Friday, 09 December 2022 17:41

Acoustic Research AR18s – Stig Arne si dagbok november 2022 Featured

Written by

 

Folk kastar høgtalarar i søpla, det same hender med ølflaskene når dei er tomme. Her kjem ein gjennomgang av ein gamal bestselgjar, AR 18 s, og årets jolaøl.

Før eg byrjar skriva, sjekkar eg gjerne litt på nettet for å få detaljane på plass. Å sjå AR si heimeside i dag var eit sjokk. Verksemda og utvalet har absolutt ingenting med det opphavelege AR å gjera. Berre trådlause høgtalarar forkledde som utelamper, øyrepluggar og ein liten reiseradio. Men eit innarbeidd varemerke er tydeleg verd gull. Det opphavelege AR vart skipa av Edgar Villchur og eleven hans, Henry Kloss i 1954, det året eg vart fødd, i Cambridge, Massachusetts. Verksemda vart skipa for å produsera høgtalaren AR 1, ein tre-vegs høgtalar med 12” bass. Denne er ein klassikar og ettersøkt den dag i dag på bruktmarknaden. Og eg trur AR produserte verdas fyrste mellomtone-dome til oppfylgjaren.  

Edgar Villchur

Edgar var ein kapasitet av dei sjeldne. Han var audio-pioner, skribent, oppfinnar, forskar og elektronikklærar. Mellom anna designa han den fyrste platespelaren i historia med flytande oppheng, AR XA og XB. Og høgtalarane var ikkje mindre revolusjonerande. Fram til desse var høgtalarane typisk nok store og med opne kabinett, omlag som ein gitarhøgtalarar i dag. Og dei gjekk likevel ikkje djupt i bassen. Edgar fann ut at om du konstruerer basselementet på ein annan måte, med tyngre membran, kan denne plasserast i eit mykje mindre og lukka kabinett, med flatare frekvensgang og djupare bass. Dermed vart dei òg lettare å akseptera i stova, og selde godt.  

Ulempene med denne høgtalartypen var lågare effektivitet enn tidlegare, men redninga var på veg: Kraftige transistorforsterkarar. Denne høgtalartypen er framleis dominerande i dag, sjølv om dei fleste er av bassreflekstypen; som kan sjåast på som ein bindelekk mellom dei to typane, sjølv om det etter mi meining er eit klårt steg attende. 

AR 18s

AR 18s er truleg ein av dei siste modellane konstruert av den gamle gjengen. Han er laga etter Edgar si gamle oppskrift: Lukka kabinett og eit enklast mogeleg delefilter, og ein rimeleg pris. Men denne AR har diverre berre eit vinyl-trekt kabinett, sjølv om ein del andre detaljar vitnar om grunnleggjande kvalitet: Eit relativt tungt kabinett for storleiken, eit påkosta basselement (generøs magnet), og bolt/mutter til innfesting i staden for treskruar.

Det er ein ganske liten høgtalar dette, du kunne venta å finna ein 6,5-tommar inni der. Men nei, det er ein robust 8-tommar med generøs magnet, derav vekta. Korga er av simplaste sort (pressa plate) og ganske grovt utskoren, men ho gjer jobben. Diskanten er ein liten kon, slik dei ofte nytta før dome-diskantane tok over. 

Teknikk

Delefilteret har ein einaste komponent: Ein kondensator på 5uF i serie med diskanten, for å verna denne mot bass. So enkelt kan det gjerast, men ikkje enklare: Utan kondensatoren vil diskantelementet brenna opp. Det er ikkje designa for å reprodusera bass. Vanlegvis har basselementet ein spole i serie for å redusera mellomtone og diskant, men ikkje her. Det er “direktekopla”, utan noko som helst filter mellom forsterkar og høgtalar. Dette gjev ein fantastisk detaljert lyd, og dessutan maksimalt høg dempingsfaktor. Eg kan fylgja bassgitaren tydelegare her enn på alle dei andre  høgtalarane mine, inklusive store bassreflekshøgtalarar. Dei lagar berre graut. Bassen går òg forbausande djupt, men er fyrst og fremst jamn, tydeleg og detaljert. 

Berre litt meir teknikk: Kabinettet måler 24,5cm (br) x 42cm (h) x 16cm (dj), ytre mål, og om du trekkjer frå tjukkleiken på kabinettveggane (16mm) og gangar desse dimensjonane får du 11123, dvs eit indre volum på 11 liter. Ein 8-tommar skulle normalt hatt eit kabinett kring 20 liter, men sidan elementet truleg har ein relativt låg Q-verdi grunna den store magneten (overdempa membran) må bassen blåsast opp med eit litt for lite kabinett (høg Q-verdi) for å verta flat. Ein svak men kledeleg fylde i bassen tyder på at kabinettet med fordel kunne vore LITT større. 

Resultat

Dermed har denne vetle høgtaleren ein viss fylde i grunntonane, men er alt for ljos oppover, og det hjelper heller ikkje at diskantelementet, som normalt alltid er meir effektivt enn basselementet, ikkje er dempa med motstandar. Men om du har ein forsterkar eller radio med tonekontrollar, er det berre å skru diskanten ned litt. So går det fint å nyta lyden frå desse småtassane. Dei endar vel normalt i ei bokhylle eller kloss i bakveggen, og dette vil gje lyden større fylde. Den stramme lyden med ein heilt uvanleg presisjon i bassen vil du framleis kunne nyta. Ein liten rakkar, denne, kan hende ikkje godt balansert, men sjarmerande likevel. Eit artig og lærerikt bekjentskap. 

Eg har gløymt å fortelja at høgtalarane var kasta, avdi belgen på basselementa (kantopphenget) av skumgummitypen var smuldra opp, og då får du denne sjenerande fffffrrrrrrrppppp-lyden. Utruleg kva folk kastar! Eg rakk å berga desse, som elles var relativt heile og fungerande. Det var lyd i alle elementa. Eg har limt på nye belgar, denne gongen av gummitypen, som varer mykje lenger. Dei var eigentleg tinga for Tandberg sin 8-tommar, frå Skutle Service (lydshop.no), men uansett, han passa, og var mjuk og fin. Også diskant-konen av papp måtte limast fast att til monteringsplata. Instruksjonar om refoaming kjem i ein seinare artikkel. 

PS. Høgtalarane er til sals. Eg har for mange. 

 

Ølpraten: Jolaøl frå Polet

Beklagar ein litt lang ølprat. Men det er litt spesielt med jol og jolaøl. 

Panelet er som vanleg skrivaren, Lars, Dag og tilfeldig forbipasserande. 

 

7F Falalalalator Christmas Dobbelbock 8%

Mørk og kraftig med overraskande friskt preg seie Lars, trass i masse ingrediensar på etiketten. Litt eple, kaffipreget ikkje plagsomt til stades. 

Berentsens Jule Avec 9%

Småkakeøl. “til nøtter og småkaker, serveres gjerne i konjakkglass”. Kaffi, sviske og alkohol. Veldig kraftig denne òg. 

Mack tradisjonell Julebokk, 9%

Dobbelbokk denne og, ein balansert, fin og harmonisk øl seie Lars. Eg likte han òg. 

Rothaus Eiszapfen 5,6%

Lite her som minner om jolaøl. Me lurer på om polet har sett han i feil hylle. Enkel, frisk, tilnærma industriøl. 

CB 6,5%

Frisk, Godt balansert, bittert mot sødme. Både godt anslag og avslutning. Ein av favorittane trur me. 

Dahls 6%

Klassisk norsk jolaøl, passe søt, snev af frukt (sviske), litt meir anonym på slutten enn CB.

Ringnes juleøl sterk 6,3%

Også denne ein av klassikarane/travarane. Kom på topp i fjor, men får hardare kamp i år. Men absolutt ein god øl, som alltid. Litt ubestemmeleg, treng mogning? 

Hansa Juleøl 6,5%

Etter fleire favorittar var denne likevel ei positiv overrasking, meir smaksrik enn eg hugsar frå i fjor. Fin balanse, godt avstemt, god munnkjensle. Ein god øl. 

Aass Premium Juleøl 6,5%

Kandidat for pallen av dei klassiske. Nydeleg julete smak, fruktig og passe søt. Snop. 

Nøgne Ø Julequad Belgian Quadruppel 12% 

Belgisk gjær. Dag: Luktar jol. Kraftig, men godt balansert. Lars: Smaken er delt mellom aprikos og alkohol. Me likte han uansett. 

Kinn Solsnu 7,5%

Overgjæra ved 18 grader, “fransk gardsbryggeri”. Ikkje so kraftig som over, men likevel nydeleg. D: Lettdrikkelig. Noko heilt annan enn butikkvarianten!

Kinn Tomasmesse 2017, 10,5%

Flaskemogna. Forsiktig ved opning, han har ettergjæra sidan 2017 og skummar over i glede over endeleg å ha vorte opna. Inspirert av belgiske klosterbryggeri. Rund smak trass i mykje alkohol. Forsiktig, seie Lars. Du kan verta påverka. Ikkje kaffi/rosta malt. Mykje godt øl i år!

E.C. Dahls Kong Vinter 7%

D: God balanse. L: Kraftig og rund, Dahls har funne ein fin stil her. Kraftigare enn varianten med ordinær etikett og 6,5% alkohol, men ikkje nødvendigvis betre av den grunn.  

Oslo Brewing Company Voksenjulebrus 6%

“raspberry, ginger and citrus”. Morosam etikett skrivne av Oslo-patriotar. Syrleg, dominert av frukt. På ingen måte ein tradisjonell jolaøl; meir som ein sumarøl. Men kvifor ikkje. Frisk og god alternativ jolaøl. 

Graffs Julejuice 7,5%

Dobbel IPA frå Tromsø. Relativ ljos og meir IPA enn jolaøl. Alternativ jolaøl med dominerande humle, men likavel god og lettdrikkeleg, seier Dag. 

Klokk Juleklokk 2021 8% 

Arendal. Inneheld kveite og rug i tillegg til det vanlege. Kraftig! Knallgod, seier både D og L. “Jol destillert i eit glas” kjem det frå ein av dei, men eg hugsar ikkje kven. Dette er på slutten av økta.  

Haandbryggeriet Bestefar, 9%

God, kraftig, hint av silo? spør Lars. Maltdominert. 

S Julebukk Doppelbock 8%

Salikatt bryggeri i Stavanger. Ingen spesielle ingrediensar. Godt balansert og godt likt av alle. 

 

Ein forsiktig oppsummering so langt: Dei på 6,5% held ein høg og jamn kvalitet. Av dei endå sterkare skåra Klokk, Dahls og S høgt. 

 

 

Siste runde:

Mack God Jul 2022 6,5%

God tradisjonell jolaøl. Snev av frukt. 

Haandbryggeriet Bestefar 9%

stikkord: Kraftig, sterk, kaffi, krydra. Anbefalt for meditasjon framføre peisen. Ikkje anbefalt for dei med panelomn, kommenterer Lars.

Voss Fellesbryggeri Vossajol, 6,5%

Bryggja med sprakalog (einer) og kveik, den vestnorske ølgjæren som no har vorte kjend og er etterspurd over heile verda. Inspirert av heimabrygg-tradisjonane. Godt heimabrygg, kommenterer ein gamal heimabryggjar (D). Relativt turt og ujålete, fritt for jolakrydder. Dette drakk vossingene til jol i gamle dagar, og den dag i dag. Som vossingar veit me å setja pris på denne. Nydeleg. 

Voss Fellesbryggeri Jolagåva 6,5%

Denne er litt meir moderne og med jolakrydder, men framleis overgjæra. D: God til pinnakjøt og ribbe. Godt likt også denne. 

Jåttå fjøsnisse 9%

Kraftig som ei sleggja, seier L. Havre, kveite og kveik. Rein, fruktig smak. Nydeleg. 

Nøgne Ø Nordic Noir 2 Vouvray Edition, 16% (!)

Sjokolademalt og kveik. Har vore lagra på eikefat frå Vouvray. Myrk som stout, kraftig som ein barleywine eller sterkvin, og dyr so da svir. Perfekt til spekjekjøt hevdar L. Du treng ikkje akevitt til denne, han er innebygd.

Midtfyns Bryghus Belgian Christmas Blonde, 7,2%

Tilsett appelsinskal. Ikkje veit eg kva dei et til jol i Danmark, men dette er ikkje ein jolaøl i tråd med norske tradisjonar i alle fall. Men friskt og godt, og høver til sild, egg og ansjos, hevdar Lars, som er litt gastronomisk av seg. Eller til torsk eller lutafisk i nord-Noreg? Det skulle passa saman.    

 

Read 2626 times Last modified on Friday, 09 December 2022 20:19
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items