Friday, 26 February 2021 18:16

Topping – utprøving av toppserien D90/A90/Pre90 Featured

Written by

Det har gått gjetord om Topping, ein kinesisk hifi-produsent som har greidd meisterstykket å levere produkt av svært høg kvalitet til låge prisar. I oktober 2020 vart desse tilgjengelege gjennom ein overraskande ny nettbutikk, på Hifi-sentralen, nettsida der norsktalande diskuterer hifi. Eg heiv meg på telefonen...

Litt om bakgrunn og bias

Eg har lenge vore på jakt etter ein fornuftig digital-analog-konvertar (eit alt for langt ord, så ei forkorting må til. DAC brukar mange. Eg går for ei fornorsking og skriv DAK. Kanskje eg kjem til å gå endå lenger og skrive «dakk» etter kvart. Vi får sjå.)

Det er massevis av gode dak-kandidatar på marknaden, men dei eg har høyrt på har svært høg pris som fellesnemnar, så det har berre vore korte besøk i Audiophile-stova. Men lovorda om Topping-produkta var interessante. Så den mest aktuelle D90 vart bestilt på prøve (alle nettbutikkar har 14 dagars angrefrist etter kjøpslova, så dette er greitt). Eg fekk også låne A90, ein forforsterkar med innebygd forsterkar for øyretelefonar.

No er det slik her i heimen at familien helst vil høyre vinyl når det skal lyttast skikkeleg, noko som sikkert har prega preferansane vore i den grad at alle dakkar så langt har vorte sende attende til leverandør. Eg har gjerne sett dei uaktuelle på grunn av høg pris, medan mi svært så musikkinteresserte kone ikkje likar «den digitale klangen», noko som eg i bunn og grunn er einig i. Så lenge eg har musikken på vinyl, vert det helst til at vi spelar denne. Men eg innrømmer at eg også veit å sette pris på høg oppløysing, masse detaljar, høyre nyansar innan dynamikk, så når alt kjem til alt har eg ambivalens når eg skal oppsummere mine lydlege preferansar. Iallfall er det viktig for meg å unngå at klangbalansen tenderer mot det harde og lyse, men samstundes unngå det overdrivne og runde, maskerte.

Det var høgst uventa å lese at Hifisentral-høvdingen starta nettbutikk. Men samstundes var det svært interessant å lese om Topping-produkta, som baserer seg på å drive masseproduksjon og -distribusjon, slik at prisane kan haldast nede. Interessant, på fleire måtar. Så eg kontakta høvdingen og fekk han til å sende meg nokre godsaker...

Då pakken kom i posten var det tydeleg at det satsa på små apparat: halv breidde (22 cm) og halvanna kilo. Ideelt å sende i posten med minimale portoutgifter. Veldig greitt når produkta kan lagast slik utan støy. Pene boksar og god polstring gjer dessutan at postverket skal vere uvanleg ondskapsfullt for å ta knekken på dei.

Oppsett D90

Det er slik at Topping D90 har volumkontroll, og såleis kan brukast direkte inn i mitt Vera sluttrinn. Dette fungerte greitt nok, men eg sakna noko i dynamikken. Bassen var heller ikkje så autoritær som han brukar å vere. Difor gjekk eg over til å bruke forforsterkaren min, Audio Research SP 10 på tradisjonelt vis, med D90 mellom digitale signalkjelder og forforsterkaren, slik dakkar normalt brukast. No fall ting på plass. Mellomtonen var nydeleg, SP10 sin signaturlyd. Bassen vart akkurat slik eg forventa, og dynamikken vart skikkeleg nyansert. Lydbildet vart betre enn det eg hadde erfart frå tidlegare digitale kjelder, så her var det umiddelbart tydeleg at D90 var ei stjerne, og eit funn til prisen.

Eg prøvde dei mange digitale alternative signalkjeldene; mobiltelefon og data via blåtann, coax og TOS-link tilkoplingar, og alt fungerte svært tilfredsstillande. Spesielt overraskande var blåtannbruken, som eg oppfatta som meir dynamisk enn via Sonos-boksen eg elles brukar til det trådlause. Denne vart raskt degradert til formidlar av NRK og radiosendingar, medan data og mobil overtok musikkformidlinga. Det var tydeleg at Blåtann har framtida for seg. Mine døtre var heime, og visste også å sette pris på dette. Det vart spelt ymse lister med ymse pop-quiz gjennom helga. Også min Oppo 105D hadde eit stort løft ved bruk av D90, med vesentleg meir naturleg klang på CD-avspeling. Irriterande å ikkje kunne prøve ut bluray-lyd eller eingong SACD via dakken. Eg prøvde det meste. Det einaste eg ikkje fekk til, var å bruke IIS-kontakt, då eg korkje hadde apparat eller leidningar som passa til dette. Eg fekk altså ikkje prøve ut den fulle kapasiteten til D90, når det skulle spelast høgoppløyst, digital lyd. Dette skal eg finne ut av etter kvart.

Ettersom mitt standard oppsett ikkje hadde endra seg, kunne eg også spele vinylplater som før, utan at det var endringar i lyden. I mitt tilfelle er det altså slik at D90 er grei nok åleine, men om eg skal ha det heilt etter min smak, må ein passande rørforsterkar inn i signalkjeden. Ettersom produkta i anlegget mitt er målbart frie for vrenging og støy, må det nødvendigvis vere SP10 som tilfører noko eg set pris på.

Øyretelefonforforsterkaren A90

Så var turen komen til A90, hovudtelefonforsterkaren/forforsterkaren, som vart sett inn som forforsterkar med to inngangar. XLR-inngangen tok i mot signal frå D90, og RCA-inngangen fekk ta seg av vinylen. Her køyrde eg «hotrod»-oppsett, med tapping av platespelarsignalet rett frå Tape Out. Sjølve forforsterkaren på SP10 var såleis ikkje i bruk.

Dette oppsettet imponerte umiddelbart ved å vere fullstendig stille. Ikkje den aller minste susing i anlegget, same kor høgt eg skrudde. Også ved vinylavspeling var dette imponerande. Ikkje heilt så stille som D90 greidde, men slett ikkje sjenerande, sjølv om SP10-forforsterkaren etter kvart er 35 år, og har 8 rør i riaadelen. Faktisk var dette vinyloppsettet noko av det flottaste eg har fått til. Ikkje så allsidig som då eg hadde EAT-e-pro riaatrinn, den mest tilpasningsdyktige riaa eg har eigd, og såleis betre. Men når SP 10 kunne konsentrere seg om pickupar med passeleg signalstyrke ut (mine to favorittar Kiseki Blue og Audio Technica AT33SA leverer 0,4 mV) kunne eg ikkje seie at eg sakna noko.

Samspel

Men eg kunne ikkje berre kose meg med vinylplatene. Det er nok meir relevant for lesaren å høyre korleis A90 og D90 spelte saman. Eg burde nok skrive litt om øyretelefonbruk, sidan A90 har dette som spesialfunksjon, men eg hadde ikkje relevante øyretelefonar. Det brukast svært sjeldan slikt her i huset, så eg prøvde berre ut det som var for handa. Ting høyrdest flott ut, og ingenting skulle tilseie at A90 har problem med å takle langt betre enn Porta Pro-ane eg hadde liggande....

Det vart fyrst spelt frå min Oppo 105D via Coax og toslink (merka lite skilnad på desse to, kanskje eg er i ferd med å vere gammal? Eller så er det lite skilnad) Signalet gjekk deretter frå D90 til A90 via XLR-kablar til Vera. Umiddelbart likte eg lyden, men med SP10-oppsettet ferskt i minne var det noko eg sakna. Mellomtone og dynamikk var ikkje så «flott» som eg var van med. Men det er noko med tilvenning også. For å vere sikker kalla eg inn kona, som oftast reagerer på «digital lyd» nåt denne ikkje er skikkeleg. Ho klaga ikkje, noko som gjorde at eg måtte lytte fleire gonger. Då eg skrudde opp lydstyrken litt høgre enn mitt vanlege lyttenivå, kom det seg. Eg passa dessutan på at volumkontrollen på D90 stod på full styrke. Denne et opp dynamikken om du ikkje passar på, så bruk forforsterkar til volumregulering.

Endå meir Topping – forforsterkaren Pre90

 

Då hadde eg altså bestemt meg for at D90 konvertaren skulle få fast plass i audiophile-stova. Men kva med det greie opplegget der A90 tok seg av kvardagsoppgåvene, og røra i SP 10 kunne få spare seg litt? Eg talde litt på knappane. Det er fleire omsyn som skal takast. Eg vil gjerne at anlegget skal vere disponibelt for dei andre medlemene av familien. Når det spelast utan at eg er til stades vert det helst strøyming. Men øyretelefonar brukast ikkje lenger innandørs. Og eg var ikkje heilt fornøgd med A90 som forforsterkar. Det finnest heilt sikkert betre forforsterkarar å få tak i, men kvifor bruke massevis av kronasje på ein slik når eg har SP10 som eg er veldig fornøgd med, og som sparar meg for å kjøpe separat riaa?

Så fekk eg lese om Pre90, ein reinhekla forforsterkar i same serie som dei andre Toppingane eg hadde prøvd. Denne var til forveksling lik A90, med ein XLR- og ein rca-inngang (ein ekstramodul med fleire XLR-inngangar kan kjøpast som ekstraustyr). Skilnaden er at den stygge kontakta til øyretelefonane er borte, og volumkontrollen sitt potmeter er erstatta av ein attenuator som verkar mindre inn på lyden. Kanskje dette er tingen for meg?

Det var lang ventetid. Høvdingen hadde ei stor bestilling på gong, og det er langt frå Kina. Men til slutt kom pakken, og A90 vart skifta ut med Pre90. Ein rask gjennomlytting vart gjort for å sjå om alt var i orden. Men her vart eg i tvil. Umiddelbart opplevde eg lyden som dårlegare, slik ein av og til gjer når ein høyrer små skilnadar. Er du av natur konservativ og ikkje likar endring, vert ein gjerne reaksjonær og får inntrykk av at det opprinnelege oppsettet er best. Men dagen etter var saken heilt annleis. No var det Pre90 som stod oppkopla, og då eg på ny skifta til A90, var eg ikkje i tvil om at Pre var betre. Ikkje berre når eg spelte høgt, men heile vegen. Det ser ut som attenuatoren var betre enn potensiometeret for lyden sin del.

Eg fekk også eit luksusproblem; to identiske fjernkontrollar, der den eine styrte forforsterkaren, og den andre tok av seg dak-en. Det enda med at dakke-kontrollen vart liggande på apparatet sitt, medan volumkontrollen til forforsterkaren vart liggande på bordet. Litt irriterande, når eg har fire fjernkontrollar liggande der frå før....

Det endelege oppsettet

Til slutt vart anlegget rigga slik at normaloppsettet er med D90, Pre90, med tilkopling for SP 10 sin tape out. Dette gjev større nøytralitet enn når eg køyrer D90 inn i SP 10 sin linjedel, og brukar heile SP 10 til vinylspeling. Eg skiftar til dette når eg skal ha det gøy med høgt volum og rølpe-musikk.

Konklusjonar

Dette har vore lærerikt. Og eg vågar meg til å trekkje fylgjande konklusjonar:

  • Pre90 er ein betre forforsterkar enn A90. Pre90 har svært lite innverknad på lyden, og må seiast å vere ein av dei mest nøytrale alternativa i denne prisklassen.
  • A90 er truleg eit must om du brukar mykje øyretelefonar og/eller har mindre krav til forforsterkaren enn meg. Fungerer greitt som forforsterkar, men har ikkje fjernkontroll. Eg tippar at han hevar lydkvaliteten i øyretelefonsamanheng.
  • D90 er svært mykje for pengane, og fungerer utmerka. Spesielt når volumkontrollen står på full guffe. Volumkontrollen på D90 kan styrast med fjernkontroll, men har du forforsterkar, er det betre å bruke denne. D90 kan brukast som sjølvstendig signalkjelde med forforsterkarfasilitetar, men må avstemmast med anlegget elles. Går du etter høg oppløysing, lite støy og ikkje er redd for antiseptisk klangbalanse, er dette interessant. Men eg vil ha forforsterkar i tillegg.
  • Alle bør prøve ein forforsterkar med rør. Eller ein transistorkonstruksjon som ikkje er heilt nøytral. Skapar litt krydder og smak til riggen din. Sannsynlegvis er dette politisk ukorrekt, men det er veldig, veldig gøy.  

 

Topping D90 er no ute av produksjon, og selges derfor ikkje lenger av HifiSentralen

Pris for A90 er kr. 5.650,-

Pris for Pre90 uten Extender er kr. 6.750,-

Pris for Pre90 med Extender er kr. 9.250,-

 

Les meir om d90 hos Topping

Les meir om A90 hos HifiSentralen

Les meir om A90 hos Topping

Les meir om Pre90 hos HifiSentralen

Les meir om Pre90 hos Topping

 

Read 5701 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.