Sunday, 27 October 2024 12:48

Hortenmessa 2024 – inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 2 – Arve sine inntrykk Featured

Written by

Det var kanskje færre utstillarar på messa denne gongen enn det som er vanleg, men det var likevel fleire spennande ting. Det eg merka meg spesielt:

MINIHØGTALARAR MED MAKSIKREFTER  FRÅ DUET AUDIO.

Desse tyskutvikla småluringane Kii SEVEN frå Kii Audio fiksar det meste av både både høge og låge lydtrykk, så vel som diskant og bass. Dei går usannsynleg djupt, såpass at eg vil tilrå deg å høyre sjølv. Noko av grunnen er bruk av DSP, og separate DAKkar for alle høgtalarelement. Inntrykket eg fekk er at lyden er svært nyansert og realistisk, og at lydbilde så vel som dynamikk er vel så truverdig som langt større høgtalarar. I dag, med mange trongbuande, er det langt frå alle som kan glede seg over potensialet til konvensjonelle, store høgtalarar, men må greie seg med mindre. No kan du oppnå både lydtrykk og djupbass likevel.

SOUNDGARDEN

Soundgarden synte Electrocompaniet og Monitor Audio sine 50års jubileumshøgtalarar. Monitor Audio er ein gammal travar, kjend for sin bruk av edle metall på høgtalarelementa. No har dei laga ein svært original konstruksjon som har ein sprek prislapp på 1 090 000 kroner. Her er  det brukt eit steinliknande materiale, som gjer at kvar høgtalar veg rundt 120 kg. Konstruksjonen er svært spesiell, og måten å få to 8" element till å spele mot kvarandre er noko vi berre kan hugse å ha sett i spesielle subwooferkonstruksjonar.

ANDERVIK AUDIO

Andervik Audio hadde med seg Mola Mola elektronikk og dei legendariske Response "pyramidehøgtalarane". I eit rom med svært mykje demping gjorde dei ein framifrå god jobb med ambisjonar mot å verte beste lyd på messa. Her var nyanseringsevne og dynamisk variasjon svært naturleg, samstundes som oppsettet var  uvanleg nøytralt til HiFi å vere.

DIY

i år var det også DIY på messa. Her hadde konstruktørane leika seg med elektronikk frå både Nelson Pass og --Lindsley Hood. Ting som berre kostar få hundrelappar (viss du har eit brukbart kabinett vel å merke - det må du ha, og det kan koste). Sjølvbygg er gøy, og ein lærer mykje av å halde på med slikt. Og så kan ein spare pengar.

Det var i alt tre ulike høgtalaroppsett, og dei to eg fekk oppleve var skikkelege råskinn som spelte både Yello, hardrock så vel som anna herjemusikk. Eg opplevde at utsjånaden passa godt saman med slikt. Kanskje ikkje slik design som ho mor hadde sett pris på å få inn i bestestova, men ordentleg øseskap som kan passe godt i ei godt isolert mancave. Det kan helt sikkert brukast i PA-samanheng.

Les også:

Hortenmessa 2024 – inntrykk fra tre Audiophile herrer. Del 1 – Karl Erik sine inntrykk
Hortenmessa 2024 – inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 3 – Stig Arne sine inntrykk

 

Read 1077 times Last modified on Wednesday, 30 October 2024 12:57
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.