Stig Arne har kåret en klassisk høyttalerkonstruksjon til årets klassiker.
Les hvilken høyttaler han har kåret her:

Årets produkt? Tøysar de med meg? Heile redaksjonen, og lesarane med, veit at eg ikkje driv med denslags. Mogen alder, full jobb og pendling har dei siste åra gjort at eg ikkje rekk over like mykje som før, og levd eit luksusliv med å ta for meg det som ligg for handa. Det vil seia utelukkande det som interesserar meg, det som tilfeldigvis passerar (utan eit helsike med pakking og sending), og det eg alt har, som ventar på utprøving.
Ikkje det at det ikkje interesserar meg. Tvert i mot, eg har ei lang liste med moderne produkt eg svært gjerne ville prøvd. Men her og no er eg redaksjonens kontainarnisse, med spesialiteten eldre og helst rimelege produkt. Og klassikarar uansett pris og årgang.
Difor vil eg i staden for “årets produkt” heller presentera årets klassikar: Sterling LS3/6. Nei det er ikkje HEILT nytt, det kom på marknaden i 2011, men er uansett det siste på marknaden av typen “ BBC-monitor”. Om me ser bort frå Graham, men det er ei anna historie. Dessutan var dette produktet nytt for meg i 2015, då min gode ven i Japan, Stig Inge Bjørge (Lyra) sende meg eit slikt par. Stig Inge hadde fått med seg at eg trengde betre høgtalarar, og berre sende meg eit par. Slik er han.

STIRLING BBC LS3/6
På 60-talet grunnla British Broadcasting Corporation ei avdeling til utvikling av høgtalarar. Dei var ikkje nøgde med dagens typar, og ynskte høgare kvalitet for å høyra kva dei eigentleg tok opp. Det best kjende døme på høgtalarar som vart lisensiert frå BBC var LS3/5A, og den produsenten som vart mest kjende for desse var Rogers. Men det var og trong for større høgtalarar, som kunne handtera moderne musikk ved høgare volum. LS3/6 vart svaret på denne, og den fyrste kommersielle varianten var Spendor BC-1, og seinare Spendor SP1 og SP1/2. Stirling er ein nyare aktør, som alt har fått godkjent sin versjon av den knøttlille LS3/5A, og som no óg produserer LS3/6.

Kabinettet er monaleg større enn det som normalt vert nytta for element kring 7-8”, nemleg 40 liter, og detter gjer det mogeleg å trylle fram ein relativt djup bass. Denne går monaleg djupare enn DM 110 (24 liter), og er den fyrste tovegs-høgtalaren eg nokon sinne har hatt kor eg ikkje saknar djupbass. Eg sa tovegs, noko som kan diskuterast, for her er to diskantelement, der det øvste tek diskanområdet over 13kHz. So du må gjerne argumentera for at dette er ein 3-vegshøgtalar, men det blir litt feil, for prinsippet er to-vegs, med støtte i diskanten.
Det einaste eg stiller spørjeteikn ved er bassen. Kabinettet er av bassreflekstypen, og dette fører oftast med seg ein mindre presis og meir ujamn bass enn lukka kabinett. Eg meiner dette har kome seg litt med tilspeling, men er enno ikkje trygg på at dette er ein bass eg kan leva med i lengda.
Uansett er dette det næraste eg har kome ein “perfekt” allround-høgtalar nokonsinne. Og om du undrar korleis ein slik høgtalar kan presenterast som årets produkt, bør du setja deg inn i historia om BBC-monitorane. Du finn mykje stoff om det på nettet. Desse høgtalarane var so høgt utvikla at dei fungerar som standardar den dag i dag, og ser ikkje ut til å gå av moten. Det er klassiske produkt som bind saman fortid, notid og framtid like godt som noko anna hifi-produkt. Det er eit referanseprodukt som fortel deg kva som er spelt inn, og som ikkje flørtar med nybyrjaren sin trang til bang i bassen og pang i diskanten, eller kva som no måtte vera siste mote.
Publisert i
Årets produkt 2015
Merket under

Stig Arne Skilbrei
Seniorskribent i Audiophile.no
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.Siste fra Stig Arne Skilbrei
- Smått er ikkje godt – Stig Arne si dagbok oktober 2023
- Osafestivalen, 27.-29. oktober 2023: Frå oppskóka til taterkultur
- Ein snartur – Stig Arne si dagbok september 2023
- Hortenmessa 2023 – inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 1 – Stig Arne sine inntrykk
- Dynavoice CA802BT/Loxjie A30 “Desktop" forsterkar - Stig Arne si dagbok august 2023
- Alt for vitskapen – Stig Arne si dagbok for juli 2023
- Nye- og gamle NADar – Stig Arne si Dagbok for juni 2023
- Ein defekt forsterkar, lytting og ein tur til Tyskland - Stig Arne si dagbok for mai 2023
- Spotify, Apple Music og Vestlyd – Stig Arne si dagbok april 2023
- LS3/5A og andre små eller store - Stig Arne si dagbok for mars 2023
- Vossajazz 2023 - Sundag
- Vossajazz 2023 – Laurdag. Ein veg - ei reise med Bergensbanen
- Vossajazz 2023 – Fredag. 3-dagars gullbrudlaup: Vossajazz er 50 år
- Å byte belg på basselement – Stig Arne si dagbok februar 2023
- Oppsummering av året som gjekk, litt musikk, og nyhende frå Vinmonopolet - Stig Arne si dagbok for januar 2023
- Utskjelte men populære – Stig Arne si dagbok for desember 2022
- Acoustic Research AR18s – Stig Arne si dagbok november 2022
- Hard lyd, musikk og ølprat – Stig Arne si dagbok oktober 2022
- Nakamichi og et glass til – Stig Arne si dagbok september 2022
- Hard lyd: jakta på syndaren – Stig Arne si dagbok august 2022