Friday, 31 March 2006 23:00

Koss øyretelefonar

Written by

Eg har fått sjansen til å prøve ut dei fleste spennande øyretelefonar på den norske marknaden. Sennheiser, Beyerdynamics og Stax er tidlegare omtalte her på sidene, og no er turen komen til landets kanskje mest utbreidde kvalitetsmerke; Koss, som har svært mange modellar på programmet sitt,
No tar vi for oss eit utsøkt utval av dei mange modellane.....


Av Arve Åheim, april 2006


Utforming og utsjånad
Det er felles for alle Koss-telefonane at dei ser smarte ut. Kanskje med unntak av den aller beste, som deler både elektrostatprinsipp og eit visst 70-tals retro-design med Stax. Så diverre er det slik at du ikkje kan få ekte elektrostatar som også er elegante…….etter mi meining, altså.
Dei aller fleste lukka øyretelefonar har ein tendens til å variere lyden litt med korleis du plasserer dei på skallen. Dette gjer seg gjeldande med Koss-telefonane i særleg grad. Kanskje eit problem for den som skal vurdere dei, men eigentleg litt fint for vanlege brukarar, som kan flytte litt på dei for å tilpasse lyden optimalt. Det er likevel viktig å vere klar over dette, slik at du ikkje trur telefonane er dårlege – for det er ingen av dei eg har prøvd ut. Men om du vrir bøylen fram- eller bakover, kan du få svært ulike resultat, og eit godt råd er å eksperimentere litt med dette.
Eg har erfaring med at øyretelefonar treng mykje tid for å stabilisere klangbalansen og sleppe dynamikken skikkeleg laus. Eg lot difor alle telefonane gå på ganske høg lydstyrke minst tre døgn før eg tok til å prøve dei ut. Utprøvinga gjekk for seg i fleire etappar, og eg tillot meg sjølv å verte skikkeleg kjent med kvar einskild før eg starta samanlikningane. Eg brukte ulike programkjelder, og dei siste, samanliknande rundene skjedde med Rogue Metis preamp sin svært gode forforsterkar og vinyl som programkjelde.  

Pro4AA Titanium
Dette er ein øyretelefon som osar av kvalitet frå før du pakkar han ut av emballasjen. Men merkeleg nok var eg slett ikkje fornøgd med klangbalansen fyrste gongen eg prøvde han ut. Eg spanderte difor tre nye døgns innspelingstid, og då kom ting skikkeleg på plass. Med bøylen framoverlent vart bassen kraftigare, slik eg likar han, utan at det var snakk om feitare eller høgre nivå enn det naturlege – Koss har andre modellar som har slik ”sjarmørlyd”, men dei to beste Pro-modellane har ambisjonane meir i retning å vere monitor-reiskap med stor presisjon. 
Dei dynamiske aspekta er fylgjeleg også godt fokuserte, så lydattgjevinga er akkurat, men likevel svært engasjerande i heile frekvensområdet, og det viktige området frå øvre bass og opp i mellomtonen var skikkeleg nyansert og godt oppløyse, utan spesiell klangfarging. Bassen har ein utruleg snert, og Bruk av Yello ”The Eye” gjev midbassoppleving og leverer ein kontroll på bassfrekvensane som rett og slett er storarta. Diskanten er også godt oppløyst, og vel på høgd med Beyerdynamics og Sennheiser sine beste modellar, sjølv om vi ikkje kan samanlikne med elektrostatar sine kvalitetar på dette feltet. Men vi har iallfall alle musikalske detaljarar og små nyansar godt på plass. 
Koss har skrive Studio Stereophone på emballasjen til desse telefonane, og vi snakkar om eit glimrande monitorreiskap, kanskje det aller beste ein kan få med tanke på å ha korrekt attgjeving av detaljar om det som går føre seg i innspelingsstudioet, med unntak av elektrostatmodellen er PRO4AA iallfall klart det beste verktøyet i denne samanheng. Men det er ikkje sikkert du skal gå for slik presisjon utan å ha sterkt ynskje om det – eg overdriv ikkje når eg refererer bruk av tyggegummi med desse øyretelefonane på hovudet; du kan høyre korleis lydeigenskapane endrar seg for kvart tygg. Men  Pro4AA Titanium verka også svært robust, og er nok ein svært fin sak å ta med seg på tur i profesjonelle samanhengar. Dessutan er dei skikkeleg lukka, og du skal spele riktig høgt før du sjenerer andre. Ein spesielt glatt kvalitet på putene gjer at dei sluttar svært godt rundt øyrene, og sikrar at svært lite lyd slepp ut. Einaste ulempa eg opplevde, var ein viss trøttleik etter ein times lytting. Slike ting varierer sterkt frå person til person, så det er ikkje sikkert du vil ha same opplevinga som meg. Men om du skal sitte i timevis, kan det vere lurt å sjå på ein annan modell.  

PRO3AA Titanium
Denne modellen er ganske lik 4, men er langt lettare, og held ikkje øyrene så hardt. Det slepp difor ut litt meir lyd ut, men skal du lytte lenge, er det vesentleg meir behageleg. Mange vil nok også like det meir vanlege putestoffet på modell 3. Dette er øyretelefonane for den som både skal ha monitoreigenskapar, ein lukka konstruksjon og noko relativt lett, med god klangbalanse – også modell 3 kan variere sterkt med korleis du plasserer dei på hovudet. Dessutan er dette eit formidabelt analyseverktøy som gjer at du kan få med deg detaljar i opptaksteknikken som vanskeleg kan detekterast med monitorar. I direkte samanlikning er ikkje PRO3AA så ekstremt nøyaktig som storebror PRO4AA, men til dagleg bruk vil du neppe ergre deg over skilnaden. Tvert om vil du nok etter ein hektisk lyttedag føle deg betre om du har brukt den mindre modellen. Det beste alternativet for den som treng eit lydleg arbeidsverktøy, men ikkje må ha det aller beste. Også glimrande for den som lytter intenst til detaljane i musikken.  

Spark Plug
Normalt vil eg ikkje tilrå kjøp av øyreproppar. Dette er små ”øyretelefonar” som stikkast inn i øyregangen. Når ein høgtalar gjev frå seg kraftig lyd i eit så lite rom som øyregangen, er faren for at dynamikk kan føre til skadar på høyrselssansen ganske stor, spesielt om ein spelar høgt. Men av og til er det ynskjeleg med slike svært små lyttereiskap, og Koss har her laga nokre som gjev rimeleg bra klangbalanse, og som er såpass tungdrivne at dei iallfall ikkje utan vidare medfører stor risiko for høyrselstesten på sesjonen.
Pluggane består av eit lite, kort og hardt plastrør der du sett på ein mjuk, formbar gummiaktig plugg. Denne kan du klemme ganske tynn før du fører han inn i øyret. Etter ei lita stund utvidar han seg, og fyller øyregangen. Det fylgjer med eit ekstra sett pluggar. Pluggen er på ein måte ein open konstruksjon, då han slepp ut/inn litt lyd gjennom eit finmaska gitter, men sjølvsagt er så små konstruksjonar som blokkerer øyregangen såpass effektive lyddemparar at ein skal vere svært merksam på trafikk og det som går føre seg utanfor hovudet, slik at ein ikkje vert farleg for sine omgjevnadar...
Sjølv om eg har vore svært skeptisk til slike konstruksjonar, har eg prøvd nokre liknande, men må seie at klangbalansen på Koss si utgåve, er klart betre enn dei andre eg har prøvd. Dette er ikkje reiskapen for den seriøse lyttar, men om du er avhengig av noko svært lite, er det både billeg og greitt. Eg vil uansett tilrå å spele på Spark Plug mykje lågare enn med andre øyretelefonar – for ikkje å snakke om høgtalarar.   

TD 85
Mange kjenner Koss-lyden som ein heilt spesiell lydsignatur, med musikalsk og litt hyggjelegare attgjeving av øvre bassområde/nedre mellomtone enn innspelinga har. Dei dyrare PRO4AA og PRO3AA-modellane har heilt andre ambisjonar, og er eigentleg svært så presise, noko som kan vere eit sakn for den tradisjonelle Koss-entusiast. Men modell TD 85 byggjer bru mellom dei lukka, seriøse monitorreiskapa og dei rimelegare, sterkt musikalske og "koselege" modellane. Og bassattgjevinga frå TD 85 trur eg du aldri har høyrt maken til. Er du bassist, og ynskjer øyretelefonar som kan avsløre eit vanskeleg basslaup du vil planke, er TD 85 kanskje det beste verktøyet du kan få. Det er også snakk om ein utruleg presis men også musikalsk, lukka konstruksjon som klarer å formidle dei fleste musikalske detaljar. Dei to PRO AA-modellane har nok betre styr på det aller øvste frekvensområdet, men du skal vere svært fokusert på slikt, og dessutan ha ein svært god øyretelefonforsterkar for å ha særleg glede av dette. Om du derimot er svært glad i bass, men ikkje ynskjer den litt svulstige attgjevinga frå Porta Pro, og heller ikkje er så begeistra for opne UR40, er dette eit opplagt val. Eg fann også fort ut at dette er beste monitor-øyretelefonen for å avsløre moving-magnet-pickupar sine kveik av resonnansar. Men også den som vil ha ei fysisk oppleving av Yello ”The Eye” og tilsvarande brutale basslåtar. (Du trur kanskje ikkje det går an å ha fysiske opplevingar berre med ein øyretelefon? Vel, prøv denne) TD 85 er ein svært musikalsk arbeidshest for den som har spesiell fokus på bassområdet, og vil nok vere ein telefon mange vil velje etter raske samanlikningar med konkurrentar i same priskategori. Ikkje berre den beste bassformidlaren eg kan hugse å ha hatt på hovudet, men ein svært hyggjeleg musikkformidlar også.   

Porta Pro
Dette er vel Koss sin aller største suksess gjennom tidene. Med sin livstidsgaranti (som Koss no overfører til svært mange modellar) har det vore ein svært populær sak, uendra gjennom lang tid, og dei siste par-tre åra også med sterkt synkande pris. Frå 700 kr for relativt kort tid sidan, er no prisen nesten halvert somme stadar. Det er ein svært hendig sak, dette her. Svært enkel å brette saman til noko som kan ligge i jakkelomma. Det fylgjer dessutan med ein skinnpose som tryggar øyretelefonen, og der du kan ta jack-minijack-adapteret oppi. Samanbrettinga av Porta Pro er svært enkel, lett og likevel  robust. Eg har eit par slike frå før, og må seie at dei er svært problemfri. Denne arbeidshesten har ein eigenskap det er viktig å vere klar over før innkjøp. Sidan dei er svært små og laga slik at dei ikkje omsluttar øyrene, men pressar telefonane mot dei, er dei på sett og vis opne. Dei har difor fått frekvenskorrigering, ei lita bassheving som gjer at musikkattgjevingar vert feitare enn dei er innspelte. Dette er uhyre sjarmerande, og ganske sikkert ein av dei viktigaste grunnane til at Porta Pro har fått legendestatus. Ei slik ”loudnessaktig” frekvenskurve er også midt i blinken for den som lyttar til MP3 og andre komprimerte signalkjelder,  sminking av denne lyden er etter mi meining eit must for å kunne ha skikkeleg musikkglede, og Porta Pro-lyden er engasjerande og rykande musikalsk. Men fleire enn meg har nok tabba seg ved å bruke Porta Pro til lydsjekk og monitorreiskap. Justerer du lyden i miksebordet med desse som referanse utan å vere klar over den feite bassen, risikerer du å lage svært så anemisk og kvass lyd på PA-anlegget. Porta Pro klarer heller ikkje å løyse opp detaljane i øvre mellomtone og diskant så godt som dei meir seriøse konstruksjonane. Men dette er så avgjort ein øyretelefon for den som kosar seg med musikk, og når du brettar han saman og legg han i posen, er han så liten at sjølv den mest disiplinerte fjellvandrar har plass til han på turen. Denne frekvenskurven er også sånn at ein ikkje treng spele så frykteleg høgt for å ha det gøy.   

UR40 Titanium
Koss har mange modellar, og her er også ein open øyretelefon som har litt andre eigenskapar enn dei lukka. For det fyrste er dei lettare å sette på hovudet – lyden er ikkje nemneverdig avhengig av korleis du plasserer bøylen. Dei stengjer heller ikkje ute omverda så grundig som dei lukka, så om du ikkje spelar svært høgt, er det råd å få kontakt med deg om du lyttar til musikk på reiser m.m. Ulempa då vert sjølvsagt at du også risikerer å forstyrre omgjevnadane ørlite – men berre svært så hårsåre omgjevnadar. Eg må innrømme at UR40 er den øyretelefonen eg brukte mest ved sida av elektrostatane i den lange utprøvingsperioden. Held vi Porta Pro og proppene utanfor, er dette den lettaste av Koss sine seriøse øyretelefonar. Ein lukka konstruksjon må bruke litt press for å sikre at konstruksjonen held seg tett inntil øyret, nokon denn opne konstruksjonen slepp. UR40 har dessutan skikkelege øyremuslingar, og treng ikkje bruke press frå bøylen for å ha makt til å halde dei på plass. Dei er såleis den definitivt kjekkaste telefonen å ha på seg over tid. Lyden er også eit svært behageleg kompromiss mellom det eksakte og det ”koselege”. Her er litt loudnesseffekt, men mindre enn på Porta Pro, og når du gjer direkte samanlikningar, er diskanten ikkje heilt på høgd med det vi høyrer frå dei andre titaniumelementa. Til musikkbruk er dette likevel storarta, og eg har ikkje problem med å lytte til min svært så gode vinylrigg med stor glede og musikalsk entusiasme – her er UR40 akkurat passeleg subjektiv til min smak, medan Porta Pro vert litt for svulstig til mange vinylskattar. Det finnest mange krav til øyretelefonar, og du finn aldri eit fullgodt kompromiss mellom monitorreiskapen og lyd-på-boks, men skal du berre ha ein øyretelefon, er dette mitt val.  

ESP 950
Dette er ein elektrostat. Eg held dette prinsippet for å vere det beste for å omsette elektriske impulsar til lydbølgjer, og er nok ein smule prega av dette. Og ESP 950 har ikkje skuffa mine rimeleg høge forventningar. Dette er oppløysing av detaljar i den absolutte referanseklassen, og om du t.d. lyttar til The Band: The Last Waltz på DVD-A via desse elektrostatane, får du ei fantastisk oppleving. Å høyre korleis basstrommeskinnet vert truffe av pedalkølla er rett og slett rørande. Dette er så ubeskriveleg ekte, detaljmessig så nær det fullkomne du kan gjere deg håp om å komme utan å vere på scena sjølv. ESP 950 spelar med slik nerve at du slett ikkje opplever det som noko forringing av lyden å måtte trøyste deg med øyretelefonar i staden for høgtalarane. Sjølvsagt får du ikkje romoppleving, og må klare deg med typisk øyretelefonperspektiv, men når ting er så godt som dette, er opplevinga så rik på detaljar og klangmessig perfeksjon, at du uvilkårleg fokuserer på dette i staden. Skal du ha noko liknande når det gjeld høgtalarar, er vi raskt oppe i fleirehundretusekronersklassen, om det i det heile kan gjerast.

Det beste eg har fått med meg av øyretelefonlyd, er Stax med eigen, integrert øyretelefonboks som er meir klangnøytralt og detaljrikt enn noko anna lydattgjeving. ESP 950 er nok ikkje heilt på linje med denne, utan at eg har fått gjort direkte samanlikning. Det skuldast sannsynleg fleire ting. For det fyrste er ESP 950 utstyrt med ein annan type forsterkar/tilpasningsboks, E/90 Electrostatic Energizer. Denne er nok ein mindre påkosta konstruksjon enn Stax sin svinedyre tilsvarande. Går vi ned på dei litt rimelegare Stax-konstruksjonane, er dei anten ikkje ekte elektrostatar, eller så har dei behov for ein eigen effektforsterkar, som då sjølvsagt verkar inn på lyden. E/90 har føremona av å vere spesialtilpassa ESP950, og fungerer såleis svært godt, men trass alt litt avgrensing mot cost-no-object-Stax. Likevel kan ein glede seg over ein liten skugge av Koss-signaturen – litt fokus på bassen. Umerkeleg i fyrste lyttefase, men etter kvart vert du klar over at det er akkurat så mykje at vi aldri mister musikaliteten. Du er altså milevis frå den Porta Pro-iske kosebassen, men er meir korrekt. Kanskje ikkje så nøytral som Pro4AA sin dødspresise bass, men heller ikkje heilt som  TD85 sitt brutale snert over bassattgjevinga. Du matchar likevel glatt dei andre dynamiske konstruksjonane – på absolutt alle felt, og i tillegg har du denne strålande naturlege attgjevinga av alt frå midbass og heile vegen så langt opp i frekvensområdet som eg bryr meg om.



Eg har stor sans for ESP950 og E/90, for dette settet er i motsetnad til Stax sine toppmodellar svært så mobilt. Rett nok ikkje slik at du kan bruke det i joggesamanheng, men E/90-boksen har eigen batteripakke, slik at du kan bruke elektrostatane uavhengig lysnettet – perfekt om bord i ein båt eller på ei straumlaus hytte. Sjølve øyretelefonen kan også demonterast og leggjast i ei medfylgjande veske, om lag så stor som ein mindre fotobag. I tillegg til dette treng du berre ei signalkjelde. Og E/90 er utstyrt med både minijack-inngang og vanlege phonoinngangar. Såleis utfordrar ikkje ESP950 Stax sine stasjonære øyretelefonsystem, men det mobile, der Koss sitt elektrostatiske øyretelefonsystem nok er det beste, om du då ikkje spanderer på deg ein retteleg godt matcha effektforsterkar på 12 voltsdrift til Staxane. Dyrt, javisst, men om du tenkjer på at det sannsynlegvis er uråd å finne høgtalarar som kan by på tilnærma noko av det same når det gjeld detaljrikdom og oppløysingsevne, eller for den saks skuld mikrodynamikk, er det rett og slett billeg med ESP950, trass i ein utsalspris på 10 000 kr. Men samanlikna med Koss sitt prisnivå elles, er dette sjølvsagt mykje pengar...  

Oppsummering:
Koss er ein av dei tre store øyretelefonprodusentane på den norske marknaden. Det finnest også andre som leverer betydelege øyretelefonar, anten ut frå kvalitet eller volum. Men Koss, Sennheiser og Beyerdynamics har svært høg fokus på akkurat slike produkt. Alle desse tre har produkt i den "seriøse" prisklassen, men Koss sin spesialitet er kanskje det rimelege og fornuftige prissegmentet.    

ESP 950 er elektrostatane. Betre enn nesten alt anna, men dyrt. Og sjølv om det er mobilt, er det meir styr og arbeid med elektrostatar enn kva du får med dynamiske system. Uansett alt slitet - dette er ved sida av Stax dei beste øyretelefonane eg har prøvd. Stax ville eg hatt heime, men ESP950 er den eg helst ville hatt med meg på tur - iallfall når eg var komen fram til reisemålet.
Pris: 9990,00 kr

Pro4AA Titanium er eit fantastisk analysereiskap, og for den som vil høyre alle detaljar på eit opptak, er det vel ingen annan øyretelefon som gjer jobben betre til denne prisen. Men det er eit lukka system, og vil nok av somme opplevast som travelt å ha på seg. Pro står her for profesjonelt bruk, noko som heilt klart er målgruppa for dette produktet. pris: 898,00 kr  

PRO3AA Titanium er eit hakk ned i presisjon frå modell 4, men byr på større komfort. Disse er eit godt kompromiss, som vil passe for mange som treng ein lukka øyretelefon med nøytral attgjeving som kan brukast over lengre tid.
Pris: 798,00 kr

TD85 har litt ”grovare” øvre mellomtone og diskant, men kan til gjengjeld formidle bass på ein svært truverdig og på same tid imponerande måte. Som den beste bassformidlar eg kan hugse å ha høyrt av øyretelefonar, er dette mitt definitive val for bassentusiasten. Lukka system, denne også, med dei positive og negative sider prinsippet medfører. Denne bør du høyre, det kan godt hende du finn ut at for deg er dette verdas kjekkaste øyretelefon....
Pris: 798,00 kr

Porta Pro er klassikaren med meir enn 20 år i produksjon. Ser spinkel ut, men har i praksis synt seg å vere svært robust. Ikkje særleg god som monitor og analysereiskap, men svært musikalsk og koseleg. Syner stor tilgjeving med dei lydmessig svake sidene av komprimerte lydformat, og klarer seg godt saman med MP3-filer. Det opplagde alternativ å ta med seg på tur.
Pris: 449,00 kr

UR40 Titanium er ein open konstruksjon som er den lettaste  av dei seriøse modellane. Dette er også den mest behagelege å ha på seg av alle Koss-telefonane eg har prøvd. Ikkje så god som monitorreiskap som Koss sine beste modellar, men som kompromiss for deg som treng ein øyretelefon som skal brukast til alle lytteoppgåver ,er dette det beste alternativet. Skal ein også sjå på prisen, er dette min klare favoritt.
Pris: 549,00 kr

Spark plug høyrer til ei produktgruppe eg normalt er svært forsiktig med å tilrå, spesielt for ungdomar som ynskjer å spele høgt. Fordi lyden leverast direkte inne i øyregangen, er sjansen for å påføre seg høyrselsskadar ganske stor. Du bør altså ikkje spele høgt på slike. Når det er sagt, er Spark Plug ein av dei mest nøytrale lydformidlarar av sitt slag når du får dei skikkeleg plassert. Og ikkje er dei dyre heller.
Pris 299,00 kr  

Importør: www.turascandinavia.com

Sist oppdatert : 09.04.2006 22:45:

Read 5683 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.