onsdag, 31 desember 2003 23:00

Pure Sound A 30 integrert forsterkar med røyr

Skrevet av Stig Arne Skilbrei

Det er ei stund sidan sist eg brukte røyrforsterkarar fast i oppsettet mitt. Likevel ville tilfeldigheitene at den første forsterkaren eg testar for Audiophile er ein røyrforsterkar. Korleis grip du ei slik utfordring?

Tekst og foto: Stig Arne Skilbrei
Medlyttar: Dag Helleve



Dei første forsterkarane var konstruerte med røyr. På 60-talet overtok transistoren, som tek mindre plass, ikkje vert så varm, er billegare å produsera, og har mindre forvrenging. Men framleis er det mange som sverjer til røyr. Dei snakkar om ein mjukare lyd med større liv og realisme.

Kan hende er det noko i det. Røyrforsterkarane er enkle, og alt anna likt, er dette ein stor fordel. Tradisjonelt nyttar ein også moderate mengder med negativ tilbakekopling i røyrforsterkarar. Tilbakekopling reduserer forvrenging, men nytta utan vett, og i for store mengder, resulterar det i ein flat og hard lyd, slik me kjenner det frå mange transistorforsterkarar.

Pure Sound A 30 er relativt stor, og vert ganske varm. Dette er ein forsterkar for entusiastar, som har sett av plass – og ikkje minst pengar. Røyrforsterkarane er som regel dyrare å produsera enn dei transistorerte, og dette skuldast mest utgangstransformatorane – røyrforsterkarane sin einaste eigentlege achilleshæl. Utgangsrøyra er nemleg høg-ohmige, og trafoar trengs for å transformera ned spenninga til ein verdi som passar høgttalarane (så nær null som mogeleg). Trafoane forvrengjer, og går i metting i ytterendane av frekvensområdet, slik at særskilt bassen kan ha opptil fleire prosent forvrenging.

Røyrelskarar heiser gjerne berre på skuldrane andsynes slike fakta, og tek det som ein del av pakka. Det er uansett ikkje sleggebass desse er ute etter, då hadde dei heller kjøpt transistorerte 200-wattarar. Uansett er bassen frå A 30 både djup, og relativt stram og kontant, ganske ulikt dei gamle klassikarane, så ei viss utvikling har nok skjedd. Det vert hevda at nye røyrforsterkarar kan låte mest som transistorforsterkarar, medan dei beste transistorforsterkarane kan låte like mjukt som gamle røyrforsterkarar!

Utgangstrafoane vil også bidra til ei svak sløring av lyden, det er ikkje til å unngå. A 30 har ikkje fullt så god djupne eller så stor gjennomsiktigheit i lyden som dei aller beste, uansett teknologi. Det skal me kan hende heller ikkje vente, for prisen er trass i alt ikkje høg samanlikna med mange andre røyrforsterkarar.




Effekt: ”Høg nok”
Pure Sound A 30 er oppgjeven til 30 watt, og det er ikkje all verden, men etter mi meining tilstrekkeleg til vanleg bruk. Mange forsterkarar er dessutan konstruert slik at det spelar høgt berre du så vidt rører volumkontrollen. Dette lurer kunden til å tru at forsterkaren er kraftig. Men skru litt høgare opp, og lyden sprekk. Dette er dårleg utnytting at volumkontrollen si vandring. Med A 30 har eg passeleg høg lyd med volumkontrollen kring kl. 12, og sjølv på full styrke, sprakk ikkje lyden nemneverdig opp. Dette er perfekt disponering av volumkontrollen. Pure Sound er ei engelsk verksemd, som får elektronikken produsert i Kina. Du kan lesa meir om denne i testen av Pure Sound CD-spelaren.  

A 30 er elles ein enkelt utrusta forsterkar av god kvalitet, om ein vurderar utifrå pris og tyngd, og det generelle inntrykket. Fronten har vribrytar for av/på, volumkontroll og velgjar for 3 inngangskjelder. Det er det heile. 

Baksida har nettbrønn, sikringshaldar, RCA-kontaktar for lydkjeldene (ingen balanserte inngangar her), og utgang for høgttalar (4 og 8 Ohm). Det kan løna seg å sjekka ut kven av desse utgangane som har best effektoverføring (best lyd) om du er i tvil kva impedans høgttalarane dine har.  Det er  heller ikkje sikkert at oppgjeven impedans stemmer med verkelegheita. 



Oppbygginga av effektsteget er tradisjonell Williamson, også kalla den fyrste moderne røyrforsterkaren (push-pull, ultralinear). Med to kraftige utgangsrøyr pr side (6550) leverer desse 30 Watt utan sveitte. Det er ikkje uvanleg å ta ut det doble, men produsenten har prioritert klasse A-drift framføre høgast mogeleg effekt. Dei to smårøyra framfor utgangsrøyra er truleg inngangsrøyr og fasesplittar (oppdeling at signalet til positiv og negativ signalhalvdel, til kvart sitt utgangsrøyr, kor det eine skubbar medan det andre dreg. Dette er den vanlege måten å gjere det på i dag, både for røyr- og transistorforsterkarar. Det doblar effekten og halverer forvrenginga). Det er viktig at dei to utgangsrøyra er mest mogeleg lik, og bør kjøpast i tilpassa par. Det er nemleg ingen biasjusteringar på forsterkaren. 

Men A 30 er ikkje utan finesser: Legg merke til dei to store røyra i midten: Her skjer likerettinga med røyr, (slik som i gamle dagar), heller enn den vanlege (og mykje billegare) diodebrua. Ein meiner altså at dette gjev betre lyd. 

Produsenten hevder at A 30 kan nyttast som rein effektforsterkar ved å skru volumkontrollen på fullt, noko som får meg til å undrast på om forforsterkardelen er såkalla passiv. Bruk gjerne A 30 som effekt saman med ein god forforsterkar! Ein annan finesse eg i skrivande stund heller ikkje har prøvd ut, er mulegheita til å kople om frå ultralinear (mest effekt) til triode-drift (best lyd) v.hj.a . ein vippebrytar mellom utgangsrøyra. Moro.

I bruk
Forsterkaren er stille og vibrasjonsfri i bruk. Kloss i forsterkaren høyrest eit veldig svakt brum. Absolutt godkjent. Framme ved høgttalarane høyrer eg heller ingenting. Ikkje brum, ikkje sus. I alle fall ikkje meir enn du må rekna med.
Til å testa denne forsterkaren nytta eg ikkje Pure Sound sin eigen CD-spelar. Ein kva som helst CD-spelar skal i prinsippet passa like godt.  I staden nytta eg ein anerkjend spelar til liknande pris (og liknande lyd). 

Det er vanskeleg å testa forsterkarar. Dei fargar lyden på så mange ulike måtar, og du må spela mykje ulik musikk for å avsløre ulike tilbøyelegheiter. Det er to ting eg fokuserer særskilt på: Den perspektiviske djupna i lyden, slik du høyrer det på konsert, og om forsterkaren har ein anstrengande og hard lyd (som resultat av for mykje tilbakekopling eller kva det no skuldast). Begge desse trekka avslører eg lettast med live jazz, det siste gjerne med storbandjazz (i dette tilfelle Geir Lysne Listening Ensemble, Korall). Mange forsterkarar let godt med enkle og gode innspelingar, men med krevjande musikk endar det ofte opp i skingring. Men med A 30 erfarte eg det gledelege at dess heftigare det gjekk for seg, dess meir ville eg skru opp! Høgst uvanleg, og veldig moro. Ofte vil ein reagera med å skru ned. 

Eg høyrer heller ikkje andre ting som irriterer. Dette er ein vellydande og langt på veg nøytral forsterkar. Min faste medlyttar Dag Helleve har også høyrt forsterkaren heime hjå seg, og har kome med positive tilbakemeldingar. I kombinasjon med Pure Sound CD-spelaren balanserte settet fint ut klangen mot dei litt analytiske Sonics Allegretto høgttalarane hans. Settet fekk like godt fram vokalharmoniane til Jayhawks som bassen til Charlie Haden.


Konklusjon
Ikkje alle aspekt av lyden har vore omtala. Svært ofte er det slik at ein forsterkar fungerar, lydmessig sett, eller ikkje fungerar. Og når dei grunnleggande ting funkar, som her, fylgjer resten som regel med. Som eit puslespel som legg seg sjølv, avdi bitane passar saman. Slik vurderer eg Pure Sound A 30. Han har vore uproblematisk i bruk, og ei glede å lytta til.

Pris: Kr 18 000,-

 

Importør: Puresound

Lest 4248 ganger