Monday, 19 September 2016 06:58

Tor på Lyric HiFi i Torggata Featured

Written by

Det var ei stund sidan eg hadde vore i kontakt med butikken, og for fyrste gong eg kan hugse, var det ikkje Tor Aamodt som tok telefonen. I staden fekk eg vite at Tor hadde kreft og låg på det siste. Og før helga fekk eg trist beskjed om at ein av landets store hifipersonlegdomar ikkje lenger var mellom oss.

 

Tor har drive hifibutikk heilt sidan 70-talet, hatt agentur og vore forhandlar av nokre av dei mest spennande hifimerka i verda. Og frå den ganske uoversiktlege butikken har han tilbudt ting som har vore ganske fantastiske, og som har gjort sterke inntrykk på ein som har gått vegen frå hifi-aspirant til veteran. Heile tida har det vore underhaldande og lærerikt å besøke Tor. Lyric i Oslo er ein av landets mest spennande hifibutikkar. No vert det ikkje noko av den lenge planlagde ryddinga av dei legendarisk uoversiktelege internettsidene med linkar til dei mange produsentane Tor har hatt agenturet på.

Eg hadde mange samtaler med Tor når sjansen baud seg, og fekk vite om ungdomssynder som musikar, og ei glødande musikkinteresse. Dette var inngangsporten til det som vart yrket hans, å selje utstyr til musikkreproduksjon. Det var lett å forstå at det hadde vore mange kreative påfunn opp gjennom åra. Tor hadde montert pappas nye reiseradio på sykkelstyret, og sykla fram og tilbake på garden medan det vart lytta på ymse musikkprogram. Etter ei tid utvida han utstyrsparken med ein Kurer reiseradio med innebygd platespelar.  I Sarpsborgtraktene vanka Tor rundt Eklund, ein visjonær lyd- og lyspære-butikk som mellom anna selde mikrofonar og Revox spolebandopptakar. Dette vekte interessa hos nysjerrige Tor, som etter kvart hamna på NTH i Trondheim, men då musikkinteressa tok overhand, hoppa han av studiet og starta Trondheim Hifi-Center i ein kjellar nær NTH, med Monitor Audio-agenturet.  Hifi og Trondheim gjorde Tor interessert i jazz, som vart musikksjangeren han likte best. Etter kvart flytte Tor til Oslo, for å bygge opp distribusjonsapparatet av dei ulike agentura, spesielt av Denon og Mission over heile landet. Samtidig dreiv han Trondheim HiFiCenter og to eigne butikkar i Oslo. Tor fortalde om mange harde tak i strevet for å overleve i hifi-bransjen, men med familiens hjelp fekk han drive vidare med det han likte best. No er det altså slutt. Ein av dei mest fargerike hifi-personlegdomane har kopla frå for godt. Og vi i hifi-miljøet kjem til å merke han er borte.

 

Read 10776 times Last modified on Monday, 19 September 2016 07:46
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.