søndag, 30 november 2008 23:00

VPI SSM; Super ScoutMaster

Skrevet av

Lang juleartikkel om ein uvanleg god platespelar. Beste livefaktor utanom live eg har høyrt - no fast inventar i anlegget mitt.

 

 

Av Arve Åheim, september 2007 - desember 2008

VPI SSM med tung tallerken, og JMW9Sig arm. Vanleg beltedrift-utgåve




























Tre kolli i fyrste omgang

Når Super Scoutmaster kjem til deg i posten, er det ikkje mindre enn tre kartongar som bør dukke opp. Og du bør ha god plass til utpakking og oppriggingPlatetallerk på ca 12 kg. Loddet og kransen er også tunge, så vel som til riggen.
Dei to største kassene er tunge. Når du opnar den eine, er det rimeleg grunn til å bli sjokkert. Her har VPI berre funne plass til motoren og platekransen. Platekrans er ei av dei beste tweak du kan gjere med vinylplater av det tynnare slaget, og er etter mi meining betre enn vakuumtallerkane (no må eg innrømme at eg berre har erfaring med Luxman-spelarane, og ikkje har prøvd Basis-spelarane sin versjon av dette systemet), men det er forbaska tungvint å sentrere dei versjonane eg tidlegare har sett frå Kenwood og Clearaudio, spesielt om Svært godt gjennomtenkt platekrans/tallerkendu går i festmodus. Og så treng du ein plass å legge kransen når han ikkje er bruk. VPI sin versjon er den klart beste eg har prøvd. Her kan kransen ligge permanent plassert på platetallerkenen, og du kan endå til spele plater utan å spenne dei fast. Kransen sin indre del er nemleg ekstremt smal, og tallerkenen har ei lita utfresing i ytterkant. Når du legg kransen på utan plate, vert han liggande lågare enn ei eventuell vinylplate du legg på. Sentreringa er også veldig bra. Tallerk og krans er nemleg så nøye tilpassa kvarandre at kransen automatisk vert liggande slik han skal. Og innsida av kransen har nokre geniale pakningar som held han akkurat passeleg fast til tallerkenen.

Eigen motordelto belter frå kvar av motorane inn på svinghjulet
Motordelen er også sjokkerande. Fyrst tek du opp understellet med dei to innebygde motorane. Svinetungt, sjølvsagt. Når du har fått motorunderstellet på rett plass på platespelarhylla (som du sjølvsagt har vatra opp heilt nøyaktig), ser du på neste dings, som du reknar med er anten platestrammaren eller ein del av tallerkenen. Men dette er svinghjulet, som sjølvsagt er tungt for å ha stort moment, sjølv om du ganske sikkert ikkje hadde rekna med at det skulle vere tungt.Svinghjul på ca 8 kg Det er heilt rått, og sentrert så presist at sjølv ikkje senterleiet på min Linn Sondek LP 12 brukar lengre tid på å falle på plass. Sett ikkje dette på plass før motorane er komne på rett plass, det er lettare å handskast med svinghjulet etterpå. Og så risikerer du ikkje å miste det ut av understellet, og gjere skade på folk, fe eller inventar.
Når motordelane er komne på sin rette plass, må du legge på dei to tjukke, korte drivreimene frå motoren. Desse er ikkje veldig stramme, men syner seg etter kvart å vere tilstrekkjelege til å få svinghjulet opp i den farten som skal til. Dei lange reimene ventar du med til resten av riggen er på plass.

Plint og arm
Neste kasse er lagdelt som ei amerikansk armbasen. Legg merke til spissen armen er lagra på.bryllupskake. Øvste laget inneheld armrøret til pickuparmen. Deretter fylgjer platestrammar og sjølve ”kabinettet”, som er laminert i tre deler. Standardutgåva som eg har her, brukar fire grove spikar mot underlaget, men VPI lagar også nokre nye bein som er standard pTNT og HR-X, men altså ekstrautstyr her. Armbasen er ferdig montert frå fabrikken, slik at du slepp å gjere kritisk monteringsarbeid, og armen kan berre sleppast på plass. Men fyrst må du ta opp platetallerkenen, som er ein storjobb, det også. Denne spelaren er utstyrt med ein ekstra tung platetallerken i anna materiale enn dei kvite akryltallerkane som er standard. Denne er heilt ny, og skal passe til alle VPI-spelarar så nær som HR-X. Toppmodellen har også ein like tung tallerken, men utgåva eg prøver her, er tilpassa bruk med platekrans, noko som ikkje går på den tunge som passar HR-X, altså eit godt argument for å gå for ei billegare løysing…

Stor-tallerken
Tallerkenen eg har fått er ekstrautstyr, og ikkje av akryl som standardutgåva Platetallerken tung utgåve. Ikkje akryl, nei.på ca 3 - 4 kg. Denne veg om lag 12 kg , og er eit skikkeleg løft å få på plass på senterleiet, der det osar av presisjon når tallerkenen fell ned, akkurat som svinghjulet på motoren. Ei ekstremløysing.

Innspeling må til
Og no kan endeleg drivreimene trekkjest frå svinghjul til tallerk, og innspeling av motorane starte. Det tek nemleg nokre timar før tallerkenen roterer slik han skal. For meg var det knurring frå motorane og stygge lydar og treig rotasjon i åtte - ti timar før lyden frå motorane brått vart betydeleg redusert. Men heilt borte vart det så absolutt ikkje, og sjølv etter godt over 100 timars drift var det framleis såpass mykje motordur at eg lot meg irritere, sjølv om det ikkje var så ille som i fyrstninga. Eg fann difor grunn til å klage til produsenten. Etter å ha fått svar om at det kanskje var nødvendig med endå meir innkøyringstid, var eg framleis ikkje fornøgd. Så dei skulle sende meg ny motor Armrøret på armbasenfor å sjekke om det var noko gale. Det tok ei tid å få den nye motoren, og i mellomtida spelte eg vekk meir og meir støy, så få altså ikkje panikk om ting ikkje er heilt i orden i starten. Eg roa meg etter kvart, men på dette feltet er eg ikkje fornøgd. Ein spelar i denne prisklassen bør frå fyrste stund vere ganske lytefri når det gjeld støy og rotasjonsstabilitet. Vel kan dette vere eitt av dei beste drivsystema i verda når det er ferdig innkøyrt, men Clearaudio er både stillare og meir presist rett ut av kassa. Eit anna problem er skiftet mellom 33 og 45 rpm. Dette skulle eigentleg gå lytefritt, men etter lang tids fråver av 45 rpm-plater, som det av og til er her i heimen, måtte det dillast og styrast mykje før spelaren stabilserar seg på rett rotasjon. Det var veldig irriterande, men etter ca eit år har problemet forsvunne.
Det dukka også opp ein ny motor som gjorde at eg måtte vurdere ein gong til…(sjå heilt til slutt i artikkelen).

Arm og pickupmontering
Legg på Så kom turen til montering av pickup. Eg brukte i fyrste omgang mi referanse Dynavector DV10x5. Dynavector + JMW skal vere ein svært god match, men det er nok best på dei dyrare og tyngre modellane, som eg også har fått prøve ut.
DV10x5 måtte forsynast med ekstra vekt for å kunne utbalanserast, så eg brukte mitt gamle knep med ein klatt plastilin. Dette fungerer normalt heilt greitt, men på ein pivoterande arm kan tyngdepunktet verte høgre enn ynskjeleg, og pickupen kan verte ganske ”rank”, noko som kan gå ut over sporinga. Eg brukar difor plastilin som eg prøver å henge over pickupen på ein måte som får JMW-armen har eigen mal for justernigtyngdepunktet lenger ned enn om eg brukar t.d. pickuploddplater (Denon leverer slike).
VPI sine JMW-armar er ganske spesielle, men byr på ein del eigenskapar som er svært interessante til prisen. Armrøret er laga i eitt stykke, med berre motvektslodd og kontaktar som eigar skal gjere noko med. I tillegg fylgjer det også med ein anti-skatingsdings, som ein står fritt til å bruke. Elles har VPI funne antiskatingsproblematikken like så problematisk som alle andre (etter mi meining finnest det berre ein måte å unngå dette problemet; kjøpe tangentialarm), og har ei JMW-kabelen vridast, og skapar eit moment som fungerer som antiskatingcolumbi-egg-løysing der dei tilrår å tvinne den litt stive signalkabelen mellom arm og kontakt slik at han pressar litt utover. Og sjølv om dette verkar sært, fungerer det utmerka. Ved bruk av Dynavector 10x5 fungerte dette betre enn den nye antiskate-dingsen av det tradisjonelle slaget, med tråd og motvekt (men denne var veldig grei å ha når Benz LP skulle på armen. Du må altså eksperimentere før du finn kva som fargar lyden minst, tvinna kabel eller antiskateloddet. Uansett kva løysing du vel vert det noko upresis antiskating med litt påverking av lyden, slik det no alltid er.
Monteringsarbeidet med pickupen er veldig greitt når armrøret kan takast av og flyttast til ein eigna stad med Små lodd hektast på utriggaren, og trekk i nylonsnøret som er hekta til armrøret. Meir konvensjonell antiskating.godt lys, der du slepp å vere redd for å skade pickupen. Fint for oss som nærmar oss 50-åra med syn deretter. Pickupen monterer du berre lauseleg, slik at han kan gli litt fram og attende for nøyaktig justering. Så plasserer du armen på den sylkvasse nåla som er lageret til armen. Dette er altså ein ekte pivoterande arm som er lagra i berre eitt punkt. Slike armar er ikkje særleg vanlege, og eg har berre erfaring med Formula 4 utanom dei eg har prøvd frå VPI. På det grunnlaget har eg danna meg ei meining om at desse armane bør silkondempast. Og denne dyraste versjonen av JMW 9 har då også eit silikondempekar innebygd rundt pivoteringsnåla. Her må ein eksperimentere litt med å finne perfekt mengde silikon, men ver forsiktig så du unngår grising. Ein vattpinne fylgjer med, men det er nok lurt å ha eit par til på lur.
Medan armen framleis er fråverande, skal du sette justeringsmalen på plass mellom armbasen og senterspindelen. Så flytter du pickupen til han er på rett plass, tek av armen og skrur han skikkeleg fast (overdriv no ikkje, slik at noko vert øydelagt).

Water på pickupen. Legg også merke til umbraco-nøkkelen som står i balanseloddet bak på armen. For å justere stifttrykk.Neste justering er stifttrykket. Ettersom JMW er pivoterande armar, brukar dei asymmetrisk motvektslodd for å få ned tyngdepunktet på armen. Då vert det uråd å lage dreiesystem for stifttrykket, som i staden må justerast med å løyse ein umbraco-skrue og flytte loddet til stifttrykket er korrekt. Dette er sjølvsagt litt meir tungvint, men til gjengjeld sit alt på armrøret fullstendig fast, og stifttrykket justerast ikkje så ofte. Pickupskift er absolutt lettast å gjere ved å skifte armrør. Du mutar forsterkaren, tek av kontakta til armen, løftar av armrøret, og set på eit nytt rør med ny, finjustert pickup og ny motvekt. Jobben går på rundt ti sekund (om du ikkje skal ha tråden med antiskating på, det tek ti nye sekund), og er altså raskare enn på ein gammal japanar-arm med laust pickuphus der du må justere stifttrykk og antiskating. JMW er altså perfekt for å gjere AB-testing av pickupar.

Eg har fram til no vore ihuga tilhengjar av tangentialarmar, fordi dei er så lette å forstå, og logiske (om enn noko tidkrevjande) å sette opp. Men arbeidet med JMW 9 signature har overtydd meg om at pivoterande armar er musikalsk så høgverdige at eg er langt mindre prinsipiell enn tidlegare. Denne armen er berre fantastisk, og byr på kvalitetar min gamle ET 2 ikkje hadde. Vektmessig er han også veldig fornuftig, med effektiv masse på 9,5 gram , og utforming slik at han skal kunne gli ned i eit standard Rega-feste om du har slikt på ein annan spelar. Eg saknar rask justering av stifttrykk, men det får ein visstnok på dei lengre og meir påkosta modellane.

SDS straumstyring
Den minste kassa inneheld SDS, ein ganske genial straumboks som gjer at VPI ikkje treng å lage 220V-versjon av spelarane som er utstyrt med sånt. Super Scoutmaster er utstyrt med ein amerikansk 120V-motor, for her vert spenning og nettfrekvens transformert til akkurat det spelaren skal ha for å gå hundre prosent rett. Du kan altså bruke kva som helst nettspenning og frekvens (innan rimelege grenser; 85 -264 Volt og 47 – 440 Hz, prøv no ikkje høgspenning og likestraum). Einaste dumme er at netttilkoplingane er med amerikanske kontaktar, men når slik er medlevert, er problemet ein bagatell. Og kassa kom med CE-stempel, så formalitetane er også i orden. SDS inneheld trafoar, så plasseringa bør vere eit stykke unna fintfølande elektronikk som t.d. riaaforsterkarar, men er i praksis lite problematisk.

Og så lydkvaliteten
Her seier eg med ein gong at det er ein forrykande vinylsnurrar som byr på kvalitetar som overgår alt anna eg har hatt i hus. Rykte, omtaler og annonser tyder på at endå betre ting finnest i verda, men her har vi ein relativt ukomplisert sak som er dyr, men ikkje i prisklasse med dei heilt rå produkta. Spelaren er lett å stille opp, og byr på ein del kvalitetar som eg må kalle ganske unike.
For det fyrste har vi bassattgjevinga. At drivverket er viktig for dette, visste eg på førehand. Men at eit drivverk kunne heve Dynavector DV10x5 frå å vere ein anstendig god bassformidlar til å bli ein husristar av dimensjonar, var eg ikkje klar over. Og med rimdrive vert det endå betre. 
Det neste er dei tredimensjonale eigenskapane. Fullt på høgd med det beste eg har leika meg med at tangentialarmar påmontert stabile drivverk. Min gamle LP12 er god på sånt, men her var det faktisk utklassing. Mykje vidare lydbilde, meir realisme i oppstillingane, og massevis av luft rundt instrumenta.
Dynamikken er også veldig. Eg er tilbøyeleg til å kalle SSM ein slugger på dette feltet. Nyanserer smådetaljar betre enn Clearaudio Champion Level 2 og Nottingham Spacedeck.

Musikalske inntrykk under avspeling av pop/rock
Graceland. Dei fine bassløpa er med tydeleg tonestruktur som skil seg frå perkusjonsinstrumenta. Og dei små, fine bjølleslaga heilt på slutten av ”under African Skies” er så tydelege og beskrivande for romopplevinga at eg aldri har høyrt på maken. Du er også tydeleg klar over skilnaden mellom dei tette basstrommeslaga og bassgitaren i ”That was your Mother”, og vaskebrettet er tydelegare enn nokon annan stad eg har høyrt denne plata. (Samstundes er irritasjonen over manglande utklinging av hi-hat-cymbalen på ”Myth of Fingerprint” like ille som vanleg, ja kanskje eit hakk endå verre fordi alt anna er så bra.)

Fleetwood Mac. Både ”F.M” og ”Rumours” vert attgjeve med større, tydelegare og meir dynamisk lydbilde. Detaljane kjem fram så tydeleg at det overgår andre riggar. Gjerne med langt dyrare pickupar også. Eg lurer på kor langt denne musikken kan strekkje seg med ein pickup i prisklasse som er meir naturleg å hekte på ein spelar til 60 000…

David Bowie. Stemma til mannen er veldig bra innspelt, og her har min LP12 vore storarta. Og SSM gjer det definitivt ikkje dårlegare, ikkje på nokon måte.

Cat People. Opningssekvensen der Bowie tek fullt magadrag er klart det beste eg har opplevd. Og det med ein ”billegpickup” til godt 3 kkr. Eg kan ikkje fatte det….

Blood Sweat and tears: First album Djup og transientrik perkusjon med tydeleg skilnad til bass og andre instrument. Lett å høyre detaljane i blåsen. Det ser ut som SSM er eit godt instrument til å lytte ut komplekse arrangement for den som er opptatt av slikt.

Tom Waits Rain Dogs. Også her er lyden fantastisk, med eit bassfundament som aldri tidlegare. Men eigentleg hadde eg venta meg meir. Hugsa endå meir tredimensjonalitet på andre toppriggar frå Clearaudio m.m.

Leonard Cohen: I’m your man. First we take Manhattan. Cohen si mørke, dystre stemme mot synth og andre instrument står krystallklart teikna, og med ein dramatikk du må høyre for å tru det.

Bellamy Brothers: Gitarspelet har ein frisk klangkarakter som sjeldan finnast på direktedrivne drivverk. Dette, og timing – ”the footstomping effect” eller ”faktor x” som det gjerne kallast, har SSM til felles med Linn Sondek, men her er litt ekstra trøkk i basstrommeklangen, overtonestrukturen er umisskjenneleg dynamisk og vesentleg lettare å skilje frå bassgitaren. Detaljane på oppstarten av ”Living in the West” med munnspel og forsiktig oppbygging av sarte detaljar gjer seg utruleg livaktig. Og sånne perspektiveigenskapar har eg sjeldan høyrt.

Yes, både nytt og gammal: Fy søren, kor bra! Alle beundrarar av Chris Squire bør prøve dette. Bassen er betre definert enn det eg nokonsinne har høyrt tidlegare.

Pink Floyd. Å gå gjennom heile repertoaret deira, er veldig interessant. Sjølvsagt er dei tre albuma med ”superlyd” suverene, men å studere utviklinga frå ”Saucerful” fram til ”Momentary” fortel også mykje om lydteknikk og utvikling av denne gjennom tretti år, og korleis dette elementet kan brukast medvite for å påverke musikkopplevinga. Og heile tida attgjeve slik at det er eiga konsentrasjonsevne, og ikkje teknikken, som set avgrensingar for det du sansar. Sterkt!

Yello: Nei, dette var moro. Sånn tredimensjonalitet trudde eg ikkje det var på dette musikkmaterialet. Her fyllest stova opp av musikarar og instrument, og med trøkk i botnen så heile nabolaget hoppar. Naturleg synth, om ein på nokon måte kan hevde at ein slik motsetnad finnest.

Zappa: Høyr på stemma til denne mannen. Nærmikrofon og brutalt. Her kjem detaljane attende, som eg sakna då eg gjekk frå tangentialarm og Technics SL1000, berre mykje meir distinkt.

Kv a så med klassisk musikk, går det like bra?
No må det innrømmast at DV10x5-pickupen eg brukte kanskje er aller gladast i den musikken eg har nemnt ovanfor. Men det hindra meg ikkje i å bruke han som referansepickup også når det gjeld klassisk musikk, med sine gode perspektiveigenskapar og lett inderlege klang, utan den heilt store detaljoppløysinga. Det gjekk betre enn eg hadde rekna med….

Mendelssohn Midtsommernattsdraum EMI ASD 3377.
Dette er den ”perfekte” innspeling av Mendelssohn sitt mest kjente verk, ei glimrande framføring i glimrande opptak. Og med akkurat passelege utfordringar til evne å gje att detaljrikdom. Under dette verket var det at eg fann ut at drivverket SSM var såpass mykje betre på dei felta eg set mest pris på, at det var inga bøn. Spelaren må få lov å bli. For å forklare skilnaden mellom mi utgåve av Linn Sondek LP 12 med Akito 2-arm: Gamlespelaren fiksar heilt fint instrumentplassering, dynamikk og dei viktigaste perspektiveigenskapane, men denne utrulege tredimensjonaliteten som kjem fram ved bruk av SSM, klarar definitivt ikkje Akito-armen. Så her står valet mellom ei solid oppgradering av LP 12 eller ny spelar…

Sibelius Karelia Suite
Dette er mitt yndlingsverk av denne komponisten, men eg er svært kritisk til dei ulike dirigentane. Eg likar veldig godt Okku Kamu sin versjon på DG, men opptaket er litt for mykje ”teikneserieversjon”, overdrive og upresist, i motsetnad til der Alexander Gibson dirigerer LSO på RCA Living Stereo i nypressa audiofilutgåve. Men det morosame er at SSM fiksar begge plater svært så tilfredsstillande. Den musikalske gleda formidlast så godt at du verkeleg engasjerer deg også på DG-innspelinga med all sin manglande realisme. Og dette er nettopp det viktigaste i mi musikalske tilnærming, at eg får med meg ”alt” på innspelinga, utan at eg irriterer meg eller henger meg opp i det som er urealistisk eller upresist, men kan nyte det musikalske resultatet fullt ut.

Dvorak 4. symfoni (dvs.8., men komponisten ville ikkje vedkjenne seg dei fyrste symfoniane, så på LP-ar er nummreringa annleis) der Charles Munch dirigerer BSO på RCA Living Stereo.
Trombonane høyrest litt for skringande ut på tredje sats. Dei skal skringe, det gjer trombonar når du bles i ville pina, men dette var litt for tett på etter kva eg var vant med. Og bassen er ikkje heilt på plass, merkeleg nok. Er ikkje opptaket så topp som eg trudde likevel? Etter kvart prøvde eg med ein Benz LP, ein Dynavector Te Kbetre pickup, tenkjer eg…

Gershwin ”American in Paris/Rhapsody in blue” med Boston Pops og Arthur Fiedler er ei forrykande innspeling, som heldigvis har vorte gjeva ut på ny. Eg har ei Chesky-utgåve, som har eit ganske usmakeleg cover, men pressinga er det ingenting negativt å seie om. Dynamikken og perkusjonen i ”American” er berre heilt topp, og basstromme, pauke og anna slagverk slår som aldri før. Og dei dynamiske nyansane er rett og slett strålande, her skiljast mellom forte og messoforte så vel som fortissimo på ein måte du ikkje finn på moderne innspelingar. På ”rapsodien” er flygelet nydeleg integrert, og dei dynamiske endringane kjem fram i ein heilt annan grad enn det eg har fått ut av rillene tidlegare. Det finnest ikkje fnugg av vinylknitring eller anna sjenanse frå mediet, og klangkarakter til trompet, klarinett og andre soloinstrument er utruleg realistisk. Det same er perspektivet. Igjen kan ein glede seg over å ikkje berre høyre plasseringa, men også det tredimensjonale, at instrumenta kjem fram på golvet, eller stillast lenger bak, alt etter kor godt opptaket er gjort. Her er det svært bra, og SSM mister aldri grepet om dei komplekse musikkmotiva. Igjen lurer eg på kva potensiale som eigentleg bur i denne spelaren, dersom eg no skulle drage til med ein skikkeleg superpickup.

Mellombels konklusjon
Ørlite subsonisk rummel høyrast når platene ikkje er heilt perfekte, noko som eg slepp med Linn Sondek LP 12, som ikkje går så djupt ned i botnoktaven, og manglar noko autoritet, men til gjengjeld slepp du slikt subsonisk skit… men dette er vel eigentleg kritikk til opptaksteknikarane, og ikkje eigentleg noko som platespelarkonstruktørane skal tenkje for mykje på?
Eg har lenge vore klar over at mange drivverk har sin eigen lydsignatur, men at det skulle vere eit såpass langt hopp framover frå det eg har jobba med siste åra, hadde eg ikkje venta. Dynamikk, bassnyanseringsevne og tredimensjonalitet er langt betre enn det meste eg har prøvd, og avgrensast berre av pickupen.

Vidare utprøving av kombinasjonen SSM+Cary riaa + Benz LP
Dette er ein alvorleg rigg, som bikkar 100 000 med klar margin. Og ein har lov å forvente seg lyd deretter. Eg skal beskrive kva som skjedde med eit utval plater.

To armrør, og pickupskift kan gjerast på 10 sekund.Endringa frå DV10x5 til Benz LP var udiskutabelt betre, for å seie det latterleg midt. Dei frekvensmessige forbetringane var svært hyggjelege å høyre. Bassområdet hadde altså i utgangspunktet fått ein formidabel oppgradering samanlikna med min ti år gamle Linn Sondek ”billegmodell”, og kjellaroktavane kunne utforskast betre enn nokon annan vinylrigg eg har hatt i hus. Benz LP gjorde dette endå meir interessant og nyansert. Bassen vart tydlegare definert, meir artikulert på ein måte, og det djupaste fundamentet i instrumenta kom fram klangmessig til dels mykje betre. Dei berre opna seg på ein langt tydlegare måte. Dette heng sjølvsagt saman med mellomtone-eigenskapane, som berre var noko av det mest magiske eg har vore bort i. No meiner eg at ein pickup som kostar $ 4700 skal levere såpass, og at ein riaa til over 20 000 kr bør vere på topp, det er så, men likevel er det heilt spesielt å lytte til når sånt skjer. All klassisk musikk vert intenst vakker, og instrumentklang så overtydande ekte. Spesielt vokal musikk med enkelt akkompagnement som lieder eller visesang har realistisk aspekt ved seg som er utruleg. Å sitte oppe i dei seine timar med Cornelis, Ole Paus, Schubert eller Bach vart svært så attraktivt.

Benz LP. Superpickup og supermatch.Toppoktavane og diskanten er ei anna sak, og her er feltet du verkeleg får att for pengane. Eigentleg let Benz LP litt ”varmt”, noko som normalt tyder på manglande oppløysing i toppen. Men det er så langt unna tilfelle her som du kan komme. Oppløysinga er enorm, men det er fullstendig utan overtydeleg klang-artikulering av den typen høgtalarkonstruktørar av og til prøver å oppnå ved å auke nivået. Dette er ein akustisk ekte klangformidling, som du ikkje må finne på å samanlikne med andre signalkjelder. Dette liknar meir på slik det akustiske instrumentet høyrest ut i levande live. Næraste audiofile samanlikning eg kjem på kan vere det aller beste av elektronikken frå Audio Research og litt eldre Conrad-Johnson. Det høyrest uvilkårleg varmt eller mørkt ut samanlikna med mindre påkosta transistorelektronikk, men imponerer med sin naturlege klang meir og meir for kvart minutt, og til sist vert du klar over at dette berre er veldig, veldig rett. Det motsette av hi-tech-lyd, som kan vere brutal for hifi-orienterte. For dette er så veldig, veldig rett, i staden for å vere imponator-aktig.
Dynamisk nyanseringsevne, og den kanskje mest raffinerte idretten; attgjeving av t
redimensjonale eigenskapar, var også betydeleg betre enn DV10x5, og i pakt med forventningane. Men pickupen si sterkaste side er likevel dette naturlege med klang og tett-på-oppleving av musikken.
Eg vart etter kvart klar over at SSM, Cary PH 302 og toppickup LP frå Benz kledde kvarandre på ein glimrande måte. Ingen av produkta (kanskje med unntak av SSM) er ute etter å skape imponatoreffekter, men formidlar den akustiske, musikalske måten på ein svært så inderleg og oppriktig måte. Det er også befriande at Cary så å seie er utan elektronisk sus saman med Benz LP. ARC SP 10 som riaa har ein ørliten, men svakt merkbar elektronstøy på gong når pickpsignalet vert så lågt som dette.

Det dynamiske elementet er også godt ivareteke i denne riggen. Ikkje eksepsjonelt, sånn at du hoppar i stolen. Igjen er oppsettet ikkje tenkt å imponere eller sjokkere – det naturlege er i høgsetet nok ein gong. Såleis er ikkje dette pickupen for den som berre har dei politisk korrekte testplatene i samlinga si. Dette er ein pickup som du brukar på alt du har av musikk. Den kamuflerer absolutt ikkje, snarare tvert imot, men får instrument og stemmer til å stå fram ærleg, og i all si prakt.

Til sis må Supertramp nemnast. Dette er ei gruppe der lydkvalitet hevar den musikalske opplevinga til dei verkeleg store høgdene, og for meg er det nesten irriterande å høyre ”Crime of the Century” på eit anlegg utan dei nødvendige dyder.
Eg har aldri vore meir fornøgd med avspelinga av dette albumet.

 

Eg kunne ramsa opp mange fleire musikkdøme, men artikkelen er i ferd med å bli sørgjeleg lang som han er.

Såleis er det på tide å konkludere at dette ein av dei aller, aller beste signalkjeldene eg nokon gong har vore bort i. Det er likevel ein annan tilnærmingsmåte til musikken/plateinnhaldet enn det vanlege, der ein kanskje snakkar om analytisk lyd med ein eller annan klar audiofil idrettsprestasjon som referanse. Her spelast det musikk. Og det er den kjekkaste spelaren eg veit om sånn sett.

 

Konklusjonar:
VPI SuperScoutMaster. Ein av dei definitivt mest musikalske platespelarar eg har vore bort i. Den kostar ein del, sjølvsagt. Og han er ikkje så nøytral, presis og analytisk som dei spelarane som gjer det aller best på akkurat desse felta. Likevel byr han på musikk, og då spesielt med tanke på dynamikk, bassattgjeving, og tredimensjonale eigenskapar i ein svært så tiltalande blanding. Eg trur nok det finnest betre spelarar. Iallfall om vi går langt over 100 000 kr. Eg veit ingen som er billegare enn denne på dette kvalitetsnivået. Oppgradering:    Som eg fortalde tidlegare i artikkelen, var det ein god del støy frå motoren, og eg hadde klaga på dette, slik at eg skulle få ny motoreining. Medan tida gjekk, vart faktisk støyen frå motorlagera merkbart mindre. Eg skulle berre gje blaffen i rådet om å slå av motoren når han ikkje var i bruk. Og då endeleg pakken kom med ny motor, var lyden nesten tilfredsstillande. Den nye motoren vart pakka ut. Det tunge svinghjulet vart flytta over, men så starta problema. Det var ein ny type motorakslingar, med mindre diameter. Dette var merkeleg – eg kunne ikkje bruke dei gamle motorbelta. Men i botnen av kassa fann eg eit sett nye, og desse passa til dei nye akslingane. Eg laga alt til, og strekte drivreima frå svinghjulet over platetallerkenen. Som frykta var motorstøyen forferdeleg, minst like ille som då eg tok til å bruke den opprinnelege motoren. Altså må ein pårekne ein god del innspelingstid på ein ny motor. Vel, eg fekk berre finne meg i det, tenkte eg. Men kva var dette? Platetallerkenen gjekk då alt for seint? Eg skulle til å sette pickupen i rilla, og måtte blinke med auga. Var eg ikkje edru? Tallerkenen gjekk då verkeleg baklengs? Eg våga ikkje sette på plata, men lurte fælt. Så kom eg på noko eg hadde høyrt rykte om. VPI var i ferd med å prøve ut eit nytt drivsystem med mellomhjul. Eg sjekka internett, og ganske rett, her var det dukka opp noko nytt. Så ringde eg Tor Aamodt og spurte om han hadde ei mellomhjulsskive eller noko som skulle festast på svinghjulet. Han måtte leite, og etter ei stund ringde han meg opp att. På botnen av kassa hadde han funne eit svinghjul og nokre andre saker frå VPI. Det må ha vore litt av ei kasse, for svinghjulet veg rundt 8 kg…. Så fekk eg dette i hus, og kunne endeleg sette spelaren i gong på skikkeleg måte. No var det straks påskeferie, og eg bestemte meg for brutal innspeling av motoren. Han fekk gå kontinuerleg i 10 dagar – 240 timar, og på førehand hadde eg køyrt han i 40. Ikkje kontinuerleg – kona klaga på bråket, så berre når vi var ute. Då påska tok slutt, kom eg heim att til spelaren. Motoren hadde tydelegvis ikkje lidd nokon overlast på maratonlaupet, han var berre alminneleg lunka. Men sjølv om han var mykje betre, var han langt frå støyfri. Eg sette farten til 45 r.p.m., og lot han gå nokre netter utan at ting vart heilt bra. Men ein dag – eg skulle ein liten tur i posten, og då eg kom heim att, var det heilt stilt. Endeleg! Spelaren hadde då gått 285 timar på 33 rpm, og 30 timar på 45, og no kunne endeleg samanlikningane gjerast mellom mellomhjul og drivreim. Aldri før har det vore råd å gjere ei direkte samanlikning mellom desse to systema. Og no fekk altså eg prøve det ut. Oppstilling: For det fyrste – det er langt lettare å sette opp SSM med drivreimer. Dette er fleksibelt, og elastiske reimer kan tøyast over ein halv centimeter utan at det fører til noko negativt på lyden. Men når du monterer mellomhjulet må du vere ekstremt presis. Står motoreiniga litt for mykje av ein millimeter for tett på motoren, får du overført motorstøy. Står han litt for langt i frå, vert lyden mindre dynamisk, du risikerer ujamn gang, og vinninga går i beste fall opp i spinninga. Dersom du har fått til rett plassering: Når du har fått gummireima tredd rundt kanten på mellomhjulet, skjer det eit under. Den frå før svært så dynamiske og bassfrækne VPI SSM endrar seg til å verte eit råskinn. Desse to sidene hevar seg endå eit hakk opp over kvalitetsskalaen, og leverer vinyllyd eg aldri før har fått gleda av å oppleve her i huset. Eg gjekk laus på platesamlinga med nye auge, og har i grunnen ikkje hatt tid til anna enn å oppleve musikken på nytt. For det var faktisk mykje meir å hente, i ein grad eg aldri hadde trudd. Konklusjon på oppgraderinga: Det er ikkje tvil om at den beltedrivne VPI SSM med ekstra tung platetallerken er ein ekstrem platespelar, som gjer alt så rett, så rett. Her er ingenting å sette fingeren på, ingen svake punkt. Dessutan er han svært enkel å sette opp, du har optimal lyd så fort motoren er innspelt. Men så har du altså høve til å kjøpe eit anna svinghjul, eitt med mellomhjul montert på toppen. Dette er vanskeleg å få heilt perfekt plassert, fordi motoren og drivverket er så tunge at det er vanskeleg å flytte dei brøkdelar av ein millimeter. Men når du lirkar rundt på 60 kg platespelar ei stund, kan du risikere å få det heilt korrekt oppstilt. Og då vert det nok ei stor oppleving på deg. Dynamikken vert betre. Bassen vert meir artikulert og leverast på ein måte som opplevast som ekstra kraftfullt. Du må likevel passe deg så det ikkje kjem for lite eller for mykje avstand mellom motor og tallerken. Dette er svært kritisk. Såpass at eg trur det kan vere lurt å resignere, spare nokre tusenlappar, og klare seg med vanlege drivreimar. Men eg greidde det ikkje -   eg enda opp med mellomhjulsvarianten, og litt meir motorstøy enn eg strengt tatt kunne tenkje meg.

Link til importør Link til forhandlar

Lest 5371 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.