I 1936 fullførte Carl Orff sitt symfoniske verk Carmina Burana. Dette er kanskje eit av dei mektigaste klassiske stykkja me kjenner, og det er både godt kjent og populært (m.a. nytta av The Doors). I Carmina Burana kombinerer Orff enkle melodiar og primitive rytmar, og han har henta teksten frå arkaisk poesi.
I rekkja av :rarum-plater frå ECM, er me no komne til Jan Garbarek. 24 låtar er valde ut for å representere karriera hans. Garbarek har nok ikkje hatt ein lett jobb med å velje ut kva som skulle vere med (eller kva som måtte vekk). Men med eit slikt utval på ein dobbel-CD skulle ein ha eit godt utgangspunkt for å få ei viss oversikt over ei lang musikarkarriere.
På denne plata får me presentert to klassiske stykkje. Det første er 1919-utgåva av Igor Stravinsky sin Eldfugl i seks satsar, og det andre er utdrag frå Prins Igor av Alexander Borodin. Begge stykkja er spelte av Atlanda Symphony Orchestra. På den eine satsen av Prins Igor, Polovtsian Dances, er orkesteret sitt kor med og syng.
Orgelet i St. Sulpice, Paris, har blitt kalla "det vakraste orgelet i verda" av Albert Schweitzer. Det er fire etasjar høgt og kan daterast tilbake til 1781. Saman med akustikken i St. Sulpice blir det eit glimrande utgangspunkt for opptak av orgelverk.
Tsjajkovskij sin 1812-overtyre er kanskje av dei mest kjende klassiske stykkja me har. Det er eit voldsomt verk med både kyrkjeklokker og kanoner, og på denne plata er det Cincinnati Pops Orchestra saman med Kiev symfoniske kor som framfører stykkjet.
Tre menn, tre ståbassar, live. Enkelt og greitt og knallbra. Er det vits i å seie noko meir enn at folk heller bør kjøpe plata enn å sitje på nettet og lese om den...?
Eg gleda meg verkeleg til å høyre på denne CD-en. Både Dave Weckl (trommer) og Brandon Fields (saksofonar) er høvesvis store namn. Og dei kan spele! Eg veit ikkje heilt kva eg venta meg av musikk på denne plata, men eg fekk iallfall delvis riffbasert og litt rocka jazz med ein 90-talsklang, funky bass og mykje (bra) improvisasjon.
Sergej Rakhmaninov sin pianokonsert nr. 3 i d-moll er eit imponerande verk, og det er av mange rekna som det vanskelegaste i verda. Slikt er vanskeleg å vurdere, men det har iallfall fleire notar pr. sekund enn nokon annan konsert. Den blei skriven sommaren 1909 før ein lengre Amerikaturné Rakhmaninov hadde, visstnok for å få råd til å kjøpe seg bil. Me kan alle vere glade for at han hadde slike interesser.
Er det nokon som ikkje kjenner Chick Corea? Her har ein sjansen til å bli kjent med ein verkeleg stor jazzpianist sine utgivingar frå 1972 til 1984.
Det byrjar med Chameleon. Chameleon er kul. Er plata det..? ...kul, altså?