Wednesday, 21 August 2024 18:16

Ein ikonisk høgtalar, og dampande øl – Stig Arne si dagbok Juli 2024 Featured

Written by

Eg har hatt desse lenge. Eg og Edvin, som budde i kjellaren hjå meg, pakka dei opp i hagen i Gullfjordungsvegen, der eg budde før, på Voss ein solfylt sumardag. Me slepte dei ned frå hovudvegen.

Dette var tidleg på 2000- talet, eg hugsar Edvin sin motorsykkel, Triumph Bonneville 750, sto under altanen, i ly for regnet. Han er motorsyklist, eg er audiofil. Stig Inge kjøpte høgtalarane brukt i Japan, og sende dei til meg. Trur du det hadde gått i dag? Og kva hadde det kosta? Dei er med sine 31 kg pr. stk so vidt mogeleg å løfta åleine, om du ikkje er oppvaksen på ein einbølt fjellgard eller driv med vektløfting. Objekta frå Electrocompaniet, som eg fortalde om i Del 1 i førre dagboka, er praktisk tala umogeleg å lyfta åleine. Eg bikka dei frå side til side langsetter golvet som ein statue frå Påskeøya. 

KARAKTERFULLE HØGTALARAR DEL 2: YAMAHA NS-1000 MONITOR (1974 -  ) 

NS 1000M har legendestatus. Dei er i bruk i mange studio den dag i dag, og i mange heimar. Det er ein av svært få japanske høgtalarar som er “godkjende” av audiofile i vesten, for japanarane har tydelegvis eit anna øyre eller ei anna oppfatning eller tradisjon enn oss om korleis ein høgtalar skal avstemmast. -Berre tull, seier Stig Inge, som bur i Tokyo, men la gå. Av ein eller annan grunn ser det ut til å vera Monitor-utgåva som er den mest omtalte og best likte, jamvel samanlikna med seinare og “forbetra” modellar. Dei var ganske dyre alt i 1974, og kostar no kring 10.000 kroner på bruktmarknaden, i alle fall for eit pent par. For dei er jo eit stilig par! Men sidan Yamaha både var og er ein masseprodusent, var dei likevel mykje rimelegare enn sokalla “high end”-variantar av i dag, og kan difor skaffast relativt rimeleg (brukt), for dei som vil prøva dei ut. Og det bør du faktisk gjera! For dette er high end, med kvalitet i alle ledd. Men som engelskmennene seier: Partner carefully. Høgtalarane vart utvikla på ei tid dei enno brukte platespelarar og analoge kjelder. Om du koplar opp til ein lyst klingande forsterkar og dårlege digitalopptak, vil dei låte som boret til tannlækjaren. 

PS. Det finst og gode digitalopptak. 

KONSTRUKSJON:

Kabinett 

Ei keisam oppramsing av tekniske data kan du like godt finna på nettet. Eg konsentrerer meg om korleis dei spelar. Kort fortalt er dette ein stor 3-vegs høgtalar i lukka kabinett, kring 50 (?) liter innvortes volum; etter ein runde med tommestokken. Kabinettet er 21mm spon pluss kryssfiner, avstiva over alt. Utskjæringa til bassen er limt på bakpanelet! Tyngd og fridom for for resonnansar er hinsides, langt over det vanlege, på nivå med Objekt. Yamaha si målsetjing var utan tvil å laga noko som var betre enn alt anna. Langt på veg lukkast dei. Dei har eigenskapar som den dag i dag ikkje er overgått av andre, og ettertrakta på bruktmarknaden. Men passar dei kresne europeiske øyre, eller høyrer dei best heime i studio? 

Bass

Det er godt kjend at membran og magnet må passa til kvarandre for flat og jamn frekvensgang. Men basselementet i NS 1000 har ovstor magnet, og dette er høgtalarens både sterkaste og svakaste side (sitat zstereo). Det er ikkje ein feil i seg sjølv; det er slik konstruktørane har prioritert. Magnetens stålkontroll over membranet gjer at dei kan tola mykje effekt og spela dundrande høgt, slik ein monitor må, men og at bassen vert for stram, med lite djupbass. Dvs. låg Q og stigande frekvensrespons mot mellomtonen. Bassen er overdempa, og definitivt “tørr”. Dette er ikkje berre min påstand, det står å lesa i mange omtalar. Denne balansen passar ein stove-høgtalar dårleg, om han ikkje står kloss i bakvegg og får hjelp av denne. Men det er ikkje ein audiofil måte å gjera det på. Mine står fritt, for å få eit lydbilete bak og mellom høgtalarane. Då vert lyden slank. Dei er nok designa for å stå kloss i bakvegg. Eg har eit bilete med to Rogers LS3/5A oppå ein NS-1000, og det er ein dryg påstand, men Rogers-ane, med berre ein brøkdel av storleiken og meir som ei skoøskje å rekna, spelar subjektivt omlag like djupt i bassen som Yamaha-ane. Men med berre 5-toms element til å flytta luft kan dei naturlegvis ikkje spela høgt. Det vert som ein reiseradio samanlikna med ein konserthøgtalar. Hoffmans lov seier det enkelt: Du kan få ein høgtalar til å spela høgt, men ikkje samstundes lågt i frekvens. Eller du kan få han til å spela låge frekvensar, men ikkje høgt. Du får ikkje begge deler, utan at elementet/høgtalarane får realistiske proporsjonar, politiet kjem på døra, og kona flyttar ut. 

Merk at det finst ein annan modell til heimebruk, utan etiketten “Monitor”. Denne har brun finer og grill, men er elles identisk, bortsett frå basselementet, som ser likt ut frå framsida, men har eit anna modellnummer. Denne KAN vera betre eigna til heimebruk. Eg jobbar med å finna ut meir. 

Mellomtone

Både mellomtone og diskant har membran av beryllium, truleg det lettaste og stivaste som er å oppdrive. Beryllium er giftig og vanskeleg å produsera, berre dei aller dyraste og beste høgtalarane på marknaden er utstyrte med slike. Ikkje ta på membranet med fingrane. Mellomtonen har den største magneten eg nokon sinne har sett på ein slik. Men sidan denne ikkje spelar bass, er ikkje reglane heilt som for basselementet omtala over. Men stol på at elementet er effektivt og kan spela høgt.

Grunnen til at eg måtte byta det eine elementet, som skildra i tidlegare dagbøker, er IKKJE at det var sprengt, men at ein ledning hadde eira grunna fukt. I fylgje Lars Tørressen i Bergen, som har studert ein del element, kan det vanskeleg gjerast betre. Utforminga er gjort med tanke på kvar minste detalj, og reserve-element er å oppdriva, men svindyre. (Mange drøymer om å byggja ein høgtaler rundt dette elementet). Det er eit slikt element ein monitor må ha, eit som avslører kvar minste detalj i opptaket. Men om du berre er passe interessert i opera, er dette neppe rette staden å starte: Du får ho midt i trynet. 

Diskant

Diskantelementet er utforma med same omsut for detaljar. Sjølv om basselementet på 12 tommar er uhyre effektivt, er mellomtone- og diskantelementa endå meir effektive, slik at dei må dempast relativt kraftig, og dette vert gjort med potensiometer på fronten. Du vil garantert ikkje skru dei opp, for då vil det låte som ei sirene. Etter mykje speling og eksperimentering, har eg funne ut at diskantelementet har rett nivå, og ikkje trengs å skruast korkje op eller ned. Lat det stå i posisjon “Normal”. Det er mellomtonen som er problemet.   

LYTTEINNTRYKK

Eg veit ikkje kor mange gonger eg har kopla desse høgtalarane opp, og ned att, avdi eg ikkje heilt har kome overeins med dei. Men her i fjor ein gong kopla eg dei opp att, for ein grundigare eller til og med endeleg vurdering. Det var jo berre tåpelig å ha slike skattar ståande utan å gjera bruk av dei. Det var ei fasinerande reise. Det let redselsfullt i starten, akkurat som tidlegare. Men denne gongen heldt eg berre fram med å spela, og observerte korleis dei opna seg for kvar dag. Eg veit ikkje sikkert kvifor, men kantoppheng mjuknar, og kondensatorar (delefilteret) formar seg. Innimellom gjev dei meg opplevingar eg aldri har høyrt, når opptaka er gode. Andre gongar berre irriterte dei meg, og s-lydane er framtredande. Og bassen er noko for seg: lynkjapp, heilt rein og totalt uanstrengt, slik berre eit stort element kan.    

Det er ei kjend sak at NS 1000M har frekvensgang som ein utstrekt pyramide, dvs. ein framheving av mellomtonen; medan den omvende karakteristikken (hengekøye) er meir vanleg, og øyrevenleg. Det er difor vanleg å rå til å skru mellomtonen ned til minus 1.5dB, for ein på papiret flat frekvensgang. Andre anbefalar minus 3dB. Eg samtykkjer. Dette er det næraste eg kjem ein nøytral eller akseptabel frekvensgang. Likevel er det som om delefilteret ikkje klarar å sy saman elementa til eit heile, ei heilskapleg musikkoppleving. Det ligg muligens i høgtalarens natur: Det er ein monitor dette. Han dissekerer musikken, det er jobben hans. Men eg er ikkje produsent, eg  ynskjer berre å nyta det ferdige resultatet, men kjenner meg henvist til kontrollrommet. Eg er ikkje på jobb, men slit likevel med å slappa av. Dei lokkar ikkje på meg, dei ropar til meg. Eg kan ikkje setja fingeren nøyaktig på kvifor eller kva som er feil; i so fall hadde eg gjort nokon med det. Dei som verkeleg har peiling vil kan hende gå til åtak på delefilteret, men det har truleg ingen hensikt å berre byta ut deler til andre fabrikat med same verdi, for delene er av høg kvalitet. Muligens må heile filteret tenkast på ny.   

Me har gøymt ein godbit til slutt: NS 1000M har som sagt ein 12-tommars bass i eit lukka kabinett, og attgjevinga av heftige trommeslag i populærmusikk er ei oppleving utanom det vanlege: Alle kjenner "Jump” med Van Halen. Prøv Jump Van Muuren Remix, og etter dette berre ler du av høgtalarar med eitt eller fleire mindre element og bassrefleksopning, slik nesten alle er i dag. Ein fryd, og eit partytriks.   

OPPSUMMERING

Eg prøvde, og gjorde so godt eg kunne, men dette er ikkje ein høgtalar eg vil gifta meg med. Det var ei lette å koma til neste, sjølv om han berre har ein ti-tommar i eit bassreflekskabinett. Det siste vil eg truleg gjera noko med, men det kan du lesa om i Del 3 om ein månad. Uansett vil eg for alltid sakna Yamahaens presisjon og trøkk i bassen, og kjenner meg trygg på at neste eigar vil ha det like moro med dei som eg har hatt. Men det er ei tid for alt, og nye utfordringar ventar. 

PS. Eg har muligens ingen bilete av høgtalarane på lytteplass. Orkar ikkje å flytta på dei. Eit slikt kjem i del 3.                   

Dagens autokorrektur: PA-høgtalar vart til IPA. Som eg og skriv om, men i ølspalta, og det er ei anna skål.  

ØLSPALTA: SMASH!

Nei, me snakkar korkje om tennis eller bordtennis, men dei nye øltypane STEEM BEER og SMASH. 

Slogen Porter 6,8%, Trollbryggeriet, Liabygda, indre Sunnmøre: Lett å drikka til å vera Porter. Ingen kaffi/brentsmak. Nesten for lett. 

Krombacher Weizen 5,3%, Tyskland: Kveitebrygg. Typeriktig, frisk og lettdrikkeleg.

OSLO Brewing Company Steam Beer 5%: Øltypen Steam beer er opphaveleg frå Tyskland, kalla Dampfbeer. Du kan lesa på Wikipedia at han er gjæra på høgare temperatur enn vanleg lager. Du kan og lesa ei skildring på Vinmonopolet sine sider. Vår kommentar er meir nøktern: Smakte som myrk lager. Brukbar, ingen favoritt.

Nøisom Steam Beer “Californian Common” 5,2% frå Fredrikstad minner om OSLO sin tilvarande, sjå over.   

Kinn Smash IPA 6%: Endå ein ny type øl, Smash. Det ser ut til å tyda at ein berre nyttar ein type malt, og ein type humle (Single Malt And Single Hop), i dette høvet pilsner malt og amerikansk Cascade humle. Som det står på etiketten: Det enkle er ofte det beste. Frisk og god; sitrus i smaken. Me likte han. Vellukka tyrstedrikk sumarsdagen.

Endå ein Nøisom, denne gongen i kategorien Smash IPA, med pilsner malt og Citra humle, 6,2%. Kraftigare enn hittil. 

Cervisiam IPA lot 5, Smash (barley pale malt og Mosaic humle), 7%, er endå kraftigare. 

Til Slutt Amumdsen Smash mouth, IPA, pilsner malt og Citra humle: Luktar sveitte, men mildare enn dei over, godt balansert og lettare å få ned. 

Heilt til slutt denne kvelden: Små Vesen halvjævel, 6,66%, Bryggeriet i Valdres. Frå etiketten: “Så seint som på 1800-talet trudde folk at det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet”. Raud belgisk bastardøl. "Denne kunne me drukke pallevis av", vart det kommentert. Lettdrikkelig og godt likt.     

 

  

 

Read 1583 times Last modified on Thursday, 22 August 2024 05:07
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items