av Arve Åheim 23.03.05
I det eg kjem fram til Knut Vadseth, står han utanfor huset for å lose meg inn. Det er eit stort hus til å vere i hovudstaden, og det borgar godt for kva lydkvalitet Knut kan by på. Store hus har gjerne også store lytterom, og det er godt å vite at redaktøren av Nordens tøffaste hifitidsskrift har gode føresetnadar når han testar hifiutstyr.
Rett innom ei brei ytterdør og ei nesten like brei gangdør, finn vi Knut sitt lytterom, det einaste logiske for ein som skal bere tungt utstyr ut og inn. Og rommet er stort og flott, med skikkeleg byhustakhøgd, så å seie utan sjenerande resonansar så langt eg kan vurdere på den korte tida eg lyttar til musikk.
Musikk og lyd
Sånn passeleg vondskapsfullt i beste popquiz-ånd, startar Knut med å spørje meg om eg kjenner musikken, som strengt tatt ligg utanfor det eg brukar å lytte til. Eg assosierer med amerikansk populærmusikk i 50-tals TV-sjanger. Ikkje Frank Sinatra, opptaket er for moderne, og stemma ikkje fullt like flott. Det vert til at eg tippar på TV-sjarmøren Dean Martin på sitt aller argaste, men nei, det syner seg å vere Richard Badendyck, utgjevaren for Lyd og Bilde, største bransjebladet som dreg ein låt. Eg torer ikkje ta sjansen på å blamere meg ved å kommentere dette vidare, for jazz er den musikksjangren eg kan minst om. Men Knut skriv omtale av plata i Fidelity, og gjev henne svært god karakter. Det vesle eg høyrde tyder på at dette kan vere på sin plass, og at Badendyck kan ha potensiale for ei alternativ karriere.
Elles er lyden til Knut optimalisert til å sitte tett på orkesteret, på fyrste rad eller nesten på dirigentplass. Det anar meg at Knut lyttar svært konsentrert, og at han ikkje sit tilbakelent i sofaen, men engasjert og med sansane i spenn. Det einaste avgrensande ved rommet er døropningar som gjer at han må sette høgtalarane ved sideveggane. Men dei same døropningane er nok avgjerande for å skape den gode lyden, tydelegvis utan resonansar og med god romoppleving. Han har også eit flygel i same rommet, utan at eg kunne seie det prega akustikken merkbart (men då prøvde vi ikkje A/B-testing med/utan flygel i rommet……). Dette hadde vore glimrande til å vurdere innspelt lyd opp imot, men Knut spelar diverre ikkje piano…
Knut har nettopp gjort seg ferdig med utprøving av dei nye modellane frå B&W. Sjølv om konstruksjonen er ganske ulik Knut sine svenske Response Grande (testa i Fidelity nr 8), beskriv han lyden til å ha mange fellesnemnarar, spesielt innan klangbalanse. Kanskje eit teikn på at det er under utvikling felles forståing av kva parametrar som er viktig med ein høgtalar, når det kjem både frå ein svensk fiskar, og verdas kanskje mest avanserte høgtalarfabrikk. Men Knut trur ikkje at det finnest eit absolutt klangideal eller ein ”perfekt lyd”. Ulike konstruksjonar byr på ulike dyder, og mange kan seiast å vere ”best” innan ulike parametrar.
Fotoet eg tok av Response Grande er noko misvisande, fordi eg brukte vidvinkel, slik at det er vanskeleg å sjå at høgtalaren smalnar av mot toppen.
Elles var eg på gjennomfart, og det vart ikkje tid til å finlytte på anlegget. Og Knut har eige blad og kompetanse til å formidle kvalitetane i anlegget. Det vart altså intervju, ikkje vidare musikklytting denne kvelden.
Etikk
Knut har akkurat fått ei etisk problemstilling. Han har nettopp fått inn kablar frå Nordost som skal prøvast ut. Han har fått beskjed om at han kan ha desse så lenge han vil, og det er etter Knut sitt syn tankevekkjande. Klart han må ha dei ei tid for å kunne vurdere dei skikkeleg, det er svært kostbare saker som rettferdiggjer at ein er grundig. Men på eitt eller anna tidspunkt, når kabelvurderinga er publisert, går dette over frå å vere eit testobjekt til å bli eit frynsegode. Klart det er kjekt å ha kablar i sekssifra prisklasse lenge i anlegget, sjølv om dei er økonomisk utanfor rekkevidde for ein skarve skribent…
Knut er svært oppteken av dette med etikken i bransjen, og særleg for sine eigne skribentar. Han har innført to reglar: Redaktøren skal vite om alle avtalar om utstyrskjøp, og vil ikkje godta at bransjen sel utstyr til skribentane til opplagt tap-pris. Han vil også at artiklane skal skrivast ferdig før skribenten og seljar eventuelt gjer avtale om pris. Og dette er viktig, for det har gått rykte om suspekte avtaler der hifijournalistar i praksis har hatt kostbart utstyr ståande på permanent utlån, eller påfallande positive omtaler av utstyr har falle saman med at journalistar har kjøpt anna kostbart utstyr frå same leverandør. Men det er fine grenser på den smale veg, og det er heller ikkje noko særleg å vere prippen. Ein må godta at folk er hyggjelege, rause og venlege med kvarandre, men det må ikkje gli ut til at dei som skriv mister truverdet.
Etikar - legg merke til glorien....
Det syner seg også at somme aktørar i bransjen ikkje har breiare perspektiv enn kortsiktig vinning. Knut anar at endring av annonseavtaler er motiverte av det som vert oppfatta som negative produkttestar i Fidelity. Lat oss alle håpe at dette er tilfeldig. I motsett fall vil det verte vanskeleg for forbrukarane å vite om dei kan tru på skribentane.
Bransjen har likevel stort sett vore svært positiv, sjølv om det finnest døme på dei som ser hifi-media som ein brysam utgiftspost. Behovet for å nå nye kundar og sosialisere folk til å fokusere på god lyd er ei kjempeutfordring, og Knut ser Fidelity som eit viktig verktøy i denne samanheng. Klarer ikkje bransjen denne nyrekrutteringa, kan det ende med kollektivt sjølvmord.
Ei lang, genuin interesse.
- Når vart du interessert i reproduksjon av lyd, Knut?Han fortel at dette ligg heilt tilbake til barndommen, då han lytta til barnetimen på radio, men tykte det var vanskeleg å forstå kva som vart sagt. Ved eitt høve hadde han kome ned i kjellaren og oppdaga familiens gamle, defekte sveivegrammofon. Han hadde lagt dei gamle 78-platene med Caruso på spelaren, og sveiva dei rundt med fingeren. Sjølv om det var ei utfordring å finne rette farten, vart den unge Knut fascinert over kor utruleg fint det musikalske var, samanlikna med lydattgjevinga over radioen.
Samanhengen mellom god lydattgjeving og stor musikkoppleving var dermed opplagt for den unge musikkglade, som så vart lokka til å prøve å forbetre lydattgjevinga frå radioen. Eksperimentering med å sette betre høgtalarar inn i ein gammal reiseradio vart fyrste steget på ein kronglete veg frå normal musikkinteresse til håplaus audiofili. Men det er mange med same pasjonen, og Knut trur audiofili må vere betre enn modelljernbane, ein får ei estetisk oppleving og adrenalinkick når ein lyttar til musikken og higar mot det fullkomne, truleg meir enn gjennom Märklin-modellane. Og så er det trass alt lettare å møblere med hifi…
Det må vere denne evna til å la seg begeistre, som har gjort han til redaktør for eit av dei mest idealistiske tidsskrift i Norden. Det at han er fotograf av yrke (ein god ein også), er også eit pluss, og har ført til at layout og papirkvalitet på Fidelity er på svært høgt nivå. Den lange historia frå å gjere forsiktige intervju i Lyd og Bilde til å prøve seg som lydskribent, via Audio, og EyeFi, bygde opp idealismen som gjorde at han selde unna såpass mykje av sitt private anlegg at han kunne finansiere dette økonomisk dristige prosjektet ”Fidelity”, som faktisk går ganske bra innan rammene av det som er realistisk for eit smalt fagblad i dette landet med 4,5 millionar innbyggjarar. Og no sel Fidelity godt i resten av Skandinavia og. Knut fortel om varmande kompliment frå søta bror då han var på messe i Sverige; Nordens beste hifiblad, sa somme. Slikt varmar, og det kan trengast, for det er også mange som kjem med kritikk av det lite konstruktive slaget.
Internett og Fidelity
Forbausande mange surmaga og kritiske innlegg har nådd fram til Knut via internett, og eg merkar at han tar seg nær av usakleg skittkasting. Han har endå til høyrt at burde selje huset for å satse meir på bladet. Det kan verke som ein del personar er skuffa fordi dei ikkje har eit blad berre for seg sjølv, og ein kan undre seg over at folk som eigentleg er så nær kvarandre i interesser og synspunkt, kan syte for så mykje galle og vondskap. Ein smal hobby som vår bør gjere oss romslege og hyggelege med kvarandre. Det er viktig å balansere stoffet, og Knut prøver å legge opp til variasjon, med like mykje vinyl- multikanal og heimebygg gjennom året, med tanke på spesialnummer. Ein må vere akkurat passeleg mainstream, og likevel spennande ”segle opp mot vinden”, balansere dei etablerte hifi-pasjonerte opp i mot nye lesargrupper, er grunntankar som skal vere grunnlaget for bladet.
Fleire gonger har Knut invitert dei argaste kritikarane til å skrive i bladet, men det vil dei i forbausande liten grad. Og det har han heilt rett i, hifimiljøet treng eit blad som Fidelity. Som forretningside er bladet sikkert ikkje av dei beste, bortsett frå at det å ha alt å tape, kan vere eit glimrande utgangspunkt for å levere. Tene pengar er klart lettare å gjere på andre måtar. Fidelity er heilt klart tufta på idealisme. Konstruktiv kritikk er bra, men kvifor ikkje også konstruktiv ros? Såleis gleder Knut seg over strengen på hifisentralen om landets beste hifiskribentar, der bladet (og spesielt redaktøren sjølv) fekk svært positiv omtale. (sjå omtale) Han er likevel audmjuk, og snakkar om forbetringspotensiale, ikkje minst på eige vegne.
Nynorsk
Det går ikkje an for meg å la vere å utfordre redaktør Knut om synet han har på nynorsk. Dette fordi eg og fleire har merka nøling til å ta inn stoff på nynorsk. Han er ikkje åleine om dette, og eg har sjølv opplevd då eg skreiv for Puls HiFi på 80-talet at ein artikkel eg skreiv på forunderleg vis hadde endra målføre då han kom på trykk, utan at eg hadde vorte rådspurt..Knut har aldri gjort slikt. Han fortel at tilhøvet han har som redaktør til nynorsken er pragmatisk, og at han ikkje legg sterke føringar på språkvalet, så lenge det ikkje går ut over dei kommersielle sidene. Fidelity treng inntekter, så om nynorsk fører til mindre salstal, må han ta omsyn til dette. Personleg tykkjer Knut at nynorsk fungerer godt, utan at han tenkjer så mykje over det når han les. Elles er han ikkje framand for tanken om å ta inn artiklar på svensk og dansk. Dei fleste nordmenn klarer godt å lese desse språka, og det kunne også vere interessant å gje respons på denne måten til dei mange lesarane av Fidelity i desse landa.
Hifijournalistikk
Vinklinga til bladet er godt fundert. Eit skandinavisk magasin testar sjølvsagt ting som seljast i Noreg. Eksotisk amerikansk utstyr som ikkje kjem innan landets grenser, kan ein lese om andre stadar. Det må vere musikkentusiastar som skriv. Ingeniørar har ein tendens til å beskrive lytteresultat ut frå kva dei forventar å høyre ut frå delar og konstruksjonar. Utfordringa er å lytte til utstyret utan å ha gjort seg opp meiningar på førehand. Og det er ikkje berre ingeniørane som har dette, det er lett å la seg blende av prisar og design.
Kunsten å beskrive er også vanskeleg. Terminologien er ikkje fullkomen, og det er behov for å utvikle hifispråket. Når kritikarane seier at Fidelity-språket ”ikkje må vere for lyrisk”, er det kanskje nettopp dette som må til? Korleis skal ein på ein skikkeleg måte beskrive måten ein svinedyr kabel påverkar lyden på ein måte som gjer at lesaren forstår?
Dette er utfordinga Knut startar på då eg reiser vidare. Han skal skifte til desse svinedyre kablane frå Nordost, og sjå om dei er verd pengane. Dessutan skal han beskrive eigenskapane deira med eit ordval som både skal vere presist, forståeleg og rettferdig. Hifijournalistikkens grunnkonsept; stiloppgåva ”fortel om eit spennande lydprodukt” er i høgste grad ei utfordring som Knut Vadseth tek svært alvorleg.