Monday, 03 May 2021 17:33

Om Harman Kardon og «raving review» - Stig Arne si dagbok for mars 2021 Featured

Written by

 

Medan me ventar på sumaren etter ein rekordkald april: Ein spanande forsterkar har overlevd fimbulvinteren i garasjen, og årets mote i sumarøl: Frukt-IPA.

Harman Kardon PM 640 Hi-Current Capability Integrated Amplifier 

"The Vintage Knob” er ein artig internettstad for info om klassisk hifi av alle merke. Men det er ikkje alltid eg forstår kvifor dei har valt å omtala akkurat den og den modellen. Og ikkje alltid er det lyden som er det viktigaste, ser det ut til, men kollektibiliteten, kva no det er. Og det undra meg at under Harman Kardon, avdeling integrerte forsterkarar, har dei omtala (berre) to for meg relativt ukjende modellar, PM 640 og PM 660.  

Forfattaren skriv at han ikkje hadde råd til 660 og kjøpte 640, og var lei seg for å måtte kvitta seg med han etter 15 år, sidan han spelte so høgt og so lenge på alle festane - med loudness trykt inn og diskanten på fullt. Uffameg. Men morosam lesnad. 

Eg var nede i garasjen ein dag, i von om å koma i gang med rydding. Medan eg stor der og rista på hovudet over alt rot og skrot og lurte på kvar eg skulle byrja, skimta eg ein forsterkar som stakk halvveges opp av ein opna kartong, og lurte på kva dette var for noko. Eg gjekk nærare og myste: Harman Kardon PM 640. For eit samantreff! Den skal eg sannelig ta med inn og prøva. Eg skrudde av toppdekselet for ein sokalla “visuell inspeksjon”, berre for å sjekka at eg ikkje fann openlyse feil eller manglar, eller at han var full av støv eller korrosjon, dvs. eiring og rust. I mangel av Variac tende eg han opp via ei 60 Watts ljospæra, for å redusera spenningssjokket, sidan han ikkje har vore i bruk på mange år. Dette er eit knep eg lærde frå eit gamalt hifi-magasin, “Glass Audio” trur eg, eller “The Audio Amateur”. 

Kva gjer du når ein forsterkar berre spelar på ein kanal? Jo, du roterer balansekontrollen. Etter å ha vridd denne fram og attende fleire gonger vart eg frykteleg glad då eg høyrde skraping i andre kanalen og, og skjønte at det berre var eit kontaktproblem. Frå innsida/baksida gav eg balansepotensiometeret ein god dusj med CRC 2-26 kontaktspray, som eg har fått anbefalt av reparatøren min, Svein Ones. Han har reparert hifi heile livet og veit kva han driv med. Etter ytterlegare mosjonering av balansekontrollen såg alt ut til å fungera. Utruleg. Ikkje ser han so verst ut heller. Etter dette var forsterkaren kopla til anlegget mitt i vekesvis for utprøving, kontinuerleg på, sidan ein slik “liten” forsterkar ikkje trekkjer veldig mykje straum, og heller ikkje vert veldig varm, men spelar betre og betre for kvar dag (inntil han har spelt seg inn og stabilisert seg). Dette kan ta 3-4 dagar.

Du kan nesten utan nokon som helst informasjon sjå kva dette er for noko. Oversynleg front med trykk-knappar a la 80-talet, medium vekt, 60-100 Watt maks, klasse AB. Harman Kardon både var og er ei amerikansk verksemd, men har vore gjennom skiftande tilhøve og eigarskap, som so mange andre. Du kan lesa meir om HK på nettet, t.d. Wikipedia, det er fasinerande lesnad. Eller min eigen artikkel om denne på engelsk, snart, der eg går litt meir i detalj. Her skal eg berre nemna at denne forsterkaren er laga i Japan av Shin Shirasuna, best kjend som grunnleggjaren av Silver. Slik sett er ikkje dette ein “ekte” Harman Kardon. Eller? Uansett var det spanande å prøva han ut. Du veit jo aldri. Eg går alltid til oppgåva utan fordommar. 

Det fyrste eg noterte meg var kor herleg det var å ha litt meir guffe å gå på. Eg er elles van med 20-wattarar frå Nad, Electrocompaniet, gamle Pioneer-radioar og den slags skrot. Og bassen er verkeleg knock-out. Stram, hard og djup. Herleg. Det spelte so lyttestolen rista. Høgare opp i frekvens, mellomtone og diskant, gjekk det ikkje fullt so bra. Mellomtonen mangla detaljar, glans og liv, og det hjalp ikkje å skru opp. Då vart lyden berre hardare. “Er du overraska?” spør Stig Inge då eg fortalde han om lytteresultatet. “kva tid har du nokon gong sett ein “raving review" av denne forsterkaren?” Eg må innrømma at det har eg ikkje. Hadde eg sett det, hadde eg hugsa det. Me merkar oss kva produkt som får gode testar og kven som ikkje får det. Eg veit HK har laga mange gode produkt, ikkje minst i perioden der Matti Otala var konsulent for dei, men det trur eg var før denne forsterkaren vart konstruert. Dessutan er denne, som sagt, ikkje konstruert av HK. 

For å balansera det litt kan eg nemna at Lars tykte han spelte heilt fint, ein laurdagskveld med jazz

og nokre øl, og dessutan damebesøk. Det hjelper på stemninga. 

Oppsummert kan eg seia at dette er ein heilt grei forsterkar for mange, i dei fleste situasjonar. Men ein audiofil vil sakna dei detaljane og den livfulle glansen og atmosfæren som betre forsterkarar har. Heller ikkje spelte han so forbaska mykje høgare enn min Nad 7020 (receiverutgåva av 3020). Spelte eg litt for høgt, kopla høgre høgtalaren ut, men kom heldigvis attende etter eg hadde skrudd ned og venta litt. Dette skjedde fleire gonger, men det hender aldri med Nad-ane. Dei har vel ikkje sikringskrinslaup ei gong. Like greitt, so slepp du den plaga.                

 

ØLSPALTA: ØL FOR ALLE HØVE

Dess meir ein brukar ei vare, dess betre kjenner du ho. Ta til dømes øl. Det finst øl til alle bruk. Til frukost til dømes, evt. som “återstellare” (reparasjonsøl) høver det best med ein ganske lett øl, t.d. pilsner (slik du alltid vil verta tilboden til frukost på eit hotell i Danmark). På dagtid kan det variera litt meir, men framleis lette drikkar, om du ikkje har ramle heilt utpå. Det kan jo lett henda, om det er ein fødselsdag eller 17. mai. Eller berre ei etterlengta langhelg. Då kan det jo vera at ein legg innpå kva som helst. Fyrst etter middag likar eg betre myrkare typar. So det er god grunn til å slutta å kåra øl. At den ølen er betre enn den. Det er i stor grad avhengig av bruken, og ikkje minst smaken, og den er som kjent som baken. Me vil sjølvsagt røpa kva øl me likar best, alt anna er feigt. Men det betyr ikkje at det er den du vil lika best. Prøv deg fram! Det er jo det som er moro.  

Ein annan observasjon er at det er ein grunn til at dei aller fleste vanlege øltypane er filtrerte, sjølv om ufiltrerte  gjerne smakar betre. Om du tek ufiltrerte øl med på fest, har botnfallet (gjær-restar mm) vorte skaka opp på vegen, og ølet er uklårt og grumset når du får det i glaset. Det er ikkje alltid like appetitteleg, og ikkje alltid like smakeleg. Nokon bryr seg ikkje, og meiner det er ein del av ølet. Andre vil ikkje ha det. So slike øl nyt eg helst heime. 

Sumarøl

Fruktøl ser ut til å vera sumarens store slager, og me har smaka på mange av dei. Då Hansa sin Mango IPA kom på marknaden for ei tid attende vart han kjempepopulær, og utseld på ein augneblink. Han har vore burte frå butikkane lenge, men er no attende i ofselege mengder, saman med mange andre liknande typar (alle frå butikk, 4,7%). Den framste på biletet er Klokk sin frå Oslo, Mango IPA, tilsett ekte mango, dvs 2% mangopurè. Dette er den med mest smak. Nydeleg. Dei neste to på biletet er Frydenlund sin Juicy IPA og Hansa sin Mango IPA. Desse har me drukke mange av, og diskusjonen gjekk ivrig i smakspanelet (Tore, Dag, Lars og meg) om kven som var best. Frydenlund inneheld pasjonsfrukt- og mangokonsentrat, medan Hansa skriv “med smak av mango” og “naturlig aroma”, so eg mistenkjer at dei berre nyttar ei smakstilsetjing. Uansett, begge er smakelige, og det vert ikkje ropt ut nokon vinnarar i denne “testen”, sidan me strengt tala ikkje snakkar om “ekte øl”, men tørstedrikk. Sjølv om mange av desse øla ber namnet IPA, er dei som regel langt mindre humlesprengde enn vanleg IPA. Mange inneheld kveite i tillegg til bygg, og saman med frukta er konsistensen oftast uklår, som han normalt er med kveitebrygg. Den friske og syrlege smaken på desse øla er skuld kveite, og humletypen citra, som sikkert har namnet frå den sitron-hermande smaken. Dei tre siste, frå Borg, Mack og Tuborg vart dømde som ikkje fullt like vellukka som dei tre fyrste. Prøv sjølv.  

Vienna lager

Me tek med to øl til, av ein litt annan type. Det er så ymse kva typar malt (malta korn) bryggeria nyttar i øla sine, og kvar han er henta frå. Aass Vienna Lager forklarar lite om ingrediensane på boksen sin, i motsetnad til Hansa. Her kan du lesa at Vienna Lager vart utvikla i 1841 og er kalla opp etter byen (Wien) der han fyrst vart laga. Dette ølet har seinare vore ein sterk inspirasjon til utviklinga av lagerølet i Europa. Om du ikkje er fortruleg med omgrepet lagerøl, kan me godt kalla det Pilsner i dette tilfellet (undergjæra øl). I fylgje boksen gjev Vienna malt ein koparfarga øl, med medium fylde og fin maltsødme. Og ja, her har Hansa teke fram ein nydeleg øl, tydeleg myrkare enn vanleg pils, med ein utsøkt og tydeleg smak av malt, og høveleg sødme. Panelet var begeistra, sjølv om dei ikkje visste kva dei drakk. Eg arrangerte det som ein blindtest. Han er diverre ein heil del dyrare enn vanleg pils, elles hadde eg ikkje kjøpt noko anna. Aass sin variant hadde mindre preg av vienna-malten og smakte i samanlikning meir som ein vanleg pilsner. 

Under arbeidet med denne omtalen kom eg tilfeldig over nettstida drikkelig.no, der skribenten Arve gjev Hansa Vienna lager ein overraskande lunken omtale. Under “lukt” skriv han “lett maltsødme og lite annet”. Lett maltsødme kan eg vera heilt samd i, men han har unngått å kjenna den nydelige lukta av humle, som faktisk var det fyrste eg la merke til då eg stakk nasa ned i glaset. Eg trur han må ha vore forkjøla; eller koronasjuk. At “kullsyren blir alt for dominerende” kan eg til ein viss grad vera samd i, men denne kritikken råkar dei fleste industripils. Lat ølen kvila i glaset ei stund, so får han rett temperatur, mindre kolsyre og meir smak.

Read 3465 times Last modified on Monday, 03 May 2021 18:03
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items