Wednesday, 01 February 2006 00:00

Teac Esoteric X-01

Written by

100 000 kr er mykje pengar!
Med forsakingar på andre felt ein slik sum medfører, er X-01 ikkje noko for gjennomsnittsentusiasten. Spennande å teste, men i utgangspunktet stiller vi ekstreme krav til ein så dyr SACD-spelar. Eg forventa at alle lydparametrar ikkje berre skulle vere svært gode, men ganske unike.
Det er hardt å melde at krava mine stort sett vart innfridde.

 

 

 


av Arve Åheim februar-april 2006, med kommentarar frå Trond Sæther og Stian Gårdsvoll (publisert 26.august)

Dette beistet kom heldigvis direkte på døra, for eg hadde ikkje bil den aktuelle veka. Og saken vog nesten 30 kg – ganske ubehageleg å flytte rundt omkring…

Pakkinga var heldigvis god, tre pappkasser og solide isoporpakking rundt endane av spelaren. Det kom godt med, for det var laga slaghol i kassa av ein ganske skarp gjenstand, som heldigvis ikkje hadde kome i kontakt med sjølve spelaren. Dette er eit produkt som bør forsikrast godt når det transporterast. Uansett om saken er svært solid i seg sjølv.

Hadde all mekanikk vore laga med sånn soliditet og presisjon, ville ikkje vår generasjon fått behov for å kjøpe nytt – ein spelar som dette kan rett og slett ikkje slitast ut. Slik byggekvalitet er eit vellukka forsøk på å gjere ting heilt perfekt. Det same kan seiast om fjernkontrollen. Bygd med same soliditet som ein middels hammar. Mister du denne i parketten, er det ikkje fjernkontrollen som tek skade. Metall, sjølvsagt, men med knottar under så du ikkje får merke i bord og andre møblar om du skulle vere litt uheldig.

Designet
Dette er ein veldig flott spelar, men utan prangande eller utagerande utforming. Utfresing av logo på toppen av kabinettet, og ein del små ting som gjev deg ei klar visuell formeining om at denne spelaren er noko eksklusivt. Enkel, forsåvidt, men gjennomtenkt i alle detaljar. Tre bein for så stor stabilitet som råd. Eg registrerte også at han lot seg styre av fjernkontrollen med god rekkevidde, betre enn andre apparat eg har hatt i huset. Elles er det meste som det må vere lov å forvente til ein slik pris. Funksjonelt og usannsynleg skikkeleg. Og litt småluksus i detaljane…  

Og så lyden:
Etter ei kort runde i surroundanlegget, fann eg som venteleg ingen svake punkt. Det er innlysande at dette er eit produkt med heilt andre ambisjonar enn å stå i ein heimekino med pris på om lag ¼ av kostnaden til spelaren. Så deretter vart han plassert i to-kanals referanseanlegget i lytterom #1 – med fleire lydmessige nyopplevingar som resultat. Det var verkeleg interessant på mange måtar, og det kanskje mest oppsiktvekkjande var at CD-ar let om lag like bra som SACD gjennom denne spelaren. Var dette verkeleg digitalt? Ei så organisk og gjennomsiktig lydattgjeving at eg ikkje kan hugse noko liknande i heimeanlegget, sjølv ikkje saman med ganske så kostbare vinylriggar. Ikkje berre måtte eg flytte litt på mine meiningar om dette med å spele digitalt kontra vinyl, men eg fekk også avslørt kor god Rogue Metis forforsterkar er samanlikna med den nye Vincent SA 31 mkII og Ming Da MC 3R. Dei tredimensjonale kvalitetane til Metis synte seg å vere minst to divisjonar over den noko billegare SA31MKII, ei djupne, høgde og vidd over perspektiva som eg ALDRI før har høyrt gjennom eit digitalt medium. Og Ming Da sine flotte dynamiske kvalitetar kunne demonstrerast tydeleg også på digitale innspelingar. Det var svært tankevekkjande at sjølv ganske ”triste” remiksa CD-ar der klangkarakteren måtte seiast å vere sørgjeleg samanlikna med vinylmediet, vart dynamikk og perspektiveigenskapar ikkje berre fullt ut akseptable, men direkte imponerande i den digitale avspelingskjeden. Men sjølv om mi analoge samanlikning var Linn Sondek LP 12, snakkar vi her om ein relativt rimeleg pickup, mi referanse Dynavector DV10x5. Denne har uvanleg gode perspektiveigenskapar for prisklassen, men kan nok ikkje samanliknast med dei aller råaste vinylriggane. Resten av vinylriggen var Linn Sondek LP 12 i 1997-utgåve, med den rimelege Akito-armen, og dels ARC SP10 riaa, dels den innebygde i Rogue Metis.

På dei aller fleste platene eg brukar å gjere direkte samanlikningar med, har det alltid vore slik at vinyl var eintydig betre, slik eg alltid har konkludert tidlegare. Sjølv ikkje då eg brukte ARC SP10 som riaa, er det snakk om at X-01 kom særleg til kort innan perspektiveigenskapar. Berre ved direkte samanlikningar mellom vanleg CD- og halvfarts vinylutgåve av DSOTM, samt Belafonte in Carneige Hall, Jazz på Svenska og Misa Criola, kunne eg seie at min etter måten rimelege vinylrigg var uvilkårleg ”best” på perspektiv. I tillegg kom at X-01 spelte med minst like god og organisk klangkarakter og dynamikk på alle mine innspelingar av elektrisk musikk frå 60- 70- og 80-talet. Rett og slett grensesprengjande. Og kanskje med på å rettferdiggjere litt av den ganske så ekstreme prisen, for mange LP-ar av Kinks, Hollies, Jethro Tull, Deep Purple, Uriah Heep og andre ”berre må ha”-grupper er så dyre på vinyl at det er mykje billegare med CD-utgåver. Denne evna til å både vere formidle musikken med stor glede og entusiasme, utan at du går glipp av noko viktig musikalsk, trur eg er heilt unikt for X-01. Det finnest rett nok ein del spelarar i denne prisklassen, og det er ikkje mange eg har fått gleda av å høyre på under kontrollerte tilhøve. Kanskje Ed Meitner sin spelar kan gjere noko liknande? Eg har høyrt denne ved eit par høve. (Aldri heime, men på messer og hos Norsk Lyd og Bilde saman med toppelektronikk frå Brasil har eg hatt opplevingar som tenderer i same retning.)

Ein annan morosam ting er som sagt å samanlikne SACD og CD. Det er litt skilnad, men CD er i seg sjølv så godt attgjeve at eg ikkje saknar det vesle ekstra i slagkraft og utklinging som SACD normalt ville føre til. Men hugs no at eg spelar i stereo. Trond vil prøve ut denne spelaren i surroundmodus. Det finnest fleirkanalsinnspelingar som er ganske fantastiske, og desse kan rettferdiggjere at du kjøper ein spelar med dette handlingsrommet.Det tok ei stund før eg greidde å sende spelaren vidare til Trond og Stian, eg måtte berre gjere nokre direkte samanlikningar via nokre verkeleg gode preampar + vinylrigg, og kom meg ikkje bort frå anlegget. For aller fyrste gong har eg ingen atterhald på digitalproduktet i det heile tatt. Dessutan er det skikkeleg MORO å spele all slags musikk over anlegget no. Har gått igjennom eit stort tal 70-tals låtar, og sjølv om opptakskvaliteten er eit godt stykke unna det vi kallar referanselyd, er det svært lett å la seg engasjere og verte riven med - å spele CDar med Deep Purple og denslags er faktisk like moro som å spele vinyl ... (dette seier altså ein vinylfantast)___ Rein musikk! 

Eg har no leita med lys& lykter, men ikkje funne eitt einaste svakt punkt på spelaren...bortsett frå prisen og vekta, sjølvsagt. Det vert halleluja-roping frå mi si side. Anar ikkje om Trond & Stian er meir nøkterne, vi får sjå.

Konklusjon
Ein svært dyr, men grensesprengjande SACD-spelar, fullstendig fri for svake punkt. Eg er tilbøyeleg til å seie at han er verd prisen på 100 000 kr. 

Eg spurte Anders Ertzeid frå Hificenterkjeden når billegutgåva av denne skulle komme. Det var han usikker på, men det skal vere ein eit stykke inn i framtida. Derimot kunne han stadfeste at ei endå betre utgåve til 400 000 kr ikkje er så langt unna….

Eg må berre spørje: Kvifor skal ein SACD-spelar vere betre enn dette? 

Kommentarar frå Trond:
Først i plateskuffen var Patricia Barber Companion. Dette er en svært dynamisk og krevende plate, der Patricia’s stemme raskt avslører eventuelle unoter i signalveien frem til lytteren. Samtidig gir denne platen et enormt rom og en sterk følelse av tilstedeværelse når alle ting klaffer i anlegget. Det skulle ikke mange sekundene til før det ble klart at X-01 var en spiller i absolutt toppklasse. Her kan vi kanskje innlede en langtekkelig akademisk diskusjon på hvilke spiller som er den beste: Esoteric, dCS, Krell, Musical Fidelity etc. Svaret er like vanskelig å finne som det er uinteressant. Det blir smak og behag og det er veldig enkelt å ”overleve” med hvilken som helst av de nevnte spillerne.Esoteric X-01 minte mye om min egen TriVista SACD. TriVista låter nok en tanke rundere og snillere, noe som sikkert skyldes rørene i denne. Esoteric ligger litt mer mot det analytiske, selv om jeg ikke vil kalle den analytisk eller kald i negativ retning, men kanskje noe mer ”korrekt” og litt mindre ”entusiastisk” enn TriVista.

Når det gjelder teknikken så ble jeg litt skuffa, og ikke så rent overraska. Skuffelsen skyldes et meget rudimentært bassmanagement system, som gjør den mindre egnet til multikanal, men som Arve nevner lenger oppe i omtalen, det vel egentlig ikke multikanal som er hovedpoenget med X-01. Den store overraskelsen kommer av at den bruker Burr Brown PCM1704 DACer: http://focus.ti.com/lit/ds/symlink/pcm1704.pdf Dette er i og for seg en grei DAC, og den var en av de desidert beste ”state-of-the-art” DACer i 1998 da den kom. Sammenlignet med dagens mest fancy saker også fra Burr Brown, har 1704 ”veldig høy” forvrengning Det mest oppsiktsvekkende er at PCM1704 er en ren PCM DAC. Det vil si at den ikke har mulighet for å gjengi DSD signalet fra SACD, DSD signalet må først konverteres til PCM. Dette er i og for seg en triviell matematisk operasjon som kalles Super Bit Mapping, eller SBM: http://www.daisy-laser.com/technology/techsacd/techsacd13.htm I denne konverteringen til PCM forsvinner også SACD-systemets påståtte fordel, nemlig DSD signalet, som muliggjør ”analog” lyd opp til over 100 kHz. Skal man oppnå det samme med PCM, må det brukes en samplingsfrekvens på 6-700 kHz. Det er det pr skrivende stund, bare McIntosh som gjør. Det er helt utrolig at Teac har funnet på å gjøre noe slikt når det i dag finnes så mange meget gode DACer som tar både DSD og PCM.For meg ser det ut som om man har prioritert gjengivelse fra CD. 100 000 penger er det derimot veldig vanskelig å forsvare for en ren CD-spiller, så man har kommet på at det kunne vært greit med SACD, nærmest som en ettertanke. Siste ettertanken er en halvhjerta løsning for multikanal som ligner veldig på den som i sin tid ble lansert i Sony XA777.Skjønner ikke hvor Teac har hatt hodene sine. De har laget et fantastisk bastard av et produkt som kunne vært ”perfekt” uten at det hadde kosta ei krone ekstra, de kunne til og med spart penger fordi PCM1704 er en veldig dyr DAC. Den krever individuell laser-trimming i produksjonen, noe som gjør den mer enn 5 ganger så dyr som dagens state-of-the-art dac’er.En ting Esoteric har gjort riktig er det helt suverene drivverket som sitter i X-01. Dette er et elektro-mekanisk underverk som det ikke finnes maken til. Dette er simpelthen det beste drivverk som kan kjøpes for penger. Punktum, ingen diskusjon om det!

Totalt gir dette en eksotisk, litt merkelig konstruksjon som låter helt oppe blant det aller aller beste. Det låter helt esoterisk!


Kommentar frå Stian:
Først og fremst er Teac-spilleren et state-of-the-art-produkt hva gjelder fysisk konstruksjon. Nydelig utførelse av alle detaljer, flotte terminaler, god-følelse ved bruk av såvel luke som knapper - og et smertelig kink i ryggen for oss som tror at alle sølvplatesnurrere veier under 10 kilo...

Lydmessig var Teac Esoteric det flotteste som har stått i mitt anlegg. Glatt, polert, veloppløst - men likevel med full dynamisk tilstedeværelse! Det er sjelden at disse egenskapene kombineres. Det skal dog sies at jeg klarte ikke å pålitelig skille denne som rent drivverk kontra min Denon DVD3910, men på analogutgangen var forskjellen enorm. Men når man ganger prisen med 10 så....  

Bottom-line: Et fantastisk produkt for den som har råd til det. Så får det heller våge seg at selve digitalteknologien inni boksen er noe gammel.


Konklusjon til slutt frå Arve:
Hundre tusen er mykje pengar, og det finnest ein god del rimelege alternativ til denne saken. Men det finnest anlegg der komponentane har så høg pris, og i eit godt anlegg vil du høyre tydleg kvalitetane til denne spelaren. Eg ser at Trond finn sider ved spelaren som eg ikkje var i stand til å oppdage i mitt meir audmjuke surroundanlegg (Trond har nok det aller beste surroundoppsettet eg nokonsinne har opplevd, som også kan spele stereo på ein svært så overtydande måte. Medan eg har to anlegg - eitt "tungt" stereo, og eitt "greitt for pengane"-surround, der X-01 definitivt var overkill i det siste). Han tok også SACD-utprøvinga grundigare enn eg gjorde, og oppdaga meir enn meg. Eg lot meg begeistre av den eksepsjonelt gode attgjevinga av CD-ar i stereoanlegget, like bra som SACD, medan Trond registrerte eit stort forbetringspotensiale på SACD og surround. Eg brukte dessutan dei ubalanserte utgangane på spelaren. Sjølv om vi ikkje skulle rekne med å gje kritiske kommentarar til ein spelar med såpass høgt ambisjonsnivå, er altså dette med surround og SACD ikkje optimalisert i same grad som CD-avspeling i stereo. Likevel vil eg forsvare kjøp av ein sånn spelar. Det er beste måten eg veit å spele CD-plater på så langt, og du får neppe betre lyd ut av dette stereomeidet. Så eg har vanskeleg for å tru anna enn at du sit med eit salig smil rundt munnen når du brukar X-01 til dette, også sjølv om du har ein svinedyr vinylrigg til samanlikning. Men om du er SACD-entusiast som har samla på dei store godlydklassikarane som skal avspelast med meir enn to stereokanalar, kan det vere lurt å tenkje seg om. X-01 er dessutan ikkje laga for å spele DVD-plater, så han høyrer nok meir heime i stereoen enn heimekinoen/surroundanlegget.

Pris: 99 995 kr
Importør: www.hificenter.no
Data: http://www.hificenter.no/shop_item.cfm?path=3,87&id=1416
Produsent: http://www.teac.co.uk/homepage.html

 

Read 5872 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.