Wednesday, 09 February 2022 06:32

Om littavkvart – Stig Arne si dagbok desember 2021 Featured

Written by

Godt år folkens! Det er alt slutten på januar, i skrivande stund, og på tide å skriva desember-dagboka.  

Eg har hovudet fullt  av tankar, og som vanleg mange lause trådar, men har ikkje klart å sortera ferdig. Difor skriv eg som vanleg det som ligg nærast, og som tek minst tid å skriva ut, for å få det ut or hovudet. Eg kjenner at eg har nytta den orsakinga før.   

NAD

Uansett: Eg har framleis ein Nad 3300 oppkopla, omtale må venta til neste utgåve. 

AUDIOQUEST:

Eg har ei stund nytta Audioquest sine miniatyr-dac´ar, mellom Mac-en og stereoanlegget. Enklare går det ikkje an å gjera det. Eg har brukt den nye blå, kalla Cobalt (kring 3500,-), men har og lånt naboen sin Red (1500), for å samanlikna. Eg las nemleg om ein som antyda at den raude var vel so “liquid” i mellomtonen som den blå, og dermed var gloa tent. Eg måtte sjekka, sidan “alle” testane seier at Cobalt er best.

Eg har alt gjort meg opp ei meining, men vil ikkje ut med noko før eg har dobbeltsjekka. Skal kopla opp ein annan forsterkar, og nytta same musikken som sist, og annan musikk i tillegg. Eg prøver å vera både grundig og systematisk, ikkje for å skryta, men for å gjera ein best mogeleg jobb, innanfor rimelege grenser. Og for at eg skal kunne stå inne for resultatet. Full omtale kjem.  

NRK OG DENSLAGS

Eg har kabel/fiber inn til huset, og abonnementet til 999 kroner månaden tek seg av både TV og internett. Eg har nyleg fått ny boks mellom ruteren og fjernsynet, og med denne kan eg no “spola" bakover, i fall det var noko eg ikkje heilt fekk med meg. Evt. sjå eit heilt program i reprise/optak - om det ikkje er for gamalt. Det er utruleg praktisk. Om eg har gløymt meg, og klokka brått er ti over ni, er det berre å spola attende ti minutt, so får eg med meg heile nyhende-sendinga frå starten. Om du óg har prøvd dette, har du sikkert lagt merke til at lyden er utruleg mykje dårlegare (når du er bak sanntid). Han er ein heil del lågare, det går det an å kompensera ved å skru opp, men lyden er framleis veldig innpakka. Truleg skuldast dette boksen, og ikkje Nrk. Uansett gjer dette fenomenet det heilt uinteressant å ta opp lyden frå ein konsert på kassettspelar, om det ikkje går direkte/i sanntid. 

Elles har eg berre godt å seia om Nrk: Når sportssendingar går parallelt på Nrk og kanalar som TV3 og TV Norge er det påtakeleg mykje betre lyd frå kommentatorbua til Nrk. Og dette altso dømt ut i frå ein heilt vanleg 40-tommar flatskjerm frå Sony. Prøv sjølv. Eg dømde ut i frå eit storslalåmrenn 8. januar.  

Når det gjeld radio (internettradio på Mac` en) oppstår eit liknande problem. I sanntid kan lyden vera riktig god, som når t.d. Nrk jazzklubben sender live frå konsert. Oppløysinga skal då visstnok vera 200kbps, og det høyrest lite ut (MP3 er 320 og CD 1440), men lyden kan likevel vera god om opptaket er godt, takk vera at lyden går rett frå mikrofonane og “på lufta”. I opptak skal lyden i prinsippet vera den same i fylgje Nrk, men det er han ikkje. Skilnaden er ikkje like tydeleg som i dømet over, men han er der. Lyden er ikkje like tydeleg, uanstrengt og levande, og heller ikkje like dynamisk. Eg har tidlegare lansert ein teori om kvifor, men vil heller koma attende til dette når eg veit meir. Om du vil ta opp på kassett, gjer det i sanntid.   

DESS FLEIRE APPARAT - DESTO BETRE LYD?

Stig Inge, som eg diskuterer hi-fi med heile veka, var på vitjing hjå ein audiofil. Han hadde masse fint og dyrt utstyr, separat phono-steg, forforsterkar og effektforsterkar, og store gode høgtalarar. Det let ikkje godt, kunne han fortelja. Og dette er noko som både Stig Inge og eg støyter på ofte. Dess meir du deler opp anlegget, desto større er sjansane for at nokre av delane ikkje passar saman. Dei ulike apparata må passa i lag, både med omsyn på nivå, dvs. forsterking/kor høgt dei spelar, og impedans. Og dess fleire kablar og koplingspunkt, desto ringare lyd. Og ta for all del straumen til heile anlegget ut frå same uttaket på veggen. Bruk evt. ei “padde” for å få plass til alle stikk-kontaktane.   

Eg kopla ei gong opp ein Conrad Johnson PV 10L forforsterkar til ein Nad 2200 effektforsterkar. (Biletet syner CJ oppå ein Nad tuner; separat bilete av Nad 2200) Eg fekk aldri god lyd av denne kombinasjonen, sjølv om denne C-J har godt ry. Og Nad-en er kan hende ikkje mellom dei beste, men ikkje ubrukeleg. Men det fungerte berre ikkje, uvisst av kva grunn. Eg trur ikkje eg gidd å forska på det heller, for Nad-en gjekk til helsike, og CJ-en er på videvanke. I mine unge dagar som blåøygd audiofil nytta eg oftast separat forforsterkar og effektforsterkar, men no er eg meir skeptisk til denne praksisen. Eg vil i alle fall helst at dei to delane er av same fabrikat. Då har du ein viss garanti for at dei høver saman. Pr. i dag nyttar eg nesten utelukkande integrerte forsterkarar (eller radio/receivarar), og opplever ofte at det enklaste er det beste. Det er i alle fall enklast. Og kva er til sjuande og sist det viktigaste? Musikken eller elektronikken? Det finst visstnok døme på at kona har forlangt skilsmål avdi stova har sett ut som eit laboratorium. Eg søkjer alltid best mogeleg lyd, for all del, men innanfor praktiske og fornuftige grenser. Og økonomiske, dessutan.       

FEIL OPPKOPLING - IGJEN

Eg har vore inne på dette fleire gongar, beklagar at eg kjem attende til det endå ei gong. Det har nemleg skjedd igjen. Ein kjenning ringde meg og klaga på skurring frå stereoanlegget. Han kom og henta meg med bil, og når denne var vel parkert kunne me nyta eit glas øl til arbeidet. Eg kopla vekk CD-spelaren (på toppen av forsterkaren), for å koma til forsterkeren og tilkoplingene bak (ein flott eldre Marantz). Eg kjende han att. “Jasså, var det her du hamna, sa eg dels til forsterkaren og dels til verten. Eg hadde heilt gløymt at eg hadde selt han til han.

Eg drog fram forsterkaren for å finna ut kva som var kopla til kva. Og kva trur du? CD-spelaren var kopla til Phono, dvs platespelarinngongen. Denne skal berre ha eit ørlite signal frå ein platespelar-pickup, og når du koplar til ein CD-spelar som har to Volt ut, fører dette til overlast og vreng. I tillegg til at fono-steget justerer frekvensgangen. Men kven veit dette? Phono er nemleg óg berre namnet på ein plugg, phonopluggen, i tillegg til å tyda lyd reint generelt. (Har nett sjekka på Google oversetjar, so ikkje prøv deg). Verten er ingen tosk, tvert i mot, men han har like lite greie på tilkoplingane på stereoanlegget som kamakslingane på bilen han nett parkerte. Og det gjeld dei aller fleste. Eg flytta berre CD-leidningen over på AUX, og dermed var problemet løyst. AUX er ein forkorting for auxiliary og tyder ekstra-inngang (reserve). Ikkje alle veit det heller. Eg er oppvaksen med det klassiske stereoanlegget og kan kopla det opp i blinde, men det kan du ikkje forlanga av “vanlege” folk. Dei er  interesserte i musikken, ikkje teknikken. Mange produsentar har tydelegvis ingen i staben som har studert korkje pedagogikk eller ergonomi, og har ein lang veg å gå for å leggja bakplata til rette slik at alt vert rett kopla. Mykje hadde vore løyst om phono-inngongen hadde hatt teksten “Turntable only”. Dessutan burde produsentane vore tvungne til å teksta apparata sine på språket til det landet dei eksporterer.      

PIONEER A 400 (1991-)

Dette er ein integrert forsterkar, ein av mange som vart lansert som ein “Nad-killer”, etter at Nad 3020 vart lansert på marknaden i -79, som kan hende den fyrste masseproduserte forsterkaren (til ein særs rimeleg pris) der hovudvekta var lagt på lyden, og ikkje utsjånaden eller talet på knappar. Dette var forsterkaren å slå på denne tida, og utvikla seg til å verta verdas mest selde. Eg har no prøvd fleire av desse sokalla Nad-killarane. Den låge og kompakte Rotel RA 820, t.d, vart i det lange løp litt for klinisk og mekanisk, og hard på toppane. Han er framleis med i mange “10 på topp” -kåringar, men bak Nad 3020. Det same gjeld Pioneer A 400, men her er det fleire (engelske) meldarar som meiner at han er heilt på topp, sidan japanarane samarbeidde med engelskmenn for finjustering av lyden. Eg meiner å hugsa at det var Abbey Road-studioet i London, mellom andre muligens. 

So dette måtte eg jo finna ut av, og når eg kom over ein slo eg straks til, eg krangla ikkje ein gong på prisen (kr 1500.-). Forsterkaren var strøken. Han er både større og tyngre (8kg) enn 3020, med ein tydeleg større trafo, so dette lova godt. Det er dessutan ein “minimalistisk” forsterkar, heilt utan tonekontrollar, som Rotel 820. Men eg vart skuffa. Eg vågar so vidt å presentera det eg fann i almanakken i september i fjor, muligens påverka av litt drikke: "So lenge du held volumet nede går det fint. Over dette endrar han karakter til eit vilt hylande dyr, hard, gjallande og skrikande, og ikkje til å halda ut”. Eg nøyer meg med det. Eg vonar Pioneer tilgjev meg, sidan dette ikkje er dagens modell akkurat. Og lat meg føye til, at fleire av dei noko eldre klassiske receivarane til Pioneer spelar veldig flott! Eg hadde difor store forhåpningar til A 400. Men so ille spelte han at eg ikkje våga skriva noko før eg hadde fått greie på om han var i orden eller ikkje. So eg tok han med meg eins ærend på toget til Ones i Bergen for sjekk, og han kunne stadfesta at han ikkje fann noko feil på han. Eg gav han til ei veninne (som ikkje spelar høgt), i byte mot ein Nad C 355 som hadde brote saman. Denne skal eg sjølvsagt vøla (reparera) og prøva ut. Ho er forresten særs nøgd.   

Men at denne forsterkaren står på lister over framifrå (vintage) kjøp den dag i dag, er for meg eit mysterium. Men eg har ein teori: Meldarane set på ei plate, skrur passeleg opp avdi ungane har lagt seg eller dei bur i blokk, og lyttar på moderat nivå. Då spelar jo alle forsterkarar bra. Eller godt nok. I myrkret er alle kattar grå. Eg har ei anna tilnærming. Eg bur i einebustad (sokalla villa), og kan spela so høgt eg vil. Eg har anlegget rett framføre lyttestolen og umiddelbar tilgang til volumkontrollen. Eg skrur opp alt forsterkaren klarar, det er då han avslører sitt sanne eg. Dei hyler og skrik (eg er rask til å skru ned att før eg øydelegg noko). Nad 3020 er ein av svært få forsterkarar (til ein rimeleg penge) som består denne testen. Han spelar godt heile vegen til han ikkje klarar meir; og på udramatisk vis sprekk opp i lyden. Då er det berre å skru litt ned og spela vidare, utan å ha fått øyrene svidd av. Sidan eg ikkje har Pioneeren i hus lenger vonar eg redaktøren kan finna eit bilete på internett. Det er ikkje so mykje å syna. Fronten har volumkontroll, velgjar og nokre få knappar, og bakplata har dei vanlege tilkoplingane, inklusive platespelarinngong for både MM- og MC-pickup.      

ØLSPALTA

Han Bjarte, ein observant lesar, sende ein e-post og peikte på at joleøl-spalta hadde bilete av Kinn Tomasmesse, men ingen omtale. Han lurte på korleis me “ekspertane" vurderte denne. Me takkar for rosande omtale, og beklagar feilen. For det fyrste: Me er ingen ekspertar, difor denne meir uhøgtidelege spalta. Men me har no drukke ein del øl, og med interessa kjem kunnskapen. Slik er det med hi-fi óg - og alt anna. Eg bladde attende i almanakken, og torsdag 11. november fann eg omtalen, og skreiv han på ny, berre for å oppdaga, i siste liten, at han ER med i omtalen. Du må kjøpa nye lesebriller, Bjarte. 

Ei anna øl som óg var utelaten (trudde eg) var Kinn Vintervarmar, som me prøvde her ein kveld etter nyttår, i lag med andre øl som me “dobbeltsjekka”. Også denne var kraftig og svært god. I tillegg drakk me CB, Ringnes 6.5% og E.C. Dahls Kong Vinter. Me dobbeltsjekka óg ein av utlendingane me likte veldig godt, Noel de Silensieux, frå ein fransktalande del av Belgia tippar eg (har ikkje flaska lenger), og denne er svært god og balansert, men av rein staheit held eg fast ved konklusjonen, nemleg at den ølen eg likte aller best, også avdi han er rimeleg, er Ringnes sin Juleøl Sterk, 6,3%. Nydeleg. Denne har dei faktisk att av på det lokale polet vårt, eg må hugsa å stikka innom før eg gløymer det, og før dei går tom.  

Då får det vera nok jolaøl. Ein del andre øl får venta til “neste nummer”. Det er seint på kveld.

PS. Me drakk forresten eit par til, som Lars fekk tak i på polet i Bergen: Ein Lervig “Hipster for Christmas” Bourbon barrel-aged barley wine, 13,1%, med gjær og kanelbolle-aroma, og Amundsen “Barrel aged upside down Christmas cake, Pastry Christmas stout”, berre 11,5%. Begge ufatteleg sterke og søte, og nær udrikkelege. Me enda opp med å blanda dei ut med pils, til dei var akkurat drikkandes. Då var dei knakande gode.   

 

Read 2486 times Last modified on Saturday, 12 February 2022 14:51
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items