Piano, bass og trommer. Kvifor gjere det vanskelegare enn det?
Med desse tre namna på plateomslaget, har ikkje Telarc følt det nødvendig å gi plata noko namn. Brown, Alexander og Malone er alle kjende namn i jazzen. Og på dette opptaket frå våren 2002, berre månader før Ray Brown døydde, har dei òg teke føre seg 11 meir eller mindre kjende jazzstandardlåtar.
Årsaka til at det ikkje står noko artistnamn i overskrifta her, er at dei rett og slett er for mange! Ei plate med følgjande musikarliste, ville eg glatt kunne kjøpe utan å høyre på den først...
Har du høyrt om Kevin Mahogany? Han er kanskje ikkje mellom dei mest kjende namna i jazzen, men etter å ha høyrt denne plata, har iallfall eg blitt interessert i å høyre meir av denne mannen.
Wonderbrazz… hmm… Eg kom plutseleg til å tenkje på noko heilt anna enn musikk nett no. Rare greier. Men Wonderbrazz er iallfall ei dansk gruppe som kom med ei ny plate, "Bopa II Opera," i februar. Med trompet, trombone, saksofon, tuba og perkusjon samt litt innleigd rap og gitar i bandet, tek jo dette til å høyrast spanande ut.
Terje Rypdal her vore eit av dei store namna i norsk jazz dei siste 30 åra. Han har aldri vore blant mine personlege favorittar, men eg har heller ikkje høyrt særleg mykje på musikken hans. Med Rypdal sitt bidrag til :rarum-serien frå ECM får eg iallfall høve til å skaffe meg eit betre overblikk over karrieren og eit meir objektivt syn på musikken hans.
Det første som slo meg då eg sette på denne plata var: "Dette var sært..." Eg fekk litt bakoversveis med ein gong, men har høyrt gjennom plata ganske mange gonger, og spørsmålet er altså kva eg synest om den no.
Har du høyrt om Benny Waters? Denne legenda av ein jazzmusikar har hatt ei imponerande karriere over tre kvart århundre. Han har vore stor frå 1920-talet fram til midten av 1990-talet. Her har me han i eit konsertopptak frå "Stampen" i Stockholm i 1976.
Oscar Peterson er ikkje noko ukjend namn innan jazzen. På denne plata vil han ta oss med på ei reise gjennom Canada, frå aust til vest. Dette vil han gjere med eit samspel mellom ein tradisjonell jazzkvartett og eit kammerorkester. Eg synest generelt det er spanande at folk eksperimenterer musikalsk, men er klar over at ein del av eksperimenta ikkje er vidare vellukka. Korleis går det denne gongen?
Jean Sibelius og Eduard Tubin er to av dei større europeiske komponistane frå 1900-talet, den første kanskje noko meir kjend enn den andre. Finske Sibelius og estiske Tubin har helit klart likskapar som komponistar, kanskje særleg i det at folkemusikken ligg så djupt i dei begge. På denne plata fører dirigent Paavo Järvi Cincinnati Symphony Orchestra gjennom to symfoniar som, trass i forskjellige epokar og dermed ulikt musikalsk uttrykk, liknar litt på kvarandre.