Sunday, 20 December 2020 12:54

Julespesial - Stig Arne si dagbok Desember 2020 Featured

Written by

Ei etterlysing og mengder av jolaøl 

Electrocompaniet Objekt

Og med dette tek me ein alpinsving over til det ekstraordinære, eit vaske-ekte samleobjekt. Denne pyramide-forma høgtalaren er visstnok produsert i berre 5-6 eksemplar, og er særs interessann av fleire grunnar. Han var designa av Svein Erik Børja, og produsert av Electrocompaniet, i ein periode der Svein Erik var knytt til Electrocompaniet i samband med utviklinga av den vidgjetne “25-wattaren”, meir om denne ei anna gong. Eitt av para var lakkert i kvit og har funne vegen til eit eller anna museum of art. Beklagar denne omtrentlege skildringa; dette er berre ei etterlysing. Den no avlidne Svein Erik Børja var ein kjend og kjær person frå NRK, produsent millom anna, og ihuga audiofil. Det er grunn til å tru at mange av detaljane vart arbeidd ut i samarbeid med broren Bjørn Børja, då tilsett hjå Seas, no pensjonist. 

 

Eit par slike er til reparasjon hjå meg, for eigar. Det eine basselementet er daudt (alle elementa er frå Seas). Då er det berre å byta dette elementet, ikkje sant? So enkelt var det ikkje. Kva element skal inn? Samtlege element er limt fast til kabinettet, som er av eit totalt daudt blandingsmateriale, og eit mareritt å få ut. Det øydelagde elementet er no tersa ut, takka vera hjelp frå personar med teknisk-praktisk kompetanse, og undersøkt. Det er, etter ein del arbeid med å tolka kodar og datoer på etiketten på baksida av elementet, produsert i 2004, altso lenge etter produsjonsåret. Det opprinnelege elementet har tydelegvis teke kvelden og vorte erstatta av eit nytt. Men er elementet produsert i 2004 eit kurant erstatningselement? Og er det friske elementet i den fungerande høgtalaren identisk? Det øydelagte elementet er 8 Ohm. “Bruksanvisninga”, som me har vore so heldige å få tak i, seier at høgtalaren er ein 8-ohms-konstruksjon. Men nokre av “ekspertane” på nettet påstår at det er ein 4-Oms-høgtalar, opphaveleg, og dermed står mykje arbeid att for å bringe fakta på det reine, sidan fleire av nøkkelpersonene bak konstruksjonen er vanskelege å få tak i. Og det er ganske fantastisk at Seas ikkje kan hjelpa oss med data på det opphavelege elementet, eller i alle fall å føreslå eit erstatningselement med liknande karakteristika som det opphavelege. Er det verkeleg mogeleg at ein i data-alderen ikkje har klart å lagra informasjon om tidlegare element? 

 

Det friske elementet må óg ut. Er dette identisk med det øydelagde? Det vil syna seg. Truleg må delefilteret ut. Komponentverdiane i filteret vil vonaleg røpa om dette er ein 4-eller 8 Ohms konstruksjon. Dessutan tenkte eg å søkja hjelp hjå eigarane av dei resterande 4-5 eksemplara. Knut Vadseth (fidelity) har eitt par, og vil måla bass-seksjonen med multimeter for oss, når han berre finn multimeteret. Kvein eig dei siste 3-4 para? Kan dei gje lyd frå seg på telefon 93 46 75 69? All hjelp er til nytte for at me kan setja inn nye bassar, som har liknande karakteristikkar med dei opphavelege. Berre på denne måten kan dei spela slik konstruktørane meinte, og vurderast på ein seriøs måte. Det fortenar dei, sidan dette er ikoniske saker, norske, og dessutan sjeldne. Hadde det ikkje vore kjekt å lesa meir info og få ein grundig utprøving av desse høgtalarane? Det er i alle fall planen vår. Om lesarane kan hjelpa. Det er sikkert mange hobby-konstruktørar som sit på katalogar av Seas sine element frå 80-talet og derikring. I mellomtida: Over til...

ØLSPALTA

 

Poløl

HANSA JULEBRYGG

Bergen, 6,5%. Mindre søtladen og meir substans enn butikkvarianten, men Lars likte butikkvarianten best. Er det mogeleg å få solstikk på denne tida av året? Ein god øl, bevares, men han bleiknar mot Hansa JuleAle 9%. 

 

NØGNE Ø GOD JUL CHRISTMAS ALE

Grimstad, 8,5%. Malta kveite i tillegg til bygg. Særs kraftig og god. Om han skal kritiserast, er det avdi kaffipreget er lett dominerande, men dette er smak og behag. Etiketten inneheld ein lengre “Government warning”. Som om me ikke alt visste at øl er sunt. 

HAANDBRYGGERIET EVENS´S MORE XMAS JULEØL

Drammen, 11,1%. “Baltisk porter som er lagra på akevitt-tunner med marshmellow og kakao nibs”. Du store min. Mektig og kraftig, mest som ein likør. Søt, og litt av ein munnfull. Ikkje akkurat ein tørstedrikk, men ein halv orgasme for kjennarar. Fram med konjakkglaset. 

ÆGIR JULENATT Appelsin Porter

Flåm, 10%. Svært, svært god. Ein imperial stout dette, nesten litt for mykje av det gode, men utan tvil ein av dei aller beste og mest komplekse i smaken. 

LITTLE BROTHER Du glitrende goddag juledubbel

7%, "produced in Norway”. Bygg, havre, belgisk kandissukker, appelsin, laktose frå melk, kaffi, humle gjær og vatn. Veldig veldig kraftig og svært svært god. I ein særklasse; saman med Ægir julenatt. 

BAD SANTA JULEBRYGG

Bonum Beverages, Lysaker, 5,6%. Byggmalt og kveitemalt, humle, appelsinskal, koriander og stjerneanis. Noko kryptiske desse etikettene stundom. Det står og Odense, Danmark bak på etiketten, og “med hjelp frå The man behind".  Det er ein heilt annan øl enn dei to over. Ljos, mild, med moderate smakar. Like mykje lesk som det er jolaøl. 

DE TVENDE WINTERVALD JULEBOCK

7,5%, Arendals Bryggeri. Inneheld kveitebygg i tillegg til dei vanlege ingrediensane. Her har eg berre notert at kaffipreget er dominerande, men dette er jo smak og behag. Eg merkar at eg ikke er tilhengar av det.

HAANDBRYGGERIET NISSEFAR

Drammen, 7%. “Traditional Christmas Ale”. Relativt kraftig og mektig. Noko kort ettersmak, men uansett balansert og smakeleg. 

E.C. DAHLS, SANKT OLAV JULEØL

Trondheim, 9,1%. Her trakka me rett på ei bombe. Rosin-prega malt som Hansa JuleAle. Ikkje veldig julete etikett, men ein rasande god øl.  Eg har jo smakt og likt Dahls sin tradisjonelle 6,5% i mange år, men dette er fyrste året eg har sett denne på 9%. Med denne overgjera belgisk quadrupel melder Dahls seg på i konkurransen om 9-prosentarane, og med glans. Verkeleg ei smaksbombe. Ein av dei beste.

MACK TRADISJONELL JULEBOKK 

Tromsø, 9% (men 100% julestemning!) Mack har òg meldt seg på i kampen om 9-prosentarane, og denne er forbausande mild, men likevel kraftig, godt balansert, og smakeleg. Dette er ein tyskinspirert Doppelbock som jamvel er eigna for lagring. 

BERENTSENS JULE AVEC 

9%. Denne er nedtona i høve til tidlegare, mindre søt og betre balansert. Ein god øl. Som namnet sladrar om, og etiketten instruerer, kan han godt serverast i konjakk-glas og nytast som ein konjakk eller likør. 

LIEFMANS GLUHKRIEK

Belgia, 6%. Lagra i to år med kirsebær, difor den fruktige smaken. Luktar tobakk, litt søt, ei spesiell oppleving som me ikke nødvendigvis assosierer med øl. Fruktig og god, men dette er ein type øl eg ikke er kjend med, og difor finn vanskeleg å skildra. Han har ikke mykje sams med norske jolaøl, men det er berre å kasta seg ut i det. Kan hende fell han i smak. 

VOSS FELLESBRYGGERI JOLAGÅVA

Voss, 6.5%. Overgjæra; som er typisk for mikrobryggeria, ufiltrert og upasteurisert. Lukta er dominert av julekrydder. Ikkje millom dei kraftigaste på smak, heller ikkje særskilt søt eller innsmigrande. Ikkje ein typisk jolaøl. Blanda mottaking i panelet. 

THE END

Schouskjellaren mikrobryggeri, 10%

Denne kjem med kloss i “deadline”, med eller utan bilete. Kveite, sukker og laktose i tillegg til dei vanlege ingrediensane, kven av desse er ansvarleg for den ekstra kraftige smaken frå dei heftigaste mikro-øla? Ein utruleg god øl, men truleg litt for mykje av det gode for sarte ganar. Kan like godt nytast som ein vin, ein konjakk eller ein likør som ein øl. Bryggja i dei gamle lokala til Schous, med mange restaurantar og kafear. Verd eit besøk. Post Corona.   

FØR FINALEN:

Rask oppsummering før finalen: Me dreg med oss DAHLS SANKT OLAV til finalen av dei mest utbreidde norske juleøla (polstyrke), saman med HANSA JULEALE, RINGNES JULEBOKK OG AASS VELLAGRET JULEØL. Alle 9%. Det var óg mange gode øl mellom “mikrobryggeria”, som etterkvart har vakse seg ganske store forresten, sume av dei, men for å gjera det enklare for oss sjølve har me helde oss til “dei vanlege”. No vert det spanande. 

FINALE

Me i det laust samansette panelet, som kan variera litt frå gong til gong, har ved fleire høve sett Hansa JuleAle, Ringnes Julebokk og Aass vellagra opp mot kvarandre. Dahls Sankt Olav har me óg smakt men diverre ikkje fått tak i, i det siste, so den må me ta på hugsen. Men oppdatering kan koma, Lars har tinga på fleire. Sett bort frå Sankt Olav, hadde panelet ein tendens til å setja Hansa eller Aass på dei to fyrste plassane, og Ringnes på tredje. Dette vart óg resultatet når Tore skjenka Lars og meg i ein blindtest. Oppgåva var at me skulle bestemma oss for kven me likte best, i tillegg klarte Lars å identifisera alle korrekt, medan eg snudde om på Hansa og Aass. Jaja. Slik er livet. Berre narren må vera best på alt.  

 

Resultatet vert altså slik:

  1. DAHLS SANKT OLAV
    HANSA JULEALE
    AASS VELLAGRET

  2. RINGNES JULEBOKK

Uansett, verkeleg utsøkte øl alle saman. Panelet ynskjer alle ei god Jol med gode øl og harde pakkar, under jolatreet og andre stader.   

 

BUTIKKØL 4,5 - 4,7%

GRANS JULEØL 

Sandefjord. Lovleg mykje skryt på “bakside-etiketten”. Fortel oss gjerne om ingrediensane og korleis ølet er laga, men overlat til oss suparar å døma om smaken! Her er brukt gode ingrediensar og mørk malt, som gjev eit hint av kaffi. Lite julesmak, meir som ein mørk lager.   

MACK GOD JUL

Tromsø. Her står det sannelig både God Jul og Godt nyttår. Smakar som ein litt utvatna polvariant, naturlegvis, og det er han muligens og. Det kan godt gjelda mesteparten av øla me smakar på i denne klassen. Mindre kaffipreg ein tidlegare. Veldig myrk på farge til å vera ein butikkøl. Ein god og godt balansert øl, men kunne vore litt friskare. 

HANSA JULEØL

Bergen. Fantastisk farge, gylden raud. Og slik er smaken og. Ikkje mengder av smak, men frisk. Kunne nesten sagt typisk Hansa. Slik var haustølen deira og. Denne kan du drikka mengder av. Ypperleg når du ynskjer ein lettare variant etter dei tunge og smaksrike. 

ANDRE OMGONG: “søtare" enn tidlegare år. Faktisk søtare enn mange, t.d. Ringnes juleøl. Det var alltid omvendt før.   

HANSA JULEBRYGG

Bergen. Myrk brun. Lars og Dag likar denne godt, men eg har alltid følt at han er litt kunstig i smaken. Søt på ein litt rar måte. So då er det opp til deg. Kjøp ein og “prøv da vel!”. PS. Etter denne prøvde eg standardvarianten Hansa juleøl ei gong til. Sjølv om denne har mindre smak og sødme, føretrekkjer eg han likevel. Han er friskare. Smak og behag! Prøv sjølv. 

HANSA PREMIUM

Bergen. Dette er ikkje ein jolaøløl, men den raude fargen på boksen minner meg om jol kvar gong eg går forbi han i butikkhyllene. Ganske irriterande. I fylgje boksen skal han innehalda kveitebygg i tillegg til dei vanlege ingrediensane (byggmalt, humle, vatn og gjær), men ærleg tala, eg har enno til gode å kunne setja fingeren på nokon som helst smakar på denne ølen. Det næraste du kjem vatn. Men for all del, var det ein slik øl som passa akkurat no, so vær så god. 

GOD JØL

Kvernafossen, Sande i Sunnfjord. Tendensar til brent korn, kaffi, lite humle. Litt eindimensjonalt. 

LYSEFJORDEN JUL

Maltdrive, som God Jøl, men betre humla. Friskt og godt. 

NØGNE Ø BRUN JUL 

Litt av ei omstilling frå Ø sin barley wine, men alle meinte at dette var ein god øl. Dei kallar han “Belgian Brown Ale”. Tilsett kveitemalt og belgisk klostergjær. 

AASS JULEØL Boks 0,3 cl

Drammen. Havremalt i tillegg til byggmalt, pluss melasse, appelsin, vanilje og kanel. Tett og fin, med ein karamellisert smak i staden for kaffismaken som pregar ein del andre.  I kraft og fylde er han mest som ein pol-øl. Må vera ein av dei beste, om du likar ein øl med smak. Opna ein Ringnes Juleøl rett etterpå, ein god øl eigentleg, men han smakar ingenting etter Aass sin variant, so ein karakteristikk må berre venta til eg kan samanlikna han med meir liknande øl.  

NØISOM JULEØL

Fredrikstad. Lettare kaffipreg, litt lett ettersmak. Me siterer etiketten: “Jueøltredisjonen overlevde kristningen av Norge. Gulatingsloven slår fast at en bonde som ikke har brygget juleøl for tredje året, skal miste gård og grunn til Kongen og Biskopen.”  So no gjeld det at Noreg ikkje vert muslimsk, då forsvinn om ikkje gard og grunn, so i alle fall ølet. 

VOSS FELLESBRYGGERI JOLAGÅVA

Voss. Minner sjølvsagt om sterkvarianten på 6,5%, men er mildare og søtare. På eit vis betre balansert enn polvarianten.  

 

OPPSUMMERING OG FINALE:

Det gjekk litt i surr på slutten. Nokre få flasker eller boksar er diverre ikkje avbilda. Dei har heilt utan hjelp funne vegen ned i glas- og metallkonteinaren. Eg har faktisk fleire gonger måtta ned der for å henta opp att flasker for fotografering, men no er eg lei. Det vart mange øl og mange flasker å halda styr på dette.  

Dei mest utbreidde og vanlege øla i butikkane her vest er AASS, HANSA, RINGNES, MACK OG TUBORG. Desse er vel og dei rimelegaste, og det er ikkje uviktig. Eg tenkte å gjera ei oppsummering av desse. Aass stiller med to variantar, den med mest smak er den vetle Aass, 0,33 l. Den er verkeleg smaksrik og god, mest som ein poløl. Deretter fylgjer Aass 0.5 l. Begge desse er svakt “søte”. Det gjeld faktisk óg Hansa juleøl, og det var ei overrasking, for slik var han ikkje tidlegare (julebrygg-varianten har fått den rolla). Mack har ein liknande smak. Dei to som då står att, Ringnes og Tuborg, er dei minst søte og best balanserte, og difor dei eg kjøper mest av til dagleg bruk. Vil eg ha noko sterkare, kraftigare og søtare, utan at dei kjennest kunstig søte, drikk eg polvariantane. Alt dette er smak og behag sjølvsagt, og avhengig av dagsformen. Fleire i panelet (Dag, Lars og Erlend) svergar til Aass. Om eg må kåra ein vinnar er eg samd i Dag om at det må verta den lille 0,33 l frå Aass. Den er då óg sjølvsagt litt dyrare enn dei andre. Men alle desse er gode og balanserte øl. 

 

Read 3867 times Last modified on Monday, 21 December 2020 19:40
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items