Sunday, 27 October 2024 12:56

Hortenmessa 2024 – inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 3 – Stig Arne sine inntrykk Featured

Written by

Ja so va da Horten igjen. Som julekvelden på kjerringa som vanleg. Men moro er det, og hyggelege folk og gjensyn. Redaktør Karl Erik, Arve og meg har det moro i lag - eg trur Karl Erik kjem til å skriva litt om opplevingane våre FØR messa. På sjølve messa var det god lyd frå mange rom, uansett korleis høgtalarane var stilte opp. Nokre sto rett fram, andre var vinkla inn, og mange sto nær bakvegg; forståeleg med tanke på små rom. Berre i eitt tilfelle var det openlyst feil etter mi meining, det var ein plass der høgtalarane var vinkla inn og sto veldig langt frå kvarandre. Det vart “dobbel mono” med ingenting i midten. 

GOD LYD

Men som sagt, god lyd frå mange rom, uansett høgtalarplassering. Merk deg denne uvanleg positive innstillinga frå ein gamal moralist og betrevitar. Når det er sagt, attende til normalen: Fredrikstad-pilsneren var verkeleg ingenting å skriva heim om. Det er derimot Horten Pilsner. Verkeleg god. 

LAURDAGSMESSE

Laurdagen i Horten, då me skulle starta jobben med å gå frå rom til rom i messehotellet, vart eg hindra av ein uventa og kraftig allergisk reaksjon, uvisst av kva eller kvifor. Eg måtte hasta av stad til apoteket for medisin, og vidare til sjukehuset. Gunnar Brekke var snill og køyrde meg. Sjukehuset var like i nærleiken, men det kunne jo ikkje me vita. GPS-en synte  vegen. Men eg var heldig. I køen synte reaksjonen seg å gå over, takka vera pillane frå apoteket, so eg sparte utlegget til konsultasjon. Eg sa god helg i resepsjonen og tusla nedoverbakke attende til hotellet i von om å rekka innom nokre rom før messa stengde klokka 7. Då var det av stad for middag på “den indiske” eit par steinkast unna. Eg rakk innom nokre rom til på sundagen før me måtte køyra heim i 12-tida.  

Eg går raskt gjennom romma og utstillarane etter rekkefylgja i notisboka:

LITTLE FWEND

 

Hjå Little Fwend i Festsalen var gjensynet med Lasse Gretland hjarteleg, han er ein god ven av Stig Inge i japan og meg. Eg fylte ut eit spyrjeskjema med detaljert informasjon om hifi-utstyret mitt, han vil laga ein eller annan statistikk. Eg trur eg må kontakta Datatilsynet. Lasse lagar armløftaren (til platespelar) “Little Fwend”, der den originale stavinga av Friend er eit harselas med asiatane som slit med uttalen av r og l. Ring han, fyll ut skjemaet og du kan vinna ein armløftar. 

PM AUDIO

Frå PM Audio har eg pinleg lite å rapportera, anna enn “God lyd, små høgtalarar”! Men det er no i det minste positivt. Sjekk Karl Erik og Arve for meir info.

SOUNDGARDEN

Rett over restaurangen heldt Soundgarden til, med god lyd frå Elektrocompaniet (“siden 1973”) og eit sett høgtalarar eg aldri har sett maken til. Det synte seg å vera ein heilt nyutvikla “statement”-høgtalar frå Monitor Audio kalla Hyphen, og med ein kraftig hypa opp pris: 1,1 mill. Då eg fortalde om dette til Stig Inge, kunne han supplera med at ein You-tubar relativt nyleg har utropa Electrocompaniet ECI 6 til den beste han har kome over på lenge. Prisen ligg rundt 50.000. Electrocompaniet vert i dag laga hjå West Control i Rogaland. 

ANDERVIK AUDIO

Hjå Andervik Audio var det og god lyd, og på gangen vart eg tipsa av ein entusiastisk besøkjande og kunde om at Mola Mola DAC-en til 119.000, som var i bruk på rommet,  designa av den ikkje ukjende Bruno Putzy, var “den beste dac-en eg nokonsinne har høyrt, uansett pris”. So veit me (kanskje) det.

MOET AUDIO

Moet Audio kunne skryta av “muligens billegaste hi-fi på messa” med m.a Davis høgtalarar, men eg hadde ikkje tid til å notere alt dei hadde, med pris. Sjekk med eigen reportasje frå Karl Erik eller Arve. Eller kontakt Moet.

NORSK AUDIO TEKNIKK

Det same gjeld NAT, dvs Norsk Audio Teknikk. Igjen har eg notert: “Små høgtalarar, men god lyd!”

MALA AUDIO

Og hjå Mala Audio, som har butikk i Asker, har eg notert “stor lyd med Frigg høgtalarar”. Kort besøk. Eg vart og synt inn i det store rommet, med svære Verdande høgtalarar, norske. Kolossal lyd har eg skrive. Vonar Karl Erik kan bidra med bilete. 

THE STEREO SHOP

Også om The Stereo Shop (Larvik) er det nok best å konsultera Karl Erik og Arve.

AUDIO AKTØREN

Mange har sikkert ei oppleving av kva som var den beste lyden på messa, eller den beste opplevinga. For meg var det enkelt. Hjå Audio Aktøren høyrde eg ein låt eg aldri har høyrt før, eg måtte sjekka med utstillarane, eller eg brukte Shazam. Det var “Mourning Grace” med Patricia Barber, ein heller uvanleg låt til henne å vera. Eit repeterende tema, eit ostinat i fylgja Lars, pålagt stemma til Barber og ein svært opplagd trommeslagar. Melodien byggjer seg sakte opp, til ein slags trommesolo, og sluttar brått. Lyden kom frå ein STUDER bandopptakar på stativ, eit flott skue, og vart forsterka av Audio Analog pre, Prima Luna rør effektar, og kom ut gjennom store svenske QLN Reference. Eg vart fullstendig hypnotisert. Ikkje berre var låten noko av det tøffaste eg har høyrt, men lyden var og veldig detaljert. Oppløyst heiter det visst på fagspråket. Men det var eg som var oppløyst. Eg mysste munn og mæle. Eg var inom fleire gonger og var like forheksa. Ei stor oppleving.  

SIGBERG AUDIO

 

Eg fekk dei hyggelege folka hjå Sigberg Audio til å spela same låt, men det vart naturleg nok ikkje det same, frå eit langt mindre rom. Men det vart det heller ikkje heime hjå meg sjølv, etter at eg var heimkomen og spelte same melodien. Jaja. Men so har eg heller ikkje spolebandopptakar og kopi av mastertapen. 

DIY AUDIO

Ein av utstillarane kalla seg DIY audio, og på dette rommet spelte to gigantiske høgtalarar, 6 stk 8” bassar pr. side i lukka kabinett, ein 10” Eminent mellomtone med korrugert oppheng, og ein Beyma horndiskant. Lyden totalt sett var kan hende ikkje mellom dei beste, for Roald og kompisen hadde hatt lite tid til delefilteret og alskens justering og innstillingar. Men bassen! Djup og ryddig, med tydeleg start/stopp. Dette var beste bassen på messa. Me har vent oss til grauten frå bassreflekskabinett i den grad at me ikkje lenger høyrer kor upresis og utflytende han er, sjølv frå verkeleg dyre høgtalarar. Det treng ikkje vera slik. Bassen skal vera like stram og rask som mellomtone og diskant. Har du lytta til slike høgtalarar ei veke eller to, går du aldri attende til bassrefleks. Det tenkjer i alle fall eg.  

Roald har dagjobb og har ikkje tenkt å starta nokon som helst slags butikk ut av dette. -Berre på gøy, ler han. 

Re:ELEKTRO

Apropos DIY; Re:Elektro var representert i Festsalen ved dagleg leiar Rune Moen. Dei utfører service på absolutt alt av elektronikk, og har bruktbutikk på Furnes ved Hamar. Sjekk dei ut på nettet. Eit funn for dei som bur i området. 

B.H. AUDIO

Også B.H Audio i Skien utfører reparasjonar, sjå biletet    

 

Vel blåst, Terje og Jørgen og alle andre som bidrog til ei flott messe, inklusive personalet på Horten Hotell! Me talast til neste år og, om fjella står der dei skal stå. 

 

Les også:

Hortenmessa 2024 – inntrykk fra tre Audiophile herrer. Del 1 – Karl Erik sine inntrykk
Hortenmessa 2024 – inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 2 – Arve sine inntrykk

Read 1192 times Last modified on Wednesday, 30 October 2024 13:03
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.