Keith Jarrett, Gary Peacock og Jack DeJohnette har spela saman i over 20 år. Keith Jarrett (piano) er bandleiar og er kanskje den mest kjende av dei tre. Men både Peacock (bass) og DeJohnette (tromme
|
Musikk: |
***** |
|
Lyd: |
**** |
|
Label: |
ECM |
r) er godt etablerte, respekterte og svært dyktige jazzmusikarar. 20 år med samspel set sine spor. Desse musikarane kjenner kvarandre, utfordrar kvarandre og utfyller kvarandre verkeleg.
Trioen har spela på ein jazzfestival i Sør-Frankrike nesten årleg sidan 1985, og denne plata er eit opptak derfrå, frå sommaren 2002. Omstenda rundt konserten var ikkje optimale. Konserten var utandørs, men kraftig regn gjorde at bandet sat på bakrommet, lettare nedtrykte, og førebudde seg på å avlyse. Eit kort solgløtt fekk dei til å ombestemme seg, og det kan både me og dei som var så heldige å vere publikum denne dagen vere glade for.
For dette konsertopptaket er eit av dei betre eg har høyrt på ei stund. Jarrett og gjengen
spelar rett og slett utruleg bra på heile plata. Det er ein driv, eit tempo og ein flyt som eg let meg imponere over. Musikken på plata er rask og livleg standardjazz med nokre balladar innimellom. Variasjonar og improvisasjonar dominerer gjennom heile konserten. Og er det noko Keith Jarrett kan, så er det å få tangentane til å flyte, lage uendelege, underhaldande strofar ut av improvisasjonane sine. Måten han syng (eller rautar?) oppå improvisasjonane sine, gir oss eit bilete av ein mann som for det første er i eitt med instrumentet sitt, og for det andre verkeleg lev seg inn i musikken. Eg skjønar han godt, eg. Det er ikkje vanskeleg å leve seg inn i musikken til Jarrett.
Kompet, altså Peacock og DeJohnette, leikar seg gjennom låtane, og er så spanande og uforutsigbare ein berre kan ønskje. Dei får òg sine soloar, og særleg Gary Peacock gjer dette vakkert. Han spelar lett og kult, men det er ikkje like melodiøst som når Jarrett spelar. Linjene blir kortare og ting stoppar litt meir opp. Peacock kan spele, eg er absolutt ikkje misnøgd. Men dette viser at dei to er litt ulike som musikarar. Og eg må få seie at eg få seie at eg ikkje kan stoppe å late meg imponere av Keith Jarrett som jazzmusikar, pianist og improvisatør.
På denne plata får ein altså lett og spenstig tradisjonell jazz, presentert av tre godt vaksne, men likevel ungdomlege jazzarar. Den intime stemninga frå konserten føl ein gjennom plata, og gjer at dette blir ei oppleving å høyre på. Plata blei umiddelbart ei av mine favorittar.