Saturday, 13 August 2016 16:40

PD-171A. Ny Luxman platespelar - like god som før? Featured

Written by

 

 

Som så mange andre japanske merke fekk også Luxman problem på 90-talet, og vart kjøpt opp av andre selskap. Sjølv om logoet til Luxman har vore der heile tida, har det gode ryktet merket hadde i 70- og 80-talet ikkje vore det same. Men no…

Eg prøvde i mi tid ein rimeleg integrert forsterkar, og sjølv om det var ein i høgste grad aktuell kandidat i sitt prissegment, følte eg at forventningane eg hadde til Luxman-merket ikkje vart skikkeleg innfridde.

Så var det platespelarane då. Luxman hadde svært gode platespelarar som kunne måle seg med det meste, Men dei vart fasa ut i laupet av det digitale paradigmeskiftet, på same måte som alt anna av japansk platespelarproduksjon. Tragisk, ettersom Luxman hadde vakuumsystem på tallerkenen, slik at litt skeive og tynne plater kunne spelast utan daldring.

Det gjekk mange år…

 

 

Og så kom Luxman med ny platespelar. Utan vakuum, og utan direktedrift, men med utsjånad (og pris) som skulle borge for at seriøsiteten var på plass. Det er ein av dei vakraste platespelar eg har sett, og han osar i kvalitet same kva detalj du tek føre deg Han er tyngre enn du ventar, og er utstyrt med svært gode isolatorbein Så i mitt oppsett kunne spelaren stå rett på stereobenken, utan at eg måtte flytte referansespelaren frå vegghylla si.

Armen på testeksemplaret er ein Jelco. Sjølvsagt kan denne erstattast med noko meir ambisiøst om du har råd til og interesse av presisjon og finjusteringar. Jelco er likevel noko av det greiaste og kostnadseffektive du kan kjøpe, justerbar, med utskiftbart pickupshell, og velfungerande saman med svært mange pickupar. Som andre pickuparmar med SME-fatning på shellet er det enkelt å justere overheng, det skal vere nøyaktig 52mm. (Det finnest malar som gjer denne tilpassinga til ein bagatell. VTA er litt meir dillete, og du må bruke umbraconøkkel når armen skal løysast. Men ikkje vanskelegare enn at du får det til. Elles er kabelen utskiftbar, og det fylgjer med feste som gjer at armkabelen ikkje subbar i underlaget og overfører vibrasjonar eller støy.

 

 

Under tallerkenen er det integrert stroboskop, slik at du sikrar korrekt rotasjonsfart på både 33 og 45 rpm. Vidare har du eit lite "lystårn" som kan svingast slik at du får eit godt, oransje lys på pickupstiften - perfekt til kontroll av støv og for finsikting av rett rille. Tårnet kan for alle tilfelles skuld takast av om lyset sjenerer.

Punktet der drivreim og motoraksling møtest har fått eit eige deksel over seg. Men før du klikkar dette på, må du forsikre deg om at reima ligg der ho skal. Eg la reima høgre oppe enn ho skulle i fyrstninga, men stroboskopet avslørte at noko vart feil. Deretter vart reima lagt pent i det sporet ho skulle vere i.

Elles må motoren nemnast. Superklasse! Du kjem ikkje til å legge merke til han, for han er fullstendig taus. Like taus som Pabst-motorane som Clearaudio brukte på sine beste modellar i gamle dagar. Du kan rett og slett ikkje merke om motoren står eller går utan å sjå på drivakselen.

Tallerkenen er av massiv aluminium og svært tung. Den er utstyrt med to skruehol, der du kan feste bøylar til å løfte tallerkenen. Det er noko du vil sette pris på, og som eg saknar på min VPI-spelar med endå tyngre utfordring. Det er plundrete å løfte fleirfoldige kilo tallerken på rett plass utan handtak.

Pickup fylgjer ikkje med. På dette prisnivået er kunden naturlegvis medviten om kva han vil ha. Og med Jelco-armen og ulike pickupshell kan du velje mellom ganske mange alternativ. Det medfylgjande magnesium-shellet er stivt og kan med litt ekstra lodd ta seg av ting som Denon 103, og om du har tilgong på eit Zeepa-shell i karbon, kan du få brukbar lyd av ein Shurepickup. Eg prøvde sjølvsagt begge deler, og med utmerka resultat

 

Kvalitetar med ulike pickupar

Den aller fyrste pickupen eg prøvde ut, var Nagaoka 300. Det er ikkje nokon spesielt vanskeleg pickup for armen å meistre, og det sporast glatt 60µ med lågt stifftrykk. Ein god kombinasjon med armen. Kraftig utsignal sjarmerer oss ved fyrste gjennomlytting. Dette understrekar dynamikk, og borgar for at oppsettet kan greie seg med relativt forsiktige riaatrinn. Men i denne store samanheng må det innrømmast at dette kan vere ein litt for enkel pickup til ein såpass raffinert platespelar?

Dersom ditt ambisjonsnivå er den gamle travaren Denon 103, treng du definitivt ikkje nokon betre spelar enn denne. Luxman PD 171A har vesentleg større potensiale enn kva som kan lokkast ut av gamle 103. Elles kan gamle, tunge armar kan lett monterast på spelaren, slik at DL 103 kan få endå betre arbeidstilhøve. Men også no vil potensialet vere langt høgre.

Med Shure M97xE i hifiutgåve går det også veldig bra, bortsett frå at motvekta må skruast heilt inn til armbasen for å få tilstrekkjeleg stifttrykk. Men det er då god sporing (70µ), og attgjeving som har appell til oss med sansen for lett romantisk klang. Oppsettet slepp gjennom særpreget til pickupen.

Pickupar som ikkje har perspektiveigenskapar å snakke om, kan vanskeleg lastast drivverk. Eller armen, og det slår meg at Jelco-armen er svært allsidig og lett i bruk. Det gamle Zeepa-shellet på nesten null gram kom også til nytte for denne pickupen. Så trass i ynskjemål om ein endå betre arm enn Jelco, ser eg kor nyttig det kan vere med ein arm med den gamle SME-fatninga. Sjølv om armen er i mellomvektklassen, kan han ved hjelp av tungt eller lett pickupshell tilpassast begge vegar. Så det kan vere eit godt poeng å kjøpe denne spelaren som han står, og etter kvart skifte til optimal arm når du har bestemt deg for kva pickup du helst vil ha.

Ein Van den Hul DDT kom på besøk for utprøving, og fekk sjølvsagt sjansen til å syne kva han greidde i denne riggen. Jelco-armen hadde ikkje rette shellet, men ved hjelp av Zeepa fekk eg svært tilfredsstillande sporing på 70µ. Og no var perspektiveigenskapane noko heilt anna, sjølv om dei vart endå betre i min lange Kuzma – det skulle vore interessant å prøve denne armen på Luxman-spelaren.

 

 

 

Direkte samanlikning med mi referanse VPI SSM Rimdrive + Kuzma 313 Reference.

Eg monterte to ganske like Denon DL 103 på begge spelarane, og sende signalet gjennom EAT-E-Pro riaatrinnet. Rettare og meir avslørande samanlikning kan vel knapt gjerast. Ja, eg fann skilnad. Litt. VPI-oppsettet var ein tanke meir dynamisk, nøytral, med svartare bakgrunn. Iallfall på plater som ikkje var spesielt tjukke. Om eg tok av platekransen og la matta frå Luxman på tallerkenen til VPI, var det ganske krevjande å ta skilnaden. Og lite eller ingenting å snakke om dersom eg tok utgangspunkt i 180- eller 200gramspressingar. Det vesle ekstra dynamiske eg tykte å merke, kjem nok helst frå betre armlager frå Kuzma. Eg var i høgste grad usikker på om det var skilnadar ut over innerrillene, der det verkar som tolvtomsarmen frå Kuzma greidde jobben betre enn Jelco.

Etter kvart fann eg at Luxman sin nye spelar til tider passa betre enn gamle VPI. Prince "Purple Rain" kan til dømes vere krevjande på mange anlegg. Men her meiner eg at Luxman/Jelco/Denon gjorde ein svært god jobb, der min spelar hadde ein tendens til å understreke den kvasse, 80-talsmellomtone- og overtonestruktur som denne plata er kjent for. Sjølv om det sporast betre med VPI/Kuzma/Denon. (Prince har vore skikkeleg ekkel med overstyring og skriking nokre stadar) Tilskriv ikkje platespelaren all ære for dette, pickup/arm-konstellasjon er minst like viktig. Kuzma/Jelco er ganske ulike, sjølv om dei spelte med like pickupar.

No er Denon 103 ikkje spesielt vanskeleg å få til, berre armen har gode lager, og at den totale bevegelege massen er høg nok (lett å ordne med eit lodd eller to i pickupshellet), så eg går nesten ut frå at armval kan vere meir kritisk enn kva dette enkle forsøket kunne påvise. Uansett er det slik at val av platematte og platestrammar/-krans spelar ganske kraftig inn, spesielt på vanlege, tynne vinylplater. Tallerkenmaterialet er nok også viktig, utan at eg fekk stadfesta dette i denne utprøvinga. Men eg har brukt ulike tallerkentyper på VPI-spelarar tidlegare, og kjenner til dette. Interessant er det også at VPI no for tida leverer sine beste spelarar med tallerken i tjukk aluminium, akkurat slik Luxman PD 171A er utstyrt.

Ekstra vekt er nok med på å sikre stabilitet og dynamisk slagkraft. Og det kan verke som Luxman har fått til reimdrifta ekstra godt. Her har eg samanlikna

Val av arm og spesielt pickup er naturlegvis minst like viktig for totalresultatet som drivverket. Eg hadde diverre ikkje høve til å eksperimentere med ulike armar på PD 171A, men eg ser ingen grunn til å tru at denne spelaren vil avgrense potensialet til vinylriggen din. Motoren er fullstendig støyfri, og her er så mykje trøkk og dynamisk slagkraft som du kan forlange frå eit drivverk med reimdrift. Det er svært lite påverknad frå omgjevnadane (eg spelte med spelaren 60 cm frå eine høgtalaren utan problem, men utan akryllokket for å vere sikker).

Etter kvart som eg fekk spelt gjennom nokre dusin plater, var det tydeleg at Luxman hadde greidd å lage ein spelar som ikkje berre lever opp til namnet, men også har meldt seg på i den aller høgste divisjonen av drivverk. Det er rett nok ein beltedriven konstruksjon, men ein svært raffinert av slaget. Tung aluminiumstallerken sikrar totalt fråvere av problem med dynamikk, "svart bakgrunn" og svai. Det kan vere at den breie drivreima er ei betre løysing enn dei tynne trådane mange andre produsentar brukar for å hindre overføring av vibrasjonar frå motor. Her på Luxman PD171A er motoren fullstendig støyfri, og lagringa av platetallerkenen kan nok ikkje bli betre. Spelaren (utan støvlokk) plukka ikkje opp feedback eller golvtramp i det heile tatt i mitt oppsett, sjølv om eg spelte skikkeleg høgt ei stund. Og utsjånaden understrekar at dette apparatet held ein kvalitet som du ikkje finn så mange av.

 

 

Konklusjon

67000 kroner er mykje pengar. Men moderne, verkeleg gode vinylspelarar er vanskeleg å få til, og dette prisnivået er heilt i samsvar med prisutviklinga, dersom du skal kjøpe spelar på same nivå som det aller beste Luxman leverte anno 1980. Firmaet har greidd vinyl-comebacket så til dei grader. I tillegg til å innfri alle lydkrav er dette ein estetisk innertiar, ikkje berre nydeleg, men med usjånad akkurat slik ein platespelar skal sjå ut, utan å vere prangande eller dominerande på nokon måte. Fyrst når du prøver å løfte spelaren, merkar du ein indikator på at denne spelaren har ambisjonar om å måle seg med dei verkeleg beste drivverka – vekta er alvorlege 25 kg, langt meir enn Linn Sondek, og berre fem kg lettare enn min gamle Technics SL 1000 mk II, som drivverket PD171A trygt kan samanliknast med. Endå viktigare er det at spelaren er svært funksjonell og praktisk, ikkje lett vert påverka av omgjevnadane (iallfall så lenge du ikkje har loket på), og er ein referanserepresentant for kor gode beltedrivne platespelarar kan vere. Jelco-armen greier seg godt, slik han også gjer på andre platespelarar, men kan trygt erstattast av den beste armen du har råd til/lyst på.

 

Halleluja

All grunn til vill begeistring her i garden. Endeleg ein spelar som både er god nok til mine behov, og pen nok til å stå framme. Dette er ein spelar som veldig lett kunne ha kome til å bli min aller siste vinylrigg. Men eg ville fleska til med superarm og ein pickup i same stil. Det fyrste eg tenkjer på var å prøve Ikeda arm og pickup, som både lydleg og estetisk vil vere ganske perfekt match til PD171A. Men etter kvart besinna eg meg. Eg kjem nok ikkje til å byte. Mest fordi eg har gjort meg avhengig av platekrans og 12" arm. Og det trur eg ikkje eg får til å verte pent og praktisk på denne praktspelaren. Men sjeldan har må-ha-sykja røska hardare tak i meg…

Read 10098 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.