søndag, 28 mars 2010 10:18

Billeg-Benz MC 20E 2 hi-output.

Skrevet av

Benz-lyd til ei kilokrone. Er det sant?

Benz står for fasinerande, engasjerande og musikalsk lydkvalitet. Mange pickupar derifrå har sterke tilhengjarar, men dei flottaste kostar ganske mykje. Eg har prøvd ganske mange av desse, seinast ACE som i medium-output-utgåve gjorde svært godt inntrykk som mellomprisklassekandidat. Men det finnest endå rimelegare variantar, også for dei som må prioritere pengane annleis enn i storkar-divisjonen.

Så eg fekk låne den aller billegaste frå Benz, den ganske så audmjuke MC 20E 2. Denne finnest også i fleire utgåver, og no hadde eg fått låne ein med høgt utsignal, heile 2 mV, altså Benz sitt budsjettalternativ. Her er det ikkje brukt spesielt eksotiske løysingar, og skilnaden er relativt stor til nokre av dei dyrare Benz-pickupane. Nålefana er av aluminium, nåleslipinga er banalt elliptisk, og pickuphuset har ei heilt anna utforming, ein mistenkjeleg ordinær metallboks. Kanskje produsert ein annan stad, og av andre enn Benz, tenkte eg forskrekka.

Men det synte seg at eg var for mistenksam med tanke på dette. Benz har trass alt bygd svært mange pickupvariantar, så MC 20E2 var ikkje så merkeleg, og det var ikkje lange turen pickupnåla trengte i platerilla før dei karakteristiske Benz-dydene tok til å markere seg. Mykje mindre detaljar, og mindre artikulert attgjeving av den viktige mellombassen enn dei andre Benz-ane eg har prøvd, men likevel i høgste grad med den svært musikalske attgjevinga mange er så begeistra for. Lydbildet var heller ikkje det beste, men likevel mykje betre enn det ein kan høyre frå tradisjonelle Denon-pickupar. Det kjekkaste vil nok likevel det kraftige utsignalet på 2 mV, som er nok til å drive kva som helst riaa på skikkeleg måte.

Dette kan gjerne vere pickupen som har gjeve Benz rykte for å vere snill og romantisk, og om du har ambisjonar om å drive detaljanalyse, bør du nok leite deg ein annan pickup. I endå større grad enn sine dyrare sysken er dette ein pickup for slike som kosar seg med musikken, og ser stort på dei ulike prestasjonane.

Pickupen har ei svak side; sporingseigenskapane. Produsenten tilrår 2 g stifftrykk, og med dette sporast mi testplate 40µ, noko som er i underkant. Aukar eg stifttrykket til noko over maksimalt tilrådde 2,5 g, vert sporinga dei 60µ som produsenten lovar, men dette fører til skeiv kanalbalanse, og fører også til at dei tredimensjonale eigenskapane vert noko dårlegare.  Eg eksperimenterte massevis med dette, og justere pickupen fram, tilbake, opp og ned, utan at det ga vesentleg forbetring av sporinga. Eg auka også armmassen på min JMW 9 Sig-arm ved hjelp av tre lodd i pickuphuset, utan at eg vart fornøgd. Kompliansen armen har på 10 skulle då heller ikkje tilseie at dette var løysinga på problemet.

Eg vurderte også om det var eit innkøyringsproblem, og lot stiften få fire  døgn i innerrilla, utan at det løyste noko som helst. Men lyden vart likevel betre og klarare. Eg resignerte, og bestemte meg for at lydbildet var viktigare enn sporingseigenskapane, og lot stifttrykket vere 2,2 g under resten av besøket.

Etter i alt om lag 100 timars innspelingstid tok den seriøse vurderinga til. Eg hadde naturleg nok fokus på dei svake sporingeigenskapane. Desse var som regel ikkje direkte sjenerande, men når vi kom til litt tøffe tak som ”Operafantomet”, kvinnevokal med litt tøffe tak som Aretha Franklin, for ikkje å snakke om ymse test- og referanseplater, greidde ikkje 20E2 anna enn berre så vidt å vere med.  Dette arta seg som regel som manglande presisjon, men under dei største utfordringane var det direkte skurring.

Etter desse negative merknadane er det også rimeleg å trekke fram dei sterke sidene, som er innsmigrande og hyggjeleg klangkarakter, hallande ein god del meir mot det varme enn dei meir påkosta syskena frå Benz.  Bassen er retteleg hyggjeleg, om enn vesentleg mindre knivskarp enn på dyrare Benz-alternativ. Han har heller ikkje den autoriteten heilt i botnen som spesielt LP er i stand til å levere. Her er også bra perspektiveigenskapar, mellom det betre i prisklassen, men det avheng av at stifttrykket ikkje vert for kraftig, då kryp alt saman i høgre kanal. Og når eg spelte lite krevjande, gjerne lett uengasjerande opptak av popmusikk frå 80-talet, var pickupen faktisk svært så fornuftig. Han tonar ned sample-tromming og kjedeleg synth-lyd på ein forsonande måte.

Endeleg må det gjevast eit stort pluss for at dette er ein MC-pickup med høgt utgangsnivå. Det gjer at dei aller fleste normale riaatrinn kan brukast ganske optimalt. Og om du skulle ha ein ganske kjedeleg, rimeleg forforsterkar frå 80-talet med platespelarinngang, er 20E2 i stand til å skape lydelege kvalitetar som gjev assosiasjonar til eksotiske rørforsterkarar.

Konklusjon:
Eg hadde mange hyggjelege opplevingar med 20E2 på platespelaren. Men ikkje heilt utan angst for å spele sjeldne kvalitetsplater med såpass dårleg sporing. Det kan hende at denne pickupen vil fungere noko betre i ein tyngre arm enn i min relativt lette og unipivoterande JMW 9 Sig, men det må du nesten prøve ut. Eg har fått såpass gode resultat med andre Benz-pickupar med komplianse i same området, at eg slett ikkje er sikker på om det er hald i denne teorien utan å prøve.

Er du ute etter ein billeg MC-pickup som stå på ein relativt rimeleg platespelar og formidle dine vinylfavorittar frå tid til anna, innimellom alle dei digitale innspelingane dine, er Benz sitt billegaste alternativ ganske fornuftig, som tek brodden av dårlege 80-tals innspelingar. Men om du har juvelar i samlinga, og om vinyl er di viktigaste signalkjelde, ville eg sett etter eit anna alternativ (les gjerne omtale av den fire gonger dyrare ACE)

Tekniske data frå produsent:Benz MC 20E2  Benz ACE
Type:                 MC-pickup med utgangssignal 2 mV
Vekt:                        4 gram
Nålefane:                  aluminium
Nåletype:                  elliptisk, 0,3x0,7
Kanalbalanse:            betre enn 1 dB
Kanalseparasjon         betre enn 30 dB
Sporingsevne             større enn 60µ
Komplianse:               10µm/mN
Tilrådd belastning:      47 kOhm
Pris: 1000 kr
Importør: www.taaimport.no

Lest 6084 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.