Sunday, 18 December 2016 09:18

TEST: EAT Yosegi MC pickup Featured

Written by

På Horten-messa i år fekk fekk eg brått heimlengt. Det vart spelt på min heime-riaa frå European Audio Team i eit oppsett der EAT-produkta stod for signalet heile vegen. Dei flotte platespelarane har eg sett fleire gonger, og også fått dei demonstrert – nydelege og svært lydleg kompetente greier. Men den spesielle pickupen hadde eg ikkje vore bort i før.

Dette synte seg å vere ein ombygd MC-sak, truleg frå Audio Technica. Akkurat kva som hadde skjedd inni med nålefane, stiftsliping og den slags, fann eg ikkje svar på. Men det iaugefallande var den spesielle ombygginga av kroppen, kabinettet til pickupen. Det er kledd med tre. Og ikkje berre eit trestykke, men ein vanvittig, nesten mikroskopisk mosaikk, eit hundretals små trebitar av mange ulike treslag, klistra saman med spesiell harpikslim til eit konglomerat.

Slikt høyrest sært ut. Men det har sin logikk. For pickupar er meir enn magnetar, spolar, nålefanemateriale og avanserte diamantslipingar. Ved sida av alt dette som skal sikre at informasjonen i rillene formidlast vidare som eit elektrisk signal, påverkast det av massevis av resonansar og eigenlyd. Nokre produsentar jobbar intenst med fokus på å få vekk desse, og sikre at signalet vert vidaresendt med så lite påverknad som råd. Men det finnest også andre som vil kontrollere og styre desse medvite. For å tilføre dei eigenskapane dei meiner skal vere til stades under musikkreproduksjon. Det finnest til dømes pickupar med kabinett av titan, med utfresingar der ein har fylt gull inn for å kontrollere resonansane (sjå Acoustical Systems sine mest påkosta modellar), og det med fantastisk resultat. Her er det altså gjort noko liknande, ved å lage eit utvendig kabinett av minst fem-seks ulike treslag som er limte saman. Ein strategi som får meg til å tenkje på korleis dei gamle meistrane innan fiolinbygging gjorde det. Sjølve pickupen er vel ikkje så langt unna ein av dei meir påkosta Audio Technica Moving coil-variantane, men det spesielle trekabinettet er tenkt å skape ein annan lydsignatur enn det Audio Technica har på sin standardmodell. Vi kan seie at pickupen på sett og vis vert «tuna» etter eit spesielt ideal. Eg har notert meg at den nye generasjonen Koetsu-pickupar er utstyrte med ulike «pickupkabinett» i kostbare steinsortar. Det skulle undre meg om dette berre skulle vere av kosmetiske grunnar.

Så for å korte ned den lange historien:

Eg fekk låne ein slik pickup av Roald Mikkelsen ved fyrste besøk på Renaissance Audio i Bergen, og gjekk heim for å prøve ut vedunderet, som var enkel å montere i min Kuzma 313 Reference arm. Det gjekk veldig fort å spele inn pickupen (har ein mistanke om at jobben var gjort alt), så eg kunne starte finlyttinga ganske umiddelbart.

 

 

Lydlege eigenskapar

Det er eit svært spennande klangspekter på den ombygde AT-pickupen. Kanskje mindre oppløyst enn mange superslipingar, men med veldig fokus på alt dynamisk, og med ei særs hyggjeleg klangbalanse. Ganske umiddelbart fann eg dette til å vere ein pickup heilt etter mitt og anlegget sitt hjarte. Kanskje ikkje rart, då EAT-e-Glo er min riaa, og matchinga neppe kan vere betre.

Her formidlast også eit godt lydbilde, slik at det er lett å fokusere på kvar musikarane er. Slikt forventar eg når vi kjem til eit prisnivå som dette. Og det er eit stykke att til det du kan erfare frå det aller beste – som altså kostar meir enn denne saken.

Eg må seie at sporingseigenskapane forvirra meg ørlite. Og det er ikkje fordi dei ikkje er gode. Under korrekt stifttrykk sporast 90µ på testplata mi. Men kanonskota på 1812-overtyra på Telarc slengjer nåla ut av rilla fleire gonger. Eg greidde å justere dette vekk «etter øyret», men då var stifttrykket i høgste laget (2,7 gram, og over det produsenten tilrår) Men det gjeld altså berre denne heilt spesielle plata. Og Yosegi er i selskap med dei fleste påkosta pickupar eg har prøvd ut dei siste åra – få superpickupar til femsifra beløp sporar denne Telarc-plata. Men bortsett frå denne pickuptorturplata gjekk alt veldig fint, og eg opplevde synergi til resten av anlegget.

Det burde vere full match mellom pickup og arm, og det var flott attgjeving avalle andre plater eg prøvde, til dømes Joan Armatrading, Supertramp, Sheffield sine mange (mellom anna Track record), og dei andre platene eg brukar når eg vurderer kor godt pickupen ligg i rilla.

Eg brukte ikkje lang tid på å finne at Yosegi-pickupen er ein utmerka pickup. Han minnar meg om fleire ting: detaljformidling som syner slektskapet med Audio Technica, men utan at diskanten vert overtydeleg og overfokusert. Eg finn klangbalansen svært tilfredsstillande. Eg assosierer også Koetsu sine vakre klangeigenskapar og presise dynamikk, så vel som eit snev av Denon DL 103 sin måte å formidle dette på, men med langt betre tredimensjonalitet.

Eg var eigentleg veldig begeistra for Yosegi, og eg opplevde den viktigaste faktoren ved stereoanlegg; gleda ved å spele musikk. Både nye og fleire gamle plater som eg ikkje har høyrt på lenge kom i bruk. Bruke av strøymetenestar så vel som CD skrumpa radikalt, og eg sat for lenge oppe fleire kveldar etter kvarandre.

Eg var altså ganske bergteken av Yosegi. Men har mistanke om at eg miste hovudet litt. Eg har no streva sidan konfirmasjonsalderen med å få til eit tilfredsstillande anlegg etter min smak. Og sjølv om eg likar å tenkje på meg sjølv som relativt nøytral og objektiv i vurderingane, er det i beste fall «subjektiv objektivitet» - det er mine erfaringar og ynskjemål det er tatt omsyn til i anlegget. Og det er ikkje tilfeldig at eg har akkurat det oppsettet eg har. Yosegi-pickupen passar veldig godt i min vinylrigg, der eg har lagt vekt på dynamikk, og der det heile klangmessig hallar meir mot yin enn yang. At eg har riaatrinn frå EAT, som også står for Yosegi, er neppe heller noko ulempe når totalkombinasjonen vurderast.

Samanliknast Yosegi med ting i same prisklasse (eller i prisklassane over), er han ikkje så oppløyst og detaljert som dei store. Han har markant, triveleg og det eg vil kalle rett og slett god bass, og tek seg nydeleg av dynamikk på alle måtar. Han er ikkje direkte varmtklingande som ein Denon 103, men hallar mot det vi får definere som yin. Sjølv om han løyser opp detaljane på utmerka vis og har eit flott lydbilde, er det ikkje på dette han har fokus. Men har du same musikksmak og -ideal som meg, er det stor sjanse for at du vil la deg forføre av akkurat slike eigenskapar.

 

 

Konklusjon:

Ein relativt kostbar pickup, men akkurat rette tingen for mange. Pickupen gjer det som er viktig for pickupar her i verda: å formidle musikk på ein nydeleg måte, og han er utan manglar, som du må ha lov å forvente når prisen er såpass høg. Men som så mange andre gode hifikomponentar er han ikkje skapt ut frå ynskje om maksimal nøytralitet. Det er musikkformidling som gjeld, og det gjer Yosegi på utmerka vis. Betre enn dei fleste, når vi snakkar om akkurat Yosegi si greie. Det gjeld å matche anlegget, og har du eit anlegg som mitt, der klangideal har vore det nøytrale, og det er fokusert på at alt skal vere «gjennomsiktig», saknar du kanskje akkurat det same som meg. Når eg spelar vinyl, ynskjer eg «litt nøytral» lyd, men ikkje så mykje at eg mister musikken si sjel. Eg vil ha fin dynamikk, og eg vil ha ei tydeleg basslinje, og eg set stor pris på å få tredimensjonalitet og perspektiveigenskapar ut av rillene der desse finnest.

Ein pickup som denne har klare meiningar. Det kan hende dei ikkje passar deg. Eller så kan det vere at du er fullstendig på linje. Ta med ei eller fleire av dine yndlingsplater til butikken. Høyr denne pickupen. Elskar du han, er saken klar.

 

 

Read 7176 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.