Saturday, 11 February 2023 09:50

Utskjelte men populære – Stig Arne si dagbok for desember 2022 Featured

Written by

 

Utskjelte men populære, her kjem ein omtale av eit par gamle, klassiske Cerwin Vega, som eg har reparert. Og so har me hamstra jolaøl, ikkje toalettpapir. 

Kven har ikkje høyrt om Cerwin Vega? Endeleg fekk eg lytta til eit sett. Det var meir lærerikt enn venta. Og endå fleire jolaøl, men der set me strek. 

Cerwin Vega AT-40 (1989)

Eg får meg ikkje til å mislika denne høgtalaren. Ja, han har ikkje noko godt rykte i audiofile krinsar. Eg veit det. Men her er so mange ting å lika. Høgtalaren er gamaldags pen. Han er passe stor, han som ikkje har plass til denne må vera gift. Kabinettet er ikkje meir skranglete enn mange andre, og det har sin eigen fot, til og med med knottar under, noko alle  burde ha. Grillstoffet er limt på ei fint maskinert råme utan fliser og skarpe kantar, og limet held. På dei fleste eldre høgtalarar må eg bruka  tid på å lima løysna grillstoff fast att til råma. Dei har ei viss vekt, so både visuelt og mekanisk gjev dei eit tillitsvekkjande inntrykk, særskilt med tanke på prisen. Eigaren betalte 1500 kr. for desse, nye! Det må ha vore særs rimeleg, sjølv i 1989. For dette er ein stor høgtalar, i alle fall mellomstor. Med tre element, og eit basselement på 10 tommar, er dette meir enn eg har vore van med, og difor spanande. Og eit godt kompromiss. Varianten med 12” bass er større, tyngre og dyrare, og vanskelegare å hysa. Men eg vonar å få prøvd ein slik òg ei gong, for ikkje å snakka om versjonen med 15 tommar! Merk at her er eit skilje mellom amerikansk produksjon og kinesisk. VE-modellane (frå og med?) er laga i Kina og har dårlegare rykte. Om dette er rett eller fordommar kan eg ikkje seia.     

Høgtalarane kom i hus av di skumgummiopphenget til basselementet hadde smuldra, akkurat som på AR 18 s i førre dagboka. Eg tok på meg oppgåva med å “refoama” dei. (Eg lærde i prosessen at refoama og rekona er to ulike ting.  Å refoama er å byta kantoppheng, å rekona er å byte heile membranet (konen) med talepole. Det er ein heilt annan prosess, som eg aldri har gjort. 

Fasefeil 

Då eg skrudde ut basselementet og nappa ut leidningane, noterte eg meg at dei var kopla feil. Raud leidning (+) var kopla til svart (negativ) terminal, og svart leidning var kopla til pluss. Eg tenkte at det KAN vera nokon som har vore inni her, og kopla feil. Det kan også vera rett, om produsenten med vilje har snudd fasen på basselementet. Det er ikkje uvanleg, av di komponentane i delefilteret (spolar og kondensatorar) endrar fasen.  

Men då eg opna den andre høgtaleren, og denne var kopla rett, kjende eg meg ganske trygg på at den fyrste var kopla feil. Men eg let han vera slik inntil vidare, og overlot avgjersla til lyttetesten etter at begge var refoama.    

Lytting

Prosessen med å byta kantring kjem eg attende til neste gong. No har eg levert høgtalarane attende til eigaren, men før det lytta eg ei stund til dei, nok til å danna meg eit bilete av lyden. Før eg gløymer det, vil eg gjerne vidarebringe det eg opplevde. 

Etter oppkopling var det ganske lett å høyra at basselementa var kopla feil. Stereoperspektivet var forvirrande og ustabilt; vandrande medan eg gjekk rundt i rommet. Det er ubehagelig. Men bassresponsen var mindre påverka enn eg trudde, så eg sette høgtalarane tettare saman, og då var det openlyst. Bassen var nesten borte. Det som hender når du koplar den eine feil, er at det eine elementet slår utover (på eit positivt signal), slik det skal, medan det andre slår innover. Mao, det eine skubbar, medan det andre dreg, og det fører til utslokning av bassen. Etter at dette vart korrigert, spelte høgtalarane som dei skal. 

Bassen var no tett, turr og uvanleg presis til å vera frå ein bassreflekshøgtalar. Mellomtonen var diskutabel, medan diskanten var fint tilbaketrekt. Om du studerer bileta, vil du sjå at basselementet er av ei anna verd. Tydeleg påkosta og av høg kvalitet. Kraftig og stabil korg med medium stor magnet, slik at elementet muligens kan eigna seg like godt i lukka kabinett som i bassrefleks, for dei som vil eksperimentera. Mellomtone-elementet er av meir ordinær kvalitet, og korga har berre to opningar, mot normalt fire, og desse to er dekka av  stiv filt. Korga er med andre ord i praksis lukka, og sitt eige kabinett. Det finst intet eige kabinett for mellomtonen, og det er uvanleg (om ikkje elementet er dome). Då bør korga vera dempa med noko på innsida, men det kan me ikkje sjå frå utsida. Om dette ikkje er gjort, kan det eit stykkje på veg forklara at mellomtonen ikkje er høgtalarens sterkaste side. Men det kan jo og ligga i delefilteret. Om høgtalaren var lukka, kunne det gått ille med mellomtone-elementet. Det kraftige innesperra trykket i kabinettet hadde truleg blåst filtputene i mellomtonekorga til helsike, og øydelagt membranet. 

Diskantelementet er heller neppe produsenten sin, det liknar noko eg har sett frå Peerless eller tilsvarande. Det har ein heller liten magnet, og det er nok grunnen til at det spelar passe høgt. Det har truleg ikkje vore turvande å dempa det i delefilteret, og lyden vert desto reinare. Eg fann ingenting å peika på i diskantområdet, sånn i farta. Det har rett nivå. 

Eg ringde eigaren, og spurde om feilkoplinga av det eine basselementet. Det må ha skjedd for 12-13 år sidan, seier han, då ha måtte byta eit diskantelement. Han har i same slengen skrudd ut basselementet av rein forvetenskap (nysjerrigheit for dei austante). Og slik har han spelt i ti år, utan å merka noko. Han er ingen audiofil. Og so lenge høgtalarane har stått relativt langt frå kvarandre (3m), har han ikkje reagert. Han er ikkje den einaste. Eg besøkjer stendig folk som har kopla høgtalarleidningane feil på terminalen på baksida, noko som var umogeleg når me hadde dei gode gamle DIN-pluggane. Snakk om framsteg! Skumgummi-kantane gjorde høgtalarane uspeleleg for om lag 3 år sidan. Då har dei altso vara i 30 år. Ikkje verst. Og 30 år er bra, men ikkje evig. Eg får ikkje sova om nettene med tanke på kor mykje utstyr som vert kasta, grunna ting som enkelt kan fiksast. 

Meir lytting

Som sagt, eg lytta litt til høgtalarane undervegs i prosessen. Og då eigaren kom for å henta dei, ville eg demonstrera at dei fungerte. Eg sender ALDRI noko frå meg før eg har dobbeltsjekka at alt funkar, og demonstrert dette for eigaren eller kjøparen. Eg sette på ein dertil eigna låt, skrudde godt opp og fekk gåsehud. Lyden er open og tydeleg, bassen er intet mindre enn fantastisk, overgangen til mellomtonen eksemplarisk, berre øvre mellomtone kan vera gjallande. Som sagt, det er ikkje ein hifi-høgtalar dette her. 

Etter at AT 40 hadde “left the stage”, for å seia det med Michael Jackson, hadde eg ledig plass til ein liknande høgtaler, Dali 7. Det er også ein 3-vegar med 10” bass. Dette sette tinga i perspektiv. No hadde mellomtone og diskant hifi-kvalitetar, men ikkje bassen. Eg hadde rekna med framsteg på alle plan, men no var bassen mindre presis, overgangen til mellomtonen meir rotete, og lyden i verste fall mindre direkte. 

Det er vel denne eg vel å leva med i det lange løp, men eg saknar alt Cerwin-ane. I fylgje internett er dei kjende for den oransje kantringen, evna til å spela høgt og den detaljerte bassen, og det siste kan eg skriva under på. Dei sette namnet sitt på høgtalarkartet tidleg, då dei ved hjelp av eit patentert system (Sensurround) laga “jordskjelvsbass” til filmen Earthquake (1974) og seinare andre, ved å leia frekvensar på 25 og 35 Hertz i sirkel (tilbakekopling). Dette førte til at fleire kinoar i USA, sokalla theaters, fekk skader på bygningane, og fleire av dei måtte hengja opp nett for å hindra at publikum fekk takplater og denslags i hovudet; og salet av subwooferar tok av. Det er ikkje rart at desse høgtalarane har sine tilhengjarar, sjølv om dei langt i frå er perfekte. Eg leikar alt med tanken på å skaffe meg eit par gamle Cerwin-element og bruka dei i noko eg kan koka i hop sjølv. Ikkje bli forbausa om du ser eit par slike i eit kabinett dei aldri har vore før. 

Notar og unotar

Voss Jazzklubb har alt helde to konsertar i det nye året; Draumkvedet, og Friends and Neighbours. Ytterlegare to konsertar er rett rundt hjørnet: Arnesen / Trøen Kvartett (1. feber), og Uttrågata Blueslag (4. febr) - med plateinnspeling. Og 15. febr. spelar UNAMNA. 

Dei som vil lesa seg opp på kva Draumkvedet er for noko, skal søkja opp salt peanuts på nettet, der Johan Hauknes har fått med seg nesten heile soga bak. Draumkvedet er forteljinga om Olav Åsteson som jolaftan fall i ekstatisk svevn og ikkje vakna opp att før trettandag jol. Då rir han straks til kyrkjes for å fortelja om «draumane mange». Du skal ikkje sjå vekk frå at det kan ha vore større mengder heimabrygg og enda sterkare ting involvert som har ført til desse hallusinasjonane og "reisa gjennom dødsriket", men det er ei anna sak. Uansett framførte Berit Opheim (vokal) dette visjonsdiktet/middelalderballaden/folkevisa i sjølvaste Vangskyrkja trettandagjen, med Per Jørgensen på trompet og vokal, Karl Seglem på bukkehorn og elektronikk, og Sigbjørn Apeland på trø - og kyrkjeorgel. Nyskapt musikk, umisseleg, i fullstappa kyrkje. Ikkje favorittlokalet til ein ateist, men likevel gripande. Stundom lyt prinsippa vike.  

Alt før den tid, i desember, som denne dagboka eigentleg handler om, heldt dei lokale heltane våre SLOMOSA konsert i eit ledig lokale i Elvegata 3, tidlegare tilhald for Fretex og Voss Kontorforum. Pallebar og pallescene, men ungdomane let ikke til å bry seg. Ikkje det mest inviterande, men uformelt so da held. Verda er ikke so stor som ein kunne tru, eg kjenner samtlege medlemer i denne gruppa, gjennom andre i familien. Benjamin Berdous (gitar) er den naturlege leiaren og forgrunnsfiguren, utan å gjera større nummer av det enn å setja seg og spela gitar på den framste monitoren på scena, kloss i publikum. Dei lyse tonane frå gitaren hans står i fin kontrast mot den myrke og massive bakveggen av lyd. Etter omfattande turnear i Europa saman med gruppa Stoner i -22, har dei opparbeidd seg rutine og ro som ligg tjukt utanpå. Nabo Tor Erik Bye trakterer gitaren med eit blikk fullt av sjølvtillit, Jard Hole på trommer legg ein tung rytme i botn på alle låtane, og sjølv om alle er langhåra headbangarar er bassisten Marie Moe (tidlegare Razika) likevel den mest overtydande av dei, med sine levande rørsler og halvlange hår. Sjangeren er skildra som ørkenråkk, (på engelsk rock, etter den norske råkken). Tett, tungt og drivande. Gode låtar. Sjølv om dette streng teke ikkje er min sjanger, nyt eg det i fulle drag. Eg har vore på mange konsertar med dei etterkvart, og vert ikkje lei. Det er so feitt at du nesten må svelgja det ned med akevitt. “Og da setter vi over til -"  

Ølpraten

Lars er ustoppeleg, han har vore på -Polet att og funne fleire jolaøløl me ikkje har testa. So kjære lesar, hald ut med oss medan me jobbar oss gjennom endå 12 øl - om redaktøren tillet. So skal me ikkje nemna eit ord meir om jolaøl på eit heilt år. Omtalane kan forsvarast med at det framleis er jolaøl att i butikkane, og dei smakar best til påske. Krig eller ikkje, hamstra jolaøl, ikkje toalettpapir. 

Amundsen Barrel Aged Upside Down Christmas Pastry

Ja desse Amundsen likar å ta han heilt ut. Luktar sjokolade, og smakar slik og, seier Dag, tydeleg overraska. Nok med ein, seier Lars. 

 

RED IPA

Kraftig humla, men likavel godt likt. Munnkjensle av malt i tillegg til humle. 

 

7F Hans Gruber Xmas IPA

Lettdrikkeleg og frisk. Men ingen av oss ville hatt han til pinnakjøtet. Betre som akevitt eller til akevitt. 

 

Grunerløkka Brygghus Løkka Jul 6,1% mørk ale 

Dominerande kaffi-anslag, men elles god. Bra munnkjensle og ettersmak. 

 

Amundsen Missiltoe

Tvilsamt ordspel med tanke på krigen i Europa, men elles var denne nydeleg fruktig med framtredande kirsebærsmak. Men meir sumarøl enn jolaøl. 

 

Kinn Julefred Scotch Ale 6,5%

God, klassisk jolaøl. Kinn veit kva dei held på med, seier Dag. Nydeleg og balansert, samstemmer Lars. 

  1. Utan bilete. Og ikkje alle har eg alkoholprosenten på, sidan flaskene vart rydda vekk etter bilete. Du skulle sett kjøkenet mitt.  

 

Nøgne Ø Svart Jul Tropical Christmas Stout 10%  

Til julekaker! "Black Metal øl", kom det frå panelet ein stad. Veldig kraftig, men og med ein god frukt-tone.

 

7F Dont be elfish Imperial Christmas Pastry Stout, 10%, haldbar til 2026! 

Søtare, mildare og rundare enn mange stout, men ikkje so kraftig som mange småkakeøl, trass i høg alkoholprosent. 

 

Birra Del Borgo 25 Dodici, 8%

Italiensk. Rein fruktig smak, eg anar eit kontinentalt preg, og belgisk klosterøl. Har likt han godt eller passe godt før om åra, i år var han knallgod. Ein personleg favoritt. 

 

Færder Gull, Røkelse og Myrra, 8, 7 og 6,5%

Tunsborg (Tønsberg). Morosame etikettar! Gull er balansert og fall i smak. Røykjelse er turrare, meir som ein stout. Og Myrra er meir som ein myrk lager (Lars). Fruktpreg. I år likte me Gull best. 

 

Tya Juling Juleøl (4,7%)

Frå Øvre Årdal. Butikkøl. Sidan han er avbilda, må han med, men eg finn ingen kommentarar på han. Beklagar! Fantastisk etikett med dikt og det heile. Prøv! 

 

Read 3055 times Last modified on Saturday, 11 February 2023 11:43
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei