Monday, 03 November 2014 22:46

Beogram + Soundsmith – designnostalgi eller godlyd de luxe?

Written by

 

Vinylentusiastar har alltid søkt å forbetre avspelinga av det svarte gullet. Slik var det også den gongen då platespelaren var einaste kommersielt tilgjengelege signalkjelda, I laupet av 70-talet dukka det opp den eine sensasjonen etter den andre, som skulle eliminere problema som låg i systemet. Så kom ein av dei aller største vinylsuksessane. Danske Bang & Olufssen hadde løyst problemet med vinkelfeilen på pickuparmen ved innføringa av verdas mest utbreidde tangentialarm.

Når vinylplater spelast vil det alltid vere krefter i sving som påverkar pickupen si ferd over plata. Ein normal platespelararm har ein vinkelfeil som skapar ”skating”; krefter som trekk pickuparmen innover sterkare enn ynskjeleg om nåla skal lese av rillene på rett måte. Dette kompenserast ved mekanismar som trekk armen i motsett retning. Men desse skating-kreftene er ikkje konstante over heile platesida, og det er mange faktorar som gjer det heile ganske uoversiktleg. Så det har så langt ikkje lukkast å konstruere antiskatingmekanismar som er heilt optimale. 

Einaste måten å unngå desse kreftene på, er å syte for at pickupen alltid står vinkelrett på platerilla. Og ettersom platerillene går i sirkel, må pickuparmen vere ein tangent til rilla, altså er den ideelle pickuparmen ein tangentialarm. Men det byr absolutt på mange utfordringar å konstruere gode armar etter dette prinsippet. Det vert så mykje masse som skal flyttast på, og det er vanskeleg å få til friksjonsfri lagring, for å nemne to store problem med tangentialarmar. Så det er berre nokre få svært kostbare konstruksjonar på marknaden, som få har tilgong på.

 

 

Det innovative Danmark

Men lat oss gå attende til det glade 70-talet. I det hifi-interesserte Danmark hadde Bang & Olufsen fått ord på seg for å vere den definitivt flinkaste designaren av hifi – iallfall når  det var snakk om utsjånad. Mange kritiserte firmaet for å legge for lite vekt på lyden, og i testsamanhengar vart det hevda at produkta hadde for høg pris ut frå lydkvaliteten, noko som gjorde at B&O slett ikkje var så glade i å sende produkta sine til testing. Men så kom Beogram 4000-serien, som kombinerte fantastisk design med ein fullverdig tangentialarm, og det til prisar som var til å betale – iallfall langt billegare enn andre spelarar med slike kvalitetar. Og det er vel inga overdriving å seie at dette vart ein storarta suksess.  

Men hifi-nerdepressa hadde likevel innvendingar: Ein kunne ikkje skifte til andre pickupmerke enn B&O på desse spelarane. Ein elegant, men ustandardisert monteringsfatning gjorde at pickupen kunne trykkjast rett på plass utan spesialverktøy, og alle justeringar var bagatellmessige. Men kritikarane kom med innvendingar – var B&O-pickupane gode nok? For dette kreative firmaet hadde også utvikla eit spesielt konstruksjonsprinsipp som ikkje var verken Moving Magnet eller Moving Coil, men eit tredje konstruksjonsprinsipp kalla ”Moving Iron” Eg kan ikkje hugse å ha lese om testar eller forsøk på å samanlikne B&O-pickupane med det som elles fantest av toppkvalitet, noko som truleg kom av at danskane ikkje hadde ambisjonar i den delen av marknaden som etter kvart utvikla seg til high-end-segmentet – det er som kjent ikkje der pengane ligg.

 

 

Slutten

Men så kom digitalrevolusjonen, og fleirtalet av vinylplater vart i beste fall pakka bort til fordel for CD og etter kvart andre medium. Pickup-patent vart ikkje så interessant lenger, og for moving-iron sin del, hamna produksjonsrettane hos Soundsmith (om dette verkar interessant, er det opplysningar om historia på Soundsmith sine eigne heimesider)

Soundsmith har aldri latt Moving Iron-prinsippet støve ned. Og prinsippet har mange fordelar, svært lite masse gjer at pickupane kan designast i alle vektklasser og utsjånadar, og relativt kraftig output gjer at ein ikkje treng spesielt raffinerte riaatrinn for å oppnå godlyd. Med gode stiftar, der diamantnålene er laga så omsorgsfullt som ein kan få til med dagens teknologi, og ikkje minst der det er forbrukarar som har betalingsvilje og –evne, burde det vere råd å laga verkeleg snadderpickupar. Noko Soundsmith faktisk gjer i dag.

Mindre kjent er det nok at Soundsmith framleis leverer pickupar til B&O-platespelarane si spesielle fatning. Og det i fleire ulike kvalitetar. Dette måtte eg prøve!

I Bergen kom eg i prat med Ørjan, som hadde ein Beogram 4002-spelar, ein av dei aller tyngste (og beste, trur eg?) i heile Bang Olufsen-stallen. Denne fekk eg låne, og gjorde klar for utprøving. Så kontakta eg Excotic Audio i Danmark, som har Soundsmith-agenturet i Skandinavia. Ja visst, dei hadde slike B&O-tilpassa pickupar på lager. Dei hadde jamvel ein demonstrasjonsspelar, og kunne fortelje at i Danmark gjekk slike spelarar for rundt 3000 kroner. Det var altså relativt enkelt å ordne seg ein slik spelar.

Når ein ser på Beogram-spelarane, er elegansen det fyrste du legg merke til. Dette er ein langt frå prangande sak. Nesten ingenting til felles med korkje dei trauste spelarane frå Dual, Thorens, Linn og dei andre som var aktuelle å samanlikne med på 70-talet Dei liknar heller ikkje på dei direktedrivne, japanske konkurrentane frå same tidsrom, og definitivt ikkje på dagens ”oljeriggar” som er bygde etter overkill- og månelandingsstrategiar. Dette er funksjonell minimalisme, og dansk design på sitt aller beste. Ein ikonisk spelar. Må-hafaktoren er nok påtrengande for den designinteresserte, men som representant for lydfrikane mellom oss, måtte eg finne ut om ein kunne slå seg til ro med desse spelarane…

Av praktiske årsaker vart spelaren plassert på ei golvståande hylle, og eg kunne umiddelbart registrere at han var ganske kjenslevar for golvtramping og vibrasjonar. Vegghylla måtte difor brukast. Og mine 50 kg med heimekjær platespelar flyttast til side…

 

Eg fekk tilsendt to pickupar, SMMC20E og SMMC20EN, dei rimelegaste i Soundsmith-serien, som altså har to meir raffinerte modellar for same platespelar. Enkle å montere, men utan dei store justeringsalternativa. Stifttrykket var ikkje heilt enkelt å få til. Det var rett nok enkelt å komme til justeringa, men uråd å vite om ting var korrekt – Soundsmith-instruksjonane nemnde at skalaen ofte tapte seg etter nokre tiår, og desse spelarane er helst frå 70-talet. B&O har ei sinnrik tallerkenoverflate, som ikkje samlar støv, men plata ligg på spilar som ikkje gjev skikkeleg rom for pickupvekta mi. Heller ikkje platestrammarar kan brukast, og du får ikkje høve til å eksperimentere med underlag for vinylen. Eg er litt i stuss om det ikkje er betre med ei vanleg platematte når det gjeld å vere eit stabilt underlag. Men platetjukkleik var ikkje det store problemet før oljekrisa, så konstruktørane såg nok relativt lite på dette. Også i dag får vi kjøpe vinylplater i både 180 og 200-gramsversjonar. Når eg spelar nokre skikkeleg tynne vinylskiver, har eg inntrykk av at det er betre med tjukkare. Men den einaste eg gjorde direkte samanlikning med, var ei plate som gjekk på 45 rpm. Lyden var absolutt best på denne utgåva, men slike 45-plater brukast ofte vere slik, det er heile vitsen med å gje ut slike versjonar.

 

 

Diverre vart ikkje utprøvinga gjort skikkeleg, då det ganske fort dukka opp problem med automatikken. Sensoren som skal oppdage at det er på tide å flytte armen innover, oppførte seg ikkje som han skulle. Altså måtte spelaren attende til eigaren, som heldigvis er profesjonell hifi-reparatør.

Etter ei tid fekk eg på ny låne spelaren, og kunne endeleg ta til å lytte til vedunderet. Eigaren hadde fått tak i ei pent brukt NAS-nål, som synte seg å spore ganske godt, fyrst når 70µ skulle spelast på testplata, dukka problema opp. Klangmessig var det også hyggjeleg å høyre på, noko som også den kostbare EAR-riaaen må få ein god del av æra for. Perspektiveigenskapane var ikkje heilt på topp her, men svært mange andre kvalitetar dukka opp, ikkje minst brukbare dynamikkeigenskapar og ei moderne klangbalanse. Det slo meg at den opprinnlege B&O 4002 var forbausande god samanlikna med slik eg hugsa han frå 70-talet. Dette er ein spelar som eg har høyrt ganske mange gongar, men for over 30 år sidan.  Eg var ikkje så begeistra for spelaren den gongen. Så det må ha skjedd mykje med klangideal og personlege preferansar i mellomtida (kanskje også med høyrselen min?) Men det var kanskje likevel forbetringspotensiale? Eg stussa ikkje lenger, men sette på Soundsmith MMC20EN, den nest rimelegaste pickupen i Soundsmith sin katalog for B&O, til 4000 kroner. Å gjere pickupskift er veldig enkelt, berre å forsiktig drage heile pickupen ut frå armen, og sette på ein ny. Det er svært lett å sjekke om ting står skikkeleg på plass, og du kan raskt komme i gong med avspelinga, som via MMC20EN var ei fryd. Ikkje berre verka klang og sporing like godt som originalstiften, og kanskje betre. I tillegg fall perspektivet på plass. Eg måtte grave fram slike plater som kunne stadfeste dette, og Harry Belafonte in Carnieige Hall, så vel som The Weavers sin reunion-konsert stod klippefast med lydbilde i same klasse som det eg hugsar (utan å kunne gjere direkte A/B-samanlikning) frå andre Soundsmith-pickupar i høgre prisklasse, med standardfatning, påmontert langt meir raffinerte platespelarar enn vesle Beogram. Dette er altså noko som burde interessere ganske mange musikkelskarar med vinylinteresse

Eg er litt i stuss over kor mykje platetallerkenen gjer med lyden. Ettersom alle moderne produsentar går for eit skikkeleg underlag for platene, er det nok grunn til å vere skeptisk til desse spilene. Sannsynlegvis gjer det lite negativt for lyden på tjukke plater (dei fleste eg brukar til å kartleggje dynamiske eigenskapar er gjerne 160 gram eller tyngre, og eg har ikkje dublettar i markant ulik tjukkleik), men ”oljekrisepressingar” som eg har ein del av, gjer seg best med platestrammar, og det fekk eg ikkje brukt på B&O 4002.

 

 

Kva samanliknar vi med?

Det som er heilt sikkert, er at Soundsmith-pickupar etter dette prinsippet leverer såpass mykje output at det ikkje trengs spesielt påkosta riaatrinn av den typen som brukast til MC-konstruksjonar. Når det er sagt, var det ikkje vanskeleg å høyre skilnaden i kvalitet på riaatrinn av ulike konstruktørar, og av dei fire eg hadde tilgjengeleg må eg innrømme at eg treivst best med EAR. Ikkje heilt nøytral, men du verda så hyggjeleg og sjarmerande til dei fleste musikksjangrar. 

Prismessig skal altså dei helst pent brukte B&O-spelarane konkurrere med riggar baserte på MM-pickupar og MC-pickupar med høgt utgangssignal. Ein brukt B&O 4002 må du gjerne ut med 4000 for i dag, og så er det pickupen til same sum, altså må vi samanlikne med ein spelar til 8000. Aktuelle kandidatar kan såleis vere ein Rega påmontert ein Dynavector DV10x5 (min favoritt i prisklassen), eller ein pent brukt Technicsspelar med ein Denon 103. Kva ein skal velje her, er eit spørsmål om prioriteringar.  Det er ikkje tvil om at ein rein B&O med god nål er svært mykje for pengane. Og ein slik spelar kan måle seg med den nemnde technicsspelaren og Denon 103 på perspektiveigenskapar og dynamikk, om enn ikkje når det gjeld klang. Om du spanderer Soundsmith-pickupen til 4000 vert det dobbelt så dyrt, men til gjengjeld har du både klang, dynamikk og perspektiveigenskapar i orden, og du må kunne seie at det vert få konkurrentar i prisklassen.  Eg har også merka meg at B&O ikkje berre er interessant ut frå vintage-sentimentalitet. Faktisk er spelaren påmontert kva som helst av desse pickupane eg har prøv veldig tett på det eg vil kalle klangidealet anno 1014, og kanskje endåtil i stand til å formidle skikkeleg lydbilde. Så no vert det råd å finlytte i heimen til ein heilt oppdatert avspelar

 

Konklusjon

Sjølv om B&O + Soundsmith ikkje akkurat var overkill i referanseanlegget mitt heime, synte det seg at eg kunne spele i timevis, utan å sakne anna enn dei aller mest sublime detaljane i lydbildet, det røffaste basstrøkket, og det vi kan kalle den verkelege råskapen når ein spelar skikkeleg guffemusikk. Det går altså an å ha det skikkeleg moro med denne åtte tusen kroners riggen. La gå - ein fullrigga VPI med platekrans og allverdas finjustering er merkbart betre på det meste, men tek du med vedlikehald og estetikk i reknestykket, kan det likevel vere interessant å velje det billegaste alternativet. Pickupskift på ein B&O er banalt enkelt, og alt er på plass med svært lite bryderi. Stifttrykk er vanskeleg å vite eksakt (stifttrykkvekt er krøkkete å plassere på tallerkenen), men så slepp du til gjengjeld trøbbelet med antiskating. Og den heilautomatiske styringa er berre heilt topp, samanlikna med å skubbe rundt eit unipivoterande skabberakkel du må vere klinkande edru for å operere. Pass berre på å ha skikkeleg underlag for spelaren. Vegghylle er i mitt oppsett betre enn alt anna ein kan finne på for dei fleste spelarar, såleis også denne.

Men det er litt styr også. Ein flunkande ny platespelar har garanti og er etter måten lett å få tak i. Beogram må du leite etter på bruktmarknaden, og kan ha både synleg og mindre synleg slitasje. Så du må vere budd på å betale litt for jobbing på ein kompetent serviceverkstad. Det er ikkje alle reparatørar som har greie på platespelarar, og slett ikkje tangentialarmar og dansk superdesign.

Men når alt fungerer skikkeleg, er dette ein spelar som det kan vere verd å kike nærare på. Kanskje eg må ha ein slik som spelar nummer 2? Problemet er at eigaren nektar å selje….

 

Read 8054 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.