynnaste verka som den hardaste. Begge stramma opp bassattgjevinga og rydda opp i lydbildet. Eg tilrår bruk saman med platestrammar av eitt eller anna slag. Hugs på at spelarar med flytande oppheng vert påverka av ekstra vekt, så lette strammarar vil då vere det beste. Men ein spelar utan fjøring vil gjere at du kan bruke lodd og platekrans, som eg fann som det aller likaste alternativet.

Skinnmatta var den eg likte best på min rigg. Annleis enn korkmattene, meir dempande. Ei neddemping av overtonar tolkar eg som demping av resonansar, og det må vere gunstig for mange vinylentusiastar. «Dempingsgraden» kan varierast ved å snu matta.

Etter denne utprøvinga av ymse underlag, har eg bestemt meg for å gå over til skinnmatte framover. Sjølvsagt i samband med bruk av plateloddet og -kransen som høyrer til spelaren. Ingen lydmessig revolusjon, men eit klart pluss, om du då ikkje har eit svært mørktklingande anlegg.

 

 

 

 

Lest 15034 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.