Thursday, 21 October 2021 19:59

Film spesial: Stig Arne går til filmen – Stig Arne si dagbok september 2021 Featured

Written by

Denne gongen vil eg ikkje testa eller prøva ut noko særskilt, men heller nytta høvet til å filosofera kring konsertopplevinga, og korleis denne skil seg frå lytteopplevinga i stova heime. Eg er framleis ikkje heilt komen til hektene. 

Kast stereoanlegget. Eg har vore på konsert

Hausten er altfor travel, etter mi meining. So mykje skal pressast inn i desse få haustmånadane før jolekvelden kjem på kjerringa, for å seia det slik. Samfunnet opna opp att, og folk gjekk amok. Konsertar og tilskipingar sprett opp som paddehattar. Her i grenda har det vore countryfestival, Vossajazz, snart kjem Osafestivalen, og innimellom jobbar (mellom andre) Voss Jazzklubb som galen med å avvikla sine konsertar, med nytt styre og avgrensa budsjett. Reint kaos. I alle desse samanhengane har eg anten vore styremedlem, varastyremedlem eller friviljug. 

Oh, it Hertz

Og som om ikkje dette var nok for ein nybakt pensjonist (det er som kjent ingen som har det like travelt som ein pensjonist) skal eg til Bergen på premiere for filmen “Oh, It Hertz”, laga av filmselskapet Up North, etter ein ide av Kristian Stangebye, busett i Bergen. Eg elskar å kalla dei Up Yours, men det er ikkje pent. Beklagar avsporinga. Filmen dreier seg om lyd i alle former, og plottet er at Hitler sine vitskapsfolk endra einstrøken A i “det ondes tjeneste”. Om dette er tilfelle eller ikkje skal eg ikkje ta stilling til her, eg har ikkje eingong sett filmen. Grunnen til at eg nemner alt dette er at eg er høgtidssamt invitert til premieren, på BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival), laurdag 23. oktober, sidan eg er med i filmen. Alt dekka, inklusive reise, overnatting og førespel på pub. Filmteamet nærast budde hjå meg i dagevis medan dei intervjua meg og filma; om mitt syn på lyd som audilofil. Møt gjerne fram på Bergen Kino Konsertpaleet! (om dette når deg før laurdag). Filmen vert i desse dagar synt fram på domumentarfilm-festivalar over heile verda. Eg er slett ikkje sikker på om eg gler meg til å sjå meg sjølv stotrande på engelsk.

PS. Eg og regissøren, Gunna Hall Jensen, utflytta bergensar til Sveariket (Sverige), vart i dag intervjua av Nrk Hordaland, P1. Det gjekk på lufta på “Hordaland i dag” kring kvart på 5. Kan høyrast i opptak på nettet. Filmen går laurdag 18.30 og sundag 12.15. Trur eg. 

Konsert

Men attende til festivalane, som eg byrja med. Å gå slik frå konsert til konsert, kveld etter kveld, helg etter helg, gjer noko med deg. Du får eit heilt anna syn på både musikk og lyd. Lyden går direkte frå mikrofonane til deg, utanom ein snartur inom miksebordet. Ikkje berre ser du musikarane og samspelet mellom dei, lyden er også utruleg mykje tydelegare enn ei overprodusert plate. Det må gjerne gå nokre dagar før du atter kan setja deg ned framføre stereoanlegget og nyta lyden, for skilnaden er kolossal. Dette var eigentleg ingen overrasking, for eg har opplevd det før, og andre har sagt det same. Men denne gongen var det grotesk. Eg ville helst kasta heile anlegget ut vindauget. Du høyrer umiddelbart at det ikkje spelar slik det skal. Det let tynt og ljost, med ALT for lite bass. Ikkje fortel meg korleis eit stereoanlegg skal låte. Eg veit.

Pioneer

Eg er ikkje heilt sikker på kva forsterkar som var kopla til heime etter denne konsertmarathonen, det var muligens Nad C 326, ein Nad 3020 av nyare dato, og deretter Pioneer A400, som eg nyleg kom over på Finn og kjøpte momentant, sidan han har godt rykte. I begge tilfelle let det stort sett redselsfullt. For å gå attende til noko eg veit spelar bra, kopla eg opp ein mykje eldre Pioneer, ein radio (receiver), og fekk dimed også samanlikna Pioneerane. Det let utruleg mykje betre, men eg måtte likevel skru opp bassen ein del, ei moglegheit du ikkje eingong har på A400, som ikkje har tonekontrollar. Men eg feller ingen forhasta dom over A400. Han er no levert inn til reparatøren min, Svein Ones i Bergen, for å få sjekka om han spelar slik han skal, eller om det er noko i vegen med han. Det same burde eg muligens ha gjort med Nad C 326, som eg alt har omtala, men sidan denne er mykje nyare, har eg tenkt at han fungerer etter hensikten, utan elde. Eller i alle fall burde ha gjort det. Framhald fylgjer når det gjeld Pioneer A 400, som var nær toppen på alle bestselgjarlistene i England i gamle dagar. Berre Nad 3020 trona endå nærare toppen, ofte på andreplass, medan platespelaren Linn Sondek LP 12 som regel okkuperte fyrsteplassen.   


Musikk: Bismarck

Endå litt meir om konsert og lyd: Her ein kveld spelte metall-gruppa Bismarck på Hulen i Bergen. Dette er ein sjanger eg normalt ikkje vørder, med nokre få unntak, som t.d. Slomosa. Men når eldste gutungen spelar med (på trommer), stiller du opp. Og takka vera godt skrudd lyd var dette spektakulært. Det var mørkt, dystert og høgt, slik det sjølvsagt skal vera i denne sjangeren. Men faktisk ikkje so høgt at du spring skrikande av garde med fingrane i øyra, slik eg normalt ville gjort, sidan det ikkje var mellomtone og diskant som dominerte. Det gjorde derimot bassen. Basstromma sat i mellomgolvet som ein boksehanske. Ei oppleving verd heile konserten. Slikt opplever du ikkje heime. Eit heimeanlegg har ikkje krefter til slikt. Men her i Hulen observerte eg ikkje mindre enn fire svære basskassar pr. side, truleg med ein 18-tommar pr. kabinett. Og gjerne tusen Watt pr element. Det vert bass av slikt. Ei slik oppleving kan ikkje kan skildrast med ord, det må opplevast. Det er so rått at smilet nesten går heilt rundt.    

 

Read 2729 times Last modified on Saturday, 23 October 2021 06:41
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items