I tillegg til jubilanten, er vel dei to verdskjende saksofonistane Michael Brecker og Bob Mintzer dei største namna i bandet. Og det er nettopp Brecker som opnar showet med ein soulintro til ”The Chicken.” I sjølve låta har både han, Mintzer og Melton Mustafa (trompet) lange soloimprovisasjonar. At sporet er åtte minuttar langt går ikkje opp for meg før eg ser på teljeverket på CD-spelaren. Dette er så bra at eg heilt gløymer
Musikk: |
***** |
Lyd: |
*** |
Label: |
Warner Music |
meg vekk.
Og det gjeld for resten av CD-en òg. Bandet virkar så samkøyrt og ”tight” at eg aldri skulle ha gjetta at førebuingane til denne konserten var minimale. Dette kjem sjølvsagt av at me har med å gjere kremen av amerikanske jazzmusikarar. Ei stor perkusjonsgruppe (på fem mann!) og Pastorius sitt lett gjennkjennelege funky bass-spel, gjer òg sitt til at musikken blir lett og levande i tillegg til å vere veldig rytmisk.
Jaco Pastorius har altså spelt med dei fleste store i USA. Han spelte i The weather report frå 1976 -1981, og var truleg på toppen av si karriere på tida for dette opptaket. Alkohol, narkotika og psykiske problem tok etter kvart overhand, og då han døydde i 1987 var ikkje noko stort namn. Men etter hans død, har mange teke til å verdsetje han som den basslegenda han var. Miles Davis har til og med skrive ein låt, ”Mr. Pastorius, til minne om han.
For Jaco Pastorius var verkeleg ei legende. Om ein ikkje kjenner til han, bør ein absolutt gjere noko med det. Dette opptaket er altså frå 1981, og både Pastorius og bandet er i storform. Plata er ei av mine favorittplater, og ser aldri ut til å gå lei av den.