Wednesday, 12 November 2014 09:12

Zero – Avantgarde går kommers?

Written by

Etter Hortemessa var eg ein tur innom Lyric. Denne butikken har mange spennande agentur, mellom desse tyske Avantgarde, relativt kommersielt tilgjengelege hornhøgtalarar med ekstreme eigenskapar. Dei har også ein etter måten ekstrem utsjånad, og ein pris som også er med på å diskvalifisere dei i kampen om å vere den store ”folkehøgtalaren”. Men dei lydlege eigenskapane er i høgste grad spennande.


Høgtalar med stilrein utforming. Form follows function, tydelegvis

 

Lyric-Tor hadde no som aller snarast fått rigga opp dei nye modellane ”Zero”, som har fått EISA-prisen i sin kategori. Og sjeldan har eg sett meir innovative høgtalarar. Her har Avantgarde greidd å presse sin hornteknologi inn i skapeleg store kabinett (dei var rett nok ikkje heilt små, men hadde ein svært tiltalande utsjånad. Dei hadde også greidd å utstyre høgtalarane med innebygde forsterkarar som var i stand til å skape eit imponerande lydtrykk, med ein dynamikk som på mange måtar kunne samanliknast med dei legendariske storebrørne. (Rett nok greidde dei ikkje å levere så sublime detaljar som desse utstyrt med singelendrør, men det kan ein ikkje forvente av ein aktiv høgtalar med klasse D-forsterkarar uansett).  Under høgtalarane var det absolutt alle dei inngongar du kan komme til å ynskje deg, og i tillegg skal dei visstnok vere utstyrt med trådlaus mottakar. Dei verka både lettplasserte og utruleg fleksible.

Eg fekk berre lytta litt i butikk, under langt frå ideelle tilhøve, men likevel nok til å fastslå at dette er svært mykje moro for pengane. Så eg må ttilrå at desse greiene vurderast om du har tenkt å ha deg eit stereoanlegg i ca 80k-kroneklasse.  Desse må berre testast ut så fort som råd. Denne gongen har EISA kåra ein verdig vinnar!


Tor og den eine høgtalaren (legg merke til inngangane under høgtalaren)

 

 

Read 5127 times Last modified on Wednesday, 12 November 2014 09:21
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.