Monday, 26 October 2015 19:32

TEST: EAT E-glo i samspel med ulike pickupar

Written by

 

Då eg sist var innom Renaissance Audio i Bergen, fekk eg sjå eit merkeleg apparat. Det kunne sjå ut som ein slags spolebandopptakar med rør montert midt i spolane, men det synte seg å vere ein riaa. Basert på seks rør, og det med spesifikasjonar som eg knapt har sett maken til. Det var berre heilt nødvendig å prøve ut dette her, så endeleg er han komen på besøk.

 


 

 

Utforming

Som sagt, denne riaaen er merkeleg, og det einaste eg assosierer, er ein veldig moderne spolebandopptakar, i tillegg til ei meir normalt utsjåande separat straumforsyning. Det er alltid lurt å ha straumforsyninga til riaatrinnet plassert langt unna sjølve elektronikken, slik at all interferens vert minimal. Ein ekstra lang kabel skulle gje rom for optimale plasseringsvilkår. Elles er straumforsyninga relativt grei å sjå til, utan andre fasilitetar enn ein hovudbrytar der du kan sikre at straumen er avslått om du er bortreist i helgane. Det er ikkje sagt noko om at dei har brukt rør i straumforsyninga, så det må du finne i sjølve forsterkardelen. Det har til gjengjeld seks av slaget, nesten like mange som i min gamle ARC SP 10 med åtte rør på riaadelen. Men dette er eit langt meir avansert produkt.  Røra er til dømes mekanisk avstiva med nokre ribber som er tredde over, slik at røra sit ordentleg fast, og har kjøleribber..det spesielle ECC88-røret som er i bruk, er eit spesialrør som skal tåle 2,5g (om du skulle vere ekstremt uroleg) Vanskeleg å seie kor mykje dette har å seie for totalresultatet, men støy er her iallfall ikkje.

Dette er dessutan ein av dei svært få riaatrinn der du kan leike deg med impedanse (og kapasitanse) utan å skru ned lyden.  Det er ikkje nødvendig å hanskast med eit batteri dipswitchar, bortsett når du vil veksle mellom ekstra kraftig gain og middels gain på MC-inngongen. Her har du faktisk to ratt du kan skru på, og stille impedanse etter eige hovud, humør og dagsform. Dette er noko eg er vand med frå gamle ARC SP 10, men EAT-e-Glo har langt fleire alternativ å velje mellom. Her kan du verkeleg herje, og faktisk bruke øyrene til å bestemme kor mykje desse justeringane har å seie for tredimensjonaliet, klang og dynamikk. Med ein tradisjonell riaa må det brukast dipswitchar for å stille inn rett belasting ut frå utrekning eller tabellar. Men her gjer du det med øyret – og då kan det ikkje vere feil (i motsett fall er det berre å skru eit hakk eller to opp eller ned…) Einaste eg saknar er fjernkontroll, slik at denne jobben kunne gjerast frå godstolen.

Firmaet European Audio Team ligg i Tsjekkia, og er vel fyrst og framst kjent for å lage utgangsrør av svært høg kvalitet. Så byggjer dei også platespelarar, armar, og kan levere pickupar. Og no har ingeniør Jozefína Lichtenegger utvikla denne heilt spesielle riaaforsterkaren, med den spesielle utsjånaden og ganske så spesielle lydlege eigenskapar.

 

Støyfritt i testanlegget

Anlegget mitt er bygd rundt ekstremt tungdrivne høgtalarar (MBL 101E2), så det er vanskeleg å detektere støy. Forsterkaren ASR Emitter 2 Exclusive er også ekstremt støysvak. Alt er difor dødsstille sjølv om eg skrur forsterkaren høgt opp, og eg kan ikkje registrere den minste tendens til interferens av noko slag, så lenge eg har ein halmeter mellom straumforsyninga og sjølve forsterkaren. Spelar du på lettdrivne horn eller liknande, kan det kanskje oppstå sus, men for meg er dette stille som grava. Uansett er mange konkurrentar merkbart støyande i mitt anlegg, så passar du på fornuftig plassering, må dette gå bra. Ei stund brukte eg også ei flytande magnetplattform frå JAS. Sidan det ikkje kjem det minste elektrosus frå anlegget, kan eg ikkje seie at denne direkte dempar støy, men eg opplevde at denne hadde positiv innverknad på dynamikken, spesielt når volumet vart skrudd høgt opp. 

Riaaforsterkarar er heilt nødvendige i signalkjeden dersom du spelar vinyl, og elles til inga nytte. Så det er vanskeleg å avsløre eigenlyden i slike apparat, om du ikkje brukar fleire pickupar. Matching er dessutan minst like viktig mellom riaa og pickup som alle andre stadar i anlegget. Difor brukar eg å køyre ein serie med pickupskift når eg gjer meg opp meiningar om slike apparat. Då finn eg gjerne at somme matchar er optimale. Såleis gjorde eg utprøvinga med fleire alternativ.

Alle fyrst vart det utprøving med min vanlege pickupstall. Dette er pickupar eg har lytta til i mange år, og dei er såpass ulike at dei gjer eit godt bilde av kva ein riaa er god for.

Denon 103: Aldri høyrt denne etter kvart tilårskomne pickupen betre. Det høyrest nesten ut som her er perspektiveigenskapar, og du må faktisk samanlikne med andre pickupar for å finne ut at så ikkje er tilfelle. Dynamikk og bass i massevis. Kanskje litt i overkant – armen er ikkje heilt perfekt match, så eg køyrde subsonisk filter på nokre av platene. Min mellomtunge Kuzma Stogi 313 Reference har kanskje litt for lite masse til å kontrollere gamle 103. 

Men det er ikkje ende på kva dynamiske kvalitetar som kjem for ein dag. Det forsiktige romantiske skinet som legg litt ekstra feitt til klangen frå øvre bass til ein lett reservert øvre diskant er svært kledeleg. Dersom ein ikkje på død og liv må høyre perspektivkvalitetar i opptaka, kan EAT utmerka ha Denon 103 til kvardagspickup om du har ein matchande platespelar. 

Dynavector DV 10x5: Her kan du velje mellom rett i MM-inngangen, eller MC der du tilpassar 1 mV og 47 kOhm.  Rask prøving førte til at eg ville bruke MM-inngangen til denne high output-MCsaken. Det fungerte veldig greitt, såpass at eg ikkje gadd ta jobben med å endre dipswitchane på MC-inngangen til lågare gain.

Dei klanglege eigenskapane var heilt fine, meir lineært enn gamle 103, men dynamikken var ikkje så overveldande. Frekvensekstremane var nok også meir korrekte, slik at du fekk høyre litt meir luft og romoppleving oppover i diskanten, dessutan slapp eg å bruke subsonisk filter – armmatchen var nok betre her. Men skal eg vere heilt ærleg sakna eg safta i dynamikken som kjem så veldig godt fram på konvensjonelle MC-pickupar i den andre inngangen. Til gjengjeld kunne eg kose meg med perspektiveigenskapar som Denon 103 ikkje er i stand til å formidle. Og detaljane – denne billegaste pickupen frå Dynavector er kjend for å vere ok, men ikkje meir enn det innan denne idretten. Eg har ikkje høyrt DV10x5 så detaljert og oppløyst nokon gong. Men dette er ein pickup som stort sett klarer seg godt saman med det meste. Eg måtte prøve noko meir krevjande for å finne ut heile potensialet til dette riaatrinnet.

 

 

Accuphase AC 1:

Nede i pickupskuffa mi har eg ein sjeldan godbit. Litt meir romantisk klang enn den velkjende AC 2, og noko korpulent i mellombassområdet, men med eit fantastisk lydbilde, og trass alt likevel nøytral og oppløyst nok til å ha vore min favoritt i nokre år attende på 70- og 80-talet.  Det som har berga denne gamle pickupen frå å slitast ut (han har vel knapt 5 – 600 timar på nakken, trass sine snart 40 år), er ugudeleg lågt utgangsnivå, berre 0,2 mV.  Okei, eg har prøvd nokre riaatrinn som har takla dette opp gjennom åra, men aldri eigd eitt av desse. Overtydd om at det bør vere ein rørkonstruksjon som forsterkar pickupsignalet i mitt anlegg, har ikkje funne nokon rør-riaa som har greidd å gjere dynamikken skikkeleg levande. Det næraste eg har kome har vore transistorbasert, så då har eg heller funne ein litt kraftigare pickup (brukte lenge VdH) og spelt på anna utstyr. Så det er alltid med visse forventningar eg riggar opp AC 1. 

Etter å ha gjort unna dei nødvendige justeringane gjorde eg klar Supertramp ”Even in the Quitest Moments” i japansk, audiofil pressing. Her er det massevis av rominformasjon og perspektiv av både realistisk og ganske surrealistisk slag. Og dynamiske nyansar.

Ganske som forventa var lydbildet fantastisk. Men dynamikken var ikkje heilt slik eg hadde håpa på. Det synte seg no at det var to gain-nivå. Den godaste EAT-Glo hadde eit ekstra gir å gå på, slik at det var nokre dB ekstra å hente for min noko beskjedne AC-1. Og det kom veldig godt med, pickupen blomstra opp slik eg aldri hadde høyrt han før. Sjølv om han er rimeleg tilårskomen, hjulbeint og rund etter kvart, var det tydeleg at dei tusen kronene eg betalte på Audioscan attende i 1978 var ei fornuftig pengeplassering. Kjempelyd. Skikkeleg trøkk der det skulle vere, og nyanseringsevne som eg knapt kan tenkje meg betre. EAT greidde seg strålande også på denne eksamenen.

 

Grace F9:

Dette er ein pickup som var ganske utbreidd på 80-talet. Ikkje var han særleg dyr heller, så eg kjøpte den obligatoriske E-utgåva og spelte på denne gjennom ei tid då eg ikkje hadde MC-forsterkar som var god nok. Etter kvart vart stiftane utslitne, og eg fekk etter kvart ein ny frå Japan. Ikkje lenger E-stiften, men ein ukjend, blank sak som let vesentleg betre enn mi gamle, grøne E-utgåve, særleg dynamikk- og klangmessig. Elles er dette eit skikkeleg sporingsfantom når armen passar. Og i min nye Kuzma Stogi 313 Reference sporar han faktisk 90µ når stittrykket er på topp og justeringane er i godlune.

Når eg køyrde kapasitansen på 520 pF var diskanten ganske korrekt etter mi oppfatning, men då eg auka på til 740 tykte eg lydbildet vart det beste. Men eg greidde aldri å bestemme meg for kva som gjorde seg best, og skrudde rimeleg forvirra heilt ned til lågaste kapasitanse på 50 pF. Det slo meg at min noverande referanseriaa innan MM, den glimrande Musical Fidelity ”VINL”, som også har ei bråte justeringar av kapasitans var langt meir overberande med nykkene mine når det gjeld å skru mellom alternativa. Dette kan skuldast mykje rart, men det verkar som den godaste EAT-riaaen har ei heilt anna nyanseringsevne på feltet, og at totallyden er mykje meir gjennomsiktig.

Svært ofte kjem eg til at visse riaatrinn gjer strålande arbeid med visse pickupar. Diverre er det slik at dyrt utstyr yter betre enn rimelegare ting. MC-pickupar kan vere svinedyre, og treng ofte svært høg kvalitet på både arm og riaa for å syne sitt potensiale. Medan MM-pickupar gjerne er vesentleg rimelegare, og mindre krevjande for riaatrinnet, ettersom forsterkinga ikkje er så kraftig. Erfaringane mine tilseier at du slepp billegare frå det med MM-løysingar. Heilt til no. For EAT gjer magiske ting også på MM-inngangen. Min hyggjeleg prisa Grace F9 oppfører seg no på ein heilt annan måte enn kva han gjorde under arbeidet eg har gjort med utprøving av andre riaatrinn – langt og eg dristar meg til å hevde at det må kallast sensasjonelt, om ein kan kalle noko så nerdete som ein svinedyr riaaforsterkar som ein sensasjon, då. Det er ikkje slik at F9 gjer ting no som du ikkje kan forvente. Accphase AC 1 har langt betre tredimensjonalitet og ”instrumentkropp”. Men her frigjerast detaljar som eg ikkje har vore klar over at F9 kunne klare.

 

 

Lånerunde

Eg har fleire pickupar i skuffa mi, men desse er dei einaste av skikkeleg referansekvalitet. Riaaen har greidd alle dei prøvelsar eg har greidd å utsetje han for. Eg hadde mistanke om at det faktisk er meir å gå på, at eg ikkje har fått avslørt potensialet på denne spesielle saken, som faktisk har løfta alt eg har av pickupar ganske valdsamt.

EAT-e-Glo er i prisklassen der det konkurrerast med Audio Research, Manley og Aestetix sine toppmodellar. Kjøper du slikt, er det sjølvsagt greitt å få meir ut av pickupar til nokre få tusen kroner. Alle treng ein kvardagspickup, som det ikkje er så nøye med når det ikkje lyttast kritisk. Men når du brenn av over seksti tusen for ein slik sak, har du forventningar om å frigjere det som bur i pickupar i same prisleie. Då vil du høyre ALT i rillene. Men det er eit svinearbeid å rekvirere elitedivisjonspickupar an masse. Så eg rekvirerte alle godbitane i pickupsamlinga til Stig Arne Skilbrei, og sette i gong.

Sidan eg hadde komme over eit riaatrinn med såpass flotte kvalitetar, vart det nødvendig å hente inn pickupar på eit høgre kvalitetsnivå enn eg har til vanleg. Stig Arne Skilbrei var snill og lånte meg sine beste MC-pickpuar frå Lyra, Denon og Koetsu. Og dei skuffa ikkje. Dynamikk, tredimensjonalitet og klangeigenskapar var oppe i ein divisjon eg aldri hadde høyrt maken til. Eg fekk også inn ein Ikeda 9TS til utprøving, som får sin eigen artikkel, men eg må nemne at kombinasjonen med EAT-e-glo var magisk. Scena opna seg i lytterommet på ein måte eg ikkje har fått med meg før. Mine beste erfaringar med lydattgjeving her har vore med svære fulltoneelektrostatar, rørelektronikk der ARC SP 10 har forsterka opp signalet frå Vanden Hul MC 10, og skapt svært realistiske inntrykk av tredimensjonaliet. Men uansett kva eg har rigga opp, har eg alltid fått eit litt samanklemt bilde, der djupna har vore avgrensa ute på fløyane, i hjørna bak høgtalarane. Men det er ikkje slike avgrensingar med dette oppsettet. Å spele Scheherazade (RCA LSC 2446) er rett og slett magisk.

Så langt har denne spesielle riaaen briljert med alt eg har fora han med, og latt pickupane gjere sine spesialitetar utan å påverke dei på andre måtar enn å få dei til å skine. Eg har mistanke om at EAT-e-glo kan klare kva som helst. Eg skulle gjerne hatt ein av dei hysterisk signalsvake pickupane frå Audio Note eller Ortofon, og sett om dei for ein gongs skuld kunne klare seg utan trafo.  Så eg har tigga meg til å låne godbitar frå snille onklar på Hifisentralen, med stor respons. Vi skal altså komme attende til dette.

I mellomtida har eg notert meg fylgjande på dei pickupane eg har prøvd ut så langt:

 

 

Koetsu Onyx

Dette er ein gammal sak som Stig Arne Skilbrei sin gamle kollega (Stig Inge frå firmaet Stereo-Stig attende på 70-talet) har reparert med ny stift. Stig Inge er no ein av nøkkelpersonane i pickupfirmaet Lyra, og vart autorisert som Koetsu-reparatør av sjølvaste Yonko Sugano i si tid, så denne bør vere i orden. Onyx-utgåva var den fyrste pickup som nådde vanvittig høgt prisnivå, og var referanse for mange skribentar i lang tid. Eg har fått låne denne pickupen tidlegare også, og har vore imponert over kva han er i stand til. Stig Arne veit ikkje mykje om kva denne pickupen har vore med på, men han har tenkt seg at det på mange måtar er ein hybrid mellom gammal Koetsu og dei tidlege Lyra-pickupane. Ganske unik, spora ikkje meir enn 60µ, og har 0,30 mV utsignal. 

Eg justerte pickupen med skjelvande hand på og gjorde dei nødvendige justeringane. Ikkje det heilt store sporingsfantomet, dette her, men det er andre kvalitetar som også er viktige for ein pickup.

Perkusjonslydar frå t.d. Tom Waits ”Rain Dogs” kjem veldig naturleg og rett fram, og sporinga høyrest heilt grei ut. Litt stort lydbilde, men evne til å gjere brutale attakk, så vel som dynamikk med skikkeleg nyansering. Djupt går det også. Det var litt teljing på knappane om eg skulle ha det høgste eller lågaste forsterkarnivået for MC, men dynamikken var best på det kraftigaste. Og den var formidabel – å høyre Supertramp sitt slagverk og fulle orkester var ein sann svir. Difor spelte eg mesteparten av tida på  gain 1, som er den krafitgaste. Eg lasta med 80 Ohm, og vart belønna med dette ”kroppslege” som visse superpickupar er i stand til å formidle. Saksofonar har den gylne gløden i klangen. Vokalistar står fram med både brystkasse og eg veit ikkje kva, og gitarar er tydeleg til stades i rommet. Innfløkte arrangement som Supertramp ”Fool’s Overture” og ”School” er råd å finne ut av (faktisk på sitt beste i denne opprigginga) I det heile kjem ting så kontant og presis at eg ikkje kan seie eg har høyrt det betre. Det er nyanseringsevne så vel som makt bak fortissimoane, og det er fullstendig støyfritt (om plata er slik, vel å merke).

EAT formidla perfekt nok ein gong.

 

Lyra Helikon

Dette er ein storarta pickup, som er i stand til å utbrodere eit veldig detaljert lydbilde, der det meste av det som føregår på scena vert tydeleg teikna. Med output på 0,5 mV er dette sjølvsagt ein lett jobb for EAT. Men det vert også tydeleg at EAT er både nøytral og innsmigrande klangmessig. Klangen er slett ikkje ”romantisk” eller ”mørk”, slik han har ein tendens til å vere når eg spelar Denon DL 103. Likevel, minst like ”vakker”, for å seie det på den måten.

Elles var det merkbart at Helikon gjorde lydbildet breiare enn Koetsu Onyx, men scenedjupta vart noko grunnare. Dette skuldast ikkje at den eine er betre enn den andre, men at dei prioriterte formidlinga på ulike måtar.

Eg prøvde begge innstillingane av gain, og greidde ikkje heilt å bestemme meg kva som var best for Helikon. Ekstra gain gjev betre dynamikk, men personleg opplever eg attgjevinga som meir nøytral når denne pickupen brukar den litt svakare gaininnstillinga. Sporingseigenskapane var ikkje optimal, men det er ikkje poenget med denne utprøvinga. Saken er at EAT er så gjennomsiktig at Helikon får synt seg fram, og at alle aspekt av eigenskapane til pickupen vert tydelege for lyttaren. 

 

 

 

Konklusjon

Eg må avslutte skrivinga her for denne gongen. Men vi er så visst ikkje ferdig med EAT E-glo. Det er den beste riaa eg har prøvd. Basta.

No er det ein del svært gode riaatrinn på marknaden, ting i det vi må kalle svært høg prisklasse. Trass i at det finnest mange svært gode transistorkonstruksjonar, har eg vore spesielt begeistra for ein del av dei rørbaserte. Eg trur det har samanheng med måten dynamikk og trøkk vert formidla på, for transistorar har ein annan måte å takle dette på, og eg opplever dette som mindre realistisk. Men problemet med rørkonstruksjonane har vore at dei stort sett har lite gain, og at dei såleis ikkje har hatt ideelle arbeidstilhøve saman med MC-pickupar med lågt utsignal. Dette kan kompenserast dersom det brukast MC-trafo, men då må du trivast med dette. Eller du kan satse på pickupar med kraftig utsignal, gjerne 0,5 mV eller meir.

For eigen del vil eg helst sleppe trafoar. Dynamikken får liksom større presisjon når du slepp å sende signalet gjennom trafoar. Og det er mange pickupar av den forsiktige typen eg kunne tenkt meg å verte meir kjend med.

Det finnest ein del rør-riaatrinn som kan gjere ein fantastisk jobb. Eg har berre prøvd eldre ting og økonomimodellar, og har til gode å prøve ut Manley Steelhead. Aestetix sine fleire ambisiøse modellar med balansert konstruksjon. ARC, Conrad Johnson og Rogue sine flottaste ting har eg ikkje høyrt under kontrollerte tilhøve. Men trass i at dei har godt ord på seg, har dei ikkje heilt så mykje gain som trengs til dei heilt smålåtne pickupane. 

EAT E-glo er heilt klart det riaatrinn eg har prøvd ut som er det mest allsidige. Det er dessutan det beste eg har høyrt, for mitt øyre om lag kjemisk fritt for einkvar eigenlyd, og høyrest korkje ut som ein transistor- eller rørkonstruksjon.

Dette ser ut til å verte mi nye referanse. Det byr på store problem å returnere denne til importøren. Så då må det skrapast saman pengar..

 

 

 

Importør: Reneissance Audio, Bergen,

Heimesider produsent: www.europeanaudioteam.com

Pris ca 65 000 kr (atterhald på grunn av labil kronekurs)


 

Read 9343 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.