onsdag, 28 mai 2014 10:24

Manley Chinook

Skrevet av

Etter å ha fått demonstrert Manley ved nokre høve, og etter å ha testa ei rekkje produkt derifrå, aukar lysta på å prøve fleire. Det opplagde valet å undersøke for hardcore vinylentusiastar, er riaaforsterkaren Chinook….

Les meir:

 Av Arve Åheim

 

Manley er fyrst og framst ein produsent av utstyr til studiomarknaden, og er kjend for svært høg driftstryggleik. Og Chinook gjev akkurat same inntrykket av rasande god byggekvalitet, både når du tek i han, og når du kikar inni. Dette er laga for å vare, og alt ved han er skikkeleg. Kanskje med litt traust utsjånade, og litt spesiell farge, men riaatrinn treng no slett ikkje vere så prangande, dei skal stort sett justerast kvar gong du får ny pickup, og elles berre slåast av og på. Eigentleg vil eg tru mange er glade fordi fantasien til designavdelinga har roa seg ned. For Manley har nokre ganske friske produktutføringar, slik som den tre gonger dyrare Manley”Steelhead”. Eg må innrømme at det dyrste riaatrinnet har ein utsjånad som kan vere henta ut frå ei Carl Barks-teikning av Petter Smart sine heftigaste kreasjonar. Chinook er langt meir edrueleg. Steelhead er perfekt for dei som skiftar pickup ofte, for her kan alle parametrar endrast med kontrollane på fronten av forsterkaren.  Dei fleste innstillingar av Chinook kan også gjerast frå utsida, men ikkje fullt så enkelt – du brukar dipswitchar på baksida av kabinettet på det meste, men om du vil endre gain, er det litt meir plundrete. Då må du inn i kabinettet og endre to dipswitchar der. Likevel er Chinook betre enn dei fleste konkurrentane, der du må ha open boks heile tida for å finlytte deg fram til beste pickupinnstilling. Gaininnstilling er trass alt fort gjort å avgjere, medan i alle fall eg likar å kunne eksperimentere med impedansetilpasningar når eg lyttar til nye pickupar.  Og sjølv om den nesten tre gongar dyrare storebror Steelhead er langt meir komfortabel på dette feltet, går det fint i lytteøktene når du snur forforsterkaren med bakplata ut så lenge eksperimenteringarbeidet pågår.

 

 

 

Riaatrinn treng ei viss oppvarmingstid for å spele optimalt, så det er lurt å slå på Chinook litt før du skal lytte for alvor. Chinook er som alt anna Manley-hifi rørbasert, så dei færraste vil føle det er fornuftig å ha han ståande på heile tida. Det er fire rør som etter kvart må skiftast, sjølv om dei  skal ha lang levetid. Eg gjorde Chinook klar til utprøving, kopla han opp i anlegget, og sjekka at alt var i orden. Umiddelbart la eg merke til kor stille han var. Men andre eigenskapar fekk vente med vurderingane. Slik eit produkt høyrest ut når det kjem rett ut av emballasjen, er det ikkje trygt å feste lit til. Så eg har som rutine å la apparatet stå på ei stund før eg lyttar seriøst og skriv vurderingar.  Såleis stod forsterkaren på eit døgn før finlyttinga starta.

 

Erfaringar med referansepickupen min Dynavector 10x5

Dette er ein svært hyggjeleg pickup, med mange kvalitetar. Det er den billegaste og dårlegaste frå Dynavector, men det er likevel ein sak eg er svært godt fornøgd med, og har han som referanse. Mange har høyrt denne, han passar i svært mange armar, og gjer det meste rett, utan å utmerke seg på noko spesialfelt. Ein kvadagshelt av ein pickup, som skal ha 47 kOhm last. Dette var moro – no har denne pickupen vore med på utruleg mange platespelarar og riaatrinn opp gjennom åra, og aldri har det vore så engasjerande lyd som gjennom Chinook. Å nei, her er det ikkje snakk om noko ”musikalsk” farging eller feit rørlyd – dette er veldig nøytralt klangmessig. Perspektivet har eg heller aldri høyrt betre på 10x5, så dette er elektronikk med eigenskapar som går langt utanpå kva denne pickupen kan prestere. Og dynamikk, som kanskje kan seiast å vere noko som kombinasjonen Dynavector/VPI er spesielt heldige med, fekk seg ein opptur, også i samanlikning med kva eg kunne klare å få ut av min gamle ARC SP 10 – og det hadde eg ikkje venta. Eit riaatrinn eg aldri har funne meg råd til å skifte ut sidan eg kjøpte det i 1987, må no melde pass i høve ein moderne rørkonstruksjon.

 

 

Fleksibel sak

Eg gjorde nokre skift til dei pickupane som akkurat var innom for utprøving. Det var snakk om Benz Gullwing, Koetsu Black og eit par frå Soundsmith. Og det tok ganske fort til å utkrystallisere seg ein tendens, eit sonisk fingeravtrykk til dette riaatrinnet.  Og det vart berre meir og meir positivt, dess fleire pickupar eg prøvde. Eg har eit lite knippe godsaker som berre måtte prøvast, sjølv om eit par av dei er litt tilårskomne og prega av omfattande karrierer i vinylrillene.

Audio Technica ML 170 er storebroren til 150, og var lenge den aller beste MM-pickupen eg har prøvd. Stiften er slitt, og sporar ikkje så bra som tidlegare. Men gjennom Chinook sprudlar gamlingen som årgangssjampanje. Ein suveren match. Med betre perspektiveigenskapar enn det eg er vand med frå kvasomhelst MM-konstruksjon. Eg prøvde også ein Grace F9-pickup, med spesialnål, og det innfridde langt større forventningar enn det eg trudde kunne skje. Det same gjeld også Soundsmith-pickupane. Så hyggjeleg attgjeving at eg slett ikkje følte behov for å gå på dei meir kostbare MC-konstruksjonane. Dei to gjestane frå Benz og Koetsu fekk vise kva dei var gode for. Berre synd at eg ikkje hadde ein Benz LP for handa, men konkluderte (også etter lytting via eit par andre riaatrinn) at Gullwing måtte vere Benz sitt beste kjøp nokosinne.

Eg spelte også på Accuphase AC 1, som berre leverer 0,2 mV, og sjølv om dei eineståande perspektiveigenskapane til denne 30 år gamle pickupen var krystallklare, var det nok litt for lite gain i Chinook til at det var full klaff. Då var det betre med ein Ortofon MC 30 Supreme (ein pickup som har hatt eit kakk i nålefana, og difor ikkje vert brukt særleg mykje).  Denon 103 går veldig fint, sjølv om Chinook er nok litt ”overkill” for denne pickupen. 

Når du spelar MC, er det definitivt kjekkast når vi kjem opp på 0,5 mV-konstruksjonar, sjølv om Chinook er så støyfri at det ikkje er slike problem å høyre. Det har med dynamikk å gjere.

Utprøvinga gjekk føre seg fleire månadar, i håp om å prøve fleire pickupar. Og eit par MM-ar frå Clearaudio, ein gammal, billeg Grado, og Denon sin billegaste 110 gjer at eg no tek sjansen på å hevde at Chinook kanskje er mitt beste tips for den som har nok output frå pickupen sin, og er i absolutt elitedivisjon når det spelast MM og tilsvarande. Her er ingen svake punkt. Så eg er tilbøyeleg til kalle dette min favoritt-riaa. Om det ikkje hadde vore for at eg føler behov for litt meir guffe, hadde Chinook aldri fått forlate heimen. Men kva skjer med finare MC-konstruksjonar, som typisk leverer 0,3 – 0,5 mV?

 

Koetsu Black og Manley Chinook RIAA - lytteinntrykk

Når eg brukar 50 ohms belastning på Chinook, fungerer Koetsu veldig godt, og spelar med ein overstrøymande rikdom på detaljar. Her nyanserast det innan anslag på strengar, stemmebruk, og dei mange komplekse måtane å spele perkusjon på. Det er også rikeleg med luft rundt dei ulike instrumenta, men ikkje slik at lydbildet nødvendigvis teiknast sylskarpt, slik ein kan oppleve med Dynavector sine litt dyrare modellar. Likevel tydeleg betre enn min DV10x5, som då berre kostar femtedelen, så det skulle berre mangle. Koetsu Black gjer spesielt godt det som eg held for å vere det mest viktige, at du kan fokusere på kva instrument du ynskjer innan vanleg gode opptak. Dette er eigenskapar som absolutt er til stades, nesten på ein magisk måte. Her må også klangeigenskapane nemnast. Dei er så frodige at du ikkje har høyrt maken (det trur eg ikkje, iallfall). Kanskje ikkje slik instrumenta høyrest ut når ein jaktar eine og åleine på det nøytrale og objektive, men sånn det må vere når du skal avsløre heile ideen med musikken. Det er ein sann svir å spele Ry Cooder ”Jazz” med Koetsu Black, for her greier ein å halde alle instrumenta frå kvarandre, her grautast ingenting. Supertramp ”Crime of the Century” har noko av det same kvalitetsnivået, men her synes mismatchen med pickuparmen min seg tydeleg når det spelast kraftig på dei lyse tangentane på elpianoet. Men alle dei intrikate detaljane i arrangementa som er Supertramp sitt varemerke, vert teikna med tydelege strekar, slik at du aldri er i tvil om kva som eigentleg skjer.  Klassisk musikk har noko av det same, spesielt på litt mindre arrangement, som Scuhbert ”Der Hirt auf dem Felsen”. Eigentleg eit ganske ukomplisert musikkverk som burde vore lett for eit anlegg å gje att. Men å spele med Koetsu Black her, gjev musikken ekstra styrke, og nye kvalitetar. Spesielt klarinetten, men også pianoet og sopranen nyanserast slik at ståpelsen er eit faktum. Og den sjølvmotseiande måten dei tre instrumenta einskildvis står fram, og likevel utgjer ei høgare, felles eining, går i dette trolldomsaktige, eigenskapar som går over kva eg trudde budde i desse rillene.

 

Konklusjon

Nei, dette vart vanskeleg. Chinook er veldig god, og eg har ikkje problem med å seie at den relativt høge prisen er kvar krone verd. Men det er mykje pengar, og Chinook er ikkje perfekt. Fantastisk dynamisk nyanseringsevne, men også i stand til å formidle dei heilt ekstreme fortissimoar. Ikkje heilt dønn nøytral, men likevel heilt vilt truverdig klangmessig. Svært fleksibel og allsidig, men litt for lite gain til å vere den fullkomne løysing for alle tilfelle. Perspektiveigenskapar som er heilt rå, og ei brutal utviding av min eigen horisont på fleire felt.

Med Whest i friskt minne, er det uråd å kåre Chinook til verdas beste riaa. Det kan eg då heller ikkje gjere –det er mange kandidatar eg ikkje har høyrt. Og det vil vere blodig urettferdig for storebror Manley Steelhead. Men om det finnest ein betre riaa til tjuefemtusen, det anar eg ikkje. Tips mottakast med glede. I mellomtida har eg problem med å returnere Chinook, for få produkt er så morosame å ha i anlegget.

 

Les Del II: (Ettersom eg ikkje greier å konkludere, hektar eg nokre av arbeidsnotatane mine ved artikkelen):

 

Lest 5774 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.