Wednesday, 22 September 2021 12:47

NAD og Vossajazz - Stig Arne si dagbok for august 2021 Featured

Written by

 

Ein ny Nad, ein utsett Vossajazz og eit knippe øl står på menyen i dag. Bon apetit. 

i førre Dagboka lova eg ein omtale av Nad C 326 BEE, som min gode ven og (nesten) nabo Terje fann på den lokale returstasjonen. Det var vel eigentleg andre artiklar høgare oppe på lista som skulle vore skrivne først, men av og til må ein berre ta eit par snarvegar for å få kabalen til å gå opp. Uansett, under arbeidet med denne artikkelen finn eg til mi store overrasking ut at C 326 faktisk er noverande modell, saman med C 316 BEE, ein mindre modell, og dette ser ut til å vera dei einaste attverande (av dei gode gamle analoge) integrerte forsterkarane frå Nad. Større modellar ser ut til å ha gått ut av programmet, eller har vorte erstatta av kombinasjonen for- og effektforsterkar, samt digitale forsterkarar og forsterkarar til anna bruk (heimekino og denslags). Men du får alltids tak i ein brukt Nad på Finn. Eg har nett kjøpt ein sjølv, ein kraftigare halvgamal modell. Den skal me nok koma attende til. Eg har forresten kjøpt to. 

 
 
C 326 er den direkte etterfylgjaren til verdas mest selde forsterkar, Nad 3020. Vert det sagt. Men ikkje heilt, som du vil sjå under. Han er no på heile 50 Watt, og det må me berre applaudera, for 20 er i minste laget, om du har ineffektive høgtalarar. Førre modell heitte forresten C 320, Modellen før der att 302, om eg har rett, og då er me attende til dei opphavelege modellane, 3020 og variantane av denne. Som eg jobbar med ein samanliknande test av. 
 
Eg var ikke eigentleg tenkt å samanliknande 326 og 3020 direkte, men det er vel nærast umogeleg å prøva ut ein ny Nad utan å referera til den opphavelege, som er ein av dei mest vidgjetne og omtykte forsterkarar i verda. Eg reknar med at alle vil spørja seg- eller meg -korleis C 326 står  seg samanlikna med 3020. Sidan eg har ein heil stabel av sistnemnde, og har inngåande kjennskap til denne, ville det vel vore direkte dumt å ikkje prøva dei side om side. Eg har brukt 3020 av og på i mange år. Mest på, sidan det er ein av dei mest vel-låtande forsterkarane eg veit om. Og dess fleire forsterkarar eg prøver, dess meir set eg pris på han. Lenger har me visst ikkje kome.  
 
Eg ville ikkje kopla C 326 til nettet utan å skru av dekselet og sjekka for åpenlyse feil, eller mengder av støv, som i verste fall kunne føra til at heile skiten gjekk opp i røyk. Eg leitte og etter spor av øl, karsk eller andre likvidar som ved eit uhell kan ha kome oppi i løpet av ein fuktig kveld, og som naturlegvis fører til kortslutning. Sjølv utan deksel er dette ein nydeleg sak. Stor trafo, og masse komponent. Skinande og fin. Tillitsvekkjande. Kopla han opp og trykte inn av/på-knappen på framsida. Ingenting hende. Skuffa og bannande måtte eg gå eit par rundar på stovegolvet. Først seinare, når eg sjekka om mangelen på liv kunne skuldast ein sprengd sikring, fann eg den eigentlege av/på-brytaren på baksida. Med denne påslått fungerte alt, og no har eg spelt på han i vekesvis. Dei er ganske robuste, Nad-ane. 
 
 
Eg ringde Svein Ones, reparatøren min i Bergen, og spurde korleis det kunne ha seg at desse to forsterkarane (326 kontra 3020) kunne låte so ulikt. -Du kan eigentleg ikke samanlikne desse to, seier Svein. -Det er to heilt ulike konstruksjonar. C 326 er mykje meir komplisert enn 3020, og med mange fleire komponent. For mange, etter mi meining. Det er slik Nad konstruerer forsterkarane sine no. Av og til går det bra, av og til ikkje.   
   
Lat oss byrja med det positive. C 326 har ein langt kraftigare bass enn 3020, og spelar høgare. Som venta, grunna høgare effekt. Kjekt. Men den viktige mellomtonen er ikkje like delikat som originalen. Han verkar litt mekanisk, og vert ljos og pressa når du skrur opp. Litt blekkboks. Han manglar kjøt og flesk, og kan verta hard. Eg saknar den mjukare, musikalske og meir naturlege lyden som 3020 har. Men me kan også avslutta positivt: Etter ei stund venjer du deg til den lyden du har, og tenkjer ikkje meir over det. Du berre spelar musikk. Det har eg gjort ei stund, og det har faktisk gått heilt fint. Lyden er gjennomsiktig og “analytisk”/tydeleg. Du vil ikkje sakna informasjon.  
 
So det er berre å prøva. Eg veit ikkje om HiFi Klubben, som sel dei, har returgaranti, det kan du finna ut av. Kan hende likar du han, kan hende ikkje. Det er opp til deg. Uansett er det mykje forsterkar for pengane. Eg hadde ei grei tid med han, men når eg tek audiofil-brillene på, er konklusjonen at eg står over. Det er berre å konstatera at Nad-lyden av i dag ikkje er den same som han ein gong var, på godt og vondt. Om du vil prøva min, er det berre å ringja 93 46 75 69. 
 

Den 48. festivalen

Vossajazz, som normalt vert avvikla i Palmehelga før Påske, vart ikkje avvikla i det heile i fjor, og er i år utsett til 24-26 september. Altso til helga! Sein Palme i år! Eg skriv dette onsdag i førevegen, og viss redaktør Karl Erik klarar å få dette publisert ASAP! dvs. før helga, kjem informasjonen ut tidsnok til at du kan kjøpa billettar og reisa på festival. Grunna covidrestriksjonar vert det ikkje selt festivalpass, og heller ikkje dagspass; som før. Det vert berre selt einskiltbillettar. Du finn meir info på nettet. Eg skal ta eit par bilete av programmet so du ser kva artistar som er tinga, slik at eg slepp å ramsa dei opp her. Me vonar å kunne presentera ein reportasje frå festivalen.  
 

Ølspalta

Eit lite knippe øl:
 
Kinn Havblikk (lyst øl med havsalt/Gose) er eit overgjæra kveiteøl av typen gose (aldri høyrt om), der vørteren vert syrna før han vert kokt. Smakar salt. Litt uvant. 
 
 
Trippel Karmeliet er eit sterkøl frå Belgia, der trippel syner til at det er nytta tre typar korn. Resepten er visstnok frå 1700-talet. Han er relativt ljos, og sterk, 8,4%. Veldig god, men ikkje eigentleg so smakfull som du kan hende ville venta frå ein slik øl, sidan det er eit ljost øl.  
 
Etter ein runde med diverse øl var det Bådin (gamalt for Bodø) "Farmhouse Ale" 6,5% og St. Hallvards Bryggeri sin 1314 Brown ale 7% som peikte seg ut. Begge nydelege, utan jåleri, enkle og gode øl av typen Bayer/Brown ale. Bådin er ufiltrert (og upasteurisert), ikke noko å ta med på fest dersom du har i mot gjær-restar på botnen, som vert rista opp under transport. 1314 syner til året då Oslo vart landets hovudstad. Kjøp ein, og les ein morosam og interessant historieleksjon på baksida av boksen. Verd prisen åleine. 
 
 
Ægir Bryggeri “For Så Wit” Sitrus Krystallwit, 4,7%, er eit ordspel på belgisk witbier, og smakar for så vidt som ein witbier (kveitebrygg). Med varianten "Habanero Helles" (4,7%), har same brygghus frå Flåm tilsett ein sterk pepar (habanero) til ein ljos (helles) Munchener. Litt som Hansa Chili Blond. Den fyldige omtalen på baksida av fleire av desse boksene, på fleire språk, er glimrande språkopplæring! Prost!   
 
Read 2821 times Last modified on Wednesday, 22 September 2021 13:49
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items