Monday, 27 November 2023 16:58

Smått er ikkje godt – Stig Arne si dagbok oktober 2023 Featured

Written by

Eg nyttar ein triveleg kveld i Fredrikstad før Horten-messa med Karl Erik og Arve som bakgrunn for å forklara litt om kva eigenskapar eg meiner eit godt stereoanlegg bør ha. Og i november kom jolaølet både til polet og butikkane, og dette vil nok prega ølspalta ei stund. 

Tida går i ei svimlande fart, det er berre so vidt klokkene klarer å halda fylgje, jamvel dei sveitsiske, som er heilt ko-ko. For ikkje lengje sidan var det Osa-festivalen som tok heile helga, denne gongen var det Heidrafest, ein årleg cover-festival (som eg heldigvis ikkje har nokon avtale eller planar om å referera i frå). Vekedagane går og som ein røyk, det er so vidt eg klarar å halda meg ajour med avislesing, oppvask og rydding. Og brått er det tid for ny Dagbok. Det er travelt å vera pensjonist. 

Fredrikstad

Attende til Fredrikstad. Som redaktør Karl Erik skreiv i sin del av rapporten, har det vorte ein tradisjon at me har hatt samling torsdagskvelden i sumarbustaden hans i Fredrikstad, som eit “førespel” før me reiser vidare til Horten. Kall det gjerne teambuilding med hifi-verkstad! Det kunne jo eg og for så vidt ha teke med i reportasjen min, men det tenkte eg ikkje på i farta, so då var det jo veldig greitt at K E tok den jobben. Karl Erik er jo ein disiplinert og grundig mann, og skreiv ein mykje meir utfyllande reportasje frå Horten enn meg, som brukar meir tid i restauranten. I Fredrikstad starta me med lytting til K E sine nyinnkjøpte (brukte) B&W 685, har han ikkje nok småhøgtalarar? Men han mangla visst denne i samlinga. Greitt nok. Eg har sjølv nokre sett (men andre modellar). Karl Erik summerte korrekt opp at me hadde hatt ein hyggjeleg og lærerik kveld, og koste oss storleg med god musikk, mat og drikke.

Men lat meg få lov til å spinna vidare på eit par ting. Ja, det spelte godt med B&W 685 prisen tatt i betraktning, so langt er alle samde. Men her vil eg kommentera. Eg kjenner desse høgtalarane, ein kamerat heime har eit par.  Eg har studert frekvensgangen (i dei magasina som har testa dei). Og denne er ikkje like rett og nøytral som tidlegare tiders B&W. Han har ei heving frå mellomtonen og opp. Dette gjev klår lyd, men kan og verta litt for mykje av det gode når du skrur opp. Det kan verta kvasst. Det var dette eg ville prøva ut når eg stadig skrudde opp, og K E skulda meg for å vera “tung på labben”. Ja, eg er generelt litt tyngre på labben enn K E og Arve, men her skrudde eg altso med vilje opp til lyden sprakk og K E og Arve hoppa i sofaen. Dette er eit triks eg brukar for å testa korleis stereoanlegget oppfører seg på full vreng. 

Smått er ikkje godt

“Small is beautiful” er ein filosofi me kan stilla oss bak. Men det gjeld etter mi meining ikkje høgtalarar. Eg har tidlegare kritisert dei av di dei ikkje klarar å spela høgt og uanstrengt. Dei har rett og slett for små basselement. Dei er ikkje effektive, dei kan ikkje spela høgt, og heller ikkje djupt. Dei kan på ingen måte atterskapa dynamikken og dramatikken frå instrumenta, eller frå konsert. Eg vil ikkje kalla slikt for hi-fi i det heile! Den kritikken står eg ved, og har (relativt nyleg faktisk) gått over til større høgtalarar, og ser meg ikkje attende. Småtassane er til sals eller vert kasta. Evt. tek eg vare på gode element for å kunne nytta dei i andre samanhengar, som reservedelar eller i større høgtalarar, då assistert av ein stor bass i bånn (10-15”). 

Målt In-room frekvensrespons fra B&W 685 i peisestua i Fjellgata 17, Oslo

Ja, lyden sprakk. Høgtalarane klarte ikkje meir og hylte som grisen til Odd Nordstoga, sjølv om dei ikkje skal slaktast. Og kan hende likte heller ikkje forsterkaren å spela høgt.

Og her er me ved poenget mitt, som eg freista å formidla til Karl Erik og Arve: Eg har brukt mykje tid og krefter på å setja saman eit anlegg som oppfører seg sivilisert heile vegen opp. Høgtalarane må vera store og effektive og heilt utan heving i frekvensgangen mot mellomtone og diskant, slik at dei kan spela høgt og uanstrengt sjølv med ein liten forsterkar. Og forsterkaren må kunne spela til maks utan å låta hardt. Sjølvsagt kan ein ikkje forlange dette av små høgtalarar, og mange har heller ikkje trong for å spela særskilt høgt. Men om slike små høgtalarar er godt balanserte, skal også dei kunne spela til maksgrensa eller nær utan å skrika. 

Ja, det byrjar vrengja i anlegget mitt òg når eg skrur godt opp. Men då er det  ganske høgt. Og det skjer på ein udramatisk måte. Det berre byrjar skurra, eg skrur ned, og ingenting er øydelagt. Det er elles ikkje uvanleg at ungdomane i huset sprenger diskantane på heime-aleine-festen.  

Det betyr ikkje at anlegget mitt spelar betre enn andre sine. Kan hende tvert om, sidan det heilt konsekvent er sett saman av gamle og rimelege deler. Men det spelar slik eg vil ha det. Eg vil kunne nyta musikken, og ikkje måtte venta nervøst på at det går til helvete ved neste crescendo. Eg føretrekkjer dreiemoment framføre turtall, og musikalitet i staden for analyse.  

Overkomplisert og overprisa skrap

Lat meg elles leggja til at eg på ingen måte pressa Karl Erik til å kjøpa nye høgtalarkablar. Poenget er at dei han hadde var terminert med spader, og ikkje enkelt kunne terminerast om til bananpluggar, som me trengte for å kopla til eit sett Rogers LS3/5A. Me kjøpte installasjonsleidningar dagen etter i ein vanleg jernvarebutikk, strippa dei for ytre staffasje og skrudde på bananar. Det var den kjappaste, enklaste og billegaste løysinga. Pluss at eg meiner at det og er den beste for lyden, men det er no ein annan diskusjon, som me kan ta seinare. I mellomtida kan overskrifta stå som ein indikasjon på kva eg meiner om ein del kablar. 

 

Ølspalta: Jolaøl, sterkøl frå Polet

Jepp, det er den tida på året, og me var som vanleg mellom dei fyrste i “butikken” etter at det ryktast at joleølet var kome. No er kjøkenet alt fullt av tomme flasker og boksar, som må omtalast og fotograferast før eg kan rydda dei vekk. Me byrjar i ein ende og fylgjer notata slavisk, elles vert det berre rot. So får det våga seg om rekkefylgja ikkje alltid er i tråd med naturlege  kategoriar. Og du kan berre gløyma å leita etter lette eller alkoholfrie variantar. Slikt interesserer oss ikkje. Forutan meg sjølv er panelet Lars, med Dag og Tore av og på. Sume av oss bryggjer sjølv. Me set pris på det meste, frå den lysaste pils til den myrkaste bokk, men ekstra sterke og søte “småkakeøl” får sjeldan god omtale. 

3 frå Kinn, Florø:

"Ei venleg jolahelsing", seier L om Solsnu (7,5%). Mild og fin (fransk gardsøl). “Me senka jolafreden i Drøbaksundet, no kan Olav Osteson gå øve Gjallarbrui” proklamerer Lars til Kinn Julefred Scotch Ale 6,5%. Han er i støtet no. Favoritt. Kinn Julebukk 9,5% er kraftigare enn Julefred, men ikkje betre av den grunn. Litt “hard i hodne”. Men Kinn har verkeleg levert i år. 

3 frå Nøgne Ø, Grimstad

Litt kantete, og bitter ettersmak er L sin dom over Ø Imperial Red Ale (8%). Meir som ein IPA enn jolaøl. 

Ekstra God Jul Belgian Strong Ale er med sine 15,5% kraftig og usannsynleg søt, eit godt døme på småkakeøl.

Om Julequad Belgian Quadrupel (12%) har me notert “utruleg god, men i ein klasse for seg" (grunna styrken). Kan avansera til seinare omgangar.    

Andre:

“sterk jolagåva frå sjølve Voss” (6,5%) er skøyaren Rune Midttun sitt bidrag til jolafeiringa, frå Voss Fellesbryggeri. Munngodt. Ingenting å ikkje lika. 

Ægir Nissebokk (7%) var også god, og med JULEKULA (9,5%) frå Wettre Bryggeri, 1392 Vetre går Lars heilt av skaftet. "Vanvittig god", med tydeleg smak av sviske. Kinn Juling Barrel-Aged Strong Ale 11,5% sparkar kraftig. Høg prosent.

Neste gong

Eg vart ikkje ferdig, har meir på hjartet. Men det lyt venta til neste gong, elles vert denne dagboka for sein. Eg skal klara ein til før jul. Me talast.

Stig Arne   

Read 2827 times Last modified on Sunday, 03 December 2023 18:45
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items