Monday, 02 August 2021 09:59

Forsterkar utanfor det normale – sommarsoge Featured

Written by

Nokre forsterkarar går under radaren, av ymse grunnar. Her skal eg omtale ein av dei; soundMAXX

I dag har forsterkarteknologien kome svært langt innan tre retningar. Den eldste teknologien er rør, som oftast går på ein meir eller mindre modernisert variasjon over konstruksjonar frå 50-talet eller tidlegare. Du får ulike klassar og wattutgåver, og nydeleg lydattgjeving som eg held svært høgt. Så har vi fleirtalet, dei meir konvensjonelle transistorkonstruksjonane. Majoriteten av desse er fornuftig dimensjonerte, men det er også her du skal leite om du treng dei heilt store beista når det gjeld effekt og straumforsyning. Her slepp du ting som biasjustering og rørskift, men du må rekne med ganske mykje transportutgifter når dei skal flyttast på, om du skal ha dei råaste produkta. Men over 90% av alle forsterkarar i dag høyrer nok til denne kategorien.

Til slutt kjem dei såkalla klasse D-forsterkarane. Desse brukar teknologi som til likskap med dataindustrien har minimert vekt og storleik. Det er såleis råd å skaffe seg enorme effektreservar i lita innpakning. Litt spesiell lydattgjeving på dei tidlege utgåvene, men det har kome seg, og i dag er mange audiofile fornøgde med klasse D.

Desse tre har satsa innan det vi kan kalle seriøs hifi, og har sine tilhengjarar så vel som motstandar mellom entusiastane, men det fins også forsterkarar som fell heilt utanfor. Eg har skaffa eit par slike, og prøvd dei ut. Då er det kanskje på sin plass med ei omtale? Og fyrstemann ut er:

 

soundMAXX

Distribuert på nettbutikken Powermaxx saman med 24 andre lydprodukt, i tillegg til utstyr til hus og hage, trening- og velværeprodukt, leikar og mange andre postordregreier. Endåtil flåttavvisande klesplagg kan du kjøpe frå Powermaxx. Men det som interesserte meg mest, var den vesle boksen soundMAXX som altså er ein integrert forsterkar oppgjeven til å ha 2x50W på nettsidene (medan det står 2x30W på boksen), volumkontroll og aux inn- og utgang. Straumforsyning er separat, ein boks ikkje ulik den du har til pc-en din, merka 12V/5A. Heldigvis er boksen CE-merka, så det skal vere trygt i bruk. Made in China, som så mykje anna hifi er det også. Utstyrt med fire standard terminalar for tilkopling av høgtalarkablar, som fyller nesten heile baksida av forsterkaren. Så dette er eit knøtt som dei færraste audiofile vil ta seriøst, spesielt når prisen er 690 kr for herlegdomen.

Familien har no sidan 2003 hatt hytte i Portugal, som på grunn av Korona ikkje har vorte besøkt på to år no. Det var travelt for ein open audiofil å greie seg gjennom ein heil sommarferie utan hifi, så eg har i lengre tid hatt ein utgammal Technics Receiver i hytteanlegget, kjøpt på loppemarknad for ein hundrelapp. Volumkontrollen skrapar rett nok, men det har vore akseptabel lydattgjeving saman med mine Epos CLS 8 høgtalarar i lang tid. Likevel, forsterkaren har nok sett sine beste dagar, og soundMAXX- annonsa verka lovande; «Med en utgangseffekt på 2x50 Watt, gir denne forsterkeren massevis av kraft til dine høyttalere. Enten du ønsker å spille musikk med massevis av trøkk eller få frem det beste i klassisk musikk, er ingen jobb for stor for denne forsterkeren.» Så 1 stk soundMAXX var å hente i postkassa (slapp endåtil å gå til postkontoret i butikken, pakken var mindre enn 1 kg)

Spent pakka eg ut herlegdomen. Produktet skulle fyrst testast på mine utehøgtalarar. Eg har eit sett Boston Voyager Universe 2 utehøgtalar som har vore under takrafta på huset mitt sidan 2005, og dei verkar tåleleg bra den dag i dag  Og soundMAXX fiksa jobben på tilfredsstillande vis. Dei lydlege forventningane var særs edruelege i utgangspunktet, så eg vart positivt overraska over at lyden var såpass klar og høg utan påtakeleg vrenging. Så eg tok forsterkaren med til Portugal, der han også synte seg å vere betre enn Technics-receiveren i bassattgjevinga, berre eg ikkje spelte for høgt. Eg bestilte også eitt ekstra eksemplar til utehøgtalarane, og kunne høyre både Dagsnytt og Popquiz medan eg luka i hagen.Dette gjekk bra gjennom tre år, og tre hektiske feriar i Portugal, men så slutta forsterkaren å verke. Han vart pakka ned for reklamasjon. Men då eg kom heim att, fann eg ikkje att kvitteringa. Så eg bestemte meg for å ta hageforsterkaren med neste ferie som innbytte. Men så slutta denne også å verke, og det var ingen vits. Og så kom Koronaen, og alt vart sett på vent.....

Endå på forteljinga så langt er at familien sel huset i Portugal, og at eg kjøpte nok ein forsterkar av det ikkje-ambisiøse slaget.... spennande framhald i neste sommarsoge.......

Read 618 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.