Sunday, 01 November 2020 21:26

TEST: Dual CS 800 Featured

Written by

Dual, Europas største platespelarprodusent frå 70-talet er framleis i drift. Men kor gode produkt kjem det derifrå no? Audiophile prøver Dual CS 800

Dual

Dual har laga platespelarar heilt sidan 1907, og har såleis ei lang historie bak seg. Vi får her nøye oss med å oppsummere at Dual var eit innovativt firma som alltid var langt framme den gongen då det var satsa på platespelarproduksjon. Dei hadde på det meste 3000 tilsette, og fleire spennande lydprodukt, fram til dei japanske, billege og direktedrivne platespelarane kom på marknaden. Då greidde ikkje det tyske firmaet å henge med meir, og gjekk konkurs i 1982. Firmaet vart delt opp, og Dual var ikkje lenger eit firma å rekne med, trass i forsøk på å få merket i gong att. Dei platespelarane som innimellom dukka opp, vart oppfatta som gammaldagse og kunne ikkje måle seg med modellane frå Dual si stordomstid. Så den massive kompetansen som Dual hadde, vart på mange måtar verdilaus.

Sjølv om Dual aldri har vore eit high-end-merke, har dei alltid hatt fornuftige produkt med appell til kundar som handlar på budsjett og med fornuft, og ikkje superspelarar med prislapp som har mange desimalar. Dei har mange svært rimelege spelarar, endåtil slike med automatisk bruk av armen (sjå omtale av den automatiske CS 455 Nobelesse). Men den manuelle CS 800 er nest største modell frå Dual, og kostar 12 995 kr.

Alt under utpakkinga ser vi at ting er gjennomført skikkeleg. Emballasjen er laga slik at spelaren har minimal risiko for skadar, så sjølv postverket vil få problem med å ta knekken på CS 800. Det er også tydeleg kvalitet over dei ulike delane som plukkast fram frå innpakninga. Her er svært lite plast, og spelaren har ein elegant utsjånad som lett kan godtakast. Eit hengsla støvdeksel er funksjonelt og greitt, men kan fange opp resonansar. Difor spelte eg plater utan lokk mesteparten av tida.

Eit av ankepunkta mot Dual på 70-talet var at dei ikkje prioriterte utviklinga av pickuparmar. Eg var difor svært spent på kva CS 800 var utstyrt med. Til mi store glede var armen absolutt tillitsvekkjande. Balanseloddet var pakka for seg sjølv, og det verka som antiskating var gjennomtenkt og funksjonelt, med eit lite ratt som gjorde det lett å justere. Stifttrykket justerte eg med mi nøyaktige pickupvekt, men det var ikkje skilnad som var verd å nemne på målinga med vekta, sjølv om det er fleire desimalar på vekta enn på skalaen på balanseloddet.

Spelaren står på tre godt avdempa bein som diverre ikkje kan justerast. Ein er difor avhengig av å ha eit underlag som er heilt i vater. Det har eg fleire av, så det var ikkje problem for meg. Dessutan verka det som beina isolerte godt frå vibrasjonar frå underlaget. Eg greidde heller ikkje å provosere spelaren til å skape feedback ved høg avspeling (bortsett frå når eg hadde på lokket – spelaren stod 60 cm frå eine høgtalaren) eller stiften til å hoppe i rilla når eg gjekk over golvet, noko eg ikkje er særleg begeistra for å prøve heller. Eg hugsar at dette var ein av dydane til dei gamle Dualspelarane også, dei lot seg sjeldan provosere.

Dual har hatt mange ulike drivsystem tidlegare, og CS 800 er utstyrt med det mest snusfornuftige; beltedrift. Under platetallerkenen er det ein motoraksling, og ei drivreim frå dette til ein plastaktig underlagstallerken. På denne slepp du ned sjølve tallerkenen, og legg den antistatiske filtmatta på toppen.

Tallerkensystemet verkar ein smule lett og enkelt, ganske ulikt min referanse som har ein tallerken på 12 kg, og eit svinghjul på om lag det halve. Men Dual sin måte å gjere dette på har føremoner. Det vert mindre vekt på tallerkenlageret, lettare jobb for motoren, som kan klare seg med ei mindre straumforsying, som igjen skapar mindre sjanse for interferens. Ja, og så reduserer du kostnadane på fleire hald.

Ein moderne detalj er at startknapp og veljar mellom 33/45 har fått touch-brytar i staden for dei tradisjonelle brytarane. Dette gjer at designet på CS 800 er veldig reint, akkurat slik at vinylspelaren kan gli inn i pene interiør.

Utprøving

Dette er altså ein veldig enkel og funksjonell spelar, og det gjekk lett å sette han opp etter utpakkinga. Pass på underlaget, få spelaren i vater, monter motvektslodd på pickuparm, legg på tallerken og filtmatte, kople til medfylgjande signalkabel (og hugs jordingsleidninga, elles får du brum). Ta så av stiftvernet, juster stifttrykk og antiskating, og spel i veg.

Dual har lagt seg på å bruke ein Ortofon 2M Raud som standardpickup. Dette er eit fornuftig, ikkje-fordyrande val som innfrir forventningane til fyrstegongskjøparen eller den som ikkje har for store ambisjonar om å bruke vinyl som primær lydkjelde. Pickupen er mykje utbreidd, kostar under ein tusenlapp, og spelar heilt greitt, men det finnest (dyrare) alternativ. Innan same Ortofon-serie kan du oppnå betre resultat, men då må du betale opptil 5 gonger så mykje for toppmodellen i svart.

Armen er ein lettvektskonstruksjon og ei vidareføring av Dual sin tradisjon om å tilpasse seg høgkompliente pickupar. Men denne nye held såpass god kvalitet at det kvalifiserer til «mykje for pengane»-stempel. Såleis kan ein få betydeleg kvalitetsheving av lyden om ein oppgraderer med ein passande pickup. Det kan tenkjast at til dømes ein van den Hul kan trivast godt i denne armen.

Eg fekk lyst å prøve nokre av mine eldre MM-pickupar som passar til slike armar. Eg gledde meg over at Dual såg ut til å ha laga pickupshell som kunne takast av. Ikkje standard SME-fatning, men likevel – lettvint pickupskift er eit stort pluss i mi bok. Det fylgjer også med ein liten plastmal som gjer at du kan finjustere overhenget til pickupen, noko som er heilt nødvendig når ein brukar fine nåleslipingar. Så eg skrudde fornøgd av pickupen – og røska ut leidningane fleire centimeter ut armrøret. Det synte seg vanskeleg å få leidningane inn att i armrøret, og eg følte meg som han som skulle få majonesen ned att på tuba...det enda med at eg øydela dei tynne leidningane, og måtte flau returnere spelaren for reparasjon.

Konklusjon

Dual CS 800 er ein snusfornuftig platespelar som leverer lydkvalitet etter dei forventningane ein kan ha ut frå pris, og ut frå det solide ryktet merket har. Det ser også ut som om det er gjort ein del utviklingsarbeid med pickuparmen samanlikna med det som var standardarm attende på 70-talet, Spelaren leverast med Ortofon 2M raud pickup, noko som held prisen nede, men som kan erstattast med mange alternativ, gjerne MM-pickupar med relativt høg komplianse, sidan det er snakk om ein lettvektsarm. 2M raud er ein heilt grei pickup til prisen, men ein kan forvente at lydattgjevinga vert vesentleg betre om ein spanderer ein dyrare, passande pickup. Til dømes har 2M versjonar med betre slipingar og fargar – raud er den enklaste utgåva. Spelaren fortener det, etter mitt syn.

Ellers er CS 800 lett å stille opp, funksjonell og godlydande i samsvar med forventningane ein har til eit merke som Dual.

Pris for Dual CS 800 er kr. 12.990,-

Les meir om Dual CS 800 hos Lydglede

 

Read 4364 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.