Tuesday, 26 April 2005 23:00

Beyerdynamics

Written by

Øyretelefonar er det mange av, og til mange ulike bruksområde. Det er også mange produsentar med varierande omdøme. Beyer Dynamics er ein av dei som har godt ord på seg, og her prøver vi ut eit knippe hifi-øyretelefonar i det vi kan kalle den seriøse prisgruppa rundt 2000 kr, telefonane med ambisjonar om å kunne vere eit anstendig lydalternativ når høgtalarar ikkje kan brukast.



Av Arve Åheim 10.04.05

Behov for øyretelefonar?
Øyretelefonar er typisk kjekt-å-ha-utstyr, men i ein del samanhengar kan dei vere viktige deler av anlegget. Dei som bur trongt, kan ikkje alltid nyte lyd når andre er til stades, eller kanskje du ynskjer å spele høgt til tider på døgnet som passar svært dårleg for omgjevnadane. Kanskje du skal ut på reise, og ynskjer å kople av på bussen/flyet med musikk? Eller du kan vere amatørmusikar og treng høyre akkurat korleis basslaupet er på ein låt, eller ynskjer å analysere korleis musikkarrangementet er bygd opp. Det er altså nok av gode grunnar til å investere i øyretelefonar, men det ser ut som mange nedprioriterer sånne. Eg har inntrykk av at butikkane stort sett har utstilt øyretelefonar i den heilt rimelege prisklassen, men ynskjer å prøve ut litt dyrare modellar. Ikkje slike som i stor grad erstattar høgtalarane, som Stax (dei dyraste modellane har Trond og eg omtala i tidlegare artiklar her på www.audiophile.no), men gode og allsidige supplement.     

Ulike typar
Øyretelefonar delast vanlegvis inn i to hovudgrupper, opne og lukka konstruksjonar. I praksis kan desse brukast om kvarandre, men lukka konstruksjonar er best om du ynskjer skjerming til omgjevnadane. Dei gjer at det er vanskelegare å få kontakt med deg, og lyden frå telefonane er ikkje så lette å høyre for andre i same rom, som kanskje ynskjer å konsentrere seg med lesing eller anna aktivitet. Dessutan vil ein DJ vere best tent med lukka øyretelefonar. Opne konstruksjonar er ofte meir behagelege å ha på seg over tid, og du oppfattar lettare at folk snakkar til deg, så dette er kanskje meir passande for dei som treng ein allround-sak.

Så har vi ei inndeling i utforming. ”Øyreklokker” ligg utanpå øyrebrusken, og er oftast utstyrt med eit band som held dei i rett posisjon på hovudet, slik at det vert lite press mot øyrene. Dei kan vere riktig store og klumpete, og absolutt ikkje noko å jogge med. Trass i dette, er desse dei mest behagelege å ha på seg over tid når du sit i ro, og dei med minst helserisiko. Desse er mest påkosta, og har gjerne mest forfina lyd, og det er desse vi omtalar her.  ”Klemmer” er mindre, gjerne samanleggbare, som ved hjelp av bøylen pressast mot øyrebrusken. Desse sit fast om du er i farta, og eignar seg godt til joggarar. Dei har gjerne smarte etui, eller kan brettast saman på meir eller mindre finurlege måtar, slik at dei er lette å ta med seg. Presset frå desse kan vere litt travelt for øyremuslingen, og lyden litt sånn bob-bob, men det finnest mange heiderlege unntak. Til sist har vi ”propper”, som stikkast inn i øyregangen. Desse er svært populære, rimelege, og tek minst plass, men ettersom dei leverer lydenergien direkte i øyregangen, er det svært viktig å vere disiplinert med lydstyrken. Dei er i tillegg oftast svært lettdrivne, og kan fylgjeleg spele høgt også med den innebygde forsterkaren i ein mp3-spelar. Eg mistenkjer desse for å vere årsak til at sesjonane avslører stadig dårlegare høyrsel hos norske ungdomar, og vil råde folk til å vere forsiktig med slike. (Men små er dei, og det finnest faktisk nokre med usannsynleg god lydkvalitet, m.a. frå Stax).     

Beyer Dynamics
Dette er ein av dei klassiske øyretelefonprodusentane, og vi prøver her seks modellar av øyreklokker. Beyer har også enklare modellar, og til og med spesialtelefonar til DJ sine spesielle behov. Her er altså modellar til dei som tar lyden litt seriøst, og gjerne har god lyd som hobby.

DT 250
Herleg snert, og perkusjonsinstrument får akkurat det vesle ”svepesmellet” som understrekar drivet i musikken. På denne måten er DT 250 svært lik min favoritt storebror DT 860, og det til eit halvt tusen mindre pris, om enn mindre nøytral, og utan den gode oppløysinga og  diskantattgjevinga. Mellomtonen er også litt inneklemt i direkte samanlikning, så DT 250 står noko attende for dei betre modellane.  Likevel ein svært morosam øyretelefon som eg vart svært glad i under utprøvinga. Einaste negative eg har å seie, er spiralkabelen. Svært greitt når du sit tett på, men travelt når du prøver å strekke deg litt. Kabelen kan takast av (sjå foto), og dersom Beyerdynamic har andre kablar utan spiral, med det spesielle stikket i enden, ville eg føretrekke det. Klokkene er greie nok å ha på seg, om enn ikkje fullt så gode som dei dyrare modellane. Dette er mykje for pengane, og eit fornuftig kompromiss om ein har eit stramt budsjett.

DTX 900
For høgt prisa, sjølv om han er god å ha på seg over lengre tid, men i dette prissjiktet er det nok av konkurrentar. Når du samanliknar direkte med Beyerdynamic sine dyrare modellar, vert det tydeleg at DTX 900 ikkje på noko punkt er like god som desse. Dei dynamiske avgrensingane er godt tydelege, og på alle måtar er dei (rett nok merkbart dyrare) andre modellane gunstigare kjøp. Personleg vil eg heller legge fem hundrelappar ekstra i øyretelefonane, og gå for DT 250, om eg tykte dei aller dyraste telefonane ikkje kunne prioriterast. Og motsett er den endå rimelegare 231 også grei nok lydmessig, sjølv om DTX 900 er vesentleg betre å ha på seg i lengda. DTX 900 si sterke side er altså god komfort på øyrene, slik at målgruppa etter mitt syn må vere folk som ikkje prioriterer lydkvalitet særleg høgt, men som er avhengig av å ha på seg øyretelefonar lenge av gangen. Ikkje til audiofilt bruk, kanskje til TV-eller radiolytting i seine timar? 

DT 880
Dette er Beyerdynamic sin mest eksklusive modell, og vert levert med eige metallskrin for oppbevaring. Det er også ein ekstra skøytekabel av god kvalitet med i skrinet, slik at du har stor valfridom når det gjeld plassering. Dette er eit svært nøytralt øyretelefonsett, og i den grad dette har eit særpreg, er "nøytralitet" særpreget. Det som gjer at eg kan vere tilbøyeleg til å like denne betre enn dei andre setta, er korleis det øvre frekvensområdet opplevst som behageleg utan den vanlege øyretelefon-presensen. Øvre mellomtone og diskant er ikkje framheva på nokon måte, men du får med deg alle detaljar på ein fenomenal måte. Spesielt flott er det å kunne få med seg nyansane utan å irritere seg over tonalt særpreg eller maskering av detaljar. Du får ein assosiasjon til elektrostatar (sjølv om du garantert vil merke at det ikkje er ein slik konstruksjon du har på hovudet om du får samanlikne direkte.) Dette, og dei svært behagelege øyreklokkene, gjer at du kan bruke dei i timevis, ein svært viktig eigenskap om du skal ha skikkeleg glede av høyrelurar. Føler du at øyrene sit i ei musefelle, held du ikkje lenge ut same kor gode klang- og dynamikkeigenskapane måtte vere. Sjølv om det kan vere stor skilnad på dei audiofile hovuda (eg brukar str 58 i den grad eg brukar hatt), dristar eg meg til å påstå at DT 880 passar svært godt for dei som har øyretelefonane som viktigaste kjelde til musikklytting. Eit solidt aluminiumsskrin fylgjer med til oppbevaring, og er svært greitt for å ta vare på såpass kostbare høyrelurar så godt som råd. NB! Ver merksam på at det finnest kampanjer på desse flaggskipa, rykte fortel at dei seljast på internett for 2800 kr. Finn du desse, er det lite å stusse på.


DT 860D
ette øyretelefonsettet formidlar drivet i musikken betre enn noko anna sett eg har prøvd. Dette skuldast dels ei svært stram og dynamisk flott bassattgjeving, dels ein forsiktig presens av mellomtonen, som rett nok gjer at dette settet ikkje er så korrekt, presis og detaljert som Stax sine elektrostatiske øyretelefonar (det gjer då heller ikkje andre dynamiske øyretelefonar). Det er ikkje snakk om ”feit lyd”, snarare ein svært forsiktig equalisering som understrekar dei dynamiske smådetaljane, dei musikalske byggesteinane på ein måte som er uhyre tiltalande, uansett musikalsk sjanger, nesten som ein hornhøgtalar. Tenk ikkje på dette som noko liknande equaliseringa Koss Porta Pro brukar, dette er ingen loudness, men ein designstrategi, og etter min smak det heilt rette snevet i klangkarakter. Dette er perfekt til monitorbruk når du har behov for å plukke frå kvarandre oppbygginga av ein miks. Spesielt bassistar som ynskjer å høyre speletekniske detaljar i eit opptak har her den rette reiskapen. Ingen andre sett eg har prøvd her, gjer dette betre.  Den nedre del av diskantområdet har også preg av denne presensen, som gjev DT 860 akkurat så mykje eigenkarakter at du blir nøydd til å ta stilling til om du likar det i lengda. Elles spelar DT 860 litt kraftigare enn dei andre syskena sine, og  opplevast som betre til å gje att dynamiske nyansar. Alt i alt høyrer desse øyretelefonane til mellom det beste eg har høyrt av dynamiske konstruksjonar. Suveren til symfonisk musikk og andre større orkesterverk, så vel som til avansert popmusikk. Herleg å ha på seg, gjerne i timevis, sjølv om storebror 880 er eit hakk betre. Eit pluss for det gode etuiet til oppbevaring. Fint å ha både på reiser og elles. 

DT 770
PROSærpreget her er skikkeleg presis og korrekt frekvensattgjeving. Du merkar dette mest på direkte samanlikningar av musikk med ”pussige” knep i bassområdet, som t.d. Lou Reed ”Walk On The Wild Side”. Du må her konsentrere deg for å få med dei to basstemmene, som er lettare å differensiere ved lytting på DT 860. Kanskje dette er ein funksjon av at konstruksjonen er lukka? Det har eigne fordelar, som at du er meir isolert frå omgjevnadane ved at du ikkje får inn lyd sjølv om du spelar lavt. Spelar du høgt, vert dette mindre høyrbart for andre enn ved opne konstruksjonar. Men du kan ikkje bruke sånne når du joggar, då vert du lett offer i trafikken. Elles kan lyden best beskrivast som ein mellomting av 860 og 880, tett på desse, men kanskje litt strammare (ein funksjon av den lukka konstruksjonen?). På dei fleste måtar er DT 770 det beste kjøpet, men vegen opp til dei beste modellane er ikkje så frykteleg lang, og 770 har heller ikkje eigen oppbevaringsboks. 

DT 231
Dersom bassen er det viktigaste for deg, kan denne rimelegaste modellen vere god nok. Ikkje lydmessig i same klasse som dei større modellane, og ganske inneklemt i topp og mellomtone. Likevel ein godt brukbar sak om krava ikkje er for store. Prøv han på fyrst, for eg opplevde denne som den travlaste å ha på seg over lang tid, klokkene var for små til mine (store?) øyrer. Men dette opplevast ulikt frå individ til individ, så prøv på eige hovud før kjøp. Det er sannsynleg at DT 231 kan passe godt for dei yngre medlemene i familien, og slike klokker er betre for høyrselen enn propper om det spelast høgt og heftig musikk. Legg også merke til at dette er ein lukka konstruksjon, og såleis ein høveleg sak for den som vil sjå tv når andre vil lese bøker i same rom. Dessutan svært gunstig pris. Men hugs dette med at lukka konstruksjonar ikkje er noko vidare når ein skal få med seg det som skjer "utanfor hovudet", sjølv om desse er små og hendige, bør du ikkje ferdast i trafikken med dei på hovudet. Til turbruk med støyande framkomstmiddel som snøggbåt eller fly, kan dei vere utmerka. Og så er dei på tilbod i somme butikkar, rykta seier for 495 kr...


MODELL TYPE VEKT JACKPLUGG UTSTYR PRIS
DTX 900 Open Hybrid 1190,00
DT 80 Semi 270  gram Hybrid Skrin, skøyteleidn 3290,00 *)
DT 860 Open 340 gram Hyrid Skinnveske 2990,00
DT 770 PRO Lukka 270 gram Hybrid 1995,00
DT 250 Open Hybrid 1790,00
DT 231 Lukk Hybrid 695,00 *)


*) kampanjeprisar finnest, sjekk fleire butikkar.



Oppsummering
For den som berre skal ha ein øyretelefon for å ikkje sjenere andre når det skal lyttast, er DT 231 eit godt val, ein rimeleg sak. Klokkene er ganske små, og vil nok vere høvelege til yngre menneske. Lyden ut til omgjevnadane er også minimal, for dei som ser dette som eit pluss.
DTX 900 er fyrst og framst behageleg å ha på hovudet, ein svært viktig eigenskap når det gjeld øyretelefonar. Brukar du øyretelefonar ofte, men ikkje har særleg strenge krav til lydattgjeving, er dette ein heilt grei sak. Men er lydkvalitet det viktigaste, må du velje ein av dei dyrare modellane.
DT 250 gjev deg fornuftig samsvar mellom pris og lydkvalitet, men litt dårlegare komfort enn dei dyrare modellane. Fin for den som stiller strengare krav til lyden, men som ikkje skal gå med dei lengre tid i gongen. I så fall bør du gå opp til den lukka DT 770, som er eit godt val til studiobruk. Den kostar heller ikkje allverda. På mange måtar er dette det beste kjøpet totalt, særleg dersom du vil ha ein lukka konstruksjon. Dette er mitt personlege fyrsteval.
Dei to siste modellane er likevel dei beste, og difor (rimeleg nok) uheldigvis dei dyraste. Dette er opne konstruksjonar med svært god emballasje for transport. Begge er gode å ha på seg, og prisskilnaden berre få hundrelappar. Det som bør vere utslagsgjevande for kva modell du bør velje, er om du vil ha trøkket og dynamikken til DT 860, eller DT 880 sin litt meir nøytrale og forfina lyd.

Link til importør: http://www.njal-hansson.no/kontakt.htm   

Sist oppdatert : 27.04.2005 14:10:23

Read 4776 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.