Saturday, 02 April 2022 19:32

PÅSKEKRIMINELT - Stig Arne si dagbok februar 2022 Featured

Written by

Velkomen til ei Dagbok full av påskekrim! Fyrst om ein CD-spelar du truleg aldri har høyrt om, og i verste fall heller ikkje får tak i, og dinest ølspalta, med eit kriminelt godt påskebrygg. Og litt info om årets Vossajazz, den fyrste på fleire år som vert avvikla i palmehelga, som normalt.

XENON CDH-O5F NATURAL SOUND AUDIO COMPACT DISC PLAYER

Kven i helsike har høyrt om Xenon? Ikkje eg i alle fall. Eg oppdaga han på BRUKT´N, vår lokale bruktbutikk på Voss. Alt du ikkje har bruk for finn du der. Men spelaren såg fin ut, og hadde veldig logisk og stilig layout på betjeningsknappane, so eg fatta interesse. Me kopla han til bak disken, og fekk ljos i displayet, og etter lettare tvang gjekk plateskuffa ut og inn. Eit godt teikn, og grunnlag for å gå vidare. Eg tok han med meg, etter avtale om at eg i fyrste omgang berre skulle sjekka om han virka. 

Sidan eg ikkje veit noko som helst om denne spelaren, må me ty til Google. Mellom masse treff på ljospærer og denslags (Xenon er eit ikkje-metallisk grunnstoff med atomnummer 54 og kjemisk symbol Xe (ofte nytta i blitslampar og ljos til bil) so veit me det) fann eg etter kvart heimesida, Xenon.ph, og kor i helsike er ph? Det synte seg å vera Filippinene, kor verksemda vart grunnlagd i år 2000, til produksjon av diverse elektronikk, som multimedia-høgtalarar og DVD-spelarar (i starten). Eg fann ingenting om den aktuelle CD-spelaren, og heller ingenting om utanlands distribusjon, so eg mistenkjer at spelaren kan ha vorte teken heim av ein sjømann. Og so fann eg ein på e-bay. Kjøp!

Vel heime sette eg han berre oppå ein annan CD-spelar eg har kjøpt brukt, og heller aldri lytta til, ein halvgamal rimeleg philips CD 618. Ein kveld nyleg fann eg ut at måtte få gjort noko, sette begge til oppvarming og leitte fram Mark Knopfler “Tracker”, som eg ikkje har høyrt på ei stund. Eg spelte gjennom heile plata via Xenon (minus eit par av dei kjedelegaste spora), deretter same prosedyre på Philips-en, og til slutt Xenon att. Altso ein “klassisk” A-B-A-test. Det let godt via Xenon (eg hadde på dette tidspunktet ingenting å samanlikna med). Eg koste meg, og henta fram ei ny øl til Philips. Det let framleis ok, reint og klårt, men det var noko som mangla. Lyden var meir mekanisk og mindre levande. Romantikken var liksom borte. Eg kjende at eg byrja å myssa litt interessa for musikken. Tankane byrja vandra. Eit dårleg teikn. Eg måtte konsentrera meg. Etter å ha kopla opp Xenon att, tok det berre få sekund å stadfeste det eg eigentleg alt hadde funne ut: No var magien på plass att. Stemma til Knopfler var myrkare, rundare og meir levande, og lydbiletet større og djupare. Alle instrument let meir naturleg, utan betoning. Mindre pressa, mindre piggtråd, mindre forvrenging. 

No kan du spørja kva som er interessant med å søla vekk tid på å samanlikna gamle CD-spelarar, no når alle  strøymer i staden. Vel, eg hadde dei no ståande. Og om eg ikkje ville gjera noko med dei, var det jo berre å levera dei til gjenvinning. Men hobbyen min er jo å lytta til ting, dyrt eller billeg. Du veit aldri kor du finn ein juvel. Og Xenon er verkeleg ein juvel. Eg har tidlegare hatt god erfaring med Philips-spelarane og deira teknologi, men CD-618 lever ikkje opp til forventningane. Xenon leverer lyd på eit heilt anna nivå. Det er tilsynelatande “noko billeg drit”, han er enkel og lett (4,5 kg). Men han har eit hjarte av gull. Han vert no ståande oppå ein annan spelar for neste utklassingstest. Og grunnen til at eg alltid har ein stabel med CD-spelarar, er at me har hundrevis av CD-plater og må ha noko å spela dei på, den kvelden du gjerne vil spela favorittmusikken din på noko med høgare kvalitet enn Spotify. Dessutan vert eg stadig kontakta av folk som spør “Stig, CD-spelaren min har teke kvelden. Har du ein til sals?"  

PS. Bakpanelet seier Made in Japan. Som Stig Inge seier, filippinarane har neppe denne teknologien, det er det Philips og japanarane som har. Eg har tenkt at Xenon er ein freistnad til å likna på Denon (som Sanyo hermar etter Sony). Men frontplata seier “Natural Sound”, som leier tankane mot Yamaha (Natural Sound Systems), men innmaten har berre IC-ar merka Hitachi, Sanyo, Burr-Brown og Mitsubishi. So kven som har skrudd saman denne er framleis ei gåte, for meg i alle fall. Men innmaten er ryddig og robust. Alle lus (“jump wire”) ser ut til å vera sett inn med eit lag lakk eller plast for å unngå korrosjon/eiring. Det kan eg ikkje hugsa å ha sett før. Nydeleg! 

Uansett har dette vore ei interessant reise. Og han er pt. ikkje til sals. "My precious!” Bevares, eg har både dyrare og vonaleg betre CD-spelarar slengande rundt i kring,  men det er ei eiga glede ved å finna noko som både er billeg og godt, mot alle odds. Og det er ikkje slik at eg samlar, men gode ting tek eg vare på.   

VOSSAJAZZ 8.-10. APRIL 2022

“Vyrde Vossajazz-ven” skriv festivalsjef Trude Storheim på tradisjonelt vis på andresida i programmet. Vossajazz går av stabelen for 49. gong. Det førre pressebeviset mitt er frå 2019! Jo, det vart Vossajazz i fjor og, men eit utsett program på hausten, og då var ingenting som normalt grunna Korona, og me fekk heller ikkje det tradisjonelle pressekortet. Det får eg vonaleg i år! Sjekk programmet på vossajazz.no. Du kan kjøpa einskildbillettar til dei fleste konsertane. Eller du kan kjøpa huskort fredag og laurdag, som gjeld alle konsertane på Park den kvelden. Eller Dagskort, som gjeld alle konsertane den dagen. Eller Festivalpass som inkluderer alt, so slepp du tenkja meir på det. Me råkast!     

PÅSKEKRIM

Ikkje før julestria er over og dermed den store og utmattande juleøltesten, so kjem påska, og brått har eg og Lars teke på oss jobben med å presentera ein "test" av dei påskebrygga me har kome over. Ikkje noko kriminelt med det. Måtte berre laga ei fengjande overskrift. Det var ikkje noko stort offer, bevares, me hadde nok drukke dei uansett. Tre sortar har me prøvd ut so langt, den til venstre i biletet er frå samlinga i kjellaren, ho er frå 1998, truleg kjøpt på Voss Handelslag, no Spar. Det var muligens det fyrste påskebrygget eg drakk, men denne er uopna. Året etter kom det på boks, gul, mykje som Tuborg-boksen på biletet. Seinare forsvann det og har ikkje kome att. Det er faktisk litt kriminelt.  

Me byrjar frå høgre: Ægir Palmesøl, “påskeweizen”, 5,5%, ein Hefeweizen i tysk stil, med andre ord kveitebrygg. Skal vera fruktig i fylgje boksen, men var ikkje so veldig fruktig, heller ein aning dvask. Me ser ubestemmeleg på kvarandre. Wir sind nicht verliebt. 

Tuborg God Påske! Påskepils, 4,5%, produsert av Carlsberg og distribuert av Ringnes. Både ser ut som og smakar som ein myrk lager. Godt drikkande, men ikkje like fyldig og god som Tuborg Juleøl var. Påskebrygg skal tydelegvis ikkje vera like kraftige som juleøla. 

Nøgne Ø God Påske, Golden Strong Ale, 7,5% er naturleg nok vinnaren. God balanse, passe kraftig, og med mykje smak. Særs smakeleg. Belgisk golden ale med kveite og belgisk klostergjær. Høver til fjørkre og skaldyr i fylgje etiketten, men me likte han eg og han Lars òg. Han er jamvel eksportert til Amerika, med klår åtvaring frå styresmaktene der over at han ikkje må drikkast av gravide (kvinner). Men det har eg ikkje vore på ei stund, so då tenkjer eg at det er trygt. God Påske!

 

Read 3072 times Last modified on Saturday, 02 April 2022 19:59
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items