Sunday, 31 March 2019 05:12

TEST: Dei billegaste pickupane i verda – no med høve til oppgradering. Featured

Written by

I dei dagane då vinylplater var einaste seriøse musikkmedium, var det stort sett billeg å kjøpe pickupar. I dag kan du merkeleg nok få pickupar som kostar over hundre tusen, Heldigvis finnest det også interessante ting til få hundrelappar. Audio Technica sin spennande pickupserie AT 95 kan by på alternativ til ekstremt låge prisar.

Audio Technica er verdas største pickup-produsent, seiest det. Iallfall har dei eit vanvittig stort utval av pickupar, mest i den rimelege delen av prisskalaen. Dei har svært stor kompetanse når det gjeld produksjon av pickupar, og dei litt kostbare alternativa har synt seg å vere svært mykje for pengane. Sjølv har eg testa to versjonar av AT 33-serien som eg likar svært godt, den eine med Mikroline-slipt diamant, og den andre med Shibata. Ganske ulike, men begge er mellom dei beste slipingane som er å få. Ein av mine (betalbare) pickupfavorittar er ein AT33SA, som er ein påkosta moving coil-konstruksjon med Shibatanål og nålefane av bor. Ein annan er AT33PTG/II, som er identisk, bortsett frå mikrolineær diamant. Eg opplevde desse som ganske nære på dei fleste parametrar, men det var litt smånyansar som gjorde at eg enda opp med å kjøpe begge. Eg må i ettertid innrømme at det er SA (Shibataversjonen) som er opprigga på platespelaren. Sjølv med ein topp platespelar er det vanskeleg å velje ein favoritt mellom desse to pickupane. Så no lurer eg på om det skjer noko liknande i den heilt rimelege enden av prisskalaen.

 

AT-VM95E

Dette er ein svært lite pretensiøs pickup som har vore standardmontert på mange platespelarar i mange år. Og ikkje utan grunn. Han kostar i dag 392 kroner (på tilbod frå Platecompaniet). Og sjølv om Audio Tehnica har endå billegare alternativ, er det eit svært lite poeng å spare dei siste tohundre kronene, spør du meg. AT-VM95E er svært utbreidd, er relativt ukritisk til arm og justeringar, leverer kraftige 4mV ut (3,5mV om du går for dei dyrare alternativa) og er i det heile ein lett sak å ha i hushaldninga. Og det er lett å få tak i ny stift, noko som er hovudpoenget med denne artikkelen.

AT-VM95 har nemleg mange tvillingar, som du kan opp- eller nedgradere til, kvar gong du har slitt ut stiften. Dette tek normalt rundt 1000 timar med vinylspeling, men kan gjerne gjerast før.

 

Mange måtar å slipe ein diamant på.

Det har skjedd mykje sidan den gongen ein brukte ei kaktusnål på steinkakene for å ikkje slite rillene på platene unødig. I dag er i praksis alle pickupar utstyrt med ei nål som endar i ein diamant, verdas hardaste stoff. Måten denne diamanten er slipt på, har stor innverknad på korleis lydkvaliteten vert. Det same gjeld også nålefana diamanter er montert i enden av. Her finnest det massive aluminumsstenger, rør av ymse slag, eksotiske materiale som til dømes bor, og i det heile mykje kreativitet.

Ein skulle kanskje tru at ein etter kvart kunne bestemme seg for kva som var «best», men verda er ikkje så enkel. Bor er vanskelegare å jobbe med, så her vert det gjerne dyrare. Og det er langt lettare å slipe ein rund (konisk) nålespiss enn nokre av spesialslipingane. Den dyraste heiter «Shibata», men det vert for omfattande å ta opp detaljar om dette, så den spesielt interesserte kan lese om det her.

Elles er det mykje å seie om pickupar som vi ikkje skal forvirre med i dag, men eg må åtvare: dess dyrare slipingar som brukast, dess meir styr vert det å finjustere armen. Og dessutan: MC-pickupar er etter mitt syn betre på dei aller fleste måtar – og mykje dyrare. MM-pickupar treng svært enkle platespelarinngangar på forforsterkaren, medan MC er svært krevjande. Så AT-VM95 forenklar livet på mange måtar

Eg har no fått ein AT-VM95E-pickup på besøk. Men eg har også fått to kostbare reservestiftar til utprøving. Ein er utstyrt med bor og Shibatadiamant, medan den andre er ein litt rimelegare

Dersom du kjøper ein AT-VM95 med Shibata ferdig pakka med standardshell til pickuparmar av SME-typen, kostar dette 1832 kroner i dag. Altså nesten halvanna tusen meir enn den rimelege koniske stiften. Det kan såleis vere mange som vil vente litt med å spandere dette, Men ein ny Shibatastift kostar 1432 kroner, så du får på sett og vis eit pickupshell på kjøpet om du går rett på.

Går du for Microline-sliping, er dette etter mine erfaringar ganske likt Shibata, med nokre små nyanseskilnadar. Her kostar gjldet 1592, og erstatningsstiften 1192. Den koniske, kuleforma stiften er fysisk større enn dei andre, slilk at han avspelar platene høgre oppe i rilla, slik at overflatestøy kan verte meir markant. Difor er det lurast å ta dei andre alternativa. Endeleg finnest det monostiftar du kan sette på om du har monoplater, og ein del andre alternativ som vi ikkje tek opp no.

Eg rigga AT-VM95E i ein rigg som dei færraste pickupar til 400 kroner kjem i, ein tolvtoms Kuzmaarm, med drivverket SuperScoutMaster frå VPI, spesialtallerken på 8 kg, og mitt absolutt favorittriaatrinn, så eg finn det naturleg å åtvare litt om du håpar på å få same resultat av eit enklare oppsett. Men tendensane vil vere der.

 

E - ellipitsk stift

Den grøne stiften gjorde for så vidt ein grei jobb, bortsett frå ei klangbalanse som eg ikkje opplevde som attraktiv på same måte som dei dyrare alternativa.. Lydbildet var greitt nok, men ikkje spesielt nyansert. Og dynamikken var langt betre på min referansepickup AT33SA – ikkje uventa når ein tenkjer på skilnaden i pris, og når det gjeld potensialet til vinylriggen min.

AT-VM95E er ein pickup som sjarmerer ved fyrsteinntrykk. Men tidlegare, med lytting over tid, har eg opplevd pickupen som litt for pågåande i toppen, for mykje CD-lyd, kan ein kanskje seie. Men den grøne AT-VM95E, altså varianten med elliptisk stiftsliping og rimeleg nålefanemateriale, har anten vorte betre, eller så har eg vorte meir likegyldig til attgjevinga av dei aller øvste overtonane. Den tok ein god del lengre tid før eg gjekk trøytt av den luftige toppen eg før irritete meg over, før ei platesida var spelt. Dette kan kanskje ha samanheng med overdriven pimping av ein pickup som i dag seljast for under 400 kroner, i ein ganske så entusiastisk vinylrigg, der spesielt ein EAT-E-Glo riaaforsterkar har ein tendens til å få alle pickupar eg har para han med, til å yte noko som kan seiast å vere over evne. Utan å gjere målingar av noko slag, opplevde eg at med 370 pF innstilling vart klangbalansen mykje meir lyttbar enn mi siste erfaring med denne pickupen.

Konklusjonen må vere at det ikkje finnest alternativ til AT-VM95E til prisen. Fire hundre kroner for noko som verkar godt – den opplagde utprøvingspickupen for den som er ny i vinylverda. Og opa løysing vidare.

Så kva skjer om vi betalar litt meir for diamanten?

 

 

 

 

 

Lydlege opplevingar med Shibatanål

Eg prøvde så med den brune stiften, Shibata-versjonen av nål til denne pickupen. Shibata på MM-pickupar har eg opplevd som perler-for-svin, men måtte endre meining då dei store MM-ane Audio Technica lagar, storebrødrene til AT 95 dukka opp for litt sidan.

Her var for det fyrste ei langt meir korrekt klangbalanse, mykje betre nyanseringsevne på dei små dynamiske endringane, og meir markant bassattgjeving, slik at du i større grad høyrde kva bassisten dreiv med, og korleis basstromma vart traktert. Det er også luft over dei øvste oktavane, men på ein god og naturleg måte. Dette var stiften for å spele klassisk, og for å spele intrikat progressiv pop, som Supertramp eller Genesis. For å seie det litt flåsete; alt vart liksom mykje betre. Mange av dei lydlege kvalitetane eg knyttar til vinyl versus digitale medium, var til stades no. Eg må innrømme at det forbausa meg, og eg er nesten nøydd til å gje dette alternativet ei tilråding for den som ikkje vil bruke pengar på dei vesentleg dyrare AT VM 760 SLC eller endåtil 740 .

Det er likevel grunn til eit lite atterhald. Ein Shibatadiamant er eit presisjonsverktøy, som opprinneleg var designa for å spele kvadrofoni, men som etter kvart synte så mange andre lydlege kvalitar at slipinga har vorte vidareutvikla, og brukt i mange svært påkosta pickupkonstruksjonar. Og no er dette tilgjengeleg til svært låg pris.

 

 

Mircoline-sliping

Men eg har endå ein stift å prøve ut. Ein raud, Microlineær diamant. Denne vart påmontert, og på ganske nøyaktig same måte som då eg samanlikna andre AT-pickupar med desse to slipingane, vart det vanskeleg å bestemme seg for best. Eg likar Microlineær sliping veldig, veldig godt. Her er «kontroll» stikkordet, full kontroll på lydbildet, kontroll på detaljar på alle nivå, og Supertramp kan spelast med stor presisjon. Det er kanskje ikkje fullt så mykje luft over Micro som det Shibata får til, men så var det dette med presisjonen då. Elpinanoet på «Bloody well right» er ei utfordring, og her gjer Microslipinga det mest tilfredsstillande etter min smak. Likar du kompleks musikk med mykje detaljar, er denne pickupen i stand til å få det fram.

 

Sporingseigenskapane varierer

Sporing er ein kvalitet som har vore meir eller mindre på moten opp gjennom vinyltida. I starten var dette veldig viktig. Argumentet var at ved dårleg sporing kunne platerillene slitast skeive. Ein kunne avhjelpe dårleg sporing ved auka stifttrykk, men dette vart sett på som ei naudløysing, fordi stort stifttrykk også skulle føre til auka slitasje. Så trenden på midten av 70-talet var lette pickupar montert i lettvektsarmar og lågt stifttrykk. Shure hadde det fint. Men så kom det nye tankar, fyrst frå Micro-Acoustics og japanske MC-produsentar, og sporing vart ikkje så viktig lenger som det musikalske. Og dette synet er vel framleis dominerande, sjølv om mellom anna Audio Technica har prøvd å lage pickupar med gode sporingseigenskapar. Så då eg drog i gong mi gamle testplate der sporing opp til 100 my kunne prøvast ut, var det med ei viss forventning, Og eg heva augebryna litt då det synte seg at brun Shibata og grøn ellipisk stift spora 90µ, medan raud Microline «berre» greidde så vidt 70.

Dette er likevel ikkje så alvorleg for det musikalske. Dersom sporingseigenskapane er for dårlege, høyrest dette ved at lange tonar med sustain vert skjelvande etter anslaget, utan at det ligg i opptaket. For at dette skal vere sjenerande må sporinga vere ned mot 50µ, så vi er på trygg grunn til det aller meste. Einaste plata der du verkeleg treng sporingseigenskapar oppe mot 90 – 100µ er Tcaikovsky 1812-overture innspelt på Telarc. Og den spelar du sikkert ikkje så ofte.

 

 

Litt ulikt bruksområde

No er det mange andre faktorar enn nålesliping som står for kvaliteten til ein pickup. Men det er lærerikt å høyre akkurat kva slipingane fører til, når pickupen elles er den same.

Uansett kva for ein du vil ha, alle desse pickupane er svært mykje for pengane, og Audio Technica har svært få konkurrentar i dette prissegmentet. Den billege E-utgåva er latterleg billeg, lett å montere, sporar over alle forventningar, og vil fungere i svært mange samanhengar der ein vil ha god nok lyd, men er villeg til å kompromisse litt. Har du ein billeg platespelar du vil ha liv i, er dette tingen.

Den raude Microline-slipte varianten kostar noko meir, og er nok litt meir nøye på justering og armkvalitet. Men når vilkåra ligg til rette, kan du for knappe 16 hundrelappar få smake på vinylmediet for alvor. Før sa vi at vinylspelarane som var betre enn digitale media hadde ein innstegspris på 5-6000 kroner. Med denne pickupen og litt leiting vil eg tru det kan verte svært ålreit også til lågare pris. Og trass i gjennomsnittlege sporingseigenskapar, var dette eit alternativ eg likte svært godt. Av og til betre enn det dyraste, alt etter kva musikk som skal spelast. Dei lydleg konkurransedyktige alternativa er gjerne meir enn dobbelt så dyre.

Eg vil tru at du kjem veldig langt med Microline, men om du vil ha ei litt anna oppleving med flott bass og luftig utklinging av dei øvre oktavane (og likevel vil spare pengar) kan ta seg ein grundig lytt til den brune Shibatautgåva. Har du arva ein fin, gammal platespelar med god, ikkje for tung pickuparm, vil du truleg kunne hente ut potensialet ved å montere denne varianten.

Og om du vil erfare litt om pickupar, er det eit flott sett å kjøpe for å studere skilnadane på eiga hand. Kjøp den billege AT-VM95E, og spe på med stiftar for å finne ut kva skilnadar dei utgjer.

 

Pris for AT-VM95E: kr. 490,-

Pris for AT-VM95ML: kr. 1.690,-

Pris for AT-VM95SH: kr. 1.990,-

 

Audio Technica forhandles av Platekompaniet.

Read 8729 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.