Tuesday, 23 February 2021 17:08

Pyramidejakt - Stig Arne si dagbok januar 2021 Featured

Written by

Fimbulvinteren i Sør-Noreg ser ut til å vera over for denne gong, og ingen vassrøyr fraus og sprakk her i huset (men det var på hengande håret). Då kan me atter senka skuldrane og konsentrera oss om hifi og musikk.

I haust var eg på hugget og ajour, for å tala litt fransk. No er eg på etterskot att, som vanleg. Det er meir normalt. Men då er det på tide med ei oppdatering att, og denne gongen skal me informera om kva eg har funne ut om Electrocompaniet Objekt. 

Flygande Objekt

No er Objekta strengt teke ikkje flygande, trass i fasongen, som like mykje kunne minne om rakettar som høgtalarar. Eg berre fall for ei tabloid overskrift. Orsak. Men eg vert meir og meir inspirert av denne unike pyramideforma høgtaleren, som har nokre like unike eigenskapar. Meir om det om litt. 

I desemberdagboka omtala eg Objekta for fyrste gong, og informerte om at eine basselementet måtte bytast, evt. begge, om eg ikkje får tak i eit “originalelement”, eller kva det no er som er sett inn. Eg var ikkje eingong trygg på om høgtalarane var 4- eller 8 Ohm, opphavleg, og alt dette gjorde det vanskeleg å bestemma seg for erstatningselement. Eg spurde difor lesarane om hjelp, og oppgav tlf-nummeret mitt. Det hjalp! Eg vart kontakta av ein eigar, og ivrig audiofil frå Tromsø, Arne Wilhelmsen, samt sentrale aktørar i samband med utviklinga av høgtalarane: Thomas Børja, son til Svein Erik Børja, sjølvaste konstruktøren; Morten Børja, ein (mykje) yngre bror av Svein Erik, og til slutt Bjørn Børja, bror til Svein Erik og tilsett ved Seas fabrikker i Moss (no pensjonert). Takka vera desse har eg no fått på plass mange fleire brikar i puslespelet om denne vidgjetne men sjeldne høgtaleren.

Arne har fleire gongar vore i kontakt både med Svein Erik og Bjørn på Seas, og hadde mykje kunnskapar om kva element som har vore brukt opphaveleg, og kva som kan nyttast av nye. Sidan mykje av denne informasjonen var henta frå Bjørn, var han naturlegvis og heldigvis samanfallande med Bjørn sine tilrådingar. Det øydelagde elementet synte seg å vera ein Seas CA21RE, 8 tommar og 8 Ohm, no ute av produksjon, men eit kurant element i fylgje Bjørn. I samråd med eigaren bestemte me oss i midlertidig for å kjøpa eit sett nye CA22RNX frå basis-serien Prestige (anbefalt både av Arne og Bjørn), sidan både data og utsjånad er liknande CA21RE, og dessutan billegare (kring 1100,- stk) enn elementa frå dei dyrare seriane. Eit element med metallmembran og faseplugg, t.d, vil definitivt ikkje passa inn korkje estetisk eller på andre måtar! Elementa kan tingast frå Analog Hifi Plinth Design AS (analoghifi.no) i Sandefjord. Seas sel ikkje lenger til personkundar, om dei ikkje tingar 100 i slengen. Stig frå Analog verka for å vera ein ivrig audiofil med mykje kunnskap.   

Det vil føra for langt å ta med alle detaljar, eg vil evt. koma attende til dette etter ein utprøving av Objekta når dei nye elementa er monterte. Det viktigaste var å få sentrale detaljar på plass: Høgtalarane er fødde i 8 Ohm, og alle elementa er 8 Ohm. Det innskrenkar valet av element til det halve. 4 Ohms bassar KAN i somme høve nyttast med hell, av di desse vil spela litt høgare og friskare sidan motstanden er halvert. Men då skal ideelt sett delefilterspolen til basselementet ha ein annan verdi. Og høgtalaren sin samla impedans vil synka, noko ikkje alle forsterkarar vil setja like stor pris på. Bjørn rår til å halda seg til 8 Ohm. Det er ingenting i vegen for å prøva andre element, dei bør i so fall ha følsomheit på min. 89 dB eller meir, og ein relativt høg Q-verdi, 0,4 eller høgare. Eg har i denne omgangen konsentrert meg om basselementet, sidan det tydelegvis er dette som ryk når du spelar opp til fest, eller kantopphenget (belgen) smuldrar; eit kjent problem med oppheng av skumgummi. Oppheng av korrugert tekstil, eller gummi, varar i samanlikning evig. Alle dei andre elementa fungerer.  

Anslagsvis 20-30 par vart laga av Objekt, dei fleste lakkerte i svart, nokre få kvite (4 par?). Kabinetta er støypte i kunstig marmor, eller i glasfiber, som eit lystbåtskrog, alt etter kven du spør. Fleire kabinett var skeive eller sprakk og måtte kondemnerast. Bakplata er limt på, noko som synte seg å vera eit problem. Ulike måtar å festa ho på vart diskutert, og her var Svein Erik Børja og Per Abrahamsen frå Electrocompaniet usamde. Dette førte til at Objekt aldri vart sett i produksjon, eller utvikla seg til eit kommersielt produkt. Berre 10-20 par er spreidde rundt i landet, stort sett til dei som var involverte i utviklinga, og vener og kjende. Eg kjenner no eigarane til oppunder ti par. Uhyre sjeldan kan eit sett dukka opp for sal, og eigaren av paret eg har fått i oppdrag å reparera, slo til umiddelbart, sidan han kjende godt til den no avlidne Svein Erik Børja sin framtredande posisjon både som audiofil, produsent og anna.    

Objekt-skroget, om ein kan kalla det slik, er delt i ein seksjon til mellomtone og diskant, og ein til bassen, visstnok kring 50 liter. Etter gamle  lærebøker skal ein 8-tommar ha kring 20 liter kabinett, ein 10-tommar kring 40, eventuelt litt meir om det er bassreflekskabinett. Eg spør Bjørn, som eg ringde til fleire gonger då eg i min uvitande ungdom spikra høgtalarar, i ein e-post om ikkje 50 liter er i største laget for ein 8-tommar. Ville ikkje ein 10-tommar vera eit betre val? Og Bjørn gjev meg rett, haken er at då må elementet (10”) monterast litt lenger nede i kabinettet der det er breiare, for å få plass. Dette vil endra litt på utsjånaden, men eg tykkjer tanken er spanande. Ein 10-tommar orkar ganske mykje meir enn ein 8-tommar, han kan spela både djupare og høgare - og ikkje minst mindre anstrengt. Men det vil jo vera litt av ein jobb å realisera dette. Eg tippar dei færraste Objekt-eigarar vil ynskja å “øydeleggja” høgtalarane sine på denne måten, men ein ivrig og flink sjølvbyggjar, som ynskjer å tyna det maksimale ut av han, vil muligens vurdera det!       

Pyramidane i Porsgrunn

Eg er ikkje sikker på kvar kabinetta vart laga, det var neppe i Egypt, sjølv om det er mange store pyramidar der. Men fasongen er ikkje tilfeldig. Har du lurt på kva som er best av breie eller smale kabinett? Begge har sine fordeler, men begge er delvis feil. Det riktige er eit kabinett som smalnar oppover kring mellomtone og diskant. Det har med akustikk og bylgjelengder å gjera, men eg tek ikkje mål av meg til å forklara det i sin heilskap her. Fleire høgtalarar er konstruerte slik, mellom dei fyrste til å reindyrka det var vel Kef og B&W, av dei mest kjende. I objekta er det teke heilt ut: Kabinettet er både smalnande oppover og lutande bakover (for faselinearitet), kombinert i ein dristig art-deco skapnad som endar i ein spiss. Slik har ingen høgtalar sett ut før, og for dette vart Objekt godkjend for utstilling i Museum of Modern Art i New York. Eg gløymde naturlegvis å sjekka om dei framleis er der, sist eg var i det store eplet. 

Men det stoggar ikke der: Eg har banka på mange kabinett i mitt liv (og ingen har sagt Kom inn), men dei resonnerer som berre juling. Eg har endå til gode å koma over eit kabinett som både er stivt OG resonansfritt. Men det einaste du oppnår med å banka på Objekt, er å få vondt i knokane. Det er totalt daudt, og frykteleg tungt. Tenk på kva dette betyr. Det er ei valdsam kraft i eit stort basselement. Alle membrana - frå bass til diskant - rører seg usannsynleg raskt fram og attende, og om dei ikkje står bom fast i ein urørleg høgtalarfront vil informasjon og presisjon gå tapt. Som å gli på glatte sko, eller synke ned i sand: Fråsparket gjev etter. Fleire av dei eg snakka med kunne fortelja at prototypar, eller kopiar, konstruerte i ulike former for tre eller plater, ikkje var i nærleiken av den lydkvaliteten Objekt vartar opp med. Dess meir eg lærer om Objekt, desto meir ser eg fram til å prøva dei ut, so snart eg har fått på plass dei nye elementa. 

Me vil ha dette ut før februar er omme, so ølspalta lyt venta til neste dagbok, til glede for avhaldsfolket.       

 

Read 3819 times Last modified on Tuesday, 23 February 2021 20:53
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items